T T T

 

Ting Tar Tid. Og det synest eg ikkje noko om. Men eg må nok akkurat det.

 

For i dag må eg skriva om det igjen. Dette. Dette eg er i. Men det er ein prosess. Og alt er betre seier eg til meg sjølv. Det er berre ikkje bra enno. Eg tar for fort uriktige val etter gamalt mønster og eg blir for sliten. Rett og slett.

No har eg hatt eit par dagar der eg har gått inn i det gamle skvise. Strekt både på meg og tida. Ein spesialitet. Og så vert eg frykteleg sint for at eg gjer dette igjen.

Men kven skal eg væra sint på?

Mannen som køyrer under fartsgrensa, dotter mi som vil sove, foreldra mine som ventar meg, søster som kjem når eg har bruka opp tida mi sjølv til å leita etter ting eg ikkje har lagt på plass, eller folk som spør om eg vil være med på ting???

Tingeling………

Akkurat……

Plingeling; Det er nok meg det. Eg som må setja grensane. Og ikkje minst forstå tid.

Så når eg ikkje greidde noko på fredag var det eit signal om å stoppa opp. For på fredag var det brot på kommunikasjon mellom hender og hjerne. Det meste datt ned, og ikkje greidde eg ha ei logisk tankerekke.

Men no har eg gjennomført.

Eg var nok ikkje heilt der at eg kunne sprudle og snakka under middagen på fredag, men det er underhaldande å sjå og høyra på folk. Og maten var greit nok god, sjølv om eg såg fram mot å koma meg vidare.

Konserten vart ei lita utfordring, stappa inn mellom benker og menneskjer og lukte. Vurdert å gå til pausen, men greidde å nyta litt like før.

Men for meg var det ein utfordring ein konsert med så ulike sjangrar. Ein tenor med stemmeprakt og operasviskere, og en rufsete, rockeartist med eigentleg alt for lite av sitt eige materiale, men med nokre gamle evergreens frå rockeverden.

Følte meg som ein variant av “Husker du” i dagens drakt.

Og kanskje var det slik…….

Når eg såg på den gråsprengte mengda av publikummarar som gjorde sitt yttarste for å ikkje sjå så gråsprengt ut. Så var vi nok akkurat det heile gjengen.

Men eg forsto ikkje greia med å skrapa saman ein tenor og ein rockeartist. Kvar for seg har det vore fenomenale konsertopplevingar. Kanskje ein må væra Kristiansundar for å forstå, og det er eg ikkje.

Etter alt dette sprang eg fort oppover gata til dottera mi. Pub fekk vera pub. Sjølv om det var år og dag for mitt vedkomande kjende eg at dette var i alle fall ikkje kvelden.

 

I går gjekk og på andre sine forventningar, eller det eg trur andre forventar. Og du store verda kor sliten ein vert av slikt. Ikkje greier ein og ha kapasitet til å glede seg over å dele tid og mat saman. Ein lengtar berre etter og ha tida si for eg sjølv.

 

No er det nok tenkjer eg vi seier. Eg har desse fridagane framom meg. Som skal brukast og nytast.

Tur og foto må eg få til. For det er viktig.

Eg må hugsa øvingane mine, for dei er og viktige for at ting som tek tid ikkje tek lengre tid enn det nødvendige.

Og elles har eg det bra…….for det er på rett veg, sjølv om det vart ein episode av gamle synder no.

No har eg skreve det frå meg med ettertankens kloke ljos skinane over tastaturet. Den som bør skina framover i tid og ikkje berre attende.

Ha ein super søndag, og hugs på deg sjølv. Du er viktig!

Avspasering

 

Så har eg spasert fram hit. Til kvelden etter enda dag med alle timane mine oppført i sirlege rubrikkar.

 

Når ein skal bruka få timar er det lett å bruka for mange. Eg dreg på ein haug av timar frå i sommar da det ikkje var lett å få ting til å gå i hop. Så no skal eg bruka opp nokre av dei. Eg har rett og slett fri til neste torsdag.

Ei god kjensle ein torsdags kveld.

Men eg skal ikkje finna på så mykje akkurat. For eg skal stort sett væra heime. Anna enn i morgon. Da er det både ut og eta og med konsert i etterkant. Eg har også ordna meg slik at eg kan overnatta, så om eg vil, kan eg verta med ut etter konserten.

Eg skal faktisk på ein konsert til medan eg har desse fridagane mine. Så dette er i overmål for ei som synest ein tur på matbutikken har meir enn nok innhald.

