Ein dag over ein dag nærare

På hjul fram mot jul, utan å nå enden av lista.  Utan og ha fylt alle boksar, berre ha tømt seg tom.

 

No har eg fylt meg med mat. Rakefisk med tilbehør. Det smakte godt, både maten og å sette seg ned i ein stol. Vi ha vore på tur og fylt bilen. Likevel rakk vi ikkje alt. Så det betyr meir fart i ein allereie travel tid framover.

 

Dotrene og eg sto opp halvsju.  Vi skulle til Trondheim, og eg til Ikea. Det var noko eg måtte der. Eit kjøken igjen, og etter to timar var alle dei tinga på plass. Etter litt mat tok vi underetasjen. Slike ting som kvitvinsglas og likørglas har eg for lite av. Det vart og julegåvehandel. Ein kan kanskje tru at ein laurdag like før jul ville væra forferdeleg, og det var nok mange som hadde trudd det. For det var eigentleg nokså romsleg og fritt for stress, så langt som ein kan seia det om denne giganten. I sommar kjøpte eg nytt trekk til sofaen men dei hadde ikkje trekk til stolen da. I dag skulle vi undersøkje og da viste det seg at denne farga hadde gått ut av varesortimentet. Dei hadde bare eitt trekk på ein stol som var utstilt att. Og så fekk vi kjøpt det og til redusert pris. Eg synest vi hadde flaks, så no har vi stol og sofa likt. Skal skifte puter fann eg ut, har nokre som er lagt bort.

 

Fekk og lyst til å kjøpe meg raude handdukar på bade, men dei hadde ikkje nokon igjen. Men kjøpte ei raud badematte. Skal det være jule skal det være jul. I år satsar eg på raudt. Kan vise bilete seinare. Om eg ikkje gløymer det.

Det var godt å koma seg ut frå det blå varehuset. Vi fekk levert pakkar og kjøpt blomster.  Skulle handla på Orkanger var tanken, men ikkje rakk vi polet og ikkje fekk eg sett meg etter noko nytt til jul. Det er heilt forferdeleg, men eg har visst ikkje kjøpt meg eit nytt antrekk til jul sidan nittitalet. Eg er for flink til å sette meg sjølv heilt attast i køa. Eg har eigentleg lova meg at det skal væra slutt på dette.

 

Yngste var fortvila, ho hadde ikkje på nokon måte kome gjennom julegåvelista si. Så ho vart att hos faren for å handle i morgon.

 

Derfor er det berre mellomste og eg i kveld. ?Det er så godt å slappe av?, seier ho. Og eg er einig. Men i morgon må myke skje. For eg ser vi får det travelt. Vi har for mykje igjen, og vi må også ut på for mykje.

 

Men snart snur sola, da alt skal til å bli betre. Har eg bestemt. Og det trengst. For akkurat no er det mykje alt for mykje som er alt for krevjande.  Eg er i ei dårleg flytsone. Det skal bli godt når den er over. For den blir det. For det veit eg. Og snart er det jul.

 

Orsak

Av  og til skriv ein i lettare affekt. Det oppdagar ein i etterkant. Og å hamna inn i slikt for andre kan væra uønska.

 

Derfor orsakar eg. Overfor deg som hamna opp i utblåsninga mi av at eg var frykteleg lei. Lei over at flyten i livet mitt har vore rimeleg fråværande lenge. Lei av nye og gamle problem.

 

Da eg skreiv trudde eg at humoren var øredøyvande. God fornøgd med mitt eige produkt las eg det opp for mor mi. Ho vart heilt forferda. “Dette har ikkje eg ville lagt ut” sa ho, “det er beksvart”. Lettare provosert sletta eg innlegget mitt frå nettet. Ho såg ingen humor, mor mi. Eg las over etter litt tid og såg det kunne virka frykteleg bittert. Eine dotter mi las i gjennom det. “Kva synest du sjølv mamma”, spurte ho pedagogisk.  Eg vart på vakt, kva ville ho fram til. Hadde eg såra ho? Eg hadde skreve det som ein skikkeleg utblåsing utan og ha gått gjennom andre vinklingar og tolkingar.

