Om å dra langt bort

Før syntest eg det var trist når 17. mai var over. Slikt forandrar seg.

 

I dag har eg kura meg gjennom dagen. Av den enkle grunn at eg synest synd i meg sjølv. Har lyst til å væra trist liksom, enda sola skin. Riktignok kaldt.

Og kvifor eg synest synd i meg sjølv, utan grunn, er nok ei samansatt sak, har eg funne ut. Det starta i går. Det går også over – kanskje i morgon. Har sikkert noko med tid å gjera. Tid på fleire nivå.

I dag er det berre ti dagar til eg reiser. Reiser til varme, trening og berre fokus på meg sjølv. Skulle sikkert ha gledd meg. I staden tenkjer på alt eg skal vinna å få unna meg først. I dag, midt under feiring av dagen, måtte eg stikke bort på arbeid for å sjekke og sende noko.

Det hadde ingenting å seia. Det var ikkje det.

Men eg trur at det handlar om at eg, akkurat no, treng omsorg. Slik vanlegvis taklar eg det meste, er nokså sjølvgåande. Men akkurat no, akkurat no er eg melankolsk, vemodig og kanskje litt lei.

 

Men eg har feira dagen, og forresten; gratulerer med dagen som straks er over.

 

No skal eg snart leggje meg, gje meg eit C-vitaminsjokk først. Det renn som besett ut av nasen. Og så må eg opp til ein dag som eg ikkje kan ta fri i likevel. Som eg tenkte.

 

Det er ikkje berre, berre å reisa heimafrå i fire veker.

 

 

Attende til kvardagen

 

Så har denne påska fossa gjennom dagane. Minna og nokre bilete er att.

 

Og mat. Alltid er det mat att. Men no må eg attende til striskjorta og havrelefsa, eg må få ned magamålet.

 

I dag reiste jentene. Eg køyrde dei. På vegen attende stoppa eg og tok bilete av fjorden eg bor ved.

Mellomste ville spandera sjokolade på oss på Kafe koselig på Øra, før bussen gjekk.

Og det var så klart koseleg. Vi har alltid meir å snakka om. Det er alltid noko vi må tenkje over.

Før vi for, var det likestilling som vart drøfta. Kva er eigentleg det……er det at damer skal verta som menn…? Eller skal dei få lov til å ha dei eigenskapane som er naturleg…...dei føder, blør og føler kanskje meir, er meir sårbare. Ikkje alle, men mange. I dag som fødande skal ut same dagen dei har født. For det er økonomisk. Samtidig som dei skal kle seg i forsvarets klede i likestillingens namn.

 

I går hadde vi gjestar og lammelår. Eg valgte også forrett; blomkålsuppe. Desserten var appelsinris. Tida gjekk fort, eg både køyrde og henta foreldra mine. Og så var den dagen over.

Yngste i samme bukse som meg som16 åring.

 

Påskeaftan vart nokså kjasande. Plutseleg var dagen kome for langt, eg skulle handla, hente jentene og eg la også inn ei vitjing for å snakka om noko med nokon. Det vil eg gjerne vil fortelja om seinare, eit tv-program og ein reality serie. Og nei, eg skal verken væra med på jakta på kjærleiken eller noko slikt, det handlar ikkje om meg.

 

Jentene kom, vi skulle grilla ute. Det viste seg eg hadde kjøpt lite mat – men vi vart mette. Eg heldt på å setja fyr på meg sjølv. Da eg skulle skyve litt på panna, den er på hjul, falt det eine beinet saman og bålpanna vart hengande i berre to kjettingar medan det brann lystig.

Eg tok å løfta opp kjettingen, medan flammande sto høgt. Det slo meg at dette kanskje kunne væra ei aning farleg, så eg måtte tilkalla dei inne. Vurderte om eg skulle ropa hjelp…., men fann ut det vart for dramatisk. Så eg ropa namnet på den eine jenta og fekk hjelp med å setja på plass beinet og dermed henga kjettingen på plass.

Det viste seg at håret mitt var brent, augebryna og vippene.

Men vi fekk grilla, men kjærasten til midtarste hadde uttalt at han syntes det var mykje arbeid for ei pølse.