Men det er godt og sitja her å skode ut over denne endelause mengda med dagar utan innhald.

Eller mest utan innhald.

Ein luksus utan dimensjonar. Det er heilt greitt, verkeleg, og eg skal nyta dei.

Og så må eg væra riktig flink med både rulling av føter og ut på gå turar. Kanskje eg kan hausta inn noko som eg kan gjæra noko med……. Men gjer eg det gjev eg kanskje meg sjølv eit ørlite sjokk.

Det har gjort seg -.

Noko av det eg likar


Når orda forsvinn er musikken god og ha. Gå inn i den på tvers og på langs.

 

I dag har eg snakka opp orda. Eg åt dei opp med hud og hår. Etterpå vart det så tomt at eg sovna. Godt hjelpt av ei for kort natt sist.

Eg chatta med yngste etterpå. Ho var og trøtt. – Etter ein prøve med for mange årstal.

“Eg legg meg tidleg i staden for å sova no” sa den fornuftige jenta.

Mora til denne jenta sovna i stolen etter ein lang tur ut i naturen og besøk i dag. Sov som det var den herlegaste seng ho låg i. Sov slik at augo mest ikkje greidde opnast.

Sov som i desperasjon.

Heilt ør.

Som i eit slags vakuum. – Fram til praten med ho som er ung.

Kanskje trøtt av livet, døden og kjærleiken -, som var tittelen på eit musikkprogram eg kom over ein gong på nittitallet…….eller var alkohol med i tittelen også.

Eg hugsar ikkje.

Lars Demian heite artisten og var svensk. Eg gjekk på leit etter musikk av han etterpå, for eg vart frelst, men fann ingenting. Eg vart fortalt om ei musikkforretning som selde svensk musikk. Dette var i Trondheim, eg budde der da. Og fekk nok ein aning hakeslepp da eg kom dit og oppdaga at det berre var danseband musikk som ble seld der. Eg har ikkje anlegg for å like den type musikk, og får eigentleg allergiske reaksjonar.

Her er Lars Demian i herleg samspel med David Tallroth.

Eg har nok en greie for svensk musikk. For nokre år sidan fann eg Den Svenske Björnstammen og vart heilt lykkeleg ……….når eg høyrde Svalkar vinden letta eg mest frå bakken.
 
EsKHlSmv2q8


Men eg har nok sansen for det rølpete. Screamin Jay Hawkins med Put a Spell on You er nok av det mest rølpete trur eg.
PwXai-sgM-s


Eg liker all slags musikk sa eg i ein samtale. Liker du den og den fekk eg spørsmål attende om……. så eg skjøna at eg lika mest all slags musikk.

 

Har du høyrd om nokon av desse artistane?

Og i så fall likar du musikken dei har?

Eg er….

 

…..men ikkje så mykje meir. I dag funkar eg ikkje.

 

For i dag har eg hatt time hos psykomotorikeren. Og etterpå var det den årlege kontrollen av tenner. Null hull og alt vel. Men kjente eg knytte meg desperat da tannlegen tok ein puss.

Psykomotorikeren kopla meg som vanleg heilt ut. Desse musklane som har gått seg heilt fast. Eg veit ikkje korleis eg skal få tak i dei. Korleis dei virke. Det er rart. Men litt etter litt får eg tak.

Da eg kom heim somna eg. Så ein tur ut i blåsten og regnet vart ikkje noko av. Om ein ser bort frå turen ut for å henta ved.

No skal eg straks ete, det forsvann og – hugsa å eta. Men no skal det straks bli. Ferske pizzasnurringar skal eg unna meg. Heimlaga.

For eg har det bra, for ein kan det…..sjølv om motoren har dårleg driv inn i mellom.

To år

 

Desse glimta. Glimta av barndom. Glimta av seksti talet. Eit fint ti år og være barn i.

 

foto: morbor Kolbjørn

Det var fødselsdagen min. Eg var på tur innover ålmannvegen. Innover til mormor og morfar min. Kjolen eg hadde på syntest eg var så fin. Den var kvit i botnen med blomster i røykgrønt og gult. Kappene hadde raude band. Dette var den kjolen eg syntest best om.

