Ein slappfisk er ingen lutefisk

Måndag og kjøring både nord og sør. Etter helse og gode dagar. 

 

For eg er ikkje i julefokus og julemodus. Gjer nokre tapre forsøk. I dag kom eg på å tenna adventsljos.

I gårkveld baka eg lyst brød.

Men kroppen har gått til streik. I dag var det time hos lege, og alt gjekk slik eg tenkte. No har eg henta ut på apoteket det eg må pakka i meg. Tenke resultatet viser seg allerede i morgon. Om å få kroppen min attende til bruk. Og da kan eg fortsettja med solhelsing, baking og juleforbereding 

.

Så da blir det jul i år også.

 

Har du eit godt samarbeid ned kroppen din?

14 kommentarer

Siste innlegg