Ei veke i vask

Eg vakna og tenkte; det er litt likar.

 

Sjølv om det høljar ned og vinden river i alt den kan rive i, kjennes denne dagen litt betre. Litt betre enn på snart ei veke.

Det verste tek ei veke, tenkte eg. I morgon kveld er det ei veke sidan eg punkterte framtida. Den framtida som låg framom da.

Eg har hatt nokre dagar som har vore så forferdeleg at eg måtte gjere-, finne på alt, sette lyd på øyra, ha fristunder frå tankane. Dagen starta med sorg og kvelden avslutta med sorg. Og eg har gjort framstøyt for å forandre den avgjersla eg tok sist fredag. Utan det var noko hjelp i det.

Så eg må vaske ut……….

PZ2gOwJmqik

https://www.youtube.com/watch?v=PZ2gOwJmqik

 

Og ute regner det. Regner. Regner og regner. Til og med naturen tek vasken.

I dag greidde eg å kjenne dette var over utan den sterke smerta.

Så framtid, hello, here I come….

Eg er på veg inn i framtida, sjølv om det er haust og forelskinga som har herja i månadsvis er slege ut med vaskevatnet.

 

No skal eg koka fårikål, for eg har nokre fritimar framom og det er haust.

Månen kom ikkje

 

Morgon stund har gull i munn. Og kaffi hjelper absolutt på.

 

Klokka var sett på ringing klokka fire. Eg vakna før.

Søster mi var også oppe. Og vi kika, kika og kika. Eg var ute oppom huset og eg var ute nedom huset. Men ingen ting å sjå. Ingen måne. Ingen raud måne.

Det var overskya, så teppet var rett og slett drege for. Vi fekk inga førestilling.

Søster mi sette seg i bilen for å køyre ut til havet for å sjå om ho kunne sjå noko der.

Eg tok meg ein kopp kaffi til. Vaska skuffa med søppelkassane og tok ut reine koppar frå vaskemaskina. No skal eg koka meg havregrynsgraut før eg set meg i bilen for å køyre i gong måndagen.

Eg ynskjer den god.

Og det ynskjer eg for alle. Ein fin måndag til alle.

Sorga

Når ein tør ta livet i bruk må ein og tåla sorga. For den kan koma. Heilt ubedt.

 

Sorga når noko er slutt er øredøyvande. Den er så trist og sørgjeleg at det går mest ikkje an å gråte. For alt som er fint og alt ein trudde på er borte.

Eg trudde at alt eg tenke kom av det og det. Men av og til må sløret rivast vekk og ein ser at det var ikkje slik ein trudde. – Eller ville tru.

Og eg veit at alt går vidare. Så lenge har eg levd. Eg fekk ein fantastisk vår og sommar med så mykje glede og så mykje spaning. No er hausen her og den riv i kjenslene. Riv hardt og brutalt.

Det var ikkje slik eg trudde det skulle gå.

Eg drikk flaska med vin eg fikk i august Den passar til gravøl.

For i kveld gravlegg eg. Slikt som livet krev av deg. Når ein tør leva og det ikkje går den vegen ein trudde.

 

Eg har nok forstått. Sikkert lenge.

Men i kveld tømmer eg ei flaske vin for fortida og framtida.

Den var og den kjem.

Sjølv om ein ikkje skjøner. Kvifor ein skal oppleva dette……..

Så er eg så gamal at eg veit. Eg veit at det ligg både glede og sorg framom.

Eg må berre gjennom dette. Dette som eg synest er unødvendig.

Som eg ikkje trong.

Ikkje slik.

Bra eg er støypt optimistisk og har trua. Sjølv om det er det er sterkt det eg legg attom. Det var berre ein drøym av falske ord. Det falske har ingen verdi.

Eg må vaske godt i huset mitt. Og akkurat no er tårane velkomene. Dei må med i prosessen.

For eg skal fram til ein ny vår. Sjølv om hausen no er tyngre enn eg forstår.

Ein av dei krevjande

Med ein kveld som ei mjuk handsaming etter ein dag med klør. Sit eg her. Som eit fillete teppe som har fått kvile.

 

Drama i eit vassglas. Og ei forvirra dame som ikkje går ordentleg på føtene. Som held på å sleppe laus bileta kroppen har eksponert av levd liv. Som held på og lausnar på den brynja alle dei ørsmå musklane har laga til vern og ubalanse.

Eg trur kjenslene tyt ut gjennom opningane i den stramme muskulaturen. Og eg held på og forandrar meg til ein buldrande vulkan.

Eg trampar i veg og når eg møter augo mine i spegelen er dei ein kombinasjon av svarte og slitne.

For ein prosess.

Dette tek på.

Det er nok strammingar som sit frå tidleg barndom. I oppdraging og forming, tilpassing og mobilisering for å verta det forventa. Skapinga av den flinke jenta.

