Ein sommardag

 

Det er kveld. Eg sit ute men skal straks gå inn. Ser mest ikkje bokstavane på tastaturet.

 

Det er ikkje så ofte ein kan sitja på terrassen i lette klede når det nærmar seg midnatt og ein bur på Nordmøre. I kveld går det an. Eg har tend talgljos og slått i eit glas vin.

Himmelen er ljos i vest med lett teikningar av skyer.

Det er så godt å kunne kosa seg.


I dag måtte eg på Kyrksæterøra til veterinær og kjøpe hundemat. Eg spurte mor og far om dei hadde lyst på ein tur i dag. Og slik vart det. Vi åt middag og handla der. Og så køyrde vi oss ein tur. Valet vart Kårøyan, ein gard som ligg oppom Vinjeøra ein mil innover skogen. Der ligg ein gard som har servering. Da vi kom innover møtte vi ei lita jente som kunne fortelja at det berre var opent i helgene. Men turen innover var fin med mykje idyll.

Så om det ikkje vart nokon kaffikopp der tok vi den her hos meg. Eg steikte vaflar og tok opp Sunndalsgraut frå frysaren. Etterpå sendte eg restane med gjestane. For slik kost må eg passa meg for. Så køyrde eg foreldra mine heim.

Og etterpå tok eg med meg eit vinglas ut på terrassen. Sjølv om mykje av dagen har vore i bil, kjenner eg at dette har vore ein ekte sommardag. Ein god dag som rommar sommar på sitt beste. Og eg nyt.

Gleda

Eg kjenner plutseleg eit gledeshopp. Hjarta som gjer ein piruett. Av glede. Over ferie.

 

Berre tanken og den varme lufta set i gang ein endorfindusj i mitt indre. Eg kjenner eg vert så hoppande glad. Eg kjenner gamle kjensle dukkar opp. Frå da eg var ung. Rusla barføtt ut på terrassen  ein sommardag. Vatna den eine verandakassen eg hadde. Skulle noko -. Ha heile livet framom seg utan å vete kva det kom til å innehalde.

I dag kjende eg dette, den same gode sommarkjensla, rusla ut, lese bok, ha tid……


Sola fekk eit slør av skyer framom seg etter kvart, og verda vart mest turkisgrøn.

Sommarferien min utan ei tidsbestemt plan, utanom at eg tenkte hjelpe jentene med det som dei måtte ha hjelp til før eit nytt skuleår. No har begge husvære for året. Mellomste har tinga sine hos faren og vil flytta inn i neste veka. Yngste vil reise til byen før neste helg.

Eldstemann har fødselsdag no til fredag, og i dag, etter ein prat med han, vart vi einig om at eg ikkje kom nedover til dagen. Eg hadde ikkje lagt heilt frå meg dette at kanskje eg kunne finne nokon til å passe boffen. No kan eg leggje frå meg den tanken. Og eg kan ta ein tur ned til Oslo når systera mi, som leier nedunder, er attende. Vi passar hundane åt kvarandre når vi kan.

Så frå neste helg er eg fri til å finne på noko for min eigen del, for da eg jentene klare for sine liv og skulegong. Da kan eg sjå på mitt gjennom rosa glas.

Akkurat i skrivande stund har eg nett fylgt yngst ned til bussen. Eg må nok berre finna meg i å dele samværet med dei mellom alle venene og faren. Slik er det og slik ska det væra.

Så no har eg nokre dagar i eige selskap. Eg trur eg skal ta kontakt med ei venninne, eg skal ta turen framom foreldra mine og kanskje ta dei med på ein tur, eg skal pusle med ting heime, eg skal ta meg tur i skogen, eg skal leva på mine premissar.

Eg koser meg skikkeleg og har det så fint i seinsommarferien min.


Ludvig, Lucas, Cleo og Miranda i avslappa sommarleg sameksistens.

Dagen der på og slikt

Etter ein dag med sol har sola gøymt seg attom dei grå massane. Og eg sit her min kvite stol og er mest borte etter turen med kassane. For eg er har ferie og er klar……..

 

Kva eg klar til?

Nei, nei, ikkje slik……

Eg er klar som i sliten. For eg synest det er fantastisk godt og sitte her. I stolen, Sjølv om data’n øver opp tolmodet mitt, for nokre bokstavar må eg slå ekstra hardt på for å få. Og space-tasten må eg treffe midt på, om ikkje vert alle orda drege saman til eit laaaangt uforståeleg ord som eg må rydda opp i. Når ein skriv med slikt må tolmodet fram.

Men i går altså, da tok vi turen over bruene og med ferga og med tilhengar. Etter ein god frukost. Der vi laga oss juice og laga omelett med urter frå hagen. Slik at vi måtte ta bilete fordi vi syntest det såg så godt ut. Og det var så klart det.

Så no har yngste flytta inn og fått sett på plass hos seg. Ho prøvebur i helga. Fekk melding i går kveld om at det vart så koseleg. Ho hadde vennetreff og dei var bokstaveleg talt hoppande glad for å sjå kvarandre. Dei hoppa rundt på gata da dei møttes. Slik er det og væra 18 år.

