Testing av kamera og slikt

 

I går var det handledag med mor på programmet. Og eg fekk testa kameraet på mobilen.

 

Handleturen skal eg ikkje dvela mykje ved. Anna enn at matbutikk midt på ein fredag er til å køyra seg fast i alle dei andre korgene som er på vandring mellom hyllene. Spesielt når dei stopper opp i smale passasjer for å snakke med andre dei møter. Korgene altså……. Nei da, førarane av dei.

Eg tok store rundar, så fekk litt trening med utannamanøvering der det hadde proppa seg til.

 

Men heime hos mor og far fekk eg fotolyst.

Først var det krukkene med blomster.

Den gule buskmuren.

Mor sto der og blomstra også.

Krukke på bord.

Hagegongen.

Og ikkje minst utsikta.

Far i stolen sin.

Etter middag og kaffi ville han ta seg ein tur ut. Eg venta til han var attende. Så da eg endeleg køyrde heim var klokka såpass mange at sola var gått ned. Sjøen var dørgande stille og djup i fargane. Da eg kom til brua som knytar øya eg voks opp med til eit par andre øyar før fastlandet måtte eg……..

UT………

…….. for å ta bilete……..

Stoppa ved ein rasteplass.

Her ligg eit gamalt naust litt slik døkt i ei skumring så vidt hadde starta.

Måtte attende på brua.

Det å mest henge i lufta for å ta bilete er luftig med litt sug i magen. Tenk om eg mista mobilen….at den spratt i ein boge opp i lufta og ned i djupet…..

Men det gjekk bra.

Ei lita grend, her ser eg huset som mormora mi budde i ein gong på tidleg nittenhundretal. Der søyleaspene står. Til høgre ligg barneskulen eg gjekk på.

Og her ser vi innover dit ho busette seg med morfar, enno er vi på tidleg nittenhundretal……trur det var 1919 dei gifta seg.

Mjosundet.

Og der alle dei seks borna busette seg med sin familie. Og eg fekk veksa opp med alle syskenborna på seksti og syttitalet.

 

Og her er utsikta andre vegen ut mot havet.

 

Etterpå gjekk turen heim til meg sjølv. For eg bur i dag der far kom frå. På garden han vaks opp på, og som eg kjøpte etter eg flytta attende hit.

 

Så tok eg ei lang natt. For eg har ein laurdag utan noko plan. Anna enn ro, rydding og nyting. Og så har eg lyst ut for å ta fleire bilete….men i dag er dagen for dei store regnskyll.

 

Korleis er dagen din i dag?

 

 

8 kommentarer
    1. Ble veldig bra bilder det her da :)) Fine motiver også..både blomster, natur og fine folk :)) Takk for titten og fin kveld til deg <3

    2. Så mange og flotte bilder! Jeg får fine nærbilder med min mobil, men ikke fjern…
      Gårdsdagen min var svært hektisk , så natt til i dag var min laaaange natt…:)

    3. maiken: Tusen takk :))). Tror det går bra med både fjern- og nærbilder med denne.
      Godt med lange netter, håper du sov riktig godt :). <3

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg