Det susa i mørket. Det var ein storm eller ein kuling……eller var det restane av slikt som laga lydane i lufta. I tillegg høyrde eg bjøller av firbeinte som kommuniserer på mø-språket.
Eg var i alle fall heime. I gongen møter det meg eit spørsmål om den katta eg møter i døra på veg ut eigentleg har treft kassen. Oppe er det ennå verre, der skjøner eg at eg har vore alt for lenge borte. Stakkars boffen. Det var heldigvis lett og ordna opp i. Men eg tenker at eg bor i ein grisesti.
For i dag tidelg tenkte eg på at foreldra mine, det er ikkje mykje som skjer rundt dei. Så eg fann ut at i dag skulle eg skje –. Kjøpte med meg kaffimat etter ein treig dag attmed ein pult. Dei stilte med middag, fiskepudding med mykje løk. Slik mat eg ikkje finn på. Og så baud eg dei på middag til søndag, for eg vart så inspirert av annebe sitt innlegg her om dagen. I tillegg har eg kjøpt meg ei bok med oppskrifter av dessertar. Så da er det planer om kokkelering….
Medan eg var der fekk eg endeleg skrua saman den lampa som det berre har vore problem med. Slik type lampe som krev alt for mykje av gamle og halvgamle menneske. Altså meg. Slikt som ikkje burde vorte produsert. Da snakkar eg om lampa. Eg fekk og installert skrivaren til far utan at eg skjønte korleis det gjekk til. Enno var det eit par ting til eg skulle ha gjort, men det får vente til fredagen og handling.
Og medan eg skriv et eg knekkebrød og drikk te. Så etter eg har posta no, skal eg leggja meg.
Så er eg heime. Som ein premiering etter mil i bil.
Det vart ein bytur med lesebriller og mobil. Her er det bilde av elende.
Lesebrillene ligg att, for dei rakk ikkje ta dei i dag og mobilen er med heim att. Eg hadde ikkje lasta opp det eg skal ha med meg vidare på telefonen. Fekk lada den opp hos yngste, for i går fekk eg ikkje det til ein gong. Så no er kontakta med utomverda usikker, men det har ikkje noko å seia. For no kan eg ha visse utfordringar med å lesa også. Men er det så nøye…..
Elles har eg tullbriller, så eg skal nok berga.
Etter ein lang og nydelig gåtur i vakker natur i byen ut mot havet utan fotoapparat………..ja, eg har fortalt om apparetet, det virker ikkje heilt det heller………….ikkje pc’n heller for å væra heilt ærleg…………..hadde eg avtale med yngste.
Her er eit bilete av oss for nokre år sidan. Ja, eg gjekk litt bananas i redigeringa i kveld.
Vi kjøpte oss Fishan (fritert fisk og chips) som vi tok med heim til henne. Etterpå la vi oss til å sova litt. Det var kjempeherleg. Da eg vakna etter 20 minuttar forsto eg ikkje kvar eg var.
Men no er heime, og sjølv om eg sette av varmen før eg reiste til byen var det ordentleg godt og være heime hos seg sjølv.
I dag har eg hatt timen min og fekk tak i den naturlege pusten. Eg følte meg så friteke frå alt ei lita stund. Kjensla var så full av omsorg at augo mine fyltest med tårer. No er det to veker til neste gong; Til det eg skriv om her.
Da eg køyrde heim var det så vakkert, sjøen låg og gjenga alt i sin eigen ro. Eg må…….tenkte eg…….ut med fotoapparatet.
No hadde det seg slik at litt tid gjekk før eg var på veg, ut og ned til sjøen. På litt tid kan vêret finna på noko anna. Og det hadde skjedd -. Men har det så mykje å seia……..
Eg kosa meg stor og bredt. I skogen full av fukt og mose. Med trea i kaotisk orden.
Lucas labba kjent nedover vegen, vegen som er viska ut av trea her og der.
– Og motiva ropa på meg frå alle vinklar.
Mest som eit Japansk tegn -.
