Ein morbror

 

 

 

Stemmen til mor er alvorlig med gråt attom. Kan du ringa dei andre for å fortelja det, seier ho. 

 

 

 

 

 

Sola har gått ned over dagen.

 

 

 

 

 

Eg voks opp i eit miljø med tryggleik.

Alle mor sine sysken budde i eit samla område. Så eg voks opp med onklar og tanter, og som vi sa; morbror, farbror og moster eller faster.

 

Mor hadde ei syster og fire brør.

 

Alle dei i høgre rekke er borte, no for han som sit nederst i venstre rekke og.

 

 

Det var naturleg dei busette seg her, mor var den som flytta lengst heimafrå i luftline, knappe hundre meter.

Det var jonsok, juleselskap og nyttårsfeiringar i fellesskap.

Eg var omtrentleg midt i flokken med syskenborn som talde etter kvart seksten stykker.

 

 

To av morbrødrene mine var ungkarar litt lengre, så eg hugsa å bli løfta høgt i veret og svinga i rundt. Dei var glade i borna til syskena sine.

Den eine morbroren skulle læra meg å symja, akkurat det syntest eg var for skummelt og kava meg bort frå han på ei livbøye der det meste av korken var falle av.

Ja, dei to morbrødrene var populære hos oss ungane. 

Men vi vart ikkje einige om kven som var den aller beste, for vi stemte på den som hadde vorte oss tildelt som ‘gusfar’, altså fadder.

No var det så klart ikkje alle som hadde fått ein av dei.

 

 

Min sin ‘gusfar’ heldt eg hardnakka på var den beste.

Ein gong skreiv han eit brev åt meg, med detaljert teikna bilete av båten han var på, båten som eg var født ombord i, båten som morfaren min teikna og fekk bygd.

 

 

Ellers fekk eg så mange fine julegåver frå han, vi gjorde det alle, eit år fekk eg eit leikepiano, eit anna år eit fotoapparat, målarskrin og mykje anna fint.

 

 

Skal du ikkje finne deg ei kone, sa vi borna, da hadde den andre morbroren gifta seg.

Men eg har da kone, sa han ugifte og peika på ei trollkjerring han hadde i bokreolen.

 

 

Likevel, han vart gift til slutt og i vaksen alder fekk han to born som har vore han til stor glede.

 

 

 

Morbroren min fekk frå han var liten leika seg inn i ansvar og vaksenliv, og etter kvart forska seg fram til nyvinningar.

Han tenkte ei stund på å utdanna seg som lærar, han kom inn på studiet, men fordi han var såpass ung ennå, vart han spurt om å venta eit år. På dette året vart han fanga opp av verftet som far hans starta på 1920-talet.

Der fekk han være med, finne ut og utvikla.

Spesielt etter verftet stoppa med båtbygging og gjekk over utvikling av utstyr slik som vinsjar og bruken av hydraulikk utover på 2000-talet.

Og etter at han vart pensjonist laga han seg ein verkstad under garasjen, der han kunne helde på med slikt han syntest var interessant.

 

Han hadde og ein anna stor glede, båten sin.

 

Frå eg var lita var det båtar i alle fasongar i sundet der eg voks opp ved, frå robåtar, raske  racerbåtar som føyk rundt på glitrande bårer mang ein sommardag, til rekebåtar som dunka seg ut av sundet i mørke og einsemd før dagen hadde starta, fiskebåtar der dei fleste skulle nordover og i nokre år Norges største snurper, så båtliv var det.

 

Og båten morbror min bygde seg skulle ha fart, så den kunne flyga over sjøen.

Vi i storfamilien vart også bedt med. Turar rundt om holmar og øyer, sol og badeliv.

Etter at han vart eldre ville han så gjerne ha oss med, men opplevde det etter kvart meir utrykt. Spesielt da far hadde vorte såpass ustø i ganglaget kjendes det ikkje lenger forsvarleg. Men mange fine båtturar har det vore.

 

Det heldt på å gå heilt gale mot slutten, han var på ein av sine mange båtturar da det starta å brenne ombord.

Flaksen var at nokre jenter var i nærleiken med en mindre båt, og dei fekk kommandert han ombord til seg.

Tapet av båten var ei stor sorg og ikkje minst bøker med oppteikningar frå turar opp gjennom åra, da borna hans var små og etter kvart som dei vart større.

 

Men morbror min vart berga, om båten ikkje vart.

Det var ikkje snakk om å bygge ny, men båt vart det, ein i omtrentleg same storleik.

Og vi vart framleis bedt med.

 

Etter far døyde var han mykje opp hos mor, han hadde starta å gløyma og han gjentok.

Han hadde også eit skilje på å hugsa på-, meg hugsa han, men var ikkje like trygg i hugsen på dei yngre systrene mine.

Han kommenterte ein gong at eg hadde forandra meg, samtidig ville han vete kor eg budde.

Da var det borte for han at eg var flytta attende. Han var lengre att i tid med ein yngre utgåve av meg.

 

 

I går flytta han.

Han flytta bort frå livet.

Gjekk nok ombord i ein annan båt.

 

 

Og eg kjenner sorga over at han er borte etter 95 år på jorda.

Vi alle gjer.

Eg har ringt systrene mine og mine ungar.

Vi kjenner på det, at eit menneske vi var svært glad i er borte.

Og for mor er det tungt, no er det berre ho og den yngste broren att av dei seks syskena.

 

Det er bra det ikkje vart nokon tur til Røst, seier veslesøstera mi.

 

Og det har ho rett i. For vi kan være saman med mor.

 

 

Morbror min sin familie har eit arbeid dei skal i gjennom. 

For slik er det.

Sorg er eit stort arbeide.

 

 

Eg er glad for at eg fekk ha ein slik morbror med meg i livet mitt.

No sit eg att med alle dei fine minna.

 

 

 

 

 

 

22 kommentarer

Siste innlegg