Når det ikkje går på skinner

Trur skinnegongane er røska opp. Men da får ein ta beina fatt. Og eit stykke kjem ein alltids. 

 

Eigentleg synest eg det er interessant. Kor «minimalistisk» kan ein gjera det, for å få riktig stemning utan å bli stressliten.

Ja, eg snakkar om jula. Og eg tenker mykje på korleis hjula skal gå i rundt, både bokstaveleg og i overført betydning.

Dagane er små og korte, energien min er som ein pust i sivet. Eg gomlar kortison utan flowkjensle. Men himmel, eg er da sjukemeldt – skjønnar det er riktig.

Det er berre at samtidig ramlar og dett støttespelaren bort.

Starta med eksen, i år vel han mora og søsken. Gjennom dei ca. 15 åra sidan bruddet, er det berre ein gong han ikkje feira saman ned oss.  Faktisk like lenge som ekteskapet varte. Det må så klart ta slutt, men litt overraska at det faktisk er litt vemodig. 

Barna kjem alle saman til siste helga før jula ringe inn, yngste fekk utset ein innlevering med resultat at ho kjem heim ei veke seinare enn plana.

Det siste på denne lista fekk eg vite i dag, komfyren til foreldra mine gjekk sund – så bakinga der fekk ein brå slutt. No har ikkje mor baka så mykje i det siste, men ho har brukt å tatt med tebriks til julefrokosten. Ho tek det forbausende bra.

Så…..

Men jentene får henta juletreet laurdagen, Det blir rett frå skogen og inn i stua.

Vesle juleaften tar vi med juletreet som foreldra mine skal ha, samtidig som vi hentar dei. Og både på middagen veslejulaften og julekvelden vert vi berre seks til bords. Faktisk omtrentleg tre mindre enn kva som har vore. Ein grei liten gjeng.

Så no må eg bake, handle og vaske planmessig, det er berre tida, vegen og kroppen i sakte driv fram mot jul.

Trur det vert koseleg i år også :).

 

Vandre inn i desember

Snøen har dryssa over naturen. Det er heilt etter tida og stemninga.

Sola sveipa over dei kvite toppane.

Dei unge hang ut fuglemat, før turen gjekk inn til sentrum i dag. For nokre timar jobb på meg, dei unge skulle innom besteforeldre. Hjelpe dei med nokre oppgåver, før dei kunne henta meg. 

 

I gårkveld kom dei unge, eg fekk henta dei samen med innkjøp av kattmat og kattsand. Det vart og handla inn mat til oss tobeinte også.

Føråt hadde eg kravla opp på mørkloftet og plukka ned adventskassen. Godt fornøgd med kva eg klarte fekk adventsstemninga spreia seg slik at den skulle være i hus til dei unge kom.

-Og om kvelde, etter middagen, kosa vi oss med julebrød med brunost på og drakk sjokolade med krem. Det passa godt.

Fekk også tent det første ljoset, nokre dagar seinare enn kva tradisjonen tilseier.

Og så hadde vi musikkonkurranse. Eg synest dei var flinke til å finne både artistane og tittel på låt. Det gjekk frå Marie Boine til Låpsley, Depeche Mode og Radiohead.

Ps! Skuvsenga er skikkeleg rotete etter eg drog utover uferdig handarbeid……..

 

Og dei firbeinte, dei var frå seg av glede over all kos som var dei til del.

 

Heilt til i morgonkveld kan vi glede oss over denne situasjonen.

Og ho som er mellomst, mimrar over barndom. Den deler ho med sin kjære, samtidig har ho innhausta sin første A etter ein av eksamane no før jul.

Så det er lutter glede for oss alle. Sjølv om eg må tru på bedring i den fysiske delen av meg sjølv, for den er eit krevjande stykke arbeid for tida.

Men noko klarar eg.

 

Er du frisk og rask i denne førjulstida?

 

GRATULERER <3

Året var 1993. Vi var inn i den andre dagen i desember. Da kom ho. 

 

Mi mellomste. Som ei tidleg julegave. Eg hugsar eg såg ned på den vesle jenta i armane mine med enormt glede. Det er 25 år sia i dag. Den vesle jenta har vorten stor.

Ho sprer glede og song. Vil så gjerne at alle i den store, vide verda skal ha det bra. Og så elskar ho ord. Men aller mest elskar ho kjæresten sin, som ho flytta saman med i haust. Dei har fått ein koseleg heim saman.

Vener og familie er også viktig for henne. Mennesker og dyr har ein stor plass i hjarta hennar. Og det å få uttrykka seg.

Slik sett er studieretninger riktig for henne, teater og kunne få bruke seg sjølv i uttrykket. Etter fleire år og ikkje vite kva for valgt ho skulle velge. Eg må seia den vesle utolmodige jenta mi har vist eit stort tolmod med å svinse mellom butikkhyller og gå inn for at kundane skal gå ut i bedre humør enn dei kom inn.