Sjøen, trea som speglar seg, linjene……
Greinene i silhuett mot den skodda bakgrunnen.
Ein stein som stakk så vidt oppom vassflata og laga ein “sjøblomst”.
Og så er vi på tur opp igjen. Boffen er ikkje glad i fotografering, men her rakk eg å knipsa han medan han såg mot meg…..det er sant, det er skikkeleg vanskeleg.
Og så var det dette treet……eg vart ståande ei stund å spekulera. Stammen og blada høvde først ikkje saman syntest eg. Men så kom eg på det…..er ikke så vant til å sjå det som ein einskild stamme……
…..ser du kva tresort det er?
Turen gjorde godt. Og det var det å få på seg tørre klede også.
Kos deg i haustkvelden med mest ei heil veke framom <3.
Han var sommar, han var leik og glede. Og han var broren hennar på liksom.
Det berre sto der. Som om ingen ting hadde skjedd. Og kanskje var det slik, at ingenting hadde skjedd. Ho såg opp i lufta. Det flaug eit par svalar høgt der oppe. Det betydde fint vêr hadde onkel Arne sagt. Onkel Arne som døde i fjor.
Sjøen gjekk knallblå nedanføre bakkane. Ho trudde det var nordavinden som vitja bitande i dag. Den laga sjøen gnistrande blå.
Fjøset.
Der det hadde skjedd.
Rødt.
Den kvite døra inn til mjølkebua var målingsslite.
Ho måtte koma seg inn til mor si. Ho venta nok.
“Arna, er det du?” ropa mora med ein gong ho hadde fått opp ytterdøra.
Den sat godt fast, så det var umogleg å lista seg inn. Ho svara mora. De var viktig å ikkje gjera henne redd. Ho sette bøtta med potetene på kjøkenbenken. Henta fram potetskrellaren. Etter og ha tappa bøtta halvfull med vatn og set fram ein kasserolle, den også med vatn i, starta ho å skrella. Ho sat på krakken med ein annan krakk framom seg. Der sto den gule bøtta. På bordet ved sidan av henne hadde ho plassert kasserollen.
På komfyren sto kjøtet å koka. Lufta var fuktig inne på det store kjøkenet. Mora hadde gløymt og sett på vifta. Dei skulle ha kjøttsupe til middag. Ryggen til mora var vendt i mot henne. Ho elta brøddeigen med vante hender. Tante Gerd kom i dag. Ho skulle henta Torbjørn. Han hadde vore hos dei i tre veker. Han var året eldre enn henne. Og dei hadde leika, samstundes hadde han hjelpt faren. Tobjørn budde saman med mor si i byen. Tante Gerd hadde ingen mann. Arna hadde aldri kome på å spurt om kvifor det var slik. Men det var ikkje så lett og spørje om slikt. Og ho visste ikkje korleis mora kom til å reagere. Og etter i går kunne ho aldri spørja om slikt.
Etter alle potetane var skrella og skjert opp gjorde ho det same med gulrøttene og resten av grønsakene.
Faren kom inn saman med Torbjørn. Ho kjende Torbjørn såg bort på seg. Men ho ville ikkje sjå på han. Ho ville kanskje aldri meir sjå på han. Faren skjenka seg ein kopp kaffi. Han slurpa når han drakk.
Mora sa heller ikkje noko.
“Eg køyrer for å henta Gerd” sa faren.
Mora, som var ferdig med brødet, tok av seg forkleet og strauk på dør.
Faren sukka.
Ein høyrde beina til mora for opp loftstrappa og inn på kjøkkenloftet. Soverommet til henne og faren.
“Vil du bli med” spurte faren.
Arna rista berre på hovudet. Aldri om ho ville ikkje sitja i bilen saman med Torbjørn.
Frå dei var små hadde dei funne på alle slags artige leikar ho og Torbjørn. Da dei vart gamlare laga dei ein hemmelegheit om at dei var sysken. Han bruka og væra hos dei om somrane og i påska. Arna likte så godt når han kom.
