To

 

Ljoset og fargane. Det er noko ein kan dvela i opp att og opp att-.

 

To er eit partal.

Tosomheita.

Noko ein er i eller strekkjer seg etter, eller skal, for balansen skuld. Som det er skreve milevis av bøker om – og songe songar om gjennom all tid.

Derfor ville eg ikkje bruka det opplagte.

Men ljoset.

Eg sto å venta på ferga da desse to tvilling regnbogane fargela himmelen ein grå dag. Eg måtte ut å fanga dei-.

Så dette er mitt TO.

Som eigentleg skulle vore posta i går.

 

 

 

Ei jente

 

Litt for seint, i kjent stil for meg, tek eg ei utfordring. Det er Frodith som inviterer. Men eg veit ikkje om det er lov å være så sein……

Eg starta å sjå førdagen, altså måndag, om eg fann noko bilete. Eg forsette i går og fann eit. Det måtte verta dette. Ei jente attmed eit vatn. Men da var det for seint å laga nok på det.

Så i dag…..vips og vaps…....postar eg.

– Jenta står så blå der hausten speglar seg i fjellvatnet. Det var ein fin dag å være ute i.

Alle barna har vore einare etter kvart som dei kom. Dette er den yngste einaren.

Dette er mitt EN -.

 

 

Bytur i all enkelheit

 

Så er eg heime. Som ein premiering etter mil i bil.

 

Det vart ein bytur med lesebriller og mobil. Her er det bilde av elende.

Lesebrillene ligg att, for dei rakk ikkje ta dei i dag og mobilen er med heim att. Eg hadde ikkje lasta opp det eg skal ha med meg vidare på telefonen. Fekk lada den opp hos yngste, for i går fekk eg ikkje det til ein gong. Så no er kontakta med utomverda usikker, men det har ikkje noko å seia. For no kan eg ha visse utfordringar med å lesa også. Men er det så nøye…..

Elles har eg tullbriller, så eg skal nok berga.

Etter ein lang og nydelig gåtur i vakker natur i byen ut mot havet utan fotoapparat………..ja, eg har fortalt om apparetet, det virker ikkje heilt det heller………….ikkje pc’n heller for å væra heilt ærleg…………..hadde eg avtale med yngste.

Her er eit bilete av oss for nokre år sidan. Ja, eg gjekk litt bananas i redigeringa i kveld.

Vi kjøpte oss Fishan (fritert fisk og chips) som vi tok med heim til henne. Etterpå la vi oss til å sova litt. Det var kjempeherleg. Da eg vakna etter 20 minuttar forsto eg ikkje kvar eg var.

Men no er heime, og sjølv om eg sette av varmen før eg reiste til byen var det ordentleg godt og være heime hos seg sjølv.

Og så har eg kjøpt den førstejulegåva i år.

Har du starta?

Tamperveka over

 

Og her sit eg med hovudpine, lemus og er heilt set på sidelinja. For eg har nok forbruka meir enn eg har og er berre frykteleg klar…….

 

For litt sidan reiste jentene til Trondheim. Dei skulle vaska ned hybelen til mellomste, ho skal ut ved slutten av månaden, det skal bli restaurant der ho har bodd. Ho har ein ny på handa. Og ho tenkjer å ta eit år studium med spansk i året som kjem. Ting går seg til………for alle, slik etter kvart.

Eg sit her og er oppbruka. Etter tamperveka.

Etter feiring av meg sjølv på fredag gøyv eg laus på laurdag. Det var eit arrangement eg skulle vera med på både laurdag og søndag. Men før ting starta på laurdag skulle vi sjå på ein hybel i Kristiansund som yngste hadde forelska seg i. Vi hadde tronge margin for å få dette til. Da vi sto på tur til å reisa oppdaga eg at nøklane eg skulle ha der arrangementet var –  dei låg att på kontoret og at setene i bilen var våte etter ein skikkeleg regnbye der  takvindauge hadde stått open…… Skikkeleg god start på dagen.

På turen til ferga med for lite tid, fekk eg kartlagt at det fantes folk med nøklar, så eg kunne hoppe over turen innom kontoret. Og det var bra, for på søndag fann eg den heime i skuffa der nøklane ligg. Og ikkje har eg rukke ferga heller, om eg har prøvd.

Likevel. Eg skal ikkje prøve på å skjule at stressfaktoren nok har vore i høgste laget i det siste.