 

“Eg synest det er trist at du har det slik” sa ho etter litt, “livet ditt skulle ikkje vore slik. Men eg synest det var bra skreve og veit det er riktig”. Eg sa eg hadde tatt det bort frå publisering. Ho var ueinig i det, for kvifor skal alt være så perfekt og på overflata heile tida spurte ho retorisk.

Eg sa at eg syntes ikkje at livet mitt var ille som ho kanskje kunne oppfatta her. Sjølv om eg skjønar at frå ein utanforståande ståstad kunne tolkast som mislukka. Erfaringane mine og kunnskapen på det vi ikkje beundrar er bra. Eg veit mykje om korleis det er å streva og eg skjøner godt reaksjonane andre har når dei slit. Den kunnskapen synest eg ikkje er ille. Eg er derimot glad for å skjøne dette så langt eg kan. Horisonten på sjølve livet blir utvida. Gleda blir paradoksalt større. Det er ei gåve.

 

Etter samtale med henne tok eg valet med å sette innlegget inn igjen. Som ein motvekt til alt det som er perfekt og det vi strevar mot. At fasaden skal sjå bra ut. Og eg skjønar at det er artigare å lese om dei vakre drøymeliva. Der vi tek for oss dei tinga som ligg på overflata. Eg og likar det.

 

Sist helga fekk jentene mine gå gjennom diplomarbeidet mitt. Og med unge augo er det nok forferdeleg at framtidsvisjonane hamna på eit mørkt loft. Har eg vorte presentert for ei slik framtid da eg var ung har eg grått augo ut. At det var slik det gjekk da eg vart ordentleg vaksen.

 

I dag ser eg at det er rikdom, i overført tyding, i strev.  Det eg har lært er kunnskap eg ikkje vil ha vore for utan. Derfor kan eg sjå på dei som lukkast utan å væra misuneleg. Eg kan gleda meg stort med andre si glede. Og mykje anna som gjer livet mitt svært bra og rikt. Ikkje minst at eg har menneske rundt meg som eg er svært glade i og får kjærleik frå. Det er ein rikdom større ein stor.

 

Men av og til blir eg lei av strev. Derfor tok eg meg den fridomen med ei skikkeleg svart utblåsing.

Om den gjorde godt?

Neeeii, eg var nok meir forkrekka over bitterheita. For eg er ikkje ein bitter person. Faktisk kan eg ikkje seia om noko i livet mitt at det skulle vore annleis. Ikkje det mest triste heller, for da har det rokka på det som vart. For det er slik. Akkurat slik. Det er mitt liv, min diamant og den er kostbar.

 

No skal neste stykket mitt være skikkeleg i den lette sjangeren. Riktig fin fredagskveld.

 

Korleis bruka tida

 

Her vil eg gje gode tips. Riktig gode tips. Eg har også sagt tidlegare at ein ikkje skal bruke ironi når ein skriv……

 

 

– Er du født med for mykje tid og har problem med korleis du skal bruka tida di, vil eg koma med ei del råd her. Du er sjølvsagt heilt fri til å ikkje høyra på råda mine.

 

Det kan være lurt å starta med ei utdaning du ikkje får jobb etter. For da kan du arbeida både med det du er utdana innan for deg sjølv, og ha eit arbeid ved sidan av som du tener pengar på.

 

Eg må med ein gong seia at råda mine går over mange år. Dette er ikkje gjort i ei handvending å bli god i.

 

For etter ei stund kan det henda du får lyst til etablera deg, da kan det vera lurt å satsa på nokon du kan skilja deg frå. Det er eit bra utgangspunkt. Er det i tillegg genmateriale innan syndromatikk er berre det positivt. For da blir det meste ikkje slik du trudde og det kan væra svært bra for tidsbruken. Det kan no henda at utdaninga kan få kvila på hylla, og er du heldig får du ikkje jobb. Det som er viktig er å stå på, blanda inn med dårleg samvit. Det gjer liksom susen.