Og eg sit her i dag. Og er klar. Heilt klar til å gjera ingenting. Litt slik i ingenmannsland, litt småbekymra, litt svolten og tenkjer eg må ta tak. Eg har dagen der på. Det har gått i hektisk tempo frå eg sa ferie på torsdag. I dag har eg første dagen på lang tid utan plan.

Så først vil eg slappe av. I stolen min, som er kvit. Kanskje eg skal skifte over til det grå trekket. Det er finare.

FERIE

 

Endeleg, endeleg…..eg vil dra på eventyr, eg vil ha ro, eg har ferie. Eg er fri……… Endeleg er ferien her.

 

I går var lista lang. I går ettermiddag var den ikkje ein gong halvert. I dag gjekk eg på…..med……. dødsforakt, og i kveldinga gula eg ut siste punktet. Det var at eg la inn svar på e-postadressene mine at eg ikkje var attende før 31. august kl. 9.

Korleis trur du det føltes???

Eg boksa i glede ut i tomme lufta, og så gjekk eg inn på butikken og kjøpte feriekos for kvelden. Begge jentene var komne heim, yngste med ny seng. Den hadde mellomlanda her til vi får dra den med vidare på laurdag.

“Smågodt” sa mellomste.

“Salsa” sa yngste.

Og slik vart det. Mor sjølv sa “eggelikør”.

Eg skal steike Pavlova og sylte ingefær i kveld. Til i morgon.

Men først er det kos på søtt og salt på høgt plan.

 Dagen starta med at da eg køyrde heimafrå oppdaga eg at det var set ut plastsekkar så eg skjøna det var plasttømming. Eg snudde bilen og henta mine to sekkar. Da eg kom attende sette eg sekkane inn i et skur. Framme i vegen kom ein bil med blinkljos. Eg rakk å starta så vidt, da såg eg det var søppelbilen som kom for å henta plasten. Så der må eg seia eg hadde marginane på mi side.

Da eg rydda opp på pulten min ved enden av dagen vart eg vars eit papir under skriveunderlaget. Eg tok det fram og fikk sjå at inni papiret låg kvitteringa på eit utlegg eg hadde hatt i mars. Gjett om vart glad for å få dei pengane attende.

Bra start får ein seia.

Så no skal eg flagra med tærne, kasta på håret, blinka mot verda og flørte med fridomen fire veker til ende.

Doble gleda

 

Dagen er ved slutten, akkurat denne er det…..for nye står og venter fint oppstilt. Som perler på ei snor. Snart kjem første ferie perla.

 

Det er 29. juli og eg har vore å henta ved. Det er koseleg med flammar i omnen her eg sit og et ein middag, sjølvkomponert med glasnudlar og kjøttdeig…….ikkje heilt treff, men ok. I går orka eg ikkje laga meg middag. Det var i går og slike dagar har eg ikkje så mange av.

I dag kan eg konstatere at ferien ikkje startar i dag men i morgon – i morgon ettermiddag. Det gler eg meg til.

 

Da eg sto opp i dag hadde eg lyst til å stressa, men så bestemte eg meg at akkurat det ville eg ikkje. Kom eg ein halv time seinare enn tenkt gjekk verda ikkje under. Eg hadde ingen avtale. Det gjorde godt for eit hovud og ein kropp med vonde strammingar. Berre gå roleg og tenkje ein tanke i gongen. Køyre fint mest under fartsgrensa og høyre lydbok. Vera til stades akkurat der eg var. Eg har klart denne øvinga i heile dag.

Dei første dagane av ferien min er det lagt planer for.


 

Fredag er det feiring av mor, ho fyller 83 år. Har lova og laga ei Pavlova med mykje frukt oppå. Trur eg skal sylte ingefær også, for det gjev eit så godt sting.


Laurdag køyrer vi alle kassane til Kristiansund, kassane til henne som skal flytte dit igjen.

Så har det passa og tatt desse dagane på setra …. men kanskje for få dagar til disposisjon akkurat no…… ?!

Torsdag i neste veke reiser jentene og faren ned til Oslo for å feira eldsmann sine 24 år. Eigentleg skulle eg nedover og, men eg har ingen til å passe boffen. Akkurat det er litt trist og ikkje vera med å feire han som kom for 24 år sidan…..men kan ein ikkje så kan ein ikkje.

Eg må nok få sjekka bilen, for eg likar ikkje lydane heilt. Så skal eg på lengre tur bør eg nok det.

Elles har eg myke eg kan gjera, eine husveggen må målast, grase skulle vore teke og det er myke meir eg kan gjera ute. Og nokre turar i nærmiljøet må eg få til.

Enno har eg nokre planar til som ikkje er tidfesta enno. Eg sit her no med ein kjempe god kjensle av at alt ligg framom meg.

Eg nyt det. Ha alt framom. Ein må prøva å nyta alt dobbelt – når det skjer, men også medan ein gler seg til at det skal skje.