 

Bra påska er  over, slik at det ikkje rekk å skje fleire ulykker. I gårkveld fann eg ut at fallet torsdag nok likevel gjekk utover eit ribbein. Det grør, men må finna ut når eg kan gå i gang med hardare trening. Virke som eg ikkje får lov til å gå i gong med treninga mi. Vore eit eller anna sidan jula, mest det eine.

 

Så slik humpar og går tida i lange byks. Eg trur eg må attende til å setje opp timeplan, om eg skal ha sjanse til å lykkast med det eg har sett på programmet framover.

 

Men det er artig også.

 

 

Enda ei påske gjennom livet

 

Vi er i påskeveka, ei alldeles herleg påskeveke. Den er fantastisk nydeleg.

 

For eg nyt den. Eg nyt den med hud og hår, om vi kan seie det slik. Til og med påskepynten kom til rette, etter mest aldri vore på plass dei siste åra, etter flyttinga for ei årrekkje sidan utvikla det seg til det reine påskemysteriet.

Eg fann kassen der den skulle være. Til og med ein ordentleg kasse med lokk, materiale; plast, og ikkje ein ut-tafsa pappkasse.

Ein eller annan gong det siste året har eg vore organisert og etterretteleg.

 

Eg har hatt første måltid ute…….

…….med bein slengt rundt om i motivet……

……og dyr……

….og ei yngsteberta som fann ut at det var for lang tid å venta på heimen og dyra til laurdag – som var plana. Så ho kom heim. Lucas er ein stor teddybjørn som tek i mot all kos han får.

 

Vi var ute å leita etter kvistar og motiv.

Nokre opplevde seg reint så langbeint i kveldssola.

Og reker er aldri feil nokon gong.

Så reiste ho igjen da Skjertorsdag kom.

Men dagen kom med nye kaskadar av sol og vakker, blå himmel.

Eg kom meg ut. Ein kan ikkje bli sitjande fast når det ser slik ut.

Kattane kosa seg i varmen sola greidde å produsere i den kalde lufta (ikkje så lett å sjå dei kanskje…).

Og skaren bær dei som veg.

Berre knipsa og knipsa.

Men det viste seg å væra skummelt glatt. For best det var var eg i lufta før tyngdekreftene innhenta meg. Fortumla låg eg der i snøen og kjende etterdønningane av slaget.

Eg fekk meg opp, fekk teke enno nokre bilete.

Og eg trur det gjekk bra, berre muskulært, sjølv om eg fekk eit slag mot sida der eine nyra sit og eg vart litt redd smertene som oppsto etter kvart.

Plana var ein langtur i dag, så dette var frykteleg irriterande. No når eg har fått ein kropp eg kan bruka. Men eg  får berre helda meg litt i nærleiken av husa. Har så behov for å væra i aktivitet. Men kan det her også.

 

I gårkveld var vi fleire ute og åt. Det var riktig triveleg. I dag er eg utan planar med andre. Eg likar slike dagar også.

I morgon kjem jentene mine att.

 

Ei ny påske er på tur gjennom livet mitt. Nydeleg som få, heilt fantastisk!

 

 

Nytt på nytt

 

Plutseleg var det over, og noko nytt er på gong. Medan alt er ved sitt gamle.

 

Eg har lese mange innlegg på fb som startar med “det har vore oppturar og nedturar” og variantar over denne ordlyden -.

Sjølv datt eg ut av nettverdene da året gjekk mot slutten.

 

I dag tok eg fram datamaskina.

Den har ikkje forbetra seg i det nye året. Den er like vanskeleg å skriva på. Bør til å vurdera ei ny, skrivegleda vert øydelagt når tastane ikkje virke.

 

No har eg tent på talgljos og skal kosa meg her. Like før kvardagen.

Ute skin ein måne som er full.

Her har det vore jul. Jul slik den har vore dei siste åra. Med mat og folk. Logistikken med senger og soveplassar gjekk opp. Vi starta faktisk ein dag før, på veslejulaftan. Med lutefisk. Og maten har vore sentral.