 

Og gjorde du valet riktig med ekteskapet er vi no kome fram til separasjon. Ein riktig artig periode, om eg må seia det sjølv. For no kan du, om du vil, sjå etter nye menn. Dei er ikkje vorte betre og det er bra, for da kan du fortsette å ordne alt sjølv, noko som tek meir tid enn om ein er to. Og no må du sjå etter og få deg jobb. Det er kjempeartig å få jobbar som du ikkje treng utdaning til. For det er no du kan starta å betala attende studielånet for alle åra du studerte. Og med ein stad å bo og bil får du det riktig godt og trongt.

 

Økonomisk.

 

Og tida, den har fått lange føter å gå på. For det kan henda at det du arbeider med krev meir tid enn det du har tid til. Og du er faktisk i den heldige situasjonen at du ikkje har val. Tenk alt du slepp og ta høgde for, du får berre lov til å utføra det beste du er god til. Det som er fantastisk no er at du sluttar å væra god. Du blir i tillegg litt gløymsk, huskar ikkje kor nøklar og slikt er lagt. Og tenk all den deilege tida som går med til å leita. Leita etter alt du etter kvart ikkje finn. For det kan verta mykje.

 

Kanskje gløymer du rekningar, reiserekningar og mykje anna slikt snask. For da vert alt enno trongare. Og all den herlege tida ein kan bruka på å spekulera på løysningar. Kanskje ein får lov til å vakna tidleg om morgonen og tenke på akkurat det. Morgonstund har gull i munn som de veit. Og soloppgongar kan være gylne stunder. Om ein ikkje berre vil sova da. For det kan hende at du kjem dit at du verken vil legga deg eller stå opp. Her er det mykje som kan skje, kanskje treng du ikkje lengre tida til å utføre……kanskje tida går forbaska fort utan at du gjer noko.

 

Du må så klart rekna med at det blir enno trongar alt. Men noko må ein så klart ofra i dette fantastiske løpet.

 

Og alle dei herleg gamle bilane. Det som er så fint med gamle bilar er at dei treng reperasjon. Eg er så heldig at eg driv å baskar med to. Det vil seia den eine er fint parkert i ein garasje, veit ikkje om eg får den derifrå utan hjelp. Den andre, som eigentleg ikkje er min, men som kan bli min, har ei lang liste av ulumskheiter. Eigentleg har den skulla gjennom ein omfattande greie, men for å bruka tida har eg leita etter plass i min slanke økonomi. Men ned tenner som vil ha oppmerksomheit og enno litt slankare og velreidd pengepung må alt stillast i kø. Og husk, dess slankare desto meir vellukka.

 

Og….det som ikkje finnest finnest ikkje.

 

Slik får du lov til å vakna enno tidlegare, eller ikkje villa vakna. Svært spanande kva som skjer, korleis utfald det blir.

 

Det er her, altså om flaksen er riktig på rett plass, at du kan få fleire overraskingar. Kanskje du er så heldig at du får lov til å måla kreftene mot gigantar i den økonomiske verden. Slik in case……. Kanskje like før jul, berre som eit eksempel.  Da får du lov til og leve eit så fantastisk spanande liv som du ikkje veit kvar endar. Kanskje du til og med får lov til å flytta.

 

Tenk deg det, alle desse overraskingane?

 

Og på det tidspunktet her leitar du etter det meste, sjølv om ting har fast plass. Fordi du gløymer. Briller og kort og nøklar, du veit aldri kor dei neste gong dukkar opp. Kanskje startar du å rive ned og knuse. Har eg den koppen, eller har eg den, eller……….oooiiii der falt den i golvet. Litt slik tombola. Og alle veit at det er artig.

 

Ein vakker dag har du inga tid. Du har klart det!

 

Og som pynten på kaka kan det henda, at det vesle du har igjen av jobb med det vesle du klarar, at det skjer……for vi må huske på dei gamle bilane. Med dei skjer så mykje uforutsett at det er ei lukke.

