Universelt

Musikk er eit språk. Eit viktig språk som ligg tett opp til følelsane.

 


Mi mellomste har hjarta sitt i musikken. Det å synga, spele og få dele musikken ho lagar gje henne mykje. Energi seier ho, og latter, glede, men også speglar den sorg. Musikken har ein evne til å foreine folk på tvers av alder, nasjonalitet og språk seier ho vidare.

Ho har sendt inn ein av songane som ho skreiv da ho var på Jomfruland for nokre år sidan. Ved vasskanten dukka denne songen opp. Ho har sendt den inn til ein konkurranse som TV2 arrangerer, dei som får mest framsyningar går vidare i konkurransen.

 

Om du klikker deg på biletet under får ho ei framsyning  til (tek nokre sekund):

 

Her er same songen framført på ein konsert da ho budde og gjekk på folkehøgskole i Seljord. Det er eit mobilopptak frå opptreden. Eg er så glad i dette mobilopptaket. .

Opptak frå Seljord.

 

 

Håper du likte opptaka og at det gjekk greitt å få dei opp..

 

 

Ha ein riktig fin søndag, morsdag, valentinsdag og dag med musikk du er glad i.

 

 

Kva ventar du på?

Eg sat der i bilen og plutseleg fossa tårane opp i augo……. Songen vart synonymt med det eg var i gjennom.

 

Vi var på tur til byen med barna. Dei gledde seg for vi skulle i bassenget. Til Pirbadet i Trondheim. Ein heil dag med leik og moro. Dagen før hadde dei fått vite noko av det verste du kan fortelje barna dine. At vi som foreldre skulle gå frå kvarandre.

Turen inn til byen var eit stakkarsleg “plaster”.

På bilradioen dukka Gwen Stefani med “What You Waitng For?”

………….ja, kva var det eg venta på………….no var eg der.

 

Da mellomste var født tenkte eg at no hadde eg to, ei jente og ein gut. For tanken på å gå var komen. To barn var dobbelt så mange som ein. Det kravde ein på ein annan måte.

Men frå tanke til handling er eit stykke.

Berre nokre rykk i lenka.

Så kom sommaren da eg trudde eg måtte vera skikkeleg sjuk, så kvalm og elendig. Det viste seg eg var gravid sjølv om eg hadde prevensjon. Jenta var meir enn velkoma.

Tre tenkte eg, kan eg venta meg meir enn tre friske barn.

Kanskje eg skal gå no?

Men det sat djupt inne at barna skulle verta skilsmissebarn. Eg prøvde å forandra han som var far, for eg visste litt for lite om slikt. At det å forsøkje forandra nokon ikkje er så klokt…vi er dei vi er.

Vi flytta, fekk nokre år i felles arbeid om hus og hage.

Ekteskapsrådgjevar var forsøkt, han avslutta ei rad med møter med

“at no er det for varmt å sitje inne på eit kontor”.

Det einaste som sat att var da han sa at nokre gong er folk alt forskjelleg gjenga.

 

Så etter femten år i ekteskapet var det ikkje meir å venta på, lenkene var for slitt.

Der i bilen på tur inn til Trondheim var ei tid slutt og ei ny tid sto klar.

Songen vil alltid minne om denne hudlause perioden der eg endeleg torde noko ein hadde trudd ein ikkje ville klara.

– Stå i leine.

 

 

 

Noko av det eg likar


Når orda forsvinn er musikken god og ha. Gå inn i den på tvers og på langs.

 

I dag har eg snakka opp orda. Eg åt dei opp med hud og hår. Etterpå vart det så tomt at eg sovna. Godt hjelpt av ei for kort natt sist.

Eg chatta med yngste etterpå. Ho var og trøtt. – Etter ein prøve med for mange årstal.

“Eg legg meg tidleg i staden for å sova no” sa den fornuftige jenta.

Mora til denne jenta sovna i stolen etter ein lang tur ut i naturen og besøk i dag. Sov som det var den herlegaste seng ho låg i. Sov slik at augo mest ikkje greidde opnast.

Sov som i desperasjon.

Heilt ør.

Som i eit slags vakuum. – Fram til praten med ho som er ung.

Kanskje trøtt av livet, døden og kjærleiken -, som var tittelen på eit musikkprogram eg kom over ein gong på nittitallet…….eller var alkohol med i tittelen også.

Eg hugsar ikkje.

Lars Demian heite artisten og var svensk. Eg gjekk på leit etter musikk av han etterpå, for eg vart frelst, men fann ingenting. Eg vart fortalt om ei musikkforretning som selde svensk musikk. Dette var i Trondheim, eg budde der da. Og fekk nok ein aning hakeslepp da eg kom dit og oppdaga at det berre var danseband musikk som ble seld der. Eg har ikkje anlegg for å like den type musikk, og får eigentleg allergiske reaksjonar.

Her er Lars Demian i herleg samspel med David Tallroth.

Eg har nok en greie for svensk musikk. For nokre år sidan fann eg Den Svenske Björnstammen og vart heilt lykkeleg ……….når eg høyrde Svalkar vinden letta eg mest frå bakken.
 
EsKHlSmv2q8


Men eg har nok sansen for det rølpete. Screamin Jay Hawkins med Put a Spell on You er nok av det mest rølpete trur eg.
PwXai-sgM-s


Eg liker all slags musikk sa eg i ein samtale. Liker du den og den fekk eg spørsmål attende om……. så eg skjøna at eg lika mest all slags musikk.

 

Har du høyrd om nokon av desse artistane?

Og i så fall likar du musikken dei har?