FERIE!!!!!

Så er eg der. Ved ferien min. Eg kunne låsa å gå og sjå fram mot fire veker fri. 

 

Da er det ikkje feil at sola skin når eg har låst kontordøra attom meg. Akkurat no er eg heilt fortumla etter eg har gått igjennom papirbunkar så høge som tårn.

Lukkekjensla da eg gjekk ut var mest til å ta på, som noko fysisk. Skulle eg gå innom butikken å kjøpa meg frå sans og samling tenkte eg. Men fann ut alt var fullgodt fantastisk utan. Og så kunne eg unna meg eit glas likør, tenkte eg.

I første omgang skal eg ikkje noko….eller, noko skal eg nok. I morgon fyller eldstemann 27 år.

Himmel!

Så eg har planer med døtrene.

Men eg vil prøve å kjede meg litt, slik at tida går sakte. Og så skal eg kanskje fiska, gå tur, fjelltur og ikkje minst overnatting på fjellet.

På setra.

For eg skal så lite og så mykje. Og ikkje minst, eg skal kosa meg så tærne slår krøll.

Endeleg er det sommarferie!!!!

Slike dagar som gudane skjenker

 

 

For slike dagar har det vore. Det har vore dei vanlege gode dagane. Og dei som ikkje var så god.

 

I dag var ferien over. Første dagen må ein venna seg på.

Kopla . For eg har kopla skikkeleg ut. Hovudet mitt tok heilt ferie.

 

Dei har gått fort desse vekene. Eg ramla også ut frå bloggen for ei og ei halv veke sidan omtrentleg.

Men desse vekene har det vore nokre vakre himlar.

Eg har fått meg eit par fødselsdagar.

Ein tur til Trondheim igjen. Der var det og vakker kveldshimmel.

Handla på Ikea har eg gjort. Fått saman både skohylla og ei hylle eg har tenkt eg skulle kjøpa på badet da eg pussa opp for maaange år sidan.

Kjende meg flink da. Over å skru og væra handy.

Dørmatter og talgljos.

Fekk også kjøpt spade for å bruka i kattesanden og eit redskap til å ta vekk flokar i floka dyrehår. Dette ikkje hos dei blå og gule.

På laurdag skulle eg ingenting, fann ut at eg kunne brenna opp emballasjen i bålpanna.

Sendte denne snappen til ungane.

Tenkte eg kunne brenne opp meir når eg først var i gong. Så fann ut eg kunne tappa vatn i bålkjelen likevel, sjøl om ungane var over fjell og blåne.

Røyk er artig.

Den enda med både kaffi og vaflar. Massiv kos. For fann ut at eg kunne gjera nytt forsøk med vaffeljernet etter eit mislykka forsøk tidlegare i sommar. Gjekk litt bedte, utan at vaflane vart ein fryd for auga. Smaka villt og godt…..med rusk på.

Og etter ei god økt med plenklipping var det godt og berre sette seg ned å sjå sola gjekk ned.

Både søndag og i dag har vore nydlege dagar. Haustdagar med sommarklær.

Slike dagar som gudane sender over oss i vakre augenblink som er ein tanke evige.

 

 

Halvveges i ferien

To veker over. To veker att. Av ferien.

Korleis har eg feriert dei siste åra?

 

Dette er den raraste ferien på lang tid, kanskje nokon gong. Eg trur året 2013 var prega av at mykje skjedde på ein krevjande måte. Så det året var ikkje dei store sprella. Året før var eg på Kreta.

Året etter tok eg med meg yngste på tur for å møte mellomste som hadde vore ute og reist på eiga hand i tre månader.  

Eg var mykje redd for henne. I tillegg hadde heile ettervinteren vore prega av vasslekkasje og renovering.

Turen gjekk til Los Angeles. Der jenta dukka opp etter ei spanande ventetid. Ho hadde feilrekna tida, og i og med ho hadde vorte fråstole telefonen halvveges på turen var det ikkje berre å ringe. Men ho kom.

Vi fekk nokre fine dagar. Der vi bevega oss rundt. Budde fleire dagar ved Venedig Beach.

Opplevde 4.juli.

Åt sushi Down Town og vitja Hollywood.

Turen gjekk attende til Noreg med mellomste på eit fly eit par timar framom oss. Plutseleg starta tårene å spruta. Nok ein reaksjon på lang tids spenning. Og å ha alle tre ungane rundt seg attende på norsk jord var frykteleg godt.