 

Altså, denne vakre dagen etter og ha leita etter nøklar og briller, slik at tida blir lita og nett. Da kan det henda at bilen ikkje startar.

 

Så spanande!

 

Artig og kontakte naboane, endeleg, for samvær blir det litt lita tid til. Men da kan du ringa dei, om kanskje dei kan hjelpa?

 

Og livet spøker i veg med deg, ein riktig skøyarklump dette livet. For plutseleg startar bilen og du kan ringe både naboar og andre om at alt blir litt annleis enn kva du sa for litt sidan.

 

Så kan du glad og lykkeleg køyra i veg og prisa deg sjølv kor heldig du er som får oppleva alt dette. Medan rattet på bilen er å tungt at det mest ikkje kan dreiast. Og du skjøner at du er så heldig og ha fleire overraskingar på lur, men så klart less du som ingenting. Ein vil ikkje væra storforlangande og forventa overraskingar.

 

Og medan mørket senkar seg over desemberettermiddagen seier det liksom berre dunk i bilen og plutseleg står den heilt i ro. Tenk å få gå ut der i skyminga medan andre meir uheldige bilistar passerar. Bilistar med nye bilar som ikkje får oppleva alt dette som gjer livet så innhaldsrikt. Stå der ute, slepp og sveitta og må forandra alt nok ein gong. Det er da ein skjøner kor godt ein har lukkast.

 

Og medan du vinkar til bilen som forsvinn attom svingen på lasteplanet til ein kranbil, snur ein seg den andre vegen som i sakte kino, knepper saman den gule refleksvesten (som fantes der den skulle væra), og skravar inn i mørket og framtida mot nye overraskingar.

 

Men det har kravd mange år å koma hit. Og det har vore beinhard jobbing. Men eg må seia eg har lukkast svært godt med å greie og bruke opp tida mi på ingenting. Eg er riktig heldig.

 

Og den siste setninga var ikkje berre ironi (i tillegg til eit par til).

 

 


Snufs

 

Eg trur våren er komen midt i desember. Det renn.

 

Mest som ei foss renn det. Ut av nasen. Det starta på butikken. Atsjooo! Gong på gong måtte eg nysa. Noko så frigjerande godt som ein nys. Dei kom som perler på ei snor.

 

Vel heime starta det å renna ut av nasen. Eg har bestemt at det er bedøvinga etter tannlegebesøket. At det var den som kunne for det. I dag starta prosessen med å rotfylla den andre av tennene som har vore til plage sidan i sommar. Da eg reiste meg opp av tannlegestolen var eg mest øra. Slo døra for hardt igjen, mista ting på golvet – slikt. På venterommet satt mi mellomste og venta, ho var med for ho skulle ta bussen attende til Trondheim og eksamen. Men først rakk vi ein tur innom polet, eg kjøpte konjakk til gorodeigen og sherry til ein dessert og etterpå ein kopp sjokolade med krem på kaffien. Ho hadde vunne 50 kroner på flax og kjøpte eit lodd til oss kvar for det. Vi skrapa begge fram 25 kroner kvar, som ho tok med seg å sa ho ville bytte i to nye. Eg bad henne ta dei med på bussen og sjå der, det frå meg også. Eg fekk melding om at ho hadde skrapa fram 50 kroner igjen. Kanskje ho endar opp med den store gevinsten.

 

No har eg tenkt å gå i gong med baking. Vørterbrød først. Så får vi sjå kor langt eg kjem med planane mine, for lista er lang nok. Eg trur eg skal gje meg eit c-vitaminsjokk  i alle tilfelle, om det ikkje er bedøvinga som kan for flommen frå nasen. For eg kan ikkje verta forkjølt no. Fram med mjøl og gjær.

 

Eg er svolten

 

Når ein er svolten må ein eta. Da må eg finne mat for å eta. Og så må eg sette meg ned.

 

Igjen!

