Ikkje noko spesielt

Det er berre ein dag på slutten av august og ferien er over. Det rengar og alt er slik det er og det er greitt.

 

Vurderte både å reise til Trondheim og køyra mykje rusk på søpla. Men det regnar og kroppen er ikkje på parti.

I dag har eg fri. Eg kan ikkje auka opp enno, det er for mykje som strikar. Det er berre vondtane i ledda. Eg testar, prøver på andre veka utan legemiddel. Må antakeleg tilbake til dei.

 

Eg har hatt ei svært hyggeleg helg. Mine to eldste og eg.

Vi snakka

Ikkje om vêr og vind. Men om livet. Om å leva og om verdiar. Om system. Om grunnelement. Kva som vert presentert og kva som er. Korleis alt vert påverka av alt.

Eldstemann fortalte om slikt eg ikkje visste, men hadde kjend likevel. Frå før. Eg fortalte om redsla. For ein har ingen av sine å miste. Eg kan bruka ordet audmjuk her. For det er det eg blir. Når alt som kunne ha gått gale ikkje gjorde det. Når livet ikkje forsvant der det har vore naturleg. Og ikkje rart redsla beit seg fast i kroppen.

 

For ei tid attende skreiv Lillaskjel om å stå vakt 24/7 her. Den metaforen har eg bruka. Å stå vakt i så mange år har sin pris. Som eg har gjort. Eg er i ferd med å legge frå meg “kikkerten” og gå ned frå “tårnet”. Men at vakta vart så hard har sin årsak. Av og til er det tøft, men det er alltid nokon som har større utfordringar.

 

Det er godt å kunne snakka saman, kunne reflektera. Og eg lærer også. For det er så mykje eg ikkje veit, sjølv om eg veit meir enn mange om mangt som eg tenkjer ikkje har vore naudsynt eg visste.

 

Mellomste var litt stille.

“Eg seier ikkje noko fordi det meste blir sagt, men eg tenkjer fordi” sa ho.

Ho kom heim med sår hals og varm panne. Litt upassande fordi ho hadde arbeid å utføra, men med skjerf, C-vitamin og Ibux vart det parkert og dagen etter greidde ho det ho skulle. I tillegg hadde ho skrevet ein ny song og var glad for at det hadde dukka opp inspirasjon. Søndag spela ho, og eg likar så godt å høyra på.

Skal dele den i neste innlegg.

 

Veggen vart ikkje måla. Men vi samarbeidde om matlaging og dela tida med samtalen. Av og til er det vel så viktig som gjeremåla.

Det regnar.

For litt sidan gjekk det tre rautande kyr forbi. Dei var våte. Dei gjekk opp mot garden dei høyrer til. Ville kanskje inn. Forstår det godt.

 

 

7 kommentarer
    1. Så nydelig skrevet. Man kan kjenne på at det har vært en god og viktig helg for dere.
      Så mye viktigere å få bare være sammen og snakke sammen i stedet for å hause rundt med ting som skulle vært gjort….

    2. så koselig med en slik helg sammen )) godt å kunne snakke sammen med sine unge ) det regner her også ,men det får vi vist ikke gjort noe med nei )) kos deg i kveldinga

    3. Ja, alt henger sammen her i livet, og mye å holde styr på. Og det kan man egentlig ikke, holde styr på alt. Må legge fra seg kikkerten litt som du sier. Ellers blir man utmattet. Koselig med sånn helg med gode samtaler 🙂

    4. frodith: En sliter seg helt ut….men i en periode var det også viktig at en hang i stroppen.
      Absolutt koselig med samtalene :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg