Det brenn i omnen. Det var rim på bilruta i dag. Eg må få skifta dekk.
Den veka her har eit program eg kvi meg til. Mange møter som ikkje samarbeide med tida. No har eg vore hos psykomotorikeren, som skjentes på meg for eg gjer ein dårleg jobb med øvinga på heimebane. Eg har ikkje noko særleg tolmod med irettesetting om dagen.
Så skal eg attende til sentrum om nokre timar. Og i kveld har eg invitert folk til kveldsmat, men veit ikkje kor mange som kjem. Så blir ein sein kveld.
I dag måtte eg skrape ruta på bilen. No sat rimet heldigvis laust og vegane kjendes tørre. Men eg må få på vinterdekk, og det trur eg ikkje har. Og ikkje har eg felgar. Men eg trur ikkje eg kostar på eit sett felgar. Eg køyrer bilen til far. Den har automatgir og firehjulstrekk, slik eg kjem meg opp bakkane for å hente foreldra mine om det er holk. Men bilen lugger og på verkstaden har dei sagt at dei ikkje vil tilrå store reperasjonar.
I garasjen til far står min bil, kaputt.
Har vore det lenge. Desse bilane er like gamle, ca.15 år. No har eg kome framtil at eg kanskje berre skiltar av bilen min, også får eg ta reperasjonen når den eg køyrer no ikkje vil meir. For eg vart tilrådd heller å reparere Wolksvagen stasjonsvogna som står.
Gamle biler er ikkje lønsamt.
Ikkje gamle damer heller.
Eg er litt lei av å være godt vaksen med ein kropp som utfordrar. Ufordra meg. Ingen andre.
Men det er nok berre å brette opp ermer, armer og bein-.
Kome seg ut-.
Gripe det som gripast kan-.
Og begripe det ein evnar-.
Ha ein fin dag ein og kvar, denne dagen kjem aldri attende.













