Vintervegane

 

Vala ligg alltid framom. Det å ikkje vela er også eit val. Nokre val har for høg pris. Alt for høg pris. Dei vert for store…….

 


Ytterdøra var ikkje låst, men elles var det berre ljoset i gongen som sto på. Huset sov og ho kjende at ho var trøyt. Turen heim var krevjande. Det hadde vore holke mest heile vegen. Da ho skulle køyra inn porten ville ikkje bilen lystra, den sklei forbi sjølv om ho svinga.

Både turen dit og attende hadde vore ei utfordring, men no var ho endeleg heime. Klokka hadde passert midnatt med ein halv time. Ho hadde sagt at ho sikkert var heime i ti tida. Det var møte i bygdekvinnelaget og møtet var i ei lita fjellbygd med bratte og krunglete vegar. Ho pust letta ut over å kunne låse døra attom seg, og at turen hadde gått bra.

 

Ho fekk ordna seg og kome seg i seng. I senga låg ektemannen og prusta og sov. Ho la seg attom ryggen. Han hadde godt sovehjarta og hadde vist ikkje noko bekymring for henne som var ute. Ikkje hadde han ringt for å sjekke korleis det gjekk med henne på glatta før han la seg. Og ikkje tok holka frå han nattesøvnen.

Ho kjende på det gamle sinnet. Kunne han bry seg så lite om mor til barna sine?

Ho huska da ho gjekk gravid med førstemann og det var vinter, holke da også. Han hadde ikkje brydd seg om å strø oppkjørselen, fordi han hadde ingen problem med å gå stykket. Ho hadde eit bekken som vart så vanskeleg, derfor torde ho ikkje utfordra skjebnen med isete vegar.

Like før ho sovna kom ein av dei vondaste episodane opp, ho var gravid da også, med sistemann. Det var vinter og slaps. Ho skulle møte nokre vener og var seint ute. I ein oppoverbakke med to felt mista ho kontrollen. Bilen fauk att og fram over kjørefelta før den slang inni autovernet. Det kom bilar til og ho fekk låna ein telefon. Hovudet var heilt utkopla, men ho fekk ringt mannen.

“Dette får du ordna opp i sjølv” sa han tvert og la på.

Der sto ho i desemberkvelden og venta på bergingsbilen og det kjentes hardt å møta så lite omsorg og ikkje vite korleis det hadde gått med barnet i magen……..

Sjåføren på bergingsbilen var så snill og køyrde ho til sjukehuset slik at ho vart sjekka.

Blødde ho?

Alt såg bra ut, men ho gjekk inn i ein sjokkreaksjon der ho både skalv og gråt. Legen viste heller ingen forståing og sendte henne på dør. Ho tenkte at ho skulle greie å koma seg heim, men buss skulle ho sleppa å ta i kveld, sjølv om det hadde passa økonomien best. Så ho bestilte seg taxi.

I to veker etter denne hendinga var manne regelrett sur. Sur over bilen som var øydelagt. Både barnet og ho hadde overlevd, men det betydde visst ikkje noko.

 

Ho kjente pusten i øyre, varm og intens. Ho kjende armane som følte seg fram. Ho kjende lysten og lidenskapen.

I sveitte og solflimmer såg ho opp. På denne manne ho elska så høgt, så heit og sterkt. Mannen i hennar liv. Det flimra i mange fargar så sterkt var alt før det vart mørk og ho vakna brått til. Ramla ut av den sterke draumen, ho kjende på gråten.

Ho heldt den eine handa opp framom seg. Ho såg på dei blå årene og den skrukka huda på handa som tilhøyrde henne. Eit så tydeleg teikn på åra som hadde gått, åtti år hadde livet vart. Ho høyrde snorkinga ved sidan av seg. Der låg han, han som tenkte mest på seg sjølv og som ho ikkje hadde greidd å legga attom seg på livsvegen. Og den lidenskapen ho nett hadde drøymt om var berre ein drøym……… Ho kjende dette sterke sinnet og den store sorga som hadde vokse seg enorm, den bitre følelsen mot han – men også mot seg sjølv.

