Effektivitet og damask

 

 

Nokre gong er ein for snar. Det skal være bra å være effektiv. I dag gjorde eg eit bra forsøk, og no skal eg fortelje korleis det gjekk pluss litt til.

 

 
Og da vil eg starta for ei stund sidan. Da eg fekk gjort slikt eg skulle ha gjort lenge. Eg tømde ei bu som var breddfull. Eg fann og fann. Det var mykje som hadde vore gjømt lenge. Noko for lenge og kunne kastast. Da eg kom heilt til botn fann eg ein duk, ein lang, kvit damask duk. Først skjønte eg ikkje-, eg hugsa ikkje-, duken var borte frå minnet. Men blant frynsa minner dukka loftstua med det lange bordet opp. Eg kjøpte ein gong ein duk for å dekke opp til dei fine selskap der. Det er sakt at det ein ikkje saknar etter ei stund er ting ein ikkje treng. Men eg var glad for funnet og følte eg trong den da eg skjønte eg hadde ein slik duk.

 

 I går trong eg den. Foreldra mine hadde bryllaupsdag og søster mi og eg fann ut at vi skulle gjera stas på dagen og bad dei. Og når nokon har vore gift i 58 år passar det med kvit damask. Eg bretta duken dobbel. Dekte på med kvite stoffserviettar, talgljos og roser. Vi kosa oss. Maten var eit samarbeid, klippfisk med bacon, mandelpotet, baka rotgrønsaker og plommer koka i krydderlake med piska krem til dessert. Og heldigvis fann ikkje raudbeter vegen ned på duken. Men eg fann likevel ut eg skulle vaska duken i dag saman med serviettane. Eg måtte kreke meg i rundt, for ryggen hadde plutseleg bestemt seg for å verta uven med meg. Derfor var det bra med puslesysler. Rydda etter gårdagen, skifta talgljos, sette inn i oppvaskemaskina…slikt, til ryggen fekk mjuka seg opp. Kjente forresten i går at kroppen var i ulage. Eg pusla meg bestemt og målretta ut av stivheita. Eg var godt førnøgd med meg sjølv.

 

 Så hyver eg duk og serviettar inn i vaskemaskina, har på vaskemiddel for kvite klede og sett maskina på seksti grader. Da den er ferdig får eg meg ein overrasking. I maskina ligg også mørke klede. Og da hugsar eg det. Eg la en tretti graders vask i maskina som ikkje har vorte vaska. Ein mørk tretti graders vask. Og eg anar kanskje eit blåskjer i duken, og om kleda er brukbar etter denne handsaminga, ja det gjenstår å sjå. Eg var nok rett og slett for effektiv i dag og med den hugsen er det nok ein dårleg kombinasjon. Det var den historia. Og eg var ikkje like fornøgd med meg sjølv.

Og konklusjonen…..ja den må vera at enten må ein ikkje vera effektiv, eller så må ein hugsa.

 

 BforBakk

 

2 kommentarer

Siste innlegg