 

Eg trur eg kunna levd med minimale rørsler i dagar, veker, ja kanskje månadar. Og så klar og sliten er det ikkje nokon som er. Ikkje eg ein gong. Men den der strandstolen har nok høva meg ypparleg om dagen. Med briller på nasen og bok i hendene.

Men eg er her. På Nordmøre. No kunne eg få lov til og senke den breie baken min i ein stol igjen. Mat. Eg var svolten. Det var ikkje mykje eg fekk gjort før eg fann dette ut. Så her sit eg da. Igjen.

Eg må riste opp i dette draumehovudet mitt, ikkje som at det ser ut som ein draum. Det er berre fullt av det. Så fullt av det, at det ikkje er artig. Så korleis skal eg gripa meg sjølv an for eit betre resultat. For det er frykteleg mykje eg kan gå i gong med.

 

Alle skuffer og skåp på kjøkkenet kan med fordel vaskast.  Ein enkel oppgåve det. Og så artig når det er reint. På tysdag skal vi feira 21 års dag utan eg har lagt ei plan. Eg har bedt samen, det betyr mat. Og så er det jul.


Veit de, det er jul snart?

Da kjem det også folk. Dei skal ha mat da og. Og alle rom som eg har tenkt skulle få ein omgang med vaskefilla. Enn lister og dører som skulle hatt eit strøk måling?? Og skal tru kor lenge sidan det er at eg planla å beisa dei to skåpa på stua?

 

Men kva er det eg held på med no da……..??? For no vart eg lei av meg sjølv dobbelt. Først vart eg leia av denne totale mangel på handling, men no vart eg lei av at eg kjeftar slik på meg sjølv.

Var ikkje det bra nok heller no?

 

Og eg som trudde dette skulle verta eit innlegg om kva eg hadde lyst til å bake til jul…..

 

Ferie i november

Det er håp, det er håp i hengande snøre, seier vi. Og kvifor seier eg no det……..

 

………ja sei det, eigentleg er det ingen grunn. Men da eg gjekk over parkeringsplassen i dag på høge heler til meg å være, kjente eg det. Eg kjente ei sjølvsikkerheit det er lenge sidan eg har kjent. Ikkje veit eg kvar den kom frå heller. Den berre var der. Eg var til stades i meg sjølv, eg kunne gå rak i ryggen utan at skuldrene heisa seg opp under øyra i stress. Seinare held eg på å få tullfliren, eg synes ting kan være så likt ein komedie. Eg såg at eg gjorde folk litt usikre, men eg greidde ikkje stogga. Og eg vil ikkje det, gjera folk usikre – eg vil at folk skal ha det bra. Men latteren berre bobla ukontrollert ut. Fikk tru at dei andre tilskreiv det at eg berre er slik, litt rar.

 

Eg kan godt ta på meg å være litt rar. Heilt greitt. “Trur du det er håp?” spurte eg seinare. Og den eg spurte trudde det. Temaet var eit anna, men det har ikkje noko å seia.

 

I morgon er det bytur. Eg fekk ei liste. Fekk beskjed om å ta med sengekleda med raude hjarta på og eit skift til. Det viste seg at det med hjarta låg i skittentøykorga. Så no durar vaskemaskina.

 

Eg skal ta ut den siste veka med ferie. Osloturen var utset til eit anna år. Til eit nytt år, eg skulle eigentelg dit til byen i mitt hjarta. Men det viste seg umogleg å få alt til å gå opp.

Så bra det vart som det vert.

Og i morgon skal eg kanskje sjå etter noko åt meg sjølv. Om vi får tid og kreftene til slikt. Eg er nokså trengande på noko nytt, synest ikkje på meg at ein gong var alt annleis. Men det synest nok ikkje heilt kor gamalt alt er heller, for dei gamle kunstane kan også brukast til å kamuflera.

 

No har eg snart slukt ein pakke med dadlar, skulle berre ta ein til kaffien etter middagen. Hadde nok ulvehunger etter noko søtt. No skal eg rekne ut realiteten for ein slik avsporing. Svart på kvitt.