Men med handklede i bilseta saman med varme, gjekk turen til byen. Vi fann hybelen, jenta likte den – men ei anna jenta hadde kika på den føe, så ho hadde på ein måte forrang syntes mi yngste. Men seinare same dag kunne ho juble.

Vi hadde ei ferje vi MÅTTE ta attende, før eg måtte være på plass der arrangementet var. Vi stilte oss i ferjekø og fann ut vi rakk å kjøpa oss ein softis. Kiosken var stengt oppdaga vi da vi vel var nede ved den. Så kom ferga og på tur attende, forbi bilkøa møter eg ei som har tilbydt seg å hjelpe til. Ho spør om ho kan få sitte på med oss, og det er så klart greit. Så ho parkerer bilen.

Det som skjer i neste omgang er heilt utruleg, eg observerer at han som er i bilen framom går ut av bilen sin og speidar………og da ser eg det, ferga legg i frå. Eg er i sjokk da eg skjøner kva som skjer, neste ferje går ikkje før om ein og ein halv time. Og eg skal opna arrangementet……..når neste ferje går………trur eg.

Eg får vite av henne som sit om bord i ferga at pga. av en tankbil tok dei bare på eit mindre mengde bilar. Det var noko som var praktisert fekk eg og kunnskap om denne strålande dagen.

Ho som skulle få skyss med oss ordna seg ny skyss på overfarten. I tillegg kom ferga attende og køyrde ein tur utanom ordinær rute. Før den tid hadde kiosken opna, så vi fekk oss softis. Eg fekk også vite at eg hadde tatt feil av tidspunktet er skulle ønske velkommen, det var ein time seinare enn eg trudde. Så slik sett ordna alt seg i tur og orden.

Altså gjekk alt bra. Men da endeleg tidspunktet for opning var der, hadde stresset gjeve meg store problem med konsentrasjon, så den velkomsttalen var ikkje noko å ropa hurra for. Heldigvis var ikkje det den store attraksjonen, men reknar med at eg ikkje vert nedringt av spørsmål av liknande oppdrag. Og det er heilt greitt det.

Elles var det ikkje så mange oppmøtte, men vi som var der fekk ein herleg dag med sjø, båt, sol og notkast.

Neste dag var eg oppmøtt igjen. Og det var ikkje det at eg hadde så omfattande oppgåver, heller det at oppgåvene mine var såpass uklare at eg vart sliten av det. Men den dagen var også i sol, vind, sjø og…………. irsk musikk. Publikummet, som denne dagen var mange fleire, var godt fornøgde. Og eg var frykteleg godt fornøgd med å væra heime i går kveld.

Da hadde eg hatt ei veke med arrangement både gjennom jobb og dugnad privat. Feira fødselsdag, funne hybel til yngste, vaska ned ei seter, og ein dag måtte eg væra buffer/rådgjevar for gjengen med etterkomarar kvar sin gong. Veka har ikkje vore ein lettvektar. Og eg tenkte, at når denne veka var over…………., da skulle eg, da skulle eg………..for andre gongen i mitt liv ta………..FOTBEHANDLING!!!!!!

Så i dag, da eg endeleg hadde ein fridag, da sette eg meg i bilen tidleg, køyrde og henta foreldra mine. For dei skulle også. Og eit minutt på ti hadde eg lagt dei mil og kilometer attom meg som måtte til, og vi ringte på til fotterapeuten. Vi hadde altså den første timen klokka ti.

Eg kom ut der i frå på lette føter utan hard hud på hælane og med ei ny fotfil. Og eg skal innrømme at eg var ikkje til så mykje meir i dag. Da eg fekk spørsmål om å hjelpe til med noko datagreier sto hovudet mitt i stampe, eine auge rykka og rykka det i denne lemusa.

Så eg trur det er bra ferien nærmar seg. I morgon har eg tre timar med slikt ein skal. Og onsdag, onsdag håper eg kan gjera frå meg slik eg skal…………..for timane eg har bruka er alt, alt for mange. Men vi får sjå.

Til helga har eg i alle fall ferie. Og da skal eg kosta på meg eit jublande HURRA – !

 

Ferie, sommar og tida

Sommar, sommar, takk for at du kommer……..eller kjem. For eg trur, eg trur eg…….på deg.