Året 2015 vart det norsk ferie og Vestlandet. Svært artig og oppleve ein landsdel eg ikkje hadde vitja før. Ferien er prega av å være forelska. Noko som var skikkeleg herleg. Sjølv om det ikkje gjekk vegen.

I fjor ferierte eg i Oslo. Og sjølv om eg var nokså prega fysisk av at noko ikkje var bra, så greidde eg å bevega meg rundt mykje, mykje meir enn kva eg hadde trudd.

I år må eg berre ta tida med ro. Og det er nok lurt, om enn litt kjedeleg. Eg får ta det att. Men eg kjenner det er godt å ikkje ha nokon andre krav enn å kjenne kroppen min sin reaksjon av det eg sprøyter inn i den.

I kveld skal eg ta mitt tredje stikk.

 

 

Opp på tur

 

Heilt ille er ingenting. Og ein liten tur vart det denne sommaren også. Ein liten og riktig så fin tur der eg aldri har vore før.

 

Vi har snakka om det nokre gong at eg skulle kome bort på hytta som eine søstera og mannen nettopp har kjøpt. Nettopp og nettopp….det viste seg at det var ni år sidan. 

Kva er det eigentleg med tida…?

Det tok meg tre timar å køyra dit, så langt var det ikkje. Og eg er svært glad i køyring med lydbok på. Men det er slik at nokre gong passar ting ikkje. Men denne gongen passa det svært bra og dra oppover.

 

Riktig fin var den og riktig fint var det der den låg. Mellom to strender. Utan innlagt vatn og straum. Som i ein grøn tunnel. Rundt omkring var strigla hytter med all komfort. Der ein tek med seg livet ein lever dagleg. Berre å skru på ein brytar-.

Denne var ei lita perle utan alt dette. Ein stad til å kvila ut i.

Eg kosa meg frå først stund.

Søster mi er glad å leika med fargar.

Mannen er glad i ting han finn.

Til saman var hytta ein liten oase av små raritetar og idyll.

Her låg eg.

Det var ikkje slik strålande sol, men ein del sol og herleg temperatur.

Vi held til ein del på den eine stranda. Eine dagen var det både frukost og lunsj her.

Her er det bilete frå ei vandring i nærområdet.

Mykje spesiell berg- og steinartar.

Dette er visst nok minne etter krigens dagar. Trebrua utover valgte vi å væra uprøvd. Den såg ikkje trygg ut.

Det å gå seg bort i fotografering er så godt.

Men eg må seia at det var riktig godt få med seg desse dagane, sjå og oppleva nye ting.

Kva er viktigaste med ferie for deg?

 

Nedtur

 

I ferien skal ein finne på mange morosame ting å sjå attende på tenkjer eg.

Men så må eg revurdera og akseptera, noko som ikkje er like enkelt.

For det første er ferien min sein. Men det har den vore begge dei siste to åra.

Ho som kan passe hunden om eg skal bort, reiser sjølv snart bort. Eg har ein nokså stor restskatt som eg har bestemt meg for å ta på strak arm.

Så berre dette forkludrar det å finne på så store sprell.

 

Men eg har nærområdet og eg har mykje eg kan finna på i heimen har eg tenkt.

Det er berre det at eg har ein faktor til. Eg har nettopp starta med medisinering som eg skreiv om her. Den var greitt og starta med i ferien, slik at eg kunne ha ro i rundt korleis kroppen min reagerte.

Etter første injeksjon gjekk det heilt fantastisk. Berre småkvalm, men alle vondter forsvann. Opplevde meg dansande ved kjøkkenbenken etter musikk. Det var lenge sidan det.

Og energien helt seg fram til eit par dagar før neste innsett. Ein fantastisk oppleving av å kunne gjera og fungera.

Var spent på måndagskvelden. Tok det mot natta, slika eg kunne sova meg bort frå kvalmen og svimmelheita eg opplevde sist gong. Håpa på ein ny fin opptur.

Men denne gongen vart det ikkje slik. Planane om plenklipping i går forsvann i frostrier og søvn. I natt har eg sove i mest 10 timar. Eg er ikkje i form denne gongen.

Så slik sett er det bra eg ikkje skal mykje og mest ikkje noko i denne ferien. Bra eg ikkje har nokon planer, eller at eg la vekk dei eg hadde.

Det er ørlite grann stussleg.