 

Grått og vått

 

Det er ein slik skikkeleg grå dag. Ein grå og ordentleg våt dag. Den kan ikkje verta meir grå dagen.

 

“Eg må ta bilete, det er så fine fargar”, seier ho eg køyrer til bussen. Så fiksar ho opp mobilen. “Det grøne og oransje”, seier ho forklarande der vi står og ser ut på ei falma myr med furuskog attom. Eg ser berre ein grå dag.

 

Jentene vart til i dag, no er dei reist attende til liva sine. Det har vore ei fin helg. Ei intens helg. Ei helg som gjekk fort. Vi har snakka i haug og dung. Dyra har hatt ei storveges helg, dei har vore kosa med til den store gullmedalje. Alle dyra var inne, med mattankane sine. Gjekk ein over golvet var det i fare for og tråkke på ein hale. Dyra tok i mot all kosen dei fekk. Og all maten. Eg vart stressa over alt. Det vart mest for livleg.

No er eg i mitt einsame tilvære igjen. Ikkje som i; trist, men som i; av og til er det mange folk og andre gong ikkje, og alt er like greitt. Begge delar er godt.

 

Det ligg eit salig rot over heimen, og eg skal snart rydda i lortete handdukar og kasserollar som må vaskast. Men først vil eg berre ta inn lyden av knitringa i omnen og duren frå oppvaskmaskina. Eg må også sette på ein klesvask. Og må også setje meg opp ei lita plan. Over ferien, over fødselsdagsfeiring og over jula. Ta eit oversyn. Eigentleg er eg glad i planar. Men dei har drukna i å ikkje strekkje til.  Om eit par dagar har ei veke ferie.

 

Livet er ein mosaikk. Eg ser på bitane, glasbitane i farga glas. Eg er oppå ein liten haug med oversikt og ser på- og gjennom det farga glaset. Kjenner det er godt på ein grå dag å gjera slikt. Før eg fortset med mitt.

 

F for fredag

Innom i forbifarten. Her ståkar vi på kjøkenet, vi skal koooooose oss…. Er plana.

 

Ho midt i kom heim i går kveld. Kva skal vi eta er det moderlege spørsmålet. Problemet er at eg skal ha streng fokus på slikt eg puttar i munnen. Men etter nokre økter med lesing i kokebøker eg har lånt, gjekk vi laus. Så her har vi laga aioli som vil skal ha til kamskjel, vi har laga spicy tomatsaus og pizzadeig, så den skal straks inn i omnen.

I tillegg står nokre sitronkjeks klar for steiking. Så reknar med at det resulterer i ein ørliten utgliding over til utskeiingane sin verden.

 

Eg måtte unna meg ein liten pause, for ryggen vert litt umedgjerleg når det vert for mykje stapping på eit kjøkengolv.

 

Men-, har prøvesmaka aioli’en, hadde parmesan i den. Det smakte.

Så trur dette blir ein rett så bra kveld etter satsinga vår.


Oppstart på dagen

 

Er det ikkje sakt at morgonstund har gull i munn? Eg veit ikkje eg om det eigentleg er slik.

 

Har du det av og til slik at du har lyst til dra dyna godt over deg og sove vidare når du bør stå opp?

I dag hadde eg ei slik oppvakning. Og grunnen er nok så enkel at det står for mange bør’ar og må’ar i kø framom meg. Så eg må nok berre til å ekspedere dei, og dei løyser seg nok når eg tek ein etter ein og ikkje tenkjer på alle samstundes.

 

Så eg kom meg opp. Morgonritualet her i hus er eit stress. For det er opp mot mange ting som må skje samstundes. For det første ligg ein stor hund utom døra mi, han reiser seg og daffar bortetter gongen med logrande glede, men like før eg når baderomsdøra  legg han overkroppen bortover golvet i eit langt strekk og sperrer døra.

