Spent er eg. Men eg må kanskje lengre inn i framtida for å være sikker. Tørre å være sikker etter alt som har vært.
For over eit år sidan fekk eg vite at det fantes noko i huset vårt som ikkje skulle væra her. Noko frå ein annan dimensjon. No kan vi tru på slikt eller avisa det. Eg har plass til å tru at det finnes mykje meir enn kva vi veit. Elles har eg også erfart hendingar utaføre den vanlege tyngdekrafta, for å seia det slik.
No er ikkje dette eit gamalt hus og ingen har døyd i her. Ikkje har eg lagt merke til noko heller. Men yngste såg noko ikkje så lenge etter vi flytta hit, ei gamal dame som gjekk etter meg, og ungane har vore litt mistenksame at det var fleire her enn kva vi såg. Fleire enn kva som skulle vera her. Elles gjekk lyspærer for eit godt ord og vi har hatt elektrikar her utan han fann nokon årsak. Og hunden har hatt det med å bjeffa om natta.
Så fekk eg vite om at det var ei gamal dame og det var ein logikk at akkurat ho kunne være her…….men på ein annan side var det også rart; At ho skulle gå igjen for ho var godt metta av livet da ho døyde.
I sommar fekk eg vite at det var ikkje noko særleg i fjøset heller.
Før vi flytta hit var fjøset leid ut til ein som ville driva med oksar. Ein dag kom ein mann og sa at han syntest vi burde ta oss ein tur inn i fjøset. Det var ikkje som det skulle væra der sa han.
Så vi gjorde så.
Det vart ei sterk oppleving. Eg kom halvveges inn i fjøset før eg snudde, og det var meir følelsen der inne enn synet som slo meg ut. Gråten braut opp i meg før eg var ute. Der inne hadde ikkje dyra det godt. Vi kontakta Mattilsynet, og etter kvart vart det slutt på lidinga til dei halvlevande dyra. Det tok likevel mange veker før alt var over. Vi fann eit dødt dyrekadaver nedpakka i noko plast da vi flytta hit ei god stund etter den tragiske hendinga.
Slik var det ikkje det minste rart om fjøset hadde sitt. Ei slik dyretragedie er ikkje kvardagskost. Heldigvis.
For ei stund sidan hadde vi besøk av nokon som fekk problem med energiane på garden. Eg fekk gjengjeve synet for mange år sidan. Dyra som lei, dyra som skreik og dyra som låg i båsen. Personen fortalte om det eg såg den gongen, men som ikkje hadde vore fortalt.
Og den gamle dama av ein annan dimensjon her i huset, sto å kika bort mot fjøset. Ho sto i eit vindauga å såg i den retninga, fekk vi vite. Ho hadde vore glad i dyr da ho levde.
Eg fekk vite at det ikkje var rart eg var sliten. Denne energien tok på, den tappa. Yngstejenta mi bar seg også over at ho vart så frykteleg sliten når ho kom heim. Og eg tenkte at eg skulle nok funne ut og fått nokon hit som fjerna slikt som ikkje skulle væra. For det var absolutt verdt å prøva. Var det ein liten sjanse for å ha bitte lite grann meir energi var det verdt det, tenkte eg. Men det å få tak i nokon opplevde eg som eit stort tiltak.
Personen som fekk problem med energiane ville besøkje fjøset for å sjå om noko kunne gjerast. Det gjekk ei god stund, kanskje ein time. Da var eit sliten menneske som kom attende, eit menneske som var tappa for opplevingane i fjøset og som måtte henta seg inn igjen. Som ikkje klarte å snakka om det med det same og som hadde behov for ein lang, varm dusj.
Etterpå fekk vi vite…..vite korleis dyr for dyr forvant og fekk fred. Vi fekk høyra om dei sterke følelsane hos dyra. Smerta. Og om hovudpina som forsvann hos personen som tok på seg dette.
Her inne i huset var det ei slags forklaring, ei friskare luft, ein opnar energi som mest kunne forklarast biletleg. -Som fragment i lufta som vart forandra.
“Den gamle dama er borte”, sa personen da den hadde fått igjen energien sin.
Ho som hadde vore glad i garden og dyr var borte. Kanskje det var det som var hennar misjon med å kome attende etter så mange år sidan sin eigen død. Og no var det fullført og dyra hadde fått fred.
Korleis er det no?
Energien?
Eg tør mest ikkje tru, men inne i meg har eg nok ei mykje større sikkerheit enn eg uttrykker verbalt. Det første som skjedde med meg var at eg greidde og legge meg før det lei langt på natt. Alt er ikkje like stort tiltak.
I går var eg på butikken med mor mi, eg køyrde ho heim og gjekk meg ein bratt tur i skogen, eg kom inn att og drakk kaffi. Eg fekk sett hunden inn i bilen, saman med søppel eg skulle kasta for foreldra mine, køyrde bilen ned på vegen – attende og henta tilhengaren som eg fekk drege og trilla ned til bilen, hengt den på. Eg hugsa å stoppa ved søplekassane for å kasta søppelet, eg kom heim og fekk tatt av hengaren og teke inn alle varane som eg handla på butikken. Som eg så sette på plass medan eg laga middag. Og eg følte meg ikkje tappa og utslått etter alt dette, som i mi verd var mykje. Og da har eg ikkje sagt noko om kleda eg sette på vask. Ikkje vert eg så utslege med tanken på ting som må gjerast heller.
Er alt slik det kan virke er det svært, svært stort. Så stort at eg tør ikkje tru enno.
















































