Så godt og berre være

 

Eg er berre. Berre her og skal ingen ting. Og eg nyt.

 

Den siste dagen min i avspaseringa mi, klarte eg det.

Eg klarte å koma fram til å ikkje skulle noko.

Så ute kan regnet berre fossa ned. Eg treng ikkje ein gong tenne opp i omnen, sjølv om temperaturen seier at eg godt kan gjera akkurat det. Eg koser meg så likevel.

Eg fekk unna meg billetten til konserten i kveld, eg vart berre frykteleg stressa av å tenkje eg skulle dit. No skal det seiast det ikkje er min favoritt artist. Så da kan nokon få den som nyte konserten meir.

Eg har og bestemt meg for at oppfølginga på Muritunet neste torsdag er uoverkommeleg. Alt for lang reise for ein dag på denne tida av året. Eg må ha starta om natta for å nå fram, og da går inga ferje.

Eg kjenner skuldrene fell på plass. For eg treng ikkje. Det er så mykje eg ikkje treng. Det eg treng er å kjenne på roa for å få energien opp over skalaen.

Og det som er så bra, er at tanken har vorte klårare. Eg forstår raskare kva eg vil og kva eg ikkje vil. Eg reagerer raskare på kva eg synest.

Stemmen min har fått eit nytt trykk, meir volum og klang. Meir energi.

Eg seier mykje fortare frå der og da, så slepp eg å gå og grubla i etterkant. For det ein seier da vert ofte betre enn å seie seinare.

Ordet tek eg og mykje raskare utan at eg tenker over det.

Eg får kommentarar på forandringa. Positive kommentar.

Så eg er på tur mot noko som eg trur på. – Og det krev nok å roe ned. Stress har ingen plass. Det skal lite til for at det vert for mykje. Men i dag……. i dag skal eg ingenting. Ikkje noko anna enn det eg har lyst til akkurat da.

Inga plan i dag :))))))))).

 

 

 

 

Tre tre

 

Eit tre tal eller eit tre. Det kan og væra tre i møblane eller i golvet….

 

 

Så er eg à jour. For av og til eg og det.

Tre må være tre tre – tenkte eg.

Men å finna eit bilete av tre tre var ikkje enkelt. Fann ut at desse trea mot kveldshimmelen og solnedgang var dei eg skulle vise.

Alle gode ting er tre vart det sagt…….men det fjerde følgjer også med……..og det er vel i morgon.

Dette er mitt TRE.

 

 

To

 

Ljoset og fargane. Det er noko ein kan dvela i opp att og opp att-.

 

To er eit partal.

Tosomheita.

Noko ein er i eller strekkjer seg etter, eller skal, for balansen skuld. Som det er skreve milevis av bøker om – og songe songar om gjennom all tid.

Derfor ville eg ikkje bruka det opplagte.

Men ljoset.

Eg sto å venta på ferga da desse to tvilling regnbogane fargela himmelen ein grå dag. Eg måtte ut å fanga dei-.

Så dette er mitt TO.

Som eigentleg skulle vore posta i går.

 

 

 

Ei jente

 

Litt for seint, i kjent stil for meg, tek eg ei utfordring. Det er Frodith som inviterer. Men eg veit ikkje om det er lov å være så sein……

Eg starta å sjå førdagen, altså måndag, om eg fann noko bilete. Eg forsette i går og fann eit. Det måtte verta dette. Ei jente attmed eit vatn. Men da var det for seint å laga nok på det.

Så i dag…..vips og vaps…....postar eg.

– Jenta står så blå der hausten speglar seg i fjellvatnet. Det var ein fin dag å være ute i.

Alle barna har vore einare etter kvart som dei kom. Dette er den yngste einaren.

Dette er mitt EN -.

 

 

Far sin dag

Eg vil fortelja om far. Dette er ein riktig dag til slikt…..sjølv om farsdagen var i går.

Han er født i 1924, som er nokre år sidan. Og sjølv om kroppen har vorte skrøpeleg etter alle desse år, så er hovudet friskt. Med både humor, refleksjonar og husk. Til og med augo verkar betre enn hos dei som har mykje kortare fartstid på denne jorda.


Far var svært glad i mor si. Så minnet frå den vinteren da han vart liggande sjuk, og mora sto i døra og tok farvel, er eit svært sårt minne. Ho ville ikkje klemma guten sin fordi ho var redd ho kunne smitta han.

Far er ikkje av dei som er født med mest tolmod. Han sette i gong med det han såg for seg, to hus fekk han bygd opp og grunnmuren til ei dokkestove. Og det kunne ta litt tid før siste spikaren var slege i, for pirkete er ikkje far.

“Er det greitt eg legg ut dette på blogg” spør eg.

“Ja, om du kan lova ingen les-” seier far min.

Og det lova eg så klart.

 

Dette er eit utdrag ….men vil du lesa meir om noko av livet til far min kan du gå inn på

BforBakk

T T T

 

Ting Tar Tid. Og det synest eg ikkje noko om. Men eg må nok akkurat det.

