Så har eg spasert fram hit. Til kvelden etter enda dag med alle timane mine oppført i sirlege rubrikkar.
Når ein skal bruka få timar er det lett å bruka for mange. Eg dreg på ein haug av timar frå i sommar da det ikkje var lett å få ting til å gå i hop. Så no skal eg bruka opp nokre av dei. Eg har rett og slett fri til neste torsdag.
Ei god kjensle ein torsdags kveld.
Men eg skal ikkje finna på så mykje akkurat. For eg skal stort sett væra heime. Anna enn i morgon. Da er det både ut og eta og med konsert i etterkant. Eg har også ordna meg slik at eg kan overnatta, så om eg vil, kan eg verta med ut etter konserten.
Eg skal faktisk på ein konsert til medan eg har desse fridagane mine. Så dette er i overmål for ei som synest ein tur på matbutikken har meir enn nok innhald.
Men det er godt og sitja her å skode ut over denne endelause mengda med dagar utan innhald.
Eller mest utan innhald.
Ein luksus utan dimensjonar. Det er heilt greitt, verkeleg, og eg skal nyta dei.
Og så må eg væra riktig flink med både rulling av føter og ut på gå turar. Kanskje eg kan hausta inn noko som eg kan gjæra noko med……. Men gjer eg det gjev eg kanskje meg sjølv eit ørlite sjokk.
I går var det og ein dag med selskap og kaker. Så no må eg nok over på den nøkterne linja straks. Men slikt er triveleg av og til, og gårdagen var absolutt av det trivelege slaget. Så etter at yngste hadde vore hos doktor og konstatert at kyssesjuke hadde ho i alle fall ikkje, og ho tok bussen attende til byen og skulen, drog eg i selskap.
Vi møttes først på puben til pizza. Da eg var lita var det butikk her. Puben ligg idyllisk i strandkanten i Mjosundet. Godt besøkt både av trafikk på land og på vatn.
Etterpå vart det kaffi heime hos ho som fylte år. Trur vi alle hadde nokre hyggelege timar.
Da eg reiste heim fekk eg med meg ein fantastisk solnedgang. Og eg måtte stoppa. Her heiter det Eidestranda.
I dag er det fredag. Eg tenker å gå i gang med slik som gjer hus og heim hyggelegare; hjelpemiddel er vaskebøtte og støvklut. Så skal eg planleggja handling og tenne opp i omnen. Ja, for i dag er det surt og regn. I kveld kjem mellomste heim, ho skal arbeide i helga. Men i kveld skal vi hygge oss.
For eg er framme ved siste feriedagen min i sommar.
Og høgt vart det også. På det meste er 850 meter over havet. Det er bygd opp kraftanlegg innover fjella med eit vell av vegar. Ikkje alle førte fram. Vegane gjekk over demningar og innover i fjell. Mest som frydefullt sug i magen, gjekk vegen vidare og vidare. Brattare og brattare. Trur den siste stigninga var på 30%.
På vegen inn torde eg ikkje sjå anna enn rett fram. På turen attende var eg mykje meir vågal. Her kjem ein biletkavalkade frå turen.
Høgt opp ser ein litt av vegane.
Og da ein ikkje kom lengre låg isen å duppa i vatnet.
Det ser kaldt ut, men ikkje problem med bare armar.
Lengre ute er det folk som padlar. Ei oppleving må det væra……
…..men ikkje staden for bading.
I det området her var det mange som telta. Ellers var det fint ordna for å ta ein pause, desse sitjeplassane var skikkeleg fine…..til likt med informasjonen.
Alle desse turkisblåe vatna.
Demningane med stein.
Her var Bjørnabølsvatnet og Storvatnet som vart heva. Dette skjedde same år eg vart født; i 1958.
Så var turen over, og eg hadde berre ei natt å sova i før turen gjekk heim att til Nordmøre.
Eg hadde lagt ei svært fin veke attom meg der ytst i Hardangerfjorden. Ei veke som vil leggja seg i minna sitt arkiv. Glitrande, varm og spanande.