Det at ho aldri hadde turt og sette seg fri, gje han fri……..

Det er ikkje godt å føle hat mot eit anna menneske.

Men det var ho sjølv som hadde teke frå seg gleda med å tru at ho ikkje klarte å leve livet sitt i leine.

Det skok i gjennom henne, og det var som ei stor bølgje kom og kasta ho utfor eit stup.

 

Ho vakna ør og klam, sengekleda var heilt i uorden. Lakanet var reve halvveges av. Det var ei gråljosning i rommet. Han ved sida av henne hadde stått opp og var nok reist på arbeid. Ho måtte også stå opp. Få ungane på skolen. Drøymen sat i henne som eit søkk. Både første og siste del.

 

Da alt hadde roa seg etter morgonrituala. Da ho hadde fått alle dit dei skulle og igjen var i leine med seg sjølv tok ho fram telefonkatalogen og brosjyrane ho hadde teke med seg sist ho var på legekontoret. Den eine sto det om skilsmisse i.

Endeleg løfta ho røret for å slå eit  nummer. Etter ti år klarte ho å gjera noko. Starta eit arbeid for å finne ut og gjere det ho måtte……

Ho var berre noko og førti enno, og ho ville ikkje bli den der åtti år gamle dama som aldri hadde turt å leva i samsvar med seg sjølv. Det skulle aldri skje.

Orda

Orda ber si eiga vekt. Av tyngde. Dei lette orda. Limet og det som riv sundt. Det som løftar opp til uana høgder, det som fører til å tru og ikkje tru…….

 

“Eg elskar deg” sa han og ho vart sett heilt ut. Han sa det ikkje andlet til andlet. Det kom på telefonen, det kom som ei melding. Ho la telefonen frå seg, paff, puffa han liksom litt bort. Dette var for mykje og ho visste ikkje kva ho skulle svare. Ho tok seg ein runde rundt om i leilegheita. Kva skulle ho svare?

Ord. Orda har ei meining, dei har eit hierarki, ei gradering. Ho var strenge med desse orda. Ho passa på dei. Sa dei ikkje slik i hytt og vær. Orda hadde ein verdi som var viktig å balansere av til det dei skulle fargelegge, det dei skulle formidla, dei riktige, dei orda som passa.

Ho valte tida, den fekk gå, korleis skulle ho svara på dette?

 

Tidlegare hadde ho sagt mykje, gjeve mykje.

“Forelska” hadde ho sagt. “Bry seg om”. Dei hadde dekning. Dei hadde absolutt dekning.

Han hadde svart det same og føydd til “og kanskje meir”.

Og det var ikkje noko anna ho ville enn verta elska.

Kven vil ikkje bli det?

Elska?

Men orda var for store, skoa passa ikkje. Ikkje enno.

 

Men kanskje fram i tid. Det håpa ho, at fram i tid kunne slike ord bera vekta av seg sjølv. Inn i ei framtid ho visste for lite om. Ein gong litt lengre framme. Når dei hadde veksla enno fleire ord, når dei kjende kvarandre betre. Hadde kjent armane enno meir rundt kvarandre. Varmen. At det viste seg at det stemte, at det fortsette å stemme. At det som stemte no også stemte da. Avstemt og finstemt. At dette førte til vakker musikk. I framtida.

 

Det var slikt ein ikkje visst. Ikkje enno.

 

Ho såg bort på mobilen. Det kom ikkje fleire meldingar. Det var bra. Denne som kom blas ho litt over ende. Fekk ho til å spekulere på kva dette var. Dette vart for mykje. Ho kunne ikkje gje det same svaret attende. Skulle ho fortelje om respekt av orda, at det gjekk ikkje å seia noko slikt enno. Ho kunne ikkje vite, men tenk om…….tenk om det var slik han følte det……..

 

Ho tok opp mobilen, og så tasta ho inn “Så vakkert sagt”.