Men akkurat her, når morbror min tok bilete, er eg heilt oppslukt av veska. Veska med dei mange romma var frykteleg spanande. Eg trur eg samla papir frå twistsjokolade i den. Alle dei fine fargane og alt det blanke. Kanskje det er denne sommaren da eg fyller to år eg har ei oppleving av å bli så medreven av mi eiga handling at eg ikkje klarar å slutte;

Vi er på båttur i ein dorry. Ein båt type. Det er mange folk om bord, men eg er oppslukt av sjøen som skummar kvit langs båtsida. Det er noko sugande i dette synet. Den store sjøen og det å passere, heile tida vidare.

Forbi, forbi.

Eg opnar veska mi og kastar ut ein skatt, eit blankt, fint papir. Det forsvinn i vassmassane. Eg tek opp eit papir til og det går same vegen. Det er umogleg å stoppa. Handlinga er så endeleg. Papira blir borte. Dei forsvinn. Handlinga mi er ugjenkalleleg.

Og så er alle papira borte. Alle dei fine, fargerika papirbitane.

Ved båtripa ser eg nokre tvistdottar, slike som ein tørka opp med, tørka av …….ein vase av kvitgråe tråar. Eg riv av litt og kastar dette i sjøen også. Og så litt meir. Til sutt var det og forsvunne.

Eg hugsar den frykteleg dårlege samvita som dukka opp. Om at eg var ein frykteleg fæl unge som gjorde slik. Som kasta ting i sjøen slik at dei forsvann. Og kva ville dei vaksne seia når- og om dei oppdaga det. Ein frykteleg kjensle av dårleg samvit.

Men akkurat denne dagen på tur innover vegen var alt berre fin.

Eg var fin.

I kjolen min.

Og veska inneheldt alle dei spanande romma til og ha noko i.

 

Og så var oktober slutt

Framom ligg ein haug av dagar som høyrer til november. Desse to månadane eg rotar saman namnet på. Men det er så full haust som det kan verta.

 

Ute bles det med kraft. Eg tenkte på alt som kunne blesa ned og fekk ikkje sova i natt. Døra inn til soverommet mitt gjekk opp gong på gong av lufttrykket og eg spekulerte på om eg skulle være drastisk å låsa døra.

Dagane denne veka gjekk så fort at eg mest mista pusten.

Fredagen hadde mine søte, lange og eg eit koseleg møte. Etter at både slik ein skulle og slik ein ville var gjort, åt vi middag hos yngste. Dotrene mekka maten og eg studerte den nye mobilen eg låner. Heilt grei arbeidsfordeling spør du meg -.

Eg har endeleg levert inn den knuste mobilen og oppdagar etappevis kva eg ikkje får gjort. Den største oppdaginga hittil er at eg kjem meg ikkje inn i banken min.

Om kvelden køyrde mellomste og eg heim. Yngste hadde så fullt av planar at ho vinka oss glad i veg.

I går sto vi to i huset opp med hovudpine. Eg veit ikkje om det var den kraftige temperaturoppgongen som kunne for det. Men til slutt kom vi oss ut på tur utan at hovuda vart så mykje bedtre.

Først gjekk vi nedom setervollen.

Så tok vi turen bort til eit vatn og mellomste fann eit tre som ho friska opp gamle kunster i.

Nede ved vatnet hadde vinden auka på, så bårene braut innover stranda. Vi labba stranda og nokre sprang. Friskt og herleg.

På tur attende ser vi plutseleg noko som ruver oppå ein haug. Eg måtte fotografere skapningen…….for det var nok eit norsk troll som hadde stukke seg fram på dagen til det amerikanske Halloween.

Kvelden avslutta vi i det litt meir skumlare hjørnet. Desse to skumle individa…….

………var ikkje skumle. Dei hadde berre eit lita spa-opplegg før det skumle startar.

For vi hadde ordna oss med smågodt og film. Her så langt ut på landet finn ingen fram til med knask eller knep, så vi skulle kosa oss skummelt med kvelden, mat og stemning.

Og der på glasbordet ligg den fine vesle, veska eg fekk frå Frodith. Den passar også til en HTC som er litt større enn Apple. Bileta som eg har lagt ut er teke med lånemobilen. Men du verden for eit prakk for å få dei over til pc’n.

Men medan vinden duska skummelt i verda utanfor, mørket var kompakt og komplett og alt var riktig skummelt, gjekk dagen over i natt. Utan at vaksne damer…….og heller ikkje yngre…….vart så frykteleg skremte. Slik avslutta vi oktoberen for denne gong. Med soveromsdører som gjekk opp og mange merkelege lydar å høyra…..

Ein arbeidsom månad som krevde, tok, ……men likevel aller mest ga.