 

For i dag må eg skriva om det igjen. Dette. Dette eg er i. Men det er ein prosess. Og alt er betre seier eg til meg sjølv. Det er berre ikkje bra enno. Eg tar for fort uriktige val etter gamalt mønster og eg blir for sliten. Rett og slett.

No har eg hatt eit par dagar der eg har gått inn i det gamle skvise. Strekt både på meg og tida. Ein spesialitet. Og så vert eg frykteleg sint for at eg gjer dette igjen.

Men kven skal eg væra sint på?

Mannen som køyrer under fartsgrensa, dotter mi som vil sove, foreldra mine som ventar meg, søster som kjem når eg har bruka opp tida mi sjølv til å leita etter ting eg ikkje har lagt på plass, eller folk som spør om eg vil være med på ting???

Tingeling………

Akkurat……

Plingeling; Det er nok meg det. Eg som må setja grensane. Og ikkje minst forstå tid.

Så når eg ikkje greidde noko på fredag var det eit signal om å stoppa opp. For på fredag var det brot på kommunikasjon mellom hender og hjerne. Det meste datt ned, og ikkje greidde eg ha ei logisk tankerekke.

Men no har eg gjennomført.

Eg var nok ikkje heilt der at eg kunne sprudle og snakka under middagen på fredag, men det er underhaldande å sjå og høyra på folk. Og maten var greit nok god, sjølv om eg såg fram mot å koma meg vidare.

Konserten vart ei lita utfordring, stappa inn mellom benker og menneskjer og lukte. Vurdert å gå til pausen, men greidde å nyta litt like før.

Men for meg var det ein utfordring ein konsert med så ulike sjangrar. Ein tenor med stemmeprakt og operasviskere, og en rufsete, rockeartist med eigentleg alt for lite av sitt eige materiale, men med nokre gamle evergreens frå rockeverden.

Følte meg som ein variant av “Husker du” i dagens drakt.

Og kanskje var det slik…….

Når eg såg på den gråsprengte mengda av publikummarar som gjorde sitt yttarste for å ikkje sjå så gråsprengt ut. Så var vi nok akkurat det heile gjengen.

Men eg forsto ikkje greia med å skrapa saman ein tenor og ein rockeartist. Kvar for seg har det vore fenomenale konsertopplevingar. Kanskje ein må væra Kristiansundar for å forstå, og det er eg ikkje.

Etter alt dette sprang eg fort oppover gata til dottera mi. Pub fekk vera pub. Sjølv om det var år og dag for mitt vedkomande kjende eg at dette var i alle fall ikkje kvelden.

 

I går gjekk og på andre sine forventningar, eller det eg trur andre forventar. Og du store verda kor sliten ein vert av slikt. Ikkje greier ein og ha kapasitet til å glede seg over å dele tid og mat saman. Ein lengtar berre etter og ha tida si for eg sjølv.

 

No er det nok tenkjer eg vi seier. Eg har desse fridagane framom meg. Som skal brukast og nytast.

Tur og foto må eg få til. For det er viktig.

Eg må hugsa øvingane mine, for dei er og viktige for at ting som tek tid ikkje tek lengre tid enn det nødvendige.

Og elles har eg det bra…….for det er på rett veg, sjølv om det vart ein episode av gamle synder no.

No har eg skreve det frå meg med ettertankens kloke ljos skinane over tastaturet. Den som bør skina framover i tid og ikkje berre attende.

Ha ein super søndag, og hugs på deg sjølv. Du er viktig!

Avspasering

 

Så har eg spasert fram hit. Til kvelden etter enda dag med alle timane mine oppført i sirlege rubrikkar.

 

Når ein skal bruka timar er det lett å bruka for mange. Eg dreg på ein haug av timar frå i sommar da det ikkje var lett å få ting til å gå i hop. Så no skal eg bruka opp nokre av dei. Eg har rett og slett fri til neste torsdag.

Ei god kjensle ein torsdags kveld.

Men eg skal ikkje finna på så mykje akkurat. For eg skal stort sett væra heime. Anna enn i morgon. Da er det både ut og eta og med konsert i etterkant. Eg har også ordna meg slik at eg kan overnatta, så om eg vil, kan eg verta med ut etter konserten.

Eg skal faktisk på ein konsert til medan eg har desse fridagane mine. Så dette er i overmål for ei som synest ein tur på matbutikken har meir enn nok innhald.

Men det er godt og sitja her å skode ut over denne endelause mengda med dagar utan innhald.

Eller mest utan innhald.

Ein luksus utan dimensjonar. Det er heilt greitt, verkeleg, og eg skal nyta dei.

Og så må eg væra riktig flink med både rulling av føter og ut på gå turar. Kanskje eg kan hausta inn noko som eg kan gjæra noko med……. Men gjer eg det gjev eg kanskje meg sjølv eit ørlite sjokk.

Det har gjort seg -.

Noko av det eg likar


Når orda forsvinn er musikken god og ha. Gå inn i den på tvers og på langs.

 

I dag har eg snakka opp orda. Eg åt dei opp med hud og hår. Etterpå vart det så tomt at eg sovna. Godt hjelpt av ei for kort natt sist.