Det er andre gongen eg ikkje får væra samen med deg på dagen din. 

Første gongen var du på andre sida av jorda, på ei reise aleine. Heldigvis gjekk det bra, du mista berre mobilen på turen.

Men i morgon, i morgon møtest vi. Og eg gler meg til å kunne gje deg ein skikkeleg god klem.

Gratulerer med 25 år Asbjørg jenta mi. Mi fantastiske mellomste <3.

 

Ein spesiell dag

Den 7. august har vore spesiell i 27. år. Slik som fødselsdagane til ungane vert. 

Det var eldstemann som er det ein må kalla vaksen. Ein ung mann med meiningar, eigenskapar og livsveg utanom gjennomsnittet. Det kom ein delegasjon både nordfrå og frå sør.

Som møttes i ei grøn lunge med sommaren i lufta.

Vi åt, latteren satt lett. Og kvaksen var så hissig at nokon også knall; som i å hyla.

Mot slutten av selskapet sette han som fylte år, seg ved ved pianoet. Vi ville alle ha høyrt meir. Dei lange fingrane høver godt til tangentar.

Etterpå, etter nokon reiste nord og nokon sør, hadde eg ein ekstra passasjer i baksete. Det var ho her.

Ho har att litt over ei veke før studiane startar. Så vi to skal feira nokre dagar ferier saman.

Og han som fylte år skulle feira vidare i byen med kameratar. 

Om å dra langt bort

Før syntest eg det var trist når 17. mai var over. Slikt forandrar seg.

 

I dag har eg kura meg gjennom dagen. Av den enkle grunn at eg synest synd i meg sjølv. Har lyst til å væra trist liksom, enda sola skin. Riktignok kaldt.

Og kvifor eg synest synd i meg sjølv, utan grunn, er nok ei samansatt sak, har eg funne ut. Det starta i går. Det går også over – kanskje i morgon. Har sikkert noko med tid å gjera. Tid på fleire nivå.

I dag er det berre ti dagar til eg reiser. Reiser til varme, trening og berre fokus på meg sjølv. Skulle sikkert ha gledd meg. I staden tenkjer på alt eg skal vinna å få unna meg først. I dag, midt under feiring av dagen, måtte eg stikke bort på arbeid for å sjekke og sende noko.

Det hadde ingenting å seia. Det var ikkje det.

Men eg trur at det handlar om at eg, akkurat no, treng omsorg. Slik vanlegvis taklar eg det meste, er nokså sjølvgåande. Men akkurat no, akkurat no er eg melankolsk, vemodig og kanskje litt lei.

 

Men eg har feira dagen, og forresten; gratulerer med dagen som straks er over.

 

No skal eg snart leggje meg, gje meg eit C-vitaminsjokk først. Det renn som besett ut av nasen. Og så må eg opp til ein dag som eg ikkje kan ta fri i likevel. Som eg tenkte.

 

Det er ikkje berre, berre å reisa heimafrå i fire veker.

 

 

Attende til kvardagen

 

Så har denne påska fossa gjennom dagane. Minna og nokre bilete er att.

 

Og mat. Alltid er det mat att. Men no må eg attende til striskjorta og havrelefsa, eg må få ned magamålet.

 

I dag reiste jentene. Eg køyrde dei. På vegen attende stoppa eg og tok bilete av fjorden eg bor ved.

Mellomste ville spandera sjokolade på oss på Kafe koselig på Øra, før bussen gjekk.

Og det var så klart koseleg. Vi har alltid meir å snakka om. Det er alltid noko vi må tenkje over.

Før vi for, var det likestilling som vart drøfta. Kva er eigentleg det……er det at damer skal verta som menn…? Eller skal dei få lov til å ha dei eigenskapane som er naturleg…...dei føder, blør og føler kanskje meir, er meir sårbare. Ikkje alle, men mange. I dag som fødande skal ut same dagen dei har født. For det er økonomisk. Samtidig som dei skal kle seg i forsvarets klede i likestillingens namn.

 

I går hadde vi gjestar og lammelår. Eg valgte også forrett; blomkålsuppe. Desserten var appelsinris. Tida gjekk fort, eg både køyrde og henta foreldra mine. Og så var den dagen over.

Yngste i samme bukse som meg som16 åring.

 

Påskeaftan vart nokså kjasande. Plutseleg var dagen kome for langt, eg skulle handla, hente jentene og eg la også inn ei vitjing for å snakka om noko med nokon. Det vil eg gjerne vil fortelja om seinare, eit tv-program og ein reality serie. Og nei, eg skal verken væra med på jakta på kjærleiken eller noko slikt, det handlar ikkje om meg.