Tru kroppen min reagerte negativt på jula. I alle fall fekk den eit tilbakefall. Så eg er spent på nyåret. På kor mykje mat har å seia. Eg forskar på meg sjølv.

 

Eg skulle prøve å tenkje over året som har gått. Oppdaga at ingenting utprega seg, anna enn at eg fekk denne diagnosen, smertene føråt og håpet og gleda etterpå, da alt roa seg.

Det var ingen store turar, reiser og hendingar som sit att. For slik kan det også vera.

 

For det nye året gle eg meg på salatar og frø. På fortsetjinga til mindre kropp. Sjølvsagt har jula ført meg noko attende, det var forventa ville skje. Eg kom meg ned 1/3 og har att 2/3 før eg er ved målet. Eg har sagt ja til opphalde på Tenerife. Ut på året skiftar eg tiår, det er ein rar tanke. Litt hysterisk morosamt, at eg har vorte så vaksen. Eg har sagt eg ynskjer meg konsert av og med barna.

Vi får sjå.

Til hausten er det 40 år sidan eg starta på det som kallast Staten kunst og håndverk skole. For ei stund attende kontakta eg dei eg starta saman med, om vi skulle møtast. Fekk positiv respons, men er usikker på kor mykje eg kan engasjera meg.

 

Det er ein ting eg har vorte mykjeflinkare til; eg stressar ikkje like mykje, eg har slutta og tøygd strikken, slik eg gjorde.

 

Livet folkens…..det er det som skjer heile tida. Ikkje det som har skjedd eller det som skal skje. Jau, det er det også…..men mest er det det som skjer akkurat no.

No!

Samle på dei fine dagane, og bruk dei negative dagane til noko som fører til noko positiv.

 

Godt nyttår!

 

 

Feiring

 

Ein dag ramla det inn ein ny gruppechat. Kjæresten til eldstemann hadde lyst til å overraske.

 

Ho bad oss saman på ein nyopna restaurant som serverte taco og kokken var frå Mexico; Taqueros Taco & Tequila. Kan absolutt anbefale den, den ligg i Mellomveien i Trondheim.

Han som fylte år hadde inga aning om dette. Så han vart både overraska og glad.

“Men kor kjem du i frå” spurte han meg.

Før det gjekk opp for han kva dette var.

Maten smaka. Nette, små porsjoner. Eg for min del vart fint mett.

Etterpå gjekk vi heim til dei. Eg har skrevet om Svartlamon før, ei verd for seg sjølv.

Det blomstra både utanom og innafor stakittgjerda.

Her kjem yngste i prat med ei triveleg dame som fortel kva ho bruka og gjødsla med, og at kapers kjem frå blomkarse.

Dette er eit område der bebuarane plantar grønsaker.

Her er det nye hus som vert bygd, men alt materialet er gjenbruk.

Det er mykje idyll.

Vi drakk kaffi og åt kake, og så song vi fødselsdagssongen som seg hør og bør.

Og her kjem nokre bilete frå heimturen.

 

Nok eit år

Ein vakker dag har gått over til natt. Mitt tiår med femtitalet går mot ein ende. Men enno har eg eit år att.


 

Eg har hatt ein triveleg dag med familie. Begge søstrene mine, alle tre barna og eine kjæresten. Foreldra mine, ein svoger og ein eks.

Når denne gjengen møtes er det duka for samtale frå atom til verdsrommet, til konspirasjonsteoriar og politikk. Det vert stille etterpå.


(Ei aning kaotisk bakgrunn, bøker og permar og lampe på halvtolv).
 

Det er godt både med samtalar, folka og stilla etter.

Og dyra, dyra er midt i det heile……her ligg sjefskatta Miranda, så gamal at vi har mista tellinga.

Cleo, like gamal og søstera til Mirande, her er det mi yngste som koser med henne.

Lucas luskar også rundt, men trur mest han vart paralysert av alt ståket.

Medan eldstemann har søkt inn i den mobile verda for ei stund.

Eg hadde mykje hjelp av desse to i dag, som sto last og brast med meg. Takk jentene mine <3.

Eg og vi hadde berre dagen i dag til å laga selskap i.