Og så hadde eg lyst til å få noko av finvêret heime også. I tillegg hadde eg time hos psykomotoriker i dag.
Så klokka ti i går sat eg i bilen, utrusta med matpakke og vatn. Papiret med vegane eg hadde notert ned låg att, men da eg oppdaga det var eg på veg, så det fekk stå til.
Tok ein stopp for å fotografera Furubergfossen med ordentleg kamera.
Tanken var å ta mange stopp. Vøringsfossen var ein av dei. Men det var mykje trafikk, og nokon køyrde så roleg at når eg hadde kome meg forbi ein gong ville eg ikkje utsetta meg for å måtte forbi ein gong til.
Så ingen stopp for Vøringsfossen.
Ikkje i Hardangerfjorden heller. Men du får tru meg på at ljoset var fantastisk av ei sol på tur oppover himmelen.
Om du ser godt etter er det strikka strømper til trea her.
Eg reiste over fleire fjellplatå; Hardangervidda, Valdres flya, Rondane og Dovre. Heilt, heilt enormt. Syna må eg samla inni meg for å ta fram når vinteren herjar.
På Fagernes unna eg meg ein ispause og ein kopp kaffi.
Denne gongen køyrde eg ikkje feil. Eg fekk mobilen til å lade såpass at det heldt og eg kunne bruka gps.
I Trøndelag gjekk sola ned og da eg var på tur gjennom Hosten oppdaga eg ein bleik måne over vatnet. Så eg måtte stoppa for å ta bilete.
Da eg såg utover min eigen fjord i tussmørket, med ein så blank og blid himmel, måtte eg forsøka å fanga den også. Men da vart blendingsopninga for lang.
Eg stoppa på tur dit bort for å ta ein telefon. Sjøen var i rørsle av varm, løa luft. Eg måtte ta bilete av sommaren.
Eg parkerte og dette bilete møtte meg. Det var og mange fleire, og med litt søking på nettet fann eg ut dei var måla av grafittikunstnaren Gaute Haugland og at prosjektet starta i mai i år.
Eg fann vegen opp til Baroniet Rosendal.
Måtte ta bilete av dette huset, takkonstruksjonen er så fin og denne svaien såg eg på fleire tak.
Desse friserte trea fasinerte.
Så var eg framme ved alleen opp til slottet. Og turen oppover var fantastisk. For å ha sagt det ein gong for alle – eg er svært fasinert av tre. Så frå no av skal eg visa bilete av tre og tre og enno meir tre.
Lauvverket var som eit tak over meg der eg gjekk mellom alle desse fantastisk trea.
Stammene var kolossale.
Så var eg oppe i den store hagen. Her fann eg enno meir tre.
Og hemelegsfulle gongar.
Og så låg slottet der med ein gedigen rosenhage framom.
Eg lukta meg gjennom den.
Men porten inn til slottet var eg for sein til å gå inn i gjennom, så det får verta ein annan gong. Så eg fortsette vegen min i hagen og let meg fasinera av trea.
Avdeling for nyttevekster og blomster.
Ein flott stamme som ein gong hadde vore eit tre.
Så var eg attende til alleen og returen.
Utover eit jorde låg det slengt sau…og dei var ikkje dau, berre utslege av varmen.
Og den kraftigaste stammen fann eg på slutten av vandringa mi, denne var gedigen.
Når sola skin og sommaren enno er her må ein ut. Vegane er mange, men så framande. Likevel må en gjera eit framstøyt i framandland.
I går var eg kjempetidleg oppe. Eg såg sola klyva nedover fjella.
Eg hadde plukka ut ein tur som tok ca. tre timar. Vegen gjekk opp frå Rosendal, like ved baroniet. Ein kunne køyre eit stykke opp i lia for å parkera.
Eg fann fram. Hadde smurt meg matpakke og la friskt i veg oppover bakkane. Sola skein og grashoppa gnissa. Var mest som ein kjensle av andre himmelstrøk.