 

Jentene kom, vi skulle grilla ute. Det viste seg eg hadde kjøpt lite mat – men vi vart mette. Eg heldt på å setja fyr på meg sjølv. Da eg skulle skyve litt på panna, den er på hjul, falt det eine beinet saman og bålpanna vart hengande i berre to kjettingar medan det brann lystig.

Eg tok å løfta opp kjettingen, medan flammande sto høgt. Det slo meg at dette kanskje kunne væra ei aning farleg, så eg måtte tilkalla dei inne. Vurderte om eg skulle ropa hjelp…., men fann ut det vart for dramatisk. Så eg ropa namnet på den eine jenta og fekk hjelp med å setja på plass beinet og dermed henga kjettingen på plass.

Det viste seg at håret mitt var brent, augebryna og vippene.

Men vi fekk grilla, men kjærasten til midtarste hadde uttalt at han syntes det var mykje arbeid for ei pølse.

 

Bra påska er  over, slik at det ikkje rekk å skje fleire ulykker. I gårkveld fann eg ut at fallet torsdag nok likevel gjekk utover eit ribbein. Det grør, men må finna ut når eg kan gå i gang med hardare trening. Virke som eg ikkje får lov til å gå i gong med treninga mi. Vore eit eller anna sidan jula, mest det eine.

 

Så slik humpar og går tida i lange byks. Eg trur eg må attende til å setje opp timeplan, om eg skal ha sjanse til å lykkast med det eg har sett på programmet framover.

 

Men det er artig også.

 

 

Enda ei påske gjennom livet

 

Vi er i påskeveka, ei alldeles herleg påskeveke. Den er fantastisk nydeleg.

 

For eg nyt den. Eg nyt den med hud og hår, om vi kan seie det slik. Til og med påskepynten kom til rette, etter mest aldri vore på plass dei siste åra, etter flyttinga for ei årrekkje sidan utvikla det seg til det reine påskemysteriet.

Eg fann kassen der den skulle være. Til og med ein ordentleg kasse med lokk, materiale; plast, og ikkje ein ut-tafsa pappkasse.

Ein eller annan gong det siste året har eg vore organisert og etterretteleg.

 

Eg har hatt første måltid ute…….

…….med bein slengt rundt om i motivet……

……og dyr……

….og ei yngsteberta som fann ut at det var for lang tid å venta på heimen og dyra til laurdag – som var plana. Så ho kom heim. Lucas er ein stor teddybjørn som tek i mot all kos han får.

 

Vi var ute å leita etter kvistar og motiv.

Nokre opplevde seg reint så langbeint i kveldssola.

Og reker er aldri feil nokon gong.

Så reiste ho igjen da Skjertorsdag kom.

Men dagen kom med nye kaskadar av sol og vakker, blå himmel.

Eg kom meg ut. Ein kan ikkje bli sitjande fast når det ser slik ut.

Kattane kosa seg i varmen sola greidde å produsere i den kalde lufta (ikkje så lett å sjå dei kanskje…).

Og skaren bær dei som veg.

Berre knipsa og knipsa.

Men det viste seg å væra skummelt glatt. For best det var var eg i lufta før tyngdekreftene innhenta meg. Fortumla låg eg der i snøen og kjende etterdønningane av slaget.

Eg fekk meg opp, fekk teke enno nokre bilete.

Og eg trur det gjekk bra, berre muskulært, sjølv om eg fekk eit slag mot sida der eine nyra sit og eg vart litt redd smertene som oppsto etter kvart.

Plana var ein langtur i dag, så dette var frykteleg irriterande. No når eg har fått ein kropp eg kan bruka. Men eg  får berre helda meg litt i nærleiken av husa. Har så behov for å væra i aktivitet. Men kan det her også.

 

I gårkveld var vi fleire ute og åt. Det var riktig triveleg. I dag er eg utan planar med andre. Eg likar slike dagar også.

I morgon kjem jentene mine att.

 

Ei ny påske er på tur gjennom livet mitt. Nydeleg som få, heilt fantastisk!

 

 

Nytt på nytt

 

Plutseleg var det over, og noko nytt er på gong. Medan alt er ved sitt gamle.

 

Eg har lese mange innlegg på fb som startar med “det har vore oppturar og nedturar” og variantar over denne ordlyden -.

Sjølv datt eg ut av nettverdene da året gjekk mot slutten.

 

I dag tok eg fram datamaskina.

Den har ikkje forbetra seg i det nye året. Den er like vanskeleg å skriva på. Bør til å vurdera ei ny, skrivegleda vert øydelagt når tastane ikkje virke.

 

No har eg tent på talgljos og skal kosa meg her. Like før kvardagen.