Ho vart ALDRI flink nok.

Aldri-.

Og så tok ein etter kvart over pisken. Det var ingen grunn til å sleppe på krava.

Så starta hjula og maskineriet å fjuska. Først var det berre nokre små rykkingar, nokre trinn som vart hoppa over, mest ikkje merkbart. Men……..det vart merkande.

Kortslutningar og smerte merkast.

 

Eg er i gong med psykomotorisk behandling.

 

I kveld, etter dagen, kom eg ut i varm luft og strålande kveldshimmel. Den var god å sjå og ta bilete av.


Etter og ha hatt ein dag der eg syntest det meste var på tryne. Som ein stikkande fanfare inne i meg.

Vel heim fekk eg meg ein gå tur i mørke. Der gråten sat fast i halsen, mest forundra observerte eg meg sjølv. Eg hadde funne eit nytt grusomt tema. Sorga var overhengande.

At eg ikkje hylgrein.

For dramatikken inni meg var så stor at eg trudde eg skulle spy av kvalmen eg kjende.

 

Det var drama i eit vassglas. Men akkurat da forsto eg alt.

Trudde eg.

 

No er alt rydda på plass. Bretta fint saman. Mjukt og sirlig ligg dramaet lagt på plass i skåpet.

Til neste gong.

 

Eg er klar for natta, draumane og fortsetjinga.

 

 

Ei heil veke til ende

Kva har eg gjort? Kva har eg gjort den veka her? Det veit eg ikkje, men det er haust.

Vips………slik går det. Plutselig er veka over. Og eg veit mest ikkje kva den har inneheldt. Men eg har følt på stress. Nokså mykje stress. Det har vore kurs, reise og besøk. Eg føler det fort vert for mykje.

Neste veke har eg meldt meg av noko eg meldt meg på. Akkurat det er eg godt fornøgd med. Eg skjønte det ville verta alt for mykje.

Eg har meir eller mindre gjort alt eg skulle i den veka som har gått. Gått tur og trilla føter.

Men så kom hausten. Den kom bombastisk som ein våt vegg. Det var tungt.

Det er tungt.

Og så treng eg så mykje tid for meg sjølv som eg ikkje kunne hatt no.

Men på tysdag………..på tysdag, da skal eg ha ein dag HEILT for meg sjølv.

 

Legger ut nokre bilete eg tok for ei veke sidan. Før hausten starta å vise muskalne sine.


Utsikt mot havet og Smøla.

Mjosundet, Rotøya og Aursundet.



Jente i tre.

Boffen må være med på tur.



Oppe og skriving i turbok. Boff følger med og yngsteberta har hatt blåbærkontakt.



På tur ned att.

Ei veke til ende

 

Denne veka var lang. Så eg som klagar over at tida går for fort bør væra glad……..

 

Søndagsformiddag.

Det er godt, stille og grått.

Seinare skal eg ut ein tur, og eg må gjera ein liten innsats. Gå i gjennom, rydda og finne….

Når eg ser attende på veka hadde mest kvar dag program. Det var eit hektisk drag over dagane, så blogg…., lese bloggar og kommentering var svært sporadisk og mest fråverande.

 

Måndag var eg attende til slikt ein skal. Det var godt å ta fatt. Planlegging og oversikt var noko av det første eg gjekk i gong med.

Tysdag fekk eg eit besøk som eg skal skriva meir om i eit eiget innlegg. Det handlar om strategiar i vegen for og bli betre. Byggje energi.

Onsdag var fortsetjing av oversikt, planlegging og kva eg bør bruka tida på til det eg skal. Heime igjen hadde eg eit hyggeleg besøk av ei veninne

Torsdag vart det ei reise. Rosenes by, foredrag av fleire, blant anna Frank Aarebrot, kultur, fokus, pengar og politikk. Sosial avslutning på Smia i Kristiansund. Der dei hadde god, men nokså dyr mat på menyen.

Fredag og fri.

Og ekstrem lat.

Eg skulle eigentleg ta handletur med foreldra mine, men vi vart einig om at laurdag var like grei dag. Og på vegen rulla ein gul bil forbi, som stoppa med nokre meter mellom og plasserte………

BRØYTESTIKKER!!!


Når alle sommarkleda enno ligg i skåpet og kallenderbladet nettopp er snudd til haust, føltes dette synet forferdeleg. Fekk lyst til å gå ut og rive dei opp. Men eg gjekk likevel berre forbi på den daglege turen.

Og på laurdag vart det handling. Det vart middag hos mor og far. Middag frå barndom, griljert torsk med raspa gulrot.

Nydeleg.

Eg fann og fram den gamle matkortboksen som mor bestilte ein gong på 70-talet. Og som eg plukka opp kort frå og fantaserte fram treretters middagar som ein leik. I tilegg prøva eg også ut oppskrifter frå den. For mat var interessant.