Men fornufta mi ser det ikkje kan være på nokon annan måte denne gongen.

Så eg får berre nyta dei forskjellege himlane frå min eigen terrasse.

Valsøya og fortid

 

I dag har bilen vore mil-slukar, ein tur ut på hjul med den glade gjengen ein har.

 

Etter ei svært roleg helg med bøttevis meg regn, var det dagen for litt meir aktivitet. Eg hadde lova foreldra mine nokre turar gjennom ferien min.

I dag var det ein dagen for tur, kaldt i lufta – men med flekkar av sol. Ein heilt ideell dag for biltur.

Vegen gjekk til ein nabokommune, men for å koma dit måtte vi både inn og ut over fylkesgrenser. Målet var Valsøya i Halsa kommune. Der har dei ein restaurant vi har vore på nokre gong før, og som har god mat. Staden heter Valsøytunet. Verdt ei vitjing vil eg påstå.

Vi vart einige om å køyra oss ein lengre tur etter maten.

Mormor mi hadde ei syster som vart buande med familie ikkje så langt unna. Så vi køyrde framom der og forsette bilturen i ein fantastisk idyll. I og med at vegane var fryktleg smale, vart det ikkje teke bilete under køyreturen.

Men vil dela nokre bilete frå der tanta til mor budde, der mor var på vitjing mang ein gong i barndom og ungdom.

Tanta til mor, syster til mormor mi, er borte for rundt eit kvart hundreår sidan. Eg trur neste generasjon omtrentleg er det også. Dagens eigar pussar opp. Det som ein gong var ein stad for livsgrunnlag er i dag for feriar. Etter dagens standard.

Men eg deler litt av den gamle tida.

 

Utskjeringane over inngangspartiet.

Eit gamalt fjøs som skogen mest gøymer.

Dette biletet synes eg vart litt hemmeleg. Det gamle huset, det gamle treet og det kvite håret som vitnar om alderdom.

Både mor og far kosa seg skikkeleg, slik menneske gjer når dei ikkje er så mobile som dei ein gong var.

Det gamle rosentreet, som lukta som roser skal.

Og så den fantastiske utsikta.

 

Heime igjen. Også med fin utsikt til fjorden som min heim står ved.

Da kan natta få koma.

 

Vil tru dagen din også har vore fin -.

 

Danse med katt

Fritid, eva, reiser, impuls, eventyr

…… F-E-R-I-E!!!!!! Jaaaaa!

 

Da er den i gong. Med min ferie på tampen av sommaren. Heile fire veker.

Det kjennes som ei eve.

Det regna da eg kom heim. Men kva hadde det å seia?

I glede tok eg meg ein dans med sjefskatta.

Men å sette seg ned på terrassen var for vått og rått.

Eg såg utover og drøymde om ting eg kunne gjera. Heime.

 

Dagen fekk nokre arbeidstimar; på museum og innom kontoret.

 

No til slutt har eg henta yngste i sentrum. Ho var med både på eit oppdrag og fekk treft venner og falt av rullebrettet sitt. Mellomste som hadde feira bryllaup i Oslo, hadde ikkje kome seg heim. Problem med mobil og mista bankkort. Og i morgon fyller min eldste 26 år.

Ein er i verda om ein har ferie. Og ute står seks korger bringebær som eg henta no. Det blir vel bringebærsyltetøy.

Trur eg.

Men no skal eg ta meg av mi slitne, småskadde. Finne fram mat.

 

Og så spekulerer eg på om eg greier å skriva blogg kvardag i ferien.

God natt, både frå meg og mi dansande katt!

 

 

 

Siste juni

 

Ein sommarmånad er oppbruka, men enno er det to att.

 

Dagen i dag er vakker. Trur den finaste hittil i sommar. Så varm at skygga er god å væra i halv ti på morgonen i singlet og shorts. Det er siste feriedagen min i denne omgong.

Denne ferieveka mi har vore ei uroleg veke. Men det å kunne gå ut glasdørene frå eit helseføretak i går, ferdig med ein skikkeleg ubehageleg undersøking, kunne atter eta og vite at alt var bra. DET var godt!

 

Eg hadde ein draum om ei roleg veke, der eg hadde meg i fokus. Der Fitbit klokka mi fekk vera mi leiarstjerne. Den dirrar på handa mi; gå 120 steg seier den, opp og hopp osv. Den melder når eg er for inaktiv.


 

Men slik vart det ikkje.