Eg chatta med yngste etterpå. Ho var og trøtt. – Etter ein prøve med for mange årstal.

“Eg legg meg tidleg i staden for å sova no” sa den fornuftige jenta.

Mora til denne jenta sovna i stolen etter ein lang tur ut i naturen og besøk i dag. Sov som det var den herlegaste seng ho låg i. Sov slik at augo mest ikkje greidde opnast.

Sov som i desperasjon.

Heilt ør.

Som i eit slags vakuum. – Fram til praten med ho som er ung.

Kanskje trøtt av livet, døden og kjærleiken -, som var tittelen på eit musikkprogram eg kom over ein gong på nittitallet…….eller var alkohol med i tittelen også.

Eg hugsar ikkje.

Lars Demian heite artisten og var svensk. Eg gjekk på leit etter musikk av han etterpå, for eg vart frelst, men fann ingenting. Eg vart fortalt om ei musikkforretning som selde svensk musikk. Dette var i Trondheim, eg budde der da. Og fekk nok ein aning hakeslepp da eg kom dit og oppdaga at det berre var danseband musikk som ble seld der. Eg har ikkje anlegg for å like den type musikk, og får eigentleg allergiske reaksjonar.

Her er Lars Demian i herleg samspel med David Tallroth.

Eg har nok en greie for svensk musikk. For nokre år sidan fann eg Den Svenske Björnstammen og vart heilt lykkeleg ……….når eg høyrde Svalkar vinden letta eg mest frå bakken.
 
EsKHlSmv2q8


Men eg har nok sansen for det rølpete. Screamin Jay Hawkins med Put a Spell on You er nok av det mest rølpete trur eg.
PwXai-sgM-s


Eg liker all slags musikk sa eg i ein samtale. Liker du den og den fekk eg spørsmål attende om……. så eg skjøna at eg lika mest all slags musikk.

 

Har du høyrd om nokon av desse artistane?

Og i så fall likar du musikken dei har?

Eg er….

 

…..men ikkje så mykje meir. I dag funkar eg ikkje.

 

For i dag har eg hatt time hos psykomotorikeren. Og etterpå var det den årlege kontrollen av tenner. Null hull og alt vel. Men kjente eg knytte meg desperat da tannlegen tok ein puss.

Psykomotorikeren kopla meg som vanleg heilt ut. Desse musklane som har gått seg heilt fast. Eg veit ikkje korleis eg skal få tak i dei. Korleis dei virke. Det er rart. Men litt etter litt får eg tak.

Da eg kom heim somna eg. Så ein tur ut i blåsten og regnet vart ikkje noko av. Om ein ser bort frå turen ut for å henta ved.

No skal eg straks ete, det forsvann og – hugsa å eta. Men no skal det straks bli. Ferske pizzasnurringar skal eg unna meg. Heimlaga.

For eg har det bra, for ein kan det…..sjølv om motoren har dårleg driv inn i mellom.

To år

 

Desse glimta. Glimta av barndom. Glimta av seksti talet. Eit fint ti år og være barn i.

 

foto: morbor Kolbjørn

Det var fødselsdagen min. Eg var på tur innover ålmannvegen. Innover til mormor og morfar min. Kjolen eg hadde på syntest eg var så fin. Den var kvit i botnen med blomster i røykgrønt og gult. Kappene hadde raude band. Dette var den kjolen eg syntest best om.

Men akkurat her, når morbror min tok bilete, er eg heilt oppslukt av veska. Veska med dei mange romma var frykteleg spanande. Eg trur eg samla papir frå twistsjokolade i den. Alle dei fine fargane og alt det blanke. Kanskje det er denne sommaren da eg fyller to år eg har ei oppleving av å bli så medreven av mi eiga handling at eg ikkje klarar å slutte;

Vi er på båttur i ein dorry. Ein båt type. Det er mange folk om bord, men eg er oppslukt av sjøen som skummar kvit langs båtsida. Det er noko sugande i dette synet. Den store sjøen og det å passere, heile tida vidare.

Forbi, forbi.

Eg opnar veska mi og kastar ut ein skatt, eit blankt, fint papir. Det forsvinn i vassmassane. Eg tek opp eit papir til og det går same vegen. Det er umogleg å stoppa. Handlinga er så endeleg. Papira blir borte. Dei forsvinn. Handlinga mi er ugjenkalleleg.

Og så er alle papira borte. Alle dei fine, fargerika papirbitane.

Ved båtripa ser eg nokre tvistdottar, slike som ein tørka opp med, tørka av …….ein vase av kvitgråe tråar. Eg riv av litt og kastar dette i sjøen også. Og så litt meir. Til sutt var det og forsvunne.

Eg hugsar den frykteleg dårlege samvita som dukka opp. Om at eg var ein frykteleg fæl unge som gjorde slik. Som kasta ting i sjøen slik at dei forsvann. Og kva ville dei vaksne seia når- og om dei oppdaga det. Ein frykteleg kjensle av dårleg samvit.

Men akkurat denne dagen på tur innover vegen var alt berre fin.

Eg var fin.

I kjolen min.

Og veska inneheldt alle dei spanande romma til og ha noko i.