 

 

Reise med ljoset

 

Eg reiste med ljoset og kom attende med ljoset i dag. Framom og attom låg mørket. Det var ei vakker reise.

 

Mørket omslutta meg da eg låste meg ut i dag. Så eg fekk ta del i den nye dagen som kom. – Opp over horisonten på den blanke oktoberhimmelen. Fargane og naturen greidde mest å trollbinda meg.

Og eg tenkte; kvifor står eg ikkje opp i sjutida og får med meg oppvakninga til ein ny dag når eg ikkje treng stå opp så tidleg. Saman med fotoapparatet.

Eg snakka seinare med mellomste om dette. Kanskje vi kan gjera det til helga….

Men det krev ein blank himmel og stille vatn av vind heilt i ro.

Da turen gjekk heim i ettermiddag fekk eg alt i reprise. Berre andre vegen. Dagen som forsvann inn i mørke. Og fargane, om muleg, enno meir fantastisk. Med sola som eit minne som fargela skyer til raude prikkar. Og blånar og dis og skylag over i den lilla farga. Det var til å verta heilt lykkeleg av. Eg trong ikkje meir enn alt dette vakre.

Til slutt klarte eg i å dy meg der i bilen. Eg kika fram og attende for å sjå at ingen bilar kom. Og så stoppa eg og tok bilete. Eg måtte, sjølv om eg berre hadde med meg mobilen.

Og så var eg igjen attende til mørke. Reisa i ljoset var over. Men opp over åskammen steig ein stor rund måne. Den skein så intenst at eg mest måtte famla etter solbrillene.

Jau, hausten ER vakker.

Så greitt

 

Etter ein stund i motbakke, sit eg her i kveld og kjenner eit snev av og meistra.

Og slikt skal ein skikkeleg nyta. Eg nyt det framom flammane i omnen medan dei fortel om snø i vêrmeldinga.

I dag starta dagen heilt i otta. Og etter ein natt der eg vakna mange gong, tumla eg ut av senga. Eg hadde møte, eg skulle på tur og tenkte å avslutta med å vitja foreldra mine til slutt. I går kveld da eg høyrde kor det regna og blas ute, tenkte eg at denne dagen gjekk ikkje bra.

Men eg kom meg ut med baggar, sekker, korger og boff da morgonen kom.

Etter og har rulla pinne og strekk og hengt med kroppen i dei tidlege morgontimane.

Og alt gjekk slik det skulle. Til slutt, etter ein gåtur i bratta i ein og ein halv time, var turen kome til mor og far. Dei ville at eg skulle eta middag saman med dei. Og vi drakk kaffi og eg strikka.

Eg har fått tilbakemelding om at folk ser eg har forandra meg. At eg har fleire ord, er både skarpare  og tydlegare i uttrykket. Og for meg er det enklare, alt vert enklare. Eg skjøner fortare, tek val fortare. Så sjølv om eg synest eg har altfor lite energi enno, går de framover.

Den gode veg

Tru eg treng kart, kompass og bremser.

Så var det søndagskveld. Og til tross for at vi fekk ein time ekstra merka eg det ikkje. Synest den gjekk like fort denne tida.

I helga har eg både vore på kino og hatt middagsgjester.

No ligg ei travel veke framom. Kjenner eg gled meg til ei ny helg alt no.

Dei to siste dagane rakk eg verken øving eller tur. Ikkje greier eg å eta ofte nok og leggje meg så tidleg som eg vil. Så her er det berre ein veg å gå og det er den som føre til den gode veg……

Nokre dagar…..

 

……..er berre slik. Litt for langt ned på skalaen. Eg trur kanskje det kan koma av for lite søvn.

 

I kveld er eg berre ei slikt slakt som mest har slokna. Eg er lei og kjei og kva meir er eg……..?

Treng kanskje ikkje brodera ut i det ytste hjørnet, men eg trur eg skal legga meg rimeleg tidleg. For i dag var det mest mørkt før det vart det.

Eg trur eg har pakka litt fullt av hendelsar utan eg gjer mykje. Det at eg har avtale både laurdag og søndag er liksom for mykje. Tru eg må skru litt på ting i hovudet mitt, mistenker det er nokre av skruane som sit for fast…….kanskje?

Eg må sjå posetivt på at eg skal gjera noko anna enn å væra i mitt eige selskap.

Og så er det er fredag og det er eigentleg ein dag er utruleg glad i -.

Så i kveld skal eg avslutta dagen med god margin før natta.

Og så må eg finne bilete som kan muntra meg opp.