 

Eg er i eit drivhus. Bokstaveleg tala. I dag må luftfuktigheita vore svært høg. Men eigentleg er det naturleg når temperaturen stig og det regnar. Ja, ikkje no. No såg eg til og med nokre solstrålar for litt sidan.

Dagen har som vanleg rent av garde, som ein…….ja………som ein racerbil. Men eg var likevel litt betre opplagt i dag enn i går, da såg augo mine ut som nokre krønsja bær. I dag har eg prestert, sett, erkjent og følt eg styrte skuta.

Slik er greitt.

Og til slutt at ein hyggeleg tur på kaffi med ei venninne. Og heilt til slutt vart det blomsterhandel. Årets første for min del.

Eg er på etterskot med det meste i år i forhold til i fjor. I fjor hadde eg ferie. Jentene og eg var i Los Angeles. Vi hadde siste dag på eit hotell ved flyplassen etter ein dag ved bassenget. Før vi dagen etter reiste ut til Venedig beach. Ein veldig spesiell ferie der livet ekspanderte. Først møte att mellomste som hadde reist på eiga hand, tre månader i Sør Amerika. Få henne både heil og levande attende med berre ein mobil i minus og nokre kilo.

Oppleve openheita, mangfaldet, dei fæle pizzaene og dei store salatane………og verta litt meir positive for det Amerikanske.

Det var i fjor.

I år er det ein månad igjen til ferien min. Eg har nok hektiske dagar framom der eg må greia oversikta på litt for mykje for min stakkars energi…..som LIKEVEL er på veg til å betra seg.

Og så kjem ferien, forhåpentlegvis med fint vær, med dagar på setra og bading, ungdomar som skal flyttast på hyblar og organisering av det. Og noko er ikkje planlagt, berre skissert, men handlar om meg og slikt eg kan finne på.

Sjølv om eg gler meg til ferie, og får ein travel tid no – så skal likevel juli nytast.

Kva skal du bruka ferien til?

 

Det er enkelt berre stort

 

Nokre gong inneheld livet så mykje at det kan være vanskeleg å fatta. På så mange plan.

 

Så er eg attende i mi eiga verd. I stolen min. Ein månad har passert.

 

I dag vakna eg tidleg i mi eiga seng, laga meg havregrynsgrøt til frukost med blåbær på. Tok på meg treningsklede og tok med meg boffen. Vi køyrde inn til foreldra mine. Der gjekk eg meg først ein tur opp til ei seter – men aller først greidde eg å rote meg vekk i skogen. Tenk det.

I går køyrde eg meg vekk. På tur heim skulle eg ta ein snarveg og køyrde feil. Men eg rota meg inn på rett veg att, etter ekstra køyretid. Akkurat som eg ikkje fekk nok bilkøyring.

 

Men det var skikkeleg godt å sjå fjorden min framom meg da eg kryssa fylkesgrensa.

Laurdag køyrde eg og feil, men eg fann fram. Eg fann absolutt fram. Eg har hatt ei heil fantastisk helg med svært sterke naturopplevingar. Fjord og fjell, frukttre i full bloming, og blå himlar. Vegar som gjekk bratt i store svingar. Fjellvatn som spegla naturen rundt som ein mest vart svimmel. Eg kunne ikkje sjå for mykje, på alt.

Fjordar djupt under meg medan eg køyrde opp, opp og opp.

At det finnest så mykje vakkert. Og eg tok for meg berre ein liten del av landet vårt. Og eg tenkte……dette skulle alle få oppleva, det som eg opplevde no.

Det var dei store kjenslene som var i sving. Alt var fantastisk og sterkt. Det er godt og ta dei fram. For dei vil gjerne verta bruka.

 

I går vart og spaninga stor. Da eg skulle over Sognefjellet. Men heldigvis var det i går. I dag er vegane stengt og folk har vorte berga ut frå der eg for i går.

Og før helga starta hadde eg siste kvelden må Muritun. Vi hadde avskjedskveld, og dagen etter reiste dei andre på gruppa.

Så sto eg der igjen da, følte eg var i eit minne. Fekk mest lyst til å gråta. Den siste kvelden skulle eg så mykje, eg skulle skriva her, eg skulle snakka meg folk på telefon og eg skulle på tur. Men denne kvelden gjekk og fort. Men eg fekk med meg turen. For turen var viktig. Turen gjekk opp til Klovsetsetra, det vil seia …… eg stoppa litt før. Om ikkje hadde eg ikkje nådd kveldsmaten. Slikt er også viktig :).

