Ein og ein og to

Så er vi her, nok ein gong. Det er kveld, snart natt. Enno ein dag forsvann inn i historia.

Eit grått sommarbilete frå ein annan dag.

 

Vil den bli huska på nokon måte?

Kanskje vil den ligge som ein smak av eit minne i framtida. Som ei kjensle. Kva veit eg-.

Kveld er det i alle fall. Eller mest natt.

Etter å ha registrert at faren min virka mykje betre i dag. Etter at mor har vore her på middag. Den gledde ho seg til, og sa etterpå at ho hadde hygga seg.

Nokre telefonsamtalar gjennom dagen. 

Ein dag med mykje prat. Eigentelg.

No har vi to i huset gått inn i dataverda.

Praten har stilna. Vi er inni hovuda vår med blikka retta mor skjermen.

I morgon er det måndag. Eg har fått trilla søpla ned til vegen. Det kjentes skikkeleg godt, etter at den vart ståande over for to veker sidan.

No må eg snart finne ut om eg tek fri som tenkt i morgon, eller jobb. Eg trur eg gjer det eg har tenkt.

 

God natt i hus og kratt,

no er det snart natt.

Med draum og ……..

Kva kan eigentelg rima på draum da, utanom saum…..?

 

12 kommentarer

Siste innlegg