Ute skin ein måne som er full.

Her har det vore jul. Jul slik den har vore dei siste åra. Med mat og folk. Logistikken med senger og soveplassar gjekk opp. Vi starta faktisk ein dag før, på veslejulaftan. Med lutefisk. Og maten har vore sentral.

Tru kroppen min reagerte negativt på jula. I alle fall fekk den eit tilbakefall. Så eg er spent på nyåret. På kor mykje mat har å seia. Eg forskar på meg sjølv.

 

Eg skulle prøve å tenkje over året som har gått. Oppdaga at ingenting utprega seg, anna enn at eg fekk denne diagnosen, smertene føråt og håpet og gleda etterpå, da alt roa seg.

Det var ingen store turar, reiser og hendingar som sit att. For slik kan det også vera.

 

For det nye året gle eg meg på salatar og frø. På fortsetjinga til mindre kropp. Sjølvsagt har jula ført meg noko attende, det var forventa ville skje. Eg kom meg ned 1/3 og har att 2/3 før eg er ved målet. Eg har sagt ja til opphalde på Tenerife. Ut på året skiftar eg tiår, det er ein rar tanke. Litt hysterisk morosamt, at eg har vorte så vaksen. Eg har sagt eg ynskjer meg konsert av og med barna.

Vi får sjå.

Til hausten er det 40 år sidan eg starta på det som kallast Staten kunst og håndverk skole. For ei stund attende kontakta eg dei eg starta saman med, om vi skulle møtast. Fekk positiv respons, men er usikker på kor mykje eg kan engasjera meg.

 

Det er ein ting eg har vorte mykjeflinkare til; eg stressar ikkje like mykje, eg har slutta og tøygd strikken, slik eg gjorde.

 

Livet folkens…..det er det som skjer heile tida. Ikkje det som har skjedd eller det som skal skje. Jau, det er det også…..men mest er det det som skjer akkurat no.

No!

Samle på dei fine dagane, og bruk dei negative dagane til noko som fører til noko positiv.

 

Godt nyttår!

 

 

Feiring

 

Ein dag ramla det inn ein ny gruppechat. Kjæresten til eldstemann hadde lyst til å overraske.

 

Ho bad oss saman på ein nyopna restaurant som serverte taco og kokken var frå Mexico; Taqueros Taco & Tequila. Kan absolutt anbefale den, den ligg i Mellomveien i Trondheim.

Han som fylte år hadde inga aning om dette. Så han vart både overraska og glad.

“Men kor kjem du i frå” spurte han meg.

Før det gjekk opp for han kva dette var.

Maten smaka. Nette, små porsjoner. Eg for min del vart fint mett.

Etterpå gjekk vi heim til dei. Eg har skrevet om Svartlamon før, ei verd for seg sjølv.

Det blomstra både utanom og innafor stakittgjerda.

Her kjem yngste i prat med ei triveleg dame som fortel kva ho bruka og gjødsla med, og at kapers kjem frå blomkarse.

Dette er eit område der bebuarane plantar grønsaker.

Her er det nye hus som vert bygd, men alt materialet er gjenbruk.

Det er mykje idyll.

Vi drakk kaffi og åt kake, og så song vi fødselsdagssongen som seg hør og bør.

Og her kjem nokre bilete frå heimturen.

 

Nok eit år

Ein vakker dag har gått over til natt. Mitt tiår med femtitalet går mot ein ende. Men enno har eg eit år att.


 

Eg har hatt ein triveleg dag med familie. Begge søstrene mine, alle tre barna og eine kjæresten. Foreldra mine, ein svoger og ein eks.

Når denne gjengen møtes er det duka for samtale frå atom til verdsrommet, til konspirasjonsteoriar og politikk. Det vert stille etterpå.


(Ei aning kaotisk bakgrunn, bøker og permar og lampe på halvtolv).
 

Det er godt både med samtalar, folka og stilla etter.

Og dyra, dyra er midt i det heile……her ligg sjefskatta Miranda, så gamal at vi har mista tellinga.

Cleo, like gamal og søstera til Mirande, her er det mi yngste som koser med henne.

Lucas luskar også rundt, men trur mest han vart paralysert av alt ståket.

Medan eldstemann har søkt inn i den mobile verda for ei stund.

Eg hadde mykje hjelp av desse to i dag, som sto last og brast med meg. Takk jentene mine <3.

Eg og vi hadde berre dagen i dag til å laga selskap i.

Det har vore ei svært aktiv veke. For denne vaksne dama her.

Neste år, da eg blir enda gamlare, har eg eitt ynskje……ein konsert. Og dei har sagt ja til det, dei eg vil høyra. Mine eigne!

Det er alt eg veit for neste år si runde feiring.

 

Men no er det natt.