Heilt enkelt ein dag

Ein dag utan dei store overskrifter i mitt liv. Varme i peisen og deig på fingrane. 

 

Slik omtrentleg.

Akkurat no smakar eg på eit av dei brøda som eg brukar baka til jul. Rug, solsikke og valnøtt.

I kjøleskåpet står smultringdeig, og eit fruktbrød står til kaldheving. Så til julefrokosten er det berre eit par sorter igjen før eg er i mål.

No var eg nettopp ute å henta ved, samtidig hengte eg opp fuglelmat.

Det er kaldt her eg bor.

Kvitrima.

Det er Lussia dagen. Vurderte å bake lussekatter for å ta med på eit besøk til foreldra mine.

Men slik som ståa er, parkerte eg dei planane. Sjøl om det har vore koseleg. Så er det ikkje tida, sjølv om det er det….

Tenker både vekt, tid og energi. Eg får nok ete på meg nokre kilo i jula og enno har eg nokre eg skal ned, før eg er fornøgd.

Tida er som den er.

Og energien er rett som det er zombiaktig

Faktisk er eg godt fornøgd med at eg må legge stresset lengst inn på den øverste hylla. Det som da står att er hygge. 

 

Vonar du også koser deg?

 

 

8 kommentarer

Siste innlegg