Så eg avsluttar med å legge ut nokre bilete frå turen med eit stille takk for meg og gleda over det nye livet som ligg framom.




Her snudde eg.




 

Med sko i høgda

I dag var det lenge nok. Eg tok dei fram og tok dei på.

 

Etter ei veke i berre sandalar fekk eg gjera eit forsøk på noko anna. Først gjekk dagen tett med alle matmåltid. Under middagen ytra eg tankane om å ta på meg sko. Nokon hadde tenkt Zakariasdammen oppom Tafjorden.

Slik vart det. Eg tok på meg turklede og fjellsko.

 

På tur innover smale, svingete veger tok eg ingen bilete……….men naturen fortsett med si fantastiske framsyning, elver på stupbratt tur ned i sjøen.

Fargane, frukttrea og hus på berghyller oppe i fjellet.

 

Opp frå Tafjorden var det bratt med tunnelar og vegar som svinga seg rundt seg sjølv.

 

Og så var vi der.

Eg bruker ikkje meir ord, men legg ut nokre av bileta.

Gjennom tid og rom

 

Ein kan verta sett ut av opplevingar. Meir nokre gong enn andre gong.

 

Det er laurdag og mellomste har ikkje stått opp. Radioen står på. Dei les opp nyheitene. Eg reagerer med å gå inn på rommet til henne som ikkje har stått opp.

 

Ho sit oppe i senga.

 

Veit du det?

Ja, ho veit.

 

Ho har høyrd på søstera si som denne veka hadde vore i studio i ein nærradio på direktesendingar, ei artig hending som vi har hengt med etter beste evne vi i familien. Ho sit der med datan i fanget og høyrer. Midt i sendinga får ho presentert nyheita.

 

Ho sit med ryggen bøygd og tårene trillar.

 

All verdens ulykke kjem så nære. For to år sidan på denne tida var det ho som var i Nepal med folkehøgskulen ho gjekk på. I år er den same skulen midt opp i naturkatastrofen. Heldigvis har det gått bra med alle. Med alle dei på reisa frå skulen. Ho har vore i kontakt med ei venninne som er med i år.

 

Det er nok mange tankar som går i gjennom henne. Dei ho møtte den gongen i det fattige landet. Lever dei, eller kanskje var livsgrunnlaget borte før katastrofen. Lestane som vart strikka den gongen til dei barna som trong dei, med tråden som rann gjennom fingrane, kva møter den tråden no…………

 

Det skeivfordelte livet.

 

Det fjerne blir plutseleg så nære, ei lita stund.

 

Eg las innlegget til Karidansen, ho sa det så rett fram det ein mang gong kan tenke.

 

Det er ikkje så lett, ikkje så lett.

 

For oftast er det for langt unna. Men det kjem nærare, både gjennom reising………og ikkje minst når tragedien skyler inn på strendene vi rekreer på for overfloda vår. Ein annan tragedie, ein lengre tragedie.

 

Ein kan tenkje. Alt handlar om økonomi og makt på eit eller anna vis.

 

Og kva kan ein gjera?

 

Om ikkje anna kan vel alle stille seg det spørsmålet. Det lettaste svaret er at dei kan for det sjølv, for da er vi fritatt.

 

Tårene hjelper ikkje så mykje, anna enn at dei hjelper oss sjølve.

 

Men å øva opp litt bevisstheit er kanskje ikkje skadeleg……..

 

Slik MÅ du fordi du bør fordi du skal

 

Livet vil alltid sjølv avgjera korleis det vert. Og folk vi alltid meina noko om det.

 

Da eg var ung trudde eg at dei som var vaksen var akkurat det. Vaksne. Eg trudde kvart menneske fekk betre forstand dess eldre det vart. Eg har nok alltid sett på forstanden som ein klokskap livet har utvikla. Ein vart betre å leva samen, til å forstå kvarandre, fordi ein hadde funne ut så mykje gjennom eit levd liv. -Slipa av seg dei spisse kantane så ein kunne ta dei kloke avgjerslene.

 

Eg hugsar samtalen mellom tre lærarinner, dei hadde nettopp fylt femti år og dei prøva å overgå kvarandre med å fortelja om feiringa si. Den eine meire fantastisk enn den andre. Eg var nokre år over tjue og kraftig desillusjoner over ein slik konkurranse.  Dei var ikkje betre og mognar enn barn “eg er dyktigare enn deg!”

