Måndagen er snart slutt. Første dagen i veka er snart over. Ute er det fleire minus, inne fyrar eg.
Og så høyrer eg på musikk. Har lyden rett inn i øra, rett frå Spotify.
Det er godt å berre forsvinna inn i musikken. Finne ny musikk eg aldri har høyrt før.
Tidlegare i kveld følgde eg ei dotter ut i mørket. Ho skulle ta bussen.
I gårkveld gjorde vi to det same, da var det og ei dotter som reiste. I helga var begge heime. Dei kom på torsdagskvelden, så vi har hatt ei oval helg saman. Eg sa til dei at eg kjenner meg heldig, heldig som har det så fint saman med dei.
På fredag fekk eg eit problem eg tenkte var utviska frå kvardagen i laaaaang tid framover.
Bilen!!!!
Bilen eg kjøpte i juni kom seg mest ikkje opp bakkane. I dag fekk eg vete om noko som heiter nødmodus. Når det er ein feil i bilen. Neste onsdag skal den på verkstad, og eg velje ikkje være så fokusert på dette. Måtte berre skriva det likevel.
Så i kveld er det godt berre å sitja her.
Ikkje tenkje, berre flyta i musikken.
Ikkje tenkje, berre væra i den varme stova medan dei gamle stjernene sender ljos frå mange århundre attende, oppe på den skyfrie himmelen.
Eg er her saman med meg sjølv. I varierte lydbilete.
Dette er Waldruna med Odal.