 

Og noko køyring  vert det nok i dag også. Yngste er heime, ho har fått mange småjobbar her og der, så da blir det køyring på ho mor. Eg synest det er viktig ho har sommarjobb. Så er det foreldra mine, dei må i butikk. Men kanskje nokon andre køyrer dei i dag.

 

Men sola skin frå knallblå himmel. Det er sommar. Det er siste juni. Og livet er herleg.


Ønsker deg en riktig fin dag.

 

 

 

Siste juni

 

Ein sommarmånad er oppbruka, men enno er det to att.

 

Dagen i dag er vakker. Trur den finaste hittil i sommar. Så varm at skygga er god å væra i halv ti på morgonen i singlet og shorts. Det er siste feriedagen min i denne omgong.

Denne ferieveka mi har vore ei uroleg veke. Men det å kunne gå ut glasdørene frå eit helseføretak i går, ferdig med ein skikkeleg ubehageleg undersøking, kunne atter eta og vite at alt var bra. DET var godt!

 

Eg hadde ein draum om ei roleg veke, der eg hadde meg i fokus. Der Fitbit klokka mi fekk vera mi leiarstjerne. Den dirrar på handa mi; gå 120 steg seier den, opp og hopp osv. Den melder når eg er for inaktiv.


 

Men slik vart det ikkje.

 

Og noko køyring  vert det nok i dag også. Yngste er heime, ho har fått mange småjobbar her og der, så da blir det køyring på ho mor. Eg synest det er viktig ho har sommarjobb. Så er det foreldra mine, dei må i butikk. Men kanskje nokon andre køyrer dei i dag.

 

Men sola skin frå knallblå himmel. Det er sommar. Det er siste juni. Og livet er herleg.


Ønsker deg en riktig fin dag.

 

 

 

Tarmar, ferie og langt gras

 

Sola skein på oss i dag. Varmt i sola med knallblå nordavindsjø. Likevel leika solglitre på båretoppane.

 

I kveld sit eg her med raudt ansikt og andre raude område på kroppen. Ikkje visste eg at sola tok så godt den stunda eg sat ute på terrassen og ikkje sola meg.

 

Eg har hatt nokre travle dagar med å gjera i stand til sommaropning på museet. I tillegg startar eg med ferie, så det var nokså mykje koordinering føråt for å få dette til. Berre ei veke ferie i denne omgong, resten tek eg seinare.

 

Da ferien starta var eg rimeleg ute av fokus.

 

Fokuset er ein gjengongar. Eller manko av det.

Eg fortalte om den delte plenklipparen. Men graset er for langt til å bruka ei slik innretning.

Likevel, kva er det eg ikkje har……

I går vart det innkjøpt riktig blanding av olje og bensin, for eg trudde kanskje det kunne være litt lite igjen. Eg måtte så klart ta i bruk kantkipparen.

Akkurat ja, men kvar var denne kantklipparen…..?

 

Her har det vore leiteaksjonar, opp til fleire gong på dei same områda.

Og når bruka eg den sist?

Var det i fjor eller året før?

 

Skal ikkje seia meir om å ha fokus, men eg har nok alt for mykje plass og alt for dårleg husk.

 

Så her sit eg og drikk……

 

Nei, nei, eg har ikkje slått meg på flaska.

Så ille er det likevel ikkje.

Men eg skal drikka nokså mange liter blank veske i dei næraste timane no. Eg kunne drikka te, kaffi, buljong, mineralvatn og vatn, men det sto ikkje noko om at det kunne være alkohol i dei blanke veskene eg måtte få i meg.

I morgon skal eg få eit heilt “filmteam” på vitjing i unevelege delar.

 

Noko må ein vel finna på i ferien.

 

Så dei neste timane må eg være i nærleiken av toalett. Noko som vil verta utfordrande fordi eg ikkje har innlagt slikt i bilen min, men ein skal ikkje problematisere.

Og så tenkjer eg på i morgonkveld, viss på at eg overlever. Da kan eg atter eta normalt og så kan eg kryssa av på lista av kva som ikkje feilar meg.

 

Eigentleg vonar eg dei finn ein liten slange, slik som på bilen da den starta å få problem i motbakkane, som berre måtte festast og så gjekk bilen som eit olja lyn.

Når den vesle slangen er festa slår fokuset til, eg kan spretta og hoppe som ei kvige om våren og eg blir tynn som ein sytråd.

Det blir noko det!