Inne på kjøkenet møter eg sjefskatta Miranda som vil ha mat NO. Ho jamsar med rusten stemme. Heile tida! Samstundes blir eg fotfølgt av ein hund med bedande augo. På terrassen kan det hende Ludvik går banans, og kaster seg på døra og krafsar frenetisk med klørne på vindauget, medan hovudet ligg attover og med eit vilt stirrande blikk, rett opp. Han er hjerneskadd, stakkars katt.

 

Miranda og Cleo, den tredje katta, er søstrer. Miranda har heile tida vore sjefen. Men dei er nokså gamle, og Miranda taklar nok alderdommen dårlegast. Så om alle tre kattene slepp til i matfatet samstundes, vert det ikkje mat på den gamle sjefen. Ikkje er ho noko glad i tørrmat lengre heller. Så eg har starta og kjøpe våtmat. Primært til Miranda, slik at eg er sikker ho også får i seg næring.

Etter at både Lucas og Miranda hadde fått maten sin i dag, tek eg med meg ein stor kopp med tørrmat ut til dei to andre. Men dei har nok fått teften av våtmaten og stormar inn og bort til fatet som Miranda et av. Cleo prøver å få tak i maten, men Ludvik legg seg over heile fatet så Miranda gjev heilt opp. Ut med begge dei svarte, finne i ny mat til Miranda – og da, da endeleg er det min tur.

 

Tenne opp i omnen, hugse vitamintablettane, eller det er eigentleg tablettar med olje for å smøre ledd. Det hjelper synest eg. Og så må eg få teke penicillintabletten, det er viktig . Og da er vi klar for frukost. I dag vart det to brødskiver med makrell og persille, juice, kaffi og yoghurt. Og da kan roen senke seg ei stund for alle.


 

Ha ein riktig fin dag.

 

Tenner og besøk

 

Ein strålande måndag er over. En dag med solstrålar rett i auga når ein køyrer bil.

 

Har vore ute og hengt klede. Kunne gå ut i korterma skjorte for å henge klede etter midten av november må ein seia er bra. Kjente det var litt rim i graset, så kanskje eg berre var ekstra varmblodig i dag. Etter både tannlegebesøk og besøk.

 

I dag skulle eg eigentleg starta å rotfylle den andre tanna. Eg fortalde om kulen i tannkjøtet og at eg er hard i kinnet enno. “Ja, eg ser du er opphovna” seier tannlegeassistenten. Så dermed vart det denne tanna i dag også, dei måtte få ut puss som hadde danna seg i kinnet. Og så vart det ein ny omgang med penicillin. No håper eg denne tanna roar seg. Og så lenge den ikkje er bra var det best å venta med den andre. Eg var mest øra da eg sette meg i bilen for og køyra frå Øra. Måtte innom apoteket før turen heim. Det er kanskje ikkje så rart eg er så tiltakslaus for tida, desse tenne starta å murre alt i sommar. Så kroppen har nok bruka energien til og handtere dette. Er faktisk ei trøst det, for da er det håp.

 

Heime gjekk eg i gong å lage ei suppe med gulrot, raudløk, chili, tomat, tabasco, grønsakbuljong og appelsin. Den er varm og god, passar godt om hausten. Søster mi frå Trondheim var på tur utover for å besøke foreldra våre. Ho kom framom her først, serverte både suppe og kaffi med sokoladefondant etterpå til henne og den andre søster mi. Vi fekk ei søsterstund der rundt bordet. Ikkje ofte berre vi er samla slik. Riktig triveleg var det. Eg laga gjettekonkurranse på ingrediensane og den eine gjetta nypesuppe men vart meir usikker da ho fekk sjå flatbrødet. Ho andre gjetta tomat og chili da ho fekk sjå, men greidde ikkje finna meir ut da ho smaka.


Oppdekt bord, så no kan gjestene kome.


Ein kaffikopp etterpå.


Så er gjestene gått.

No er det mørkt utaføre vindauga, og eg skal finne fram strikketøyet og berre ta kvelden avslappa. Og så er eg ein ørlite lettare utgåve av meg sjølv. Det hjelper å fokusere på kva ein puttar i seg.