Eg hugsa spesielt ein dessert av eple, som eg syntes var god – men som eg trudde kortet hadde kome på avvegar til. Trur du ikkje eg fann oppskrifta! Så den smaken skal testast ut når det høver.

Og om kvelden, på tur heim……. Der registrerer eg meg sjølv kome med det eine utbrote etter det andre.

Av det eg såg ute -.

Av solnedgongen -.

Av sola oppi skyene som sendte strålane sine ned som ei vifte utover havoverflata.

Det var ENORMT vakkert. Men med mobil var det ingen vits å stoppa for fotografering……..men da eg kom heim og ut av bilen, måtte eg…….

Og vel inne fauk eg ut på terrassen med spegelrefleksen.


Og litt etter -, med joggesko, bandet til hunden festa til eit belte rundt livet, øretelefonar på øyra for ein samatale eg måtte ta………..og rundt halsen fotoapparatet ……..da…….men da var forstillinga mest over.

No skal eg snøre på meg sko, plassera boffen i bilen og ta med meg både vassflaske og fotoapparat opp til eit fjellvatn…..trur eg. Og etterpå vil dagen fortsetja med alt det fine som ein kan risikera å oppleva :).

Ha ein riktig fin søndag alle som ein.

September

Gone. Både sommaren og ferien. Og slik som alltid-, er det eigentleg litt godt også.

 

Så var det plutseleg over. Alt det ein ser fram til var med eit knips omgjort til eit minne. Dei frie dagane med vind i håret og sol i sinnet sit att og vinkar. Eg kan tørka av tavla mi. Det er ikkje meir.

Men det kjem alltid noko nytt. Hausten er ein ny start for mange av oss. Og eg kjenner lysta til å starta med noko nytt. Og noko nytt startar eg med. No har eg nettopp hatt vitjing av ei dame som skal hjelpa meg. Det skal eg fortelja om seinare.

Og så har eg lyst til å starta med eit nytt strikketøy. Eg har lyst til å kjøpa nytt garn og strikka ein genser eg har strikka før. Eg har faktisk lyst til å strikka to av den genseren, ein svart og ein kvit. Den eg har strikka er lilla og fullstendig utslite. Eg har garn liggande, men har ikkje lyst til å starta med det.

I helga hadde eg gjester……foreldra mine. Det var på søndag. Og så var mellomste heime. Så eg laga supe, eg laga Ungarske karbonadar og jordbæris. Mellomste laga ei rullekake. Så vi vart mette. På laurdag køyrde eg henne på jobb og eg gjekk på kino og såg “Bølgen”.



No skin sola. Og eg har gjort avtale om minimum ein halv time ut kvar dag. Så da eg det da.

Og når eg ser på dobbelthaka mi, skjønar eg det er på sin plass.

Ha ein riktig fin tirsdag :))).

 

I barndomens rike

 

Så kom kvelden. Dagen gjekk med mangt. No er eg ikkje til så mykje meir, men har igjen ein oppgåve….

Snart er dagen ved enden, men skal hente yngsteberta, som har slitt med vond hals lenge. Må få henne til legen i morgon.

Elles gjekk møtet på Skype i dag greitt, greitt å få ein oppdatering av kosthald og val.

Og så vil eg dela bilete frå bardomens rike. Var artig å fotografera frå der eg sprang som lita…….ja sprang…….for eg sprang mykje.

I dag fylte eine morbror min år. Morbror er det same som onkel.

Mor sin bror = morbror.

Han er den yngste i ein syskenflokk på seks. No er det akkurat halvparten igjen som lever.

Her for den eldste gjenlevande bortover sjøen med båten sin. Han var sjuk i dag, men hadde kome seg og tok ein båttur før han kom framom veslebroren. Da hadde han vore å knipsa bilete frå der jordmora vart henta i frå for 79 år sidan, da yngstemann kom til verda.

Her voks dei opp, og hit sprang eg for å vitja mormor og morfar min. I det kvite huset. Vi bada i fjøra og leika ferje med prammen lenge før vi starta på skulen. Vi var ein gjeng syskenborn som voks opp saman.

Mor var den som flytta lengst heimafra ….ca. 70 meter…eller kanskje 200. Vi budde like attom båtbyggjeriet her under, så det var ikkje langt. Det strata morfar min tidleg på 20-talet.

Her bodde moster mi, i huset med valma tak.

Moster = mor si søster.

Mor hadde ei søster.


Ute på sundet her var vi mang ein gong. Nokre ekstra modige og svømte over.


Over til Rotøya. Eg gjorde det aldri, men eg rodde over for å sola meg på svaberg. Og eg fiska. Eg lika å fiske, sjølv om eg var redd for å få eit lik på kroken. Kva visste eg om kva som kunne vere nede i den mørke sjøen. Fantasien var det ingen ting å seia på.