Eg hadde tatt med meg fotoapparatet, lada opp batteri og fått minnebrikka på plass. Så frå eg tok fram det var eg mest i Nirvana. For alt virka mest heilt greitt.
Det første som tok merksemda var revebjøllene. Dei var så mange og så rake der dei voks oppover attmed grusvegen eg gjekk etter.
Sildrande bekkar rann og kryssa under vegen.
På andre sida gjekk Melselva med varierande nærleik.
Etter eit stykke dukkar ein setervold opp. Den heiter Midtsetre og har vore i bruk frå 1600 talet. Men husa som står no er alle frå1900.
Noko av vegen gjekk gjennom skog, ei glede i ljos og skygge.
Ein mystisk stein er mystisk, men det sto ei grei forklaring på steinen.
Så var eg oppe ved vatnet. Båthusa låg skulder ved skulder ved enden av vegen.
På ein liten odde sto det bord og benkar og bau meg ned. Maten smaka nydeleg i sola og den stille verda. Høyrde sauer langt oppe frå høgjellet.
Vatten gjev ei så god ro i sjela.
Speglingar i vassflata.
Idylliske båthus.
Starten av elva.
Enno ligg det snø i fjellsidane.
Turen ned igjen.
Utsikta, varmen og lyden av gnissinga skulle eg gjerne ha delt med deg.
Rosendal nedanfor, og Dimmelsvik lengst borte, der eg bur.
Og her har vi utsikt til Hardangerfjorden, og øya som ligg i biletet heiter Snilstveitøy.
Og da kvelden kom oppdaga eg at eg hadde fått skilje for første gong denne sommaren.
Kom også heim litt for seint på laurdag, etter eg hadde køyrd yngste til Kristiansund. Vi laga middag saman hos henne, og ho er så fornøgd med den nye heimen sin.
Heime hos meg sjølv igjen, fekk eg pakka ferdig. Eg tenkte å starta turen sørover skikkeleg tidleg, men kom meg ikkje opp før kvart på sju. Så skulle eg rydde, vaska av koppar, gjera klart for dyr og plantar, slik at det skulle væra enklare for henne som hadde den jobben. Ho har sine avgrensingar når det gjeld rørsle.
Da klokka hadde passert åtte, da var klede for all slags vær pakka inn, sko, matpakke og ein stor termoskopp med kaffi. Den bikka eg innhaldet av berre nokre kilometer etter start.
Været skein, riktig ertande, der eg starta på turen min. Den vakraste, varmaste dagen denne sommaren, sette eg meg til attom eit ratt. Ikkje rart eg spekulerte på kva eg var i gong med no………
Men at turen vart spekulativ DET kan eg skriva under på. Det var glitrande vakkert der eg for. Da eg køyrde oppover trønderske dalar bles det slik OHoiiiiiiii….. Varm fønvind som ein sommar på toppen av livet, der trea viste undersida av blada like mykje som oversida.
Trafikken viste seg kø-aktig gong på gong. Eg hadde lyst fort fram.
Eg kunne ikkje køyra den ruta eg hadde tenkt pga. av brannen i Gudvangtunnelen. Eg måtte køyre om Beitostølen. Så klarte eg å køyre forbi der eg skulle ta av. Da eg endeleg oppdaga det, resulterte det i ti mil ekstra køyring.
Det er her, på bilete over eg oppdagar det. Enno visste eg ikkje kor mykje feil dette resulterte i, men da vart eg mest kvalm.
Og enno ein gong klarte eg å køyre feil, for eg tok opp mobilen for retninga og oppdaga ikkje før etter mange mil at den viste vegen om den brannskadde tunnelen enno ein gong.
