Her om dagen tok eg fram ord frå seks år og åtte månader sidan.
For så lenge sidan er det sidan eg starta å blogge.
Eg leita etter alt.
Mest……
Da……..
Kvar var eg og kor skulle eg?
Og i himmelens namn skulle eg finna energi?
For eg var heilt skrapa. Og verres skulle det verta viste det seg.
Eg ville så mykje, men til slutt berre kava eg. Husken og evna til å snakke forsvann.
Og eg vil seia blogging likevel førte framover, for den har klarert gjennom desse åra. Og det var derfor eg starta å skrive på dette viset. For å finne fram i alt som kjendes feil, kva og kvifor……
Denne første bloggen slutta eg for mange år sidan etter to år. Men eg har skreve mest heile tida.
To andre bloggar opna eg og, før denne eg har i dag. Den eine sletta eg og den andre finnest enno, men på ei anna plattform. Den tenkte eg etter kvart å skriva om andre med å gjera intervju. No ligg den i dvale.
Men eg legg ein link til eit innlegg for fem år sidan i den første bloggen. Kroppen hadde starta å slå krøll på seg. Krølla seg feil. Men eg prøva å gjera Solhelsing, ei øving i yoga. Eg prøva å få meg til å verta betre…….
Trykk på bilete, så kjem du dit og til innlegget som Solhelsing:
(Google)
I dag vil eg ha skikkeleg problem med å utføra dette. For kroppen har svikta meir. Men eg er likevel betre. For i dag gje eg meg mykje meir plass. Så sjøl om kroppen er sviktande har eg det likevel mykje, mykje, mykje betre.
Og kanskje kan eg greia Solhelsinga att. Eigentleg trur eg at eg skal. For eg er sikker på at det er mange som har slitasjegikt og likevel greier mykje -.
Har du blogga i mange år?
Kvifor starta du?