Det lakkar og li

 

Dagane fyk gjennom tida. Med innhald og minne. Nokre er kvite og andre er grøne.

 

Første søndag i advent og verda er grøn, snøen var borte da eg vakna til dagen i går.

Eg skal henge opp stjerna og sette fram ljoset i vindauga snart. Tok det ned frå mørkloftet i går. Samtidig fekk eg opp kassane med sommarklede og dei to solstolane eg kjøpte i sommar. Eg har kvidd med til dette, eg har ein slik “hønsestige”. Men eg fekk det til med litt pust og pes.

Fekk og gjort øvingane mine og var godt fornøgd med meg sjølv da eg køyrde til foreldra mine. Der var det handling, ned med meir adventspynt som vart plassert, skifte av ljospære og forkorting nokre hårstrå.

“Men skal du opp med dette no” ville far vite. Han syntest tida gjekk vel fort.

Så slik gjekk dagen i går. Eg kom heim kvelden før etter to dagar i Kristiansund.

Første dagen var det møte og mat. Neste dag fekk eg kjøpt nokre julegåver. Men ikkje visste eg det var noko som heite Black Friday denne dagen. Så eg som ikkje er så glad i butikkar opplevde det kaotisk. Den opplevinga vil eg tru andre også hadde.

Eg hadde eit gåvekort som eg og fekk bruka. Så det vart også klede på meg. Oppdaga da eg tok fram vinterklede for litt sidan, at eg hadde lite overdelar. Så no har eg gjort noko med det.

Eg valte å bo hos yngste framfor hotell. Det er så koseleg å ha litt tid med desse som ikkje bur heime i kvardagen lengre.

Ho var oppteke med eit kostyme. Vi var framom Panduro så ho fekk kjøpt seg filt.

“Eg synest det er artig å laga det sjølv framom å kjøpe ferdig” sa ho.

Ho har nok arva tankegongen til mor si, det har vore laga nokre kostyme oppover.

Dette er frå da sonen skulle på karneval som trettenåring. Det var ingen som kjende han att. Må presisere han ikkje var påtvinga å kle seg slik.

Yngste hadde funne ut ho ville være Super Mario. Ho starta med å finne ei raud t-skjorte i skåpet mitt. I utkledarkista fann ho ei blå buksedrakt. Den vart sauma til først gongen eg var i Paris. Den fekk meg inn på eit insted som låg ved Champs-Élysées, der sila dei folka. Nokre av dei eg kjende, som kom seinare den kvelden i 1979, kom ikkje inn.

No var den omgjort til eit kostyme for ein figur frå eit dataspel.

I går kveld var festa for ho som snart er like gamal som mor si den gong da. Eg sende ho ei melding da kvelden hadde bikka over til natt. Eg ville veta om ho hadde det bra.

Det hadde ho.

I tillegg hadde ho vunne premie for festens kostyme, og ein viktig faktor var at den ikkje var kjøpt.

Så kunne eg seia god natt til henne som var trygt i hus og som var super glad etter ein kveld som Super Mario.

 

Attende til dagen i dag. Den er som sagt grøn. Og det er skikkeleg mykje eg kan gjera ein dag som denne. Hittil har eg klart å velta ein full kopp med kaffi utover bordet. Eg skal i alle fall ikkje noko for andre enn meg sjølv i dag.

Og på slutten av dagen skal eg tenne eit ljos og finne fram cd’ane med julemusikk.

 

Ein riktig fin første søndag i advent til deg som les. Korleis brukar du dagen?

 

 

14 kommentarer
    1. Så flinke unger du har, og kreative. Ja, de har nok arvet mange gode gener fra deg. Søla kaffe? Det er ikke så gøy, men det går jo over, bare man får vasket det opp! Ha en vakker adventssøndag! Klemsiklem 🙂

    2. fine kostymer barna dine hadde,ja å lage sitt eget er mye mer personligt enn å kjøpe noe ferdigt på butikken :)) dagen i dag har vært særdeles stille og rolig,jeg har akkurat lagt fra meg en bok ,ferdiglest etter å ha lest siden jeg stod opp i dag morges ))

    3. Har tatt det veldig rolig i dag…bare henta opp litt pynt fra kjelleren jeg da :)) Var ikke i butikken på Fredag..visste at det kom til å være mye folk..og jeg trang ikke noe heller…fint du fikk kjøpt noe nytt du trang :))
      Herlige kostymer og jenter…kreativitet er bra :)) Klem og fin kommende uke til deg… nesten helt snøfritt her også :))

    4. Du har jammen fått mykje ut av få dagar. Ditt uhell med kaffikoppen var ingen ting mot mitt uhell i dag. Eg glapp med den lilla sprayboksen og spraya rikeleg på ein ny, ubehandla trevegg. Ja, ja, nokre slag skal livet gje. Brenn eit adventslys, eg og. Elles har eg vore i julehuset i hagen, med fyr i omnen og gløgg i glaset, julemusikk, folk som kom innom, og strikking, nesten heile dagen.

    5. Tøft gjort av en tretten år gammel gutt å stille i damekostyme. Det er vel nesten den verste alderen for slikt. Moro at Super-Mario vant – man legger jo litt mer arbeid i det når man ikke kjøper fiks ferdig kostyme! Har hatt jobbehelg, og i ettermiddag/kveld har jeg sovet! 🙂

    6. annebe: Det var nok lurt å holde seg borte fra butikker på fredagen :). Så du fikk pyntet til advent :))).
      Litt godt at det er snøfritt foreløpig :).
      Håper du har en fin uke <3.

    7. Oldemorbloggen: Neeeeiiii, så kjedeleg……det er vel heilt omogleg å få bort :(.
      Skal lese meg opp no…veit ikkje kva folk gjer på her inne for tida…og det er for gale :). Ha ein fin dag.

    8. karidansen: Ja, han overraska der….men han var nokså stressa da han skulle i vei. Til tross for at han har kjørt en veldig tøff linje i livet sitt har han overraska. Husker da han skulle på konfirmasjonsleir klemte han meg foran koblet av 15 åringer før jeg kjørte tilbake. Det hadde jeg ikke forventa i den alderen.
      Ja, yngste hadde nok hatt en kjempekveld.
      Det må være godt og sove ut etter jobbehelger :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg