Det bles og regnar

Mest som hausten kvilar over sommaren. Og frametter vekene viser både Storm og Yr same elende.

Eg sit her og vil ut ein tur. Etter og ha snakka med meg sjølv fann eg ut at det gjekk. Eg har da regnklede. Men eg må ha musikk på øyra og mobilen var mest utlada. Det er der musikken kjem i frå. Eg har da vel Spotify.

Så da ladar vi og skriv eit lite innlegg til bloggen medan.

I kveld ba eg opp systera mi på grønkålsuppe og heimlaga is. For i går gjekk eg til innkjøp av ei iskremmaskin. Rimeleg var den og.

Elles starta eg dagen med mi yngste, da gjekk det i havre/banan pannekake med blåbær, morellar og vaniljekesam på. I tillegg hadde vi pressa juice av appelsin men litt agurk og ingefær i. Og å var det nytrekt kaffi. Mat er viktig og dette var ein god start på ein sein dag. Vi begge hadde hatt kaosdrøymar som vi fortalte kvarandre.

Etter litt rydding i huset reiste eg inn til sentrum og timane i bøkene si verd. Ho var att og rydda i sitt etter flyttinga frå hybelen. Og så tok ho bussen til Trondheim før eg kom heim, for å besøkje mellomste – før dei skulle veg å feira faren sin som runda eit nytt år i helga.

Og her sit eg. Ventar på at telefonen skal verta bra nok, 20% no. Får finna fram eit bilete og den tida det tek satsar eg at det er klart for ein tur ut i regnet.

Ha ei riktig god natt.

6 kommentarer
    1. Du må ikkje holde på å gå ute midt på natta, er farlig det, alt mulig kan skje! Må tru eg var litt redd eg for aleine i skogen og på fjellet i dag, og det var på dagtid. Eg holdt godt rundt vannflaska mi, det kunne jo vær eg måtte slå fra meg….

    2. så du vandrer på midnattsturer du 🙂 hadde det regnet her ved midnatt ville jeg nok krøpet under dyna hi hi,men i dag bør eg bevege meg litt ute har vært vel mye i ro denne uken,men jeg blir jo så tung i kroppen av dette høstlige været 🙁

    3. maiken: Nei, det bør nok ikkje verta ein vane slike seine turar, hunden protesterte på denne turen…eg måtte lura han ut av døra. Turen gjekk berre attmed vegen og det einaste farlege eg møtte på var to bilar, dei køyrde tett og fort. Skogen er fin, så du gjorde det nok riktigare med tur dit på DAGTID 🙂 – men bra du hadde flaska di og at det gjekk bra :)).

    4. fruensvilje: Turen vart kort, og jeg var tilbake fire minutter over midnatt :). Det var faktisk oppholdsvær den stunda jeg var ute. Fryktelig kjedelig dette været, jeg har begynt å sjekke app’ene mine med vær på mobilen…ser det er sol i morgen og litt på søndag og mandag…….krysser fingrene….

    5. Høres ut som om du hadde en god dag, og jeg blir imponert og motivert av deg som kom deg ut, uansett hvor sent det ble!
      Heia deg <3

    6. Mona: Ja. dagen var i grunn grei….og så var det egentlig veldig lett å komme seg ut. Men jeg har faktisk kvitta meg med ti kilo siden starten av mai, og det hjelper…og ikke minst motiverer.
      Men du er en stor motivator i deg selv :))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg