Dagar har gått. Som eit hurtigtog gjennom dagane har tida gått. Og oppgåvene har stått i trengsel.
I dag kan eg eiga tida mi sjølv. Så eg ynskjer denne dagen lang og mest uendeleg. Huset har vore fullt av folk. Det er både triveleg og koseleg og arbeidsamt.
Tida før jul vart spesiell. Vi fekk ei gravferd midt i alt. Etter bisettinga henta jentene og eg roser. For her har eg og to gravlagt. Derfor tok vi turen bort for å leggje på blomster for ein altfor liten gut og ei alt for lita jente.
Mest litt symbolsk var dette på den mørkaste dagen i året, da sola snur.
Sonen vart med heim frå byen etterpå. Da var to av mine komne heim til jul. Og dei neste dagane var det berre å setja opp farten. Dei små nissane eg laga av trolldeig for 10-15 år sidan hadde hatt tida si. Vi får prøve å lage nye til neste år.
Vesle julaftan kom mellomste heim og ho hadde til og med bakt småbrød og koka karamellar som ho tok med. Da var juletreet på plass og vi kunne ta ein tur til besteforeldra. Plana om lutefiskmiddag den kvelden måtte vi skrinleggja.
Vi starta med rømmegraut på dagen julekvelden. Søster mi, som ikkje et sukker, fann mandelen og fekk derfor marsipangrisen. Kokte ris både til grøten og til riskremen første juledag.
Julekvelden var vi her alle. Mor og far, faren til barna mine, yngste søster mi med dotter og gjengen min. Det er svært hyggeleg å være såpass mange. Praten gjekk på høgt nivå.
Men da to av dei mest høglydte i selskapet, som også generelt snakkar mest om det dei er oppteke av, var heilt einige om det var best å ikkje snakka så høgt om det dei meinte, da fekk eg meg ein god latter.
Dei to jentene mine var ei svært god støtte, dei sto på og hjelpte til med maten, bordekking og rydding.
Julefrukosten har vorte mest det viktigaste julemåltidet. Det å setja seg rundt eit bord med heimlaga brød og mykje godt pålegg er herleg.
Jula er mykje mat.
Samværet er viktigast, så maten og til slutt gåvene.
No har ikkje vi ungar i jula vår for tida, vi kan alle kallast voksen. Den eldste er 92 år og den yngste 19. Vi har ei jul under kontroll. Ingen som går frå konseptet med gåvene.
Men eg fekk mykje fint og slikt eg ynskte meg.
Utdeling av pakkene.
I går starta folk å reisa. Først foreldra mine. Dei var redde for været som var meldt så dei for etter frukosten. Sonen, tantebarnet og faren til barna reiste først etter middag. Faren kom seg heim til været starta. Men det vart nok ikkje så ille her i midt Noreg.
Så da er jentene og eg att. Dei vert her enno nokre dagar. Men nyttåret vil dei feira i byen.
I dag har vi teke dagen med ro.
Jula er frykteleg koseleg med mykje folk og så er det kjempegodt når det stilnar av. Når ein kan krypa opp i stolen. Koka seg ein kopp kaffi, ta fram data’n for å blogge eit innlegg.
Riktig god jul.















































