Her sit vi. Det er lenge sidan barndomen. Dei grå og kvite håra dominerar. Saman med lyden av krykjer og andre hjelpemiddel. Det var ein gong….det var ein gong ein annan gong…


Men no må eg henta yngste på bussen, eg treng tida til sentrum…..

Nord eller sør

Ute skin sola. Eg må taka ei avgjerd. Framtida ventar og eg skal inn i den.

Eg ser ut av vindauge der sola auser strålane sine utover. Vindauga står ope. Og eg må ut i den verda. I dag og i morgon. For eg må finne ut kvar vegen går.

Eg har hatt nokre fine dagar. No er det ei veke sidan eg sloss med det som skulle i kofferten og usikkerheit. Og etter ein strabasiøs tur var eg framme med open retur.

I eit gamalt hus med ei trapp som eg syntes var vakker i sin elde, har eg levd, tenkt og vore heilt utanfor mi vanlege verd.

Mange turar tenkte eg å ta. Men det vart mindre av dei. Dei får eg ta når eg er heime.

Eg fekk nokre teikneynskje.

“Eg skal teikne når eg er heime” sa eg. Da vert det ikkje var svaret eg fekk, og så vart det kjøpt inn teiknesaker. Nokre skjønar meir enn ein trur.

Så etter teiknefattige år har eg teikna. Og det gjer godt. Forsvinna inn i streken. Men den er stiv og rusta, ikkje rart etter så lang pause. Enno har eg eit ynskje å oppfylle og det gjer eg meir enn gjerne.

Etterpå må eg dra. I morgon, eller kanskje søndag formiddag….

Kor skal eg dra?

Tanken var å reise til Oslo, men veit ikkje om det er rette tida no. Sjølv om eg er glad i byen. Kanskje eg skal ta meg ein tur seinare………

Eg snur og snur på tankane.

Gruer meg for den lange turen heim. Men trur eg har lyst dit, til boffen, blomane på terrassen, væra i verda mi der. Summera veka eg har levd i.

Summera, sakna og sjå -.

Om ei veke er ferien over. Da skal eg måla overskote eg har samla. Da skal eg fortsetja med det eg veit og det eg trur på. For da er eg i framtida, ei framtid eg alt har tatt første steget inn i.

Men skal eg reise nord eller sør?

Det må eg finne ut straks, og eg veit det kanskje………….

 

For mange år sidan og framover

Her sit eg og kan ikkje anna gjera. Eller……..det kan eg nok, så klart……. Men ikkje der eg ville ha vore i dag.

For 24 år sidan låg eg med ein liten gut i armane. Eit levande, lite barn, passe stort og heilt perfekt. Sidan den gong har dagen vore feira. I fjor feira han saman med jenta si, det var berre dei to.

I år reiste søstrene og faren for å være saman med han på dagen. Det var plass til meg også, men hunden hadde ikkje eg plass for. Så litt lei meg fekk eg ikkje feira saman med han i år heller. Men neste år, sa eg, da eg ringte for å gratulera tidlegare i dag. “Da er du eit kvart århundre” sa eg til han. Og han syntes tida hadde starta å gå fort.

Han har hatt ei reise gjennom livet sitt med mykje lærdom. Han ga og meg lærdom, lærte meg å sette sjøbein på landjorda. Sjølv står han på føtene sine på både betre og betre vis. Han er ein oppvakt gut.

Den første ordentlege barnefødselsdagen feira han da han var tre år. Det budde mange i gata som var omtrentleg like gamle. Vi hadde fiskekonkurranse. Eg sydde og måla fisk som eg fylte med godteri. Ungane låg på magen på golvet og fiska gjennom ei opning under gelendret framom trappeopet.

  

Fotograf Ingvild

Så kom søsterene og dei fekk gode søskenrelasjonar. Bileta under er frå 1997, 2003, 2009 og 2013.


Fotograf Ingvild

Så kom  fjortisperioden hans som eg ikkje ante konturane av. Og at denne guten har ljose foreldre er ikkje til å tru.


Fotograf Are

Frå denne perioden gjekk han over i ein periode der det handla enno meir om utseende og han hadde nokre modelloppdrag.

Fotograf veit eg ikkje



Fotograf Marina Knudsen


Fotograf veit eg ikkje



Fotograf Ingvild

Her er siste fødselsdagen eg var med og feira. Han fylte 22 år.


Fotograf Ingvild

Frå i fjor sommer.


Fotograf Ingvild

Og frå eg besøkte han og kjæresten i april. Han var heime ein tur i juni, men det hadde eg ikkje noko bilete frå.


Gratulerer med dagen Are, eg dukkar nok opp ein tur i august når eg har hundpass.