Men for nokre inntrykk. Eg tok meg berre ikkje tid til å stoppe opp. Valdresflya, Geilo, Vøringsfossen, Hardanger…….ja, da eg køyrde langs Hardangerfjorden mørka det. Den turkise sjøen vart skjult i mørke og eg hadde berre dei, smale svingete vegane å å sjå på. Der parkeringa i opp og nedkjørsler imponerte meg. Snakk om å parkera på millimeter.
Og så kom regnet.
Endeleg var eg framme, like før denne dagen var slutt. Der mobilen lada ut på tampen og eg hadde store utfordringar med å få den til å lade igjen. Eg gjekk ut i den kalde, våte verda, eg var svimmel så verda gjekk mest i rundt. Men med varm supe og ei natt søvn var svimmelheita mest borte dagen etter.
Og i går fekk eg ein køyretur i ein utruleg vakker natur. Rosendal bærer nok namnet sitt med rette. Eg har med meg fotoapparat, men eg veit ikkje om eg får det til å fungera. Så da eg skulle ta bilete av Furubergfossen i eit fuktig yr av vatnet frå osen, hadde eg berre mobilen å bruka. Og den gjev ikkje rettferd.
Så så langt om turen min hittil. No er sola på vitjing her også. Eg har kvilt fint ut etter den strabasiøse turen på laurdag, og eg skal ut i verda og nyte livet.
Eg sette meg litt i solstolen, men da kom eit slør framom den. Så eg gjekk inn for å gjera eit framstøyt. Da starta eg å prøve klede. Fann fleire nye antrekk, som eg fann ut kunne vera fine, berre magen vert mindre. Heldt på ei stund slik, laga to dungar, ein for reperasjonar/omsying av slikt eg ikkje vil kasta. Og ein dunge for når magen vert mindre. Men ingenting vart pakka i koffert. Den jakka må eg ha med tenkte eg. Men eg må ha meir enn den jakka…….
Eg liker ikkje pakke, da finn eg på alt anna. Vaske skap, gjennomgong av lagra klede slik som i dag.. Og det går så seint……
Dagen sto opp tidleg fordi eg synest bilen måtte ha ein sjekk. Utanom slitasjen var det ein skru som var borte, sa dei på verkstaden, så den kjensla av at noko heldt på å ramla av stemte. Da hadde det vorte bomstopp. No skulle det ikkje væra nokon fare med å leggja ut.
I dag skal eg ut på ein kort tur. Yngste vil reisa til Kristiansund i dag. Skulen startar på måndag. Venene lokkar. Ho skal ha med seg den store planta si, symaskin og ein del fleire ting. Eg skal ha med meg ein del tom kassar attende. Og så har vi begge lyst til ein tur innom Plantasjen.
Heime igjen skal det pakkast ferdig. Så må eg rekka og leggje meg tidleg. For i morgon startar dagen grytidleg, fordi eg har ein lang køyredistanse framom. Eg køyrer sørvest og hamnar sannsynleg i Hardanger. Etter ei vitjing der tenker eg å ta turen øst og nok litt meir sør, trur eg, for å peila meg inn mot Oslo. Men turen er open for innfall og forandring av planer. For samtidig er det meldt eit fantastisk vêr her eg bor, så det å reise bort til kanskje ikkje fullt så bra-, kjennes ikkje bra……
Kan enno ombestemme meg så klart …….
Men det er fint å kome seg bort litt også. Og så er det fint om eg har igjen av ferien når eg er attende. Så eg dreg nok……
Har du noko forslag til kva eg bør få med meg i ytre Hardanger?
Kvar har du vore på ferie i år?
Frå Oslo tur da eldstemann og mellomste var små og yngste ikkje var født enno, på midten av 90 talet
I morgon fer vi på fjellet og badar sa vi i går. Etter vi forsto vi mest ikkje kunne det da…….
For i går, i går var ein vêr dag. Som starta med steikande sol og frukost på terrassen. Så både graset kunne slåast og kroppen solast……..tenkte eg.
Men så skya det over og plutseleg var levenet laust. Det slo i dører og møblane på terrassen vart enormt livlege med puter strødd utover. Så medan vinden reiv og sleit fekk eg organisert etter beste evne. Friskt var det, litt slik å sloss mot naturkreftene….. Og verre skulle det bli.