Det har vore ei svært aktiv veke. For denne vaksne dama her.

Neste år, da eg blir enda gamlare, har eg eitt ynskje……ein konsert. Og dei har sagt ja til det, dei eg vil høyra. Mine eigne!

Det er alt eg veit for neste år si runde feiring.

 

Men no er det natt.

 

Dagane

 

Dagane er som ein pendel som slår att og fram, ned og opp.

 

Fredagen var som ein fanfare, vakker som få. Her stoppa eg bilen i fart frå og til. Måtte ta bilete.


Eg var på andre sida av fjorden. Såg rett over på mitt rike. Det var berre fjøstaket som reflekterte sola. Hustaket, som er grått, vistest ikkje.

I går var dagen grå og sur. Vi var invitert til feiring av mellomste søster mi. Ho fyller år i morgon.


I går var dei på hytta med heile familien. Her er ho saman med eldste dotter. Det var ho som hadde gått i bresjen for feiringa to dagar før datoen. Ho laga pizza for den store gullmedalje. Eg spurte om dei nokon gong hadde hatt så mange gjestar på hytta. Dei trudde kanskje ikkje.


Vi hadde en triveleg ettermiddag, klokka hadde vorte svært mange da vi såg på den. Samtalene hadde fløyma. Var nokon som kommeterte at det summa skikkeleg da dei var ute ein tur. Summa frå oss inne. Da går tida fort.

I dag har vore av desse dagane ein ikkje ynskjer for mange av. Tung og grå. Eg har sove mykje. Yngste kjenner på sår hals.

 

I morgon er ein ny dag. Det gle vi oss til.

 

 

Eit strøk av veka

Denne veka kom og gjekk også. Eg har lagt til enno fleire mil på kilometerteljaren. Bilen er god å ha dei fleste dagane.

 

Søndag på hell.

Våt og kald.

Eg har rett og slett tent opp i omnen. Det gjer godt.

Gårdagen var bada i mai-sol. Grøn og ljosnande gjekk dagen.

Veka har og vore fin. Etter kalde dagar fossar det vårleg fram. Naturen vert pynta med blomar.

Midt i veka sprang 17. mai ut. På tv’n sprudla barnetoga mest ut av tv-apparatet.

I mitt hus lukta det ikkje reint og nystroke av bunadskjorter i år. Dei hadde flytta seg til Trondheim.  Etter eit kvart hundreår skulle eg feira dagen utan ein einaste av ungane mine. Eg vart spurt om å koma dit. Men da hadde ikkje foreldra mine fått med seg feiringa anna enn på tv.

Valet vart slik lett. Så eg køyrde og henta dei til samfunnshuset.

Der kunne vi få kjøpt oss både lapskaus og kaffi og kaker.

Ute var det leikar som det har vore i alle år.

Etterpå tok eg foreldra mine med på ein køyretur i den jublande mai-dagen. Eg plukka og opp ein onkel som var ute og gjekk. Og der i bilen var det ført ein tunghøyrd samtale om stadane vi køyrde forbi. Om det som hadde vore. Og eg trur dagen for den aldrande gjengen vart løfta enno litt meir.

 

 

Veka inneheldt meir gammalt.  Både onsdagen og fredagen var eg veg å såg på gamle hus. Fleire skular……

……..og mange sjøhus.

Svalgongsbrygger med stokkar kvite av salt sjøvatn.

Eg synest dei er så fine. Eg vert mjuk og lukkeleg inni meg.

 

Helga har eg kosa meg gjennom i eige selskap. Eg oppleve den fin om sola skin eller om det regnar. For etter å skulla både det eine og det andre er det godt å ikkje skal noko. Og enno har eg nokre timar att der det berre skal væra slik.

 

Du må nyta søndagskvelden din.

 

År som går II

 

Oppatt og oppatt skjer gjentakingane. Årstidene, fødselsdagane vekene og dagane. Tidskverna sin jamme gong.

 

På slutten av januar kjem dagen til far min. Vi er heldige som har han. Kvikk i hovudet og skrøpeleg i kroppen. Likevel er kroppen sterk. For beina tåler ein trøkk. Han tester det ut når balansen fyk vest. Beina i kroppen er like heile.