 

I dag sat eg attmed eit bord saman med tre personar. På nabobordet sat ei som syntes det var forkasteleg med dei jordbrukseigendomar som folk berre sat på. Folk burde selje til yngre krefter var hennar tydlege meining – slik at dei unge fekk sjansen til å gjera noko produktivt med dei. For da kunne vi få unge par til å flytta hit til kommunen trudde ho. Vi rundt bordet mitt var alle tre slike sittarar……. Så ho syntest sikkert det var godt å få sagt noko slikt direkte til oss, sjølv var ho i gong med utvikling og i tillegg var ho nokre år yngre.

 

Eg reflekterte over dette; at sjølv om vi alle hadde passert femti og den eine var langt opp i sekstiåra, så kan ein vel fortsett skapa noko. Og alle vi tre hadde born, faktisk tre kvar, kven veit kva dei vil ein gong ……….

Og til slutt, eg ser når landbrukseigendomar vert lagt ut for sal blir dei liggande lenge.

 

Eg brydde meg ikkje om å delta i ein samtale som eg opplevde som dømmande. Så eg valte berre å høyra på. “Du har vel litt skog du” sa ein av dei andre til meg. Kor på ho var raskt ute og vil vite om eg var mykje i skogen. For………eg skulle nok ikkje hatt denne eigedomen. Godt vaksen, utan mann og ikkje vart det noko med meg heller………

Eg vert av og til så frykteleg sliten av dei små samfunna og alt dei veit og alt dei synest. Men eg er i gong med å bli meir tjukkhuda og kanskje eg rekk å nå i nok energi før eg blir alt for gamal………..og da kan den henda eg ikkje vil gå like stille i dørene.

 

Men hittil har eg nok med å byggje meg attende til det livet har forbruka. Og så vil eg hjelpa foreldra mine så langt eg kan for at dei skal ha dei siste åra best mogleg. For den kjærleiken ein kan gje kvarandre er viktigare enn den dyre bilen og alle dei flotte tinga ein kunne hatt om ein har hatt eit anna fokus.

 

Og ein gong vil jorda bli prisgjeve for maten som kan dyrkast der for dei fleste, og ikkje som i dag; korleis tena på den for at få kan kjøpe seg fleire ting, slik vi skal for å pynta oss for kvarandre. Og ha den gjevast femti års dagen etter ein har vore ung.

 

Om det er så klokt veit eg ikkje. Det kjem nok an på augo som ser.  

 

Ein mett kveld

 

Stemningar kan snu på hælen, og dei kan snu nitti gradar. Dei kan og snu seg på hovudet.

 

Så fantastisk, utruleg herlig å kunne sitte her. I dobbel forstad, slik som at eg greier å sitte……..og at eg sit her fordi eg er heime.

Det er påskeferie.

I morgon skal eg ta ein svingom med støvsugaren, handhelsa på moppen. Vri om brytaren opp til fleire gong på vaskemaskina. Eg skal legge på plass klede…….og eg kjenner eg gler meg.

 

No har eg ete ein sein middag. Rakk det ikkje før. Men eg rakk det eg skulle. Og altså…..middagen til slutt.


Siste post på programmet i dag gjekk også bra. Sjølv om eg hadde lyst til å gå mi veg ei stund. Når det er noko ein synest er så mykje rettare  enn noko anna, og når ein ikkje får andre til å forstå det synet, er ikkje det artig. Men så snudde stemninga seg, og fleire var einig i måten som eg såg tingas tilstand på. Så på tur heim følte eg meg som ein sigerherre, både fordi kvelden var ferdig og at stemninga snudde.

 

Akkurat no er verda god, eg er mett og trøtt. Fekk og ein kommentar på at eg fekk godt til å seia det eg sa på eit greitt vis. Det har vore noko av problematikken min, at eg mista orda eg skulle bruka, tråden i det eg skulle seia. Fordi eg var så sliten vart det brot på nettet mellom tankane og det verbale. Derfor var valet mitt i fleire år og helda munnen godt igjen, ein orkar helst ikkje å babla. Og når ein er i ein situasjon der ein bør seia noko og ikkje evner det, så er det er ein forferdeleg fortvila situasjon. Så sjølv om eg synest denne framgongen går seint, så kan eg absolutt sjå ein framgong. 

 

I natt trur eg at eg skal sova rett så bra. Seier god natt til deg også J.