Han Tor tok reisa si over himmelen med bulder og brak. Og boffen som ikkje er glad i han Tor, bjeffa i veg. Skikkeleg hurlumhei var det. Og som det ikkje var nok, vart det strødd sukker over landskapet. Men hallo…….det var ikkje sukker, det var hagel ein sommardag i august.
Så du forstår at i går var det ingen dag til å bada i -.
Dagen i dag start grå og skikkeleg trist med regn og regn og regn. Vi to i huset fann ut at litt slik reinsing var nok riktig i dag……..av både klede og til innvortes bruk. Så medan vaskemaskina rullar med magen sin for reine klede, laga vi oss ein juice av eple og pastinakk. Og ja, tusen takk, den smakte søtt og godt.
Og akkurat no kom sola fram, så kanskje vi kan ta fri frå tankane om framtida, reine klede og pakking for dagar som straks kjem.
Kanskje vi kan ta oss eit bad etter ein springartur i sanda på stranda…………??????
Og gjer vi det skal eg jammen dokumentera hendinga.
Eg rista på hovudet……blir så frykteleg kjasete av slikt mas. Eg kan ikkje alt, og alt set seg fast som ein propp liksom. Ristinga hjelpte og tankane kom i driv.
Så eg ropa til yngste som var nede. Og ho var heilt med på plana.
Vi hadde snakka om setertur, men eg hadde og snakka om å ta med meg foreldra mine opp. Dei hadde ikkje vore der i sommar.
Dei sa tvert ja til planane. Så vi dura i veg, innom butikken for å handla inn til graut og spekemat. Eg hadde berre shorts og topp med knyting bak nakken. Så eg tok etter jakken. Da reagerte yngste, kvifor skulle eg det………. Så eg valte å prøva turen innom butikken så lettkledd.
Der var det fullt av folk, der var det mange turistar, mange var sikkert slike fisketuristar i utgåva menn, frå Mellom-Europa. Der var det innvandrarar og folk frå jobben. Og eg følte dei stirra….., veit ikkje om dei gjorde, på denne godt vaksne dama med mage og hengpuppar……. Men eg fauk som ein prosjektil gjennom butikken og sette ryggen mot dei fleste, så ukomfortabel er det lenge sidan eg har følt meg.
Og dottera lo av mor si, som vart så forknytt av sin lettkledde framtoning. Det er ikkje så lenge sidan eg kunne gå gjennom verkelegheita tynn og langbeint med ein kropp som sat meir fast, så eg veit kjensla. Berre ein liten jakke hadde hjelpt meg i går. Så slik skal ikkje eg gå på butikken i lokalmiljøet mitt meir. Yngste skal få le.
Men vi kom oss opp. Eg hadde litt startproblem, kvar var fyrstikkene og virka gassen……? Til slutt var det berre flatbrødet som var fråverande, og det fekk våga seg.
Vi hadde ein storveges dag, og foreldra mine kosa seg og skein i kapp med sola. Og dei fortalte historier frå sin eigen ungdom.
Vi køyrde oss ein tur innover til eit fellesbeite. Og vi lo godt da mor uttrykker sin meiningar om kor dumt ho synest det var at folk ikkje heldt sau lengre. Ho hadde ikkje før sagt setninga frå seg ein gong før det dukkar opp mengder av sau frå det djupe graset langs vegen.
På turen attende stoppar vi attmed eit vatn. Yngste og eg hadde tatt med oss badedrakter. Ho vassa først uti.
Eg etter.
Og langt ut i august er vatnet framleis ISKALDT. Kjente det isa i beina. Eg kom meg litt lengre ut før eg dukka meg så fort nedi at mest badedrakta ikkje vart våt. Og eg synest det heldt. Men yngste meinte det vart for dårleg. Vi sto der omtrentleg fem meter frå kvarandre.