Vi skulle feira dei nittitre åra på laurdag og dagen før dagen.  Enklare for dei som har lengre reiseveg. I år var det berre første leddet som var der. Dei seks barnebarna var alle oppteke med sitt. Vi fekk ein triveleg ettermiddag med gammaldags mat. Middag og kaffi. Søtt og salt. Prat og latter.

Mor og far er heldige. Som har kvarandre og som klarar seg i huset sitt.

 

I går var ståa litt meir utfordrande. Varmepumpa hadde slege seg av.

Eg tok turen innover, dei kunne ikkje ha de slik. Av ein eller annan grunn har eg opparbeidd meg sjølvsikkerheit med varmepumpa dei har. Eg kan ingen ting, eg veit ikkje kva eg gjer – men eg får den alltid i gong. Slik i går også.

Når eg først var der kunne vi ta oss ein køyretur i det fine vårvêret i januar.  Kva var meir logisk på sjølve fødselsdagen enn det -.

Sjå her, dette vatnet brukar det å ligga is på om vinteren. Eg måtte ut å ta bilete av svanene.  Dei svømte vekk da eg kom ned til vatnet.


 

Etterpå kom regnet. Det vart ein grå, våt dag, men likevel fin. Vi køyrde å såg på havet. Det tok eg ikkje bilete av.

 

Attende kom andre systera mi som bor i kommunen, og vi vart inviterte på middag for det var så mykje att frå dagen før. Så slik vart det fødselsdagsfeiring to dagar til ende.

 

Og i dag, i dag tek eg det med ro for å lada opp til travle dagar framom.

Elles har eg ei utfordring eg ikkje er ferdig med. Som eg fekk frå dykk for ei stund sia. 

For tida….tida den går.

 

 

Ostehøvel

 

Ost + høvel vert ostehøvel. Og den første ostehøvelen var laga etter modell av……akkurat ein høvel….sto det i Wikipedia.

 

Ostehøvel sa Frodith, og ostehøvel skal bli.

Den 4. utfordringa eg fekk sist veke da eg bad om å verta utfordra med ord eg skulle skriva noko om. Og kva kan ein skriva om dette verktøyet anna enn at det er norsk oppfinning. Thor Bjørklund heite mannen og budde på Lillehammer. Dette var i 1925 og 1927 var den i produksjon.

I dag er mange ostehøvlar på marknaden.

Eg har fleire. Før eg drog ut av huset i dag hadde to vore i bruk. Den med svart skaft er gåvmild på skivene og passar til kvit ost. Den i metall passar til den brune osten. Eg har att havregrynskjeks frå jula, på den er det godt med brun ost.

Geitost.

Så dette er to eksempel av uvaska ostehøvlar.

Eigentleg er eg ikkje så overlag glad i den brune osten. Men eg brukar å kjøpa den til jul. Seinare kan eg bruka restane om eg skal laga duppe til potetballen.

 

Eg var også ein tur framom foreldra mine i dag. Fann fram nokre av det utvale dei har. Det var denne eg først tenkte på. Det var den yngste her i huset som laga på sløyden.

Til morfar sin.

For han har i mange år slitt med noko som heiter nervopati. Motorikken har vore dårleg i fleire tiår. Så ho tenkte at denne skulle vera lettare for han å få grep.

Den neste er det eit anna barnebarn som ga dei til gåve. Ein vikingostehøvel. Den passar eigentleg bra saman med ei jomfru, ei jomfru måla inn i eit bord…..sjølv om vi historisk bikkar riddartida.

Til slutt vil eg pressentera ein ostehøvel i sølv. Mønsteret heitar Anitra. Mor har aldri vore så glad i dette mønsteret. Men da dei møttest hadde far allereie kjøpt sølv. Så da var de avgjort.

Ostehøvel må eigentleg væra eit fint samleobjekt slår det meg plutseleg…… Men det får væra ein annan sin jobb å gjera. No ar eg sakt litt om ostehøvel og ostehøvlar.

 

Har du mange ostehøvlar i di skuffe?