Når innhaldet er for stort for dagen må ein bruka natta.
Så eg, som er flink på å sova, har hatt meir trøblete netter. Men i natt sov eg som eit barn. Vakna til og med av vekkerklokka, ikkje før den ringte. No sit eg klar for dagen med mine vassglas. Snart dusj og «ut i verda» klede.
Ute kvitrer nebb som et bær. Derfor sløyfer eg gåturen, det blir ein hagetur med nettinnballing av bærbusker.
– Før dusjen og resten av dagen.
Men medan eg drikk vatnet mitt er det godt og berre let tankane festa seg i bokstavane. Det er alt dette eg skal plassere i dagane. Og det å virke. Virker ein godt så går dagane flott…..
Det skjer ein del. Først har eg ein dag å markera, ein som ikkje vart som tenkt. Eg hadde eit ynskje, men det vert ein flik av ynskjet mitt. Det skal seiast.
Neste helg går eit stort arrangement av stabelen, no er eg over i jobb.
Og ellers skjer også ting, både på godt og vondt. Slikt tek plass i tankane.
I natt sov eg. Derfor kan eg ta fatt på ein ny dag litt meir opplagt. Og det er bra Men først berre her, her i mi verd, med naturlydane, tankane og vassglasa.
Spekulerte på om eg kan finne målingen som vart kjøpt inn for fleire år siden for denne stakkaren.
Den har stått nedlessa i eit hjørne av terrassen.
Eg kosa meg med synet av at eg greidde å få plenen ajour etter eg kom attende frå Spania.
Boffen syntes det var heilt greit å rusle i hagen også han.
Irisen fekk eg med frå der eg bodde før.
Enno har eg att og få dekt til bærbuskane.
Men så måtte eg legge i veg. Henting av plakater, PC og prosjektor på kontoret. Og heldigvis gjekk det greit med koblinga. Uheldigvis kom det ikkje så mange.
Det er stille, utanom musikken. Eg nyt kvelden og roa. Utanfor vindauge er det mørkegrønt. Snart skal eg legga meg. Vakna til ein fridag. Veka er over. Omtrentlig. Eg skal arbeide på søndag. Men får eg PC og prosjektor til å virke, skal den dagen gå bra.
Bileta er frå første dag i veka. Frå måndagen. Da var eg bedt i en fødselsdag. Vi sit ut i sola og et pizza på den lokale puben.
Så slik såg det ut rundt oss. Det var ein dag å nyta.
Og eg nyt dagane. Eg nyt sommaren. Sjølv om dagane kan gå vel fort og oppgåvene kan være krevjande nok. Så er det godt å kunne nyta det mørkegrøne mørket ein fredag i juli.
For ingen dagar er rett fram. Det har nok også vore kjedeleg. I dag kom ein bris der eg kjente på sprinklane i buret mitt. Dei skrapa ørlite i sjela.
Eg stoppa opp. Kanskje var berre mykje nok. «Kven er eg» tenkte eg. «Kva har vore og kva vert -?»
Slikt er ikkje noko svar på. Ein må leva riktig veg.
Men det er eit signal. Eit signal om at sila mi er full. Av å forså. Eg treng tid for meg sjølv. Til å rensa sila.
Sola sildrar også. Det er sommar. Og det er så vakkert.
Eg må gjera oppgåvene mine. Og så må eg nyte det eg kan. Ta vare på meg sjølv. Det er mi oppgåve. Dei som tramper i feil toneleie kan eg ikkje gjera noko med. Og det eg ikkje veit kan eg ikkje vita.
Men eg kan også gjera jobben min som menneske betre.
Melankolien må få sildre som solstrålingen og ein blinkande bekk i skogbotnen. Slik kan også melkankolien vera vakker.
Sommaren er midt i seg sjølv og eg er midt i alt. Dagane går som før. Fort!! Og eg er godt attende etter reisa.
Eg var plutseleg attende, attende til dagane mine. Men først vart eg møtt på Værnes av to jenter med blomster og plakat. Kjærasten til mellomste hadde parkert bilen, men slutta seg til velkomstkomiteen. Det var ei herleg oppleving. Rørande!
Heime vart eg møtt av sonen. Det var godt å sjå alle sine att.
Og så var eg midt i arbeidsdagen. Det var også godt å sjå kollegaer att. Fire veker er ei stund å være borte.
Veka sprang mot helg.
Full av overmot hadde eg meldt interesse for ein konsert. Ein konsert med Anders Jektvik. Det viste seg at det var meir fest enn konsert. Så der satt eg klinke edru å gledde meg til å koma heim.
Neste dag sto flytting på programmet.
Turen gjekk til Trondheim. Der var det slutt med to år felles kollektiv for jentene mine. Yngste flytta inn i nytt kollektiv og mellomste flytta sammen med kjæresten. Der den ordentlige flyttinga inn i eiga leilegheit skjer i starten av august. Med tilhengar trokla eg smale gater på Lade og Møllenberg.
Så var ei ny veke i farta, og eg hang med. Morgonturar med boffen, planlegging til ei ny helg i museal regi. Den gjekk strålande.
Eg er absolutt attende i livet mitt. Eit liv som fyk i gjennom dagane.
Har ein strengt teke noko erfaring etter bare ein gong….?
Men det eg har erfart er at det er meir knotete. Inga overrasking kanskje. Det å gjera slik eg brukar på pc?n er ikkje mogleg. Å gå over for å redigere skrifta i etterkant var skikkeleg utfordrande. Skjermbilete berre spratt bort. Så no la eg inn font og storleik før eg skreiv.
Utanom dette gjekk det greit. Det var med andre ord overkommelig om ein ikkje må redigera. Og, eg ikkje får redigert bileta eg legg inn.
Likevel, til så lenge må mobilen være mitt bloggeinstrument.
Og svaret er rimeleg enkelt. Eg greier fint å væra bortreist på opp til fleire andre måtar. Men no skal eg gjera eit forsøk på ei landing.
Eg skal blogga på mobilen….og det går heilt sikkert fint. Men det må bli noko enklare biletmessig. For – datan min gjekk ikkje gjennom sikkerheitskontrollen. Eller meir presist, eg la den att.
Så min gamle data ligg å vansmektes på ei eller anna hylle. Den er utanfor kontakt, noko som gjer dette meir komplisert. Med alle bileta frå turen og slikt noko. Men…..som den ubønnhørlige optimisten eg er, så trur eg dette endar bra. Til slutt.
Så no gjer eg eit mobilfosøk.
Eg er heime. Eg har det bra. Eg nyt livet mitt.
I gårkveld var eg heime aleine i huset for første gong sidan eg kom heim. Det er god med folk i huset, men det er også godt å væra for seg sjølv.
Og går dette bra, med mobilblogging, så skal eg fortelja meir om det «nye» livet mitt.
Så er dagane talte. Her. Om nokre dagar er eg attende i Norge.
Dagen i dag (som gjekk før eg rakk og posta), dagen i morgon og laurdag -. Tidleg på søndag går bussen til flyplassen. Kofferten skal være pakka og klare i det eg vil kalle meir natt, enn morgon.
Enno er det treninga for fullt.
Testinga er unnagjort og det er absolutt mykje forbetring.
No er det fortsetjinga.
Når eg er heime att, få ein rutine der eg gjer om kroppen ropar “nei”. Den formelen må eg finna. Eg arbeidar med hovudet mitt for å finna vegane, dørene og nøklane for dette.
Men det kan eg seia og skriva, dette har vore heilt fantastisk. Treninga, maten, folka og omgjevinga. Tanken om at eg er i paradis har dukka opp fleire enn ein gong.
Og noko strandliv vart det plass til også. Til slutt. Og kanskje enno litt meir før eg fer.
Ein dag eg skulle veg å trena i trenings-salen, såg eg eit fat stå der med nøtter etter treninga. Jau, det kunne absolutt smaka med ei pistasjnøtt heller to. Så eg tok ei nøtt å putta inn i munnen. Salt var dei ikkje, og dei var nokså harde å få inn i munnen.
Og så gikk det opp for meg den steinharde sanninga; det var ein STEIN eg hadde putta i munnen!!!
Den kom fort ut av munnen, og eg kika meg skamfull rundt om det var om det var nokon som såg meg…….
Så her sit eg på rommet ein fredagskveld medan folk fyk oppstasa forbi vindauget mitt. Eg passar best her eg er.
Men dagen har vore fin, og ikkje minst sveit – i strie straumar.
Vi tok buss opp til eit fjellområde som heiter Ifonche.
Og om du tenker at det er ingen sak når ein køyrer buss, må tru om igjen. Vi gjekk opp og ned, i skoglandskap og frisk luft. Det kjendes godt. Ein måtte og konsentrera seg, for falt ein kunne det fallet verta både langt og katastrofalt.
Så i dag vart det grundig trening ute.
Eg strør nokre bilete frå turen ut i innlegget:
Løvetannlignande planter på ein meter
Eit av fleire fantastiske utsiktpunkt
Trestammer skadd av skogbrann
Havet langt, langt borte
Rett opp i bratta
Heilt ut i det blå
Eit hus med ein rund plass
Ei eng med blomar
Mjuke furutre
Opphaldet går mot slutten. Men enno er ei veke att.