Eller ho hadde likt det.
Mora brukte å verta stille og fåmælt dei vekene han var der. Ho likte han nok ikkje, sjølv om han var ungen til søster hennar. Men ho likte nok ikkje søster si heller. Ho snakka mest ikkje med henne når ho var der for å levere og hente guten sin.
Arna synest ho hadde det fint i den vesle familien sin, men ho sakna onkel Arne. Torbjørn hadde sagt ein gong at ho var bortskjemt. Fordi ho hadde så mange vaksne rundt seg som sto på pinne for seg. Mora hadde sagt det sa han.
I går hadde dei leikt gøym og leit, slik dei ofte bruka. Dei starta å bli mest for store til slik leik. Det var hennar tur til å gøyme seg. Ho hadde sprunge inn på låven og gøymt seg i høystålet. Tobjørn hadde rekna til hundre, han sto utanfor fjøset og rekna høgt. Ho høyrde han kom gåande opp låvebrua. Ho måtte ikkje puste. Han kom bortover mot dit ho låg. Det knasa vislande og raslande da han tok seg fram i høystålet. Og plutseleg hadde ho hendene hans på seg. Han kila, og ho lo så ho heldt på å tissa på seg. Ho fekk kava av seg høy og han ramla ned ved sidan av henne. Ho fekk børsta av seg alt høyet og sette seg opp ved sidan av han.
Etter som dei hadde vorte eldre hadde dei desse stundene der dei kunne snakka om alt mogleg.
Han kika bort på henne, liksom granskande. Så sa han “du er vesle syster mi”.
“Ja visst ” sa ho leande.
“Ja, men du ER det” sa han. “På ordentleg”.
Ho såg på han. Augo hans var heilt alvorsame, utan tull, tøys og leik.
“Kva meiner du” fekk ho fram over tørre lepper.
“Far din er og far min”, sa han.
Ho kjende det som om grunnen under henne svikta. Kva var det han sat her og sa, dette kunne ikkje væra sant. Ho kika på han med bedande, vidopne augo, dette kunne ikkje væra sant. Men han møtte blikket hennar like fast.
“Faren din er også far min”, tok han opp att. “Han var kjærast med mor mi først”.
Ho visste mest ikkje korleis ho kom seg på rommet sitt, men ho fann seg att i senga si. Verda hadde ramla heilt sund. Den kvelden gjekk ho ikkje ned og åt kveldsmat. Mora kom opp med ei brødskive og eit glas mjølk. Ho strauk henne over hovudet før ho gjekk ned att.
Og no var dette ikkje til å viske ut. For alt var forandra. Ein leik hadde vorte sannheita, og øydelagt alt. Snart kom tante Gerd. Ho skulle få kjøttsupe. Ho skulle få nysteikt brød. Men Arna kjente ho gledde seg til dei for med bussen neste dag. Ho hadde flytta inn i den tause verda saman med mora.
Ingenting var slik som ho hadde trudd. Det ho hadde delt på leik kunne ikkje delast på ordentleg. Og det som berre hadde vore hennar var ikkje det lengre. Og det forandra alt.
Helst var det vel Lucas og Ludvig som laga kaoset. Bestevennene, boffen og den hjerneskadde katta. Boffen vart fylt av uro når han høyrde ropinga på Ludvig. Så for å få slutt på ropinga utanfor og travinga innanfor, slapp eg han ute inn. Han sprang rett ned i trappa, der kattematen står, for at boffen ikkje skal få dårleg helse står matskåla til kattene der. Herr boff kan ikkje gå i trapper. Litt upraktisk, men mest praktisk. Så den hjerneskadde gjer slik han brukar, i grådigheita kastar han seg over matfatet med ein slik iver og intensitet at han puffar skåla utanfor trapptrinnet. Og under trappa, nedi kjellaren, står kattkassen. Men denne gongen ramla fatet på golvet, ikkje i skitkassen…
No er har alle fått mat og roen har senka seg.
Men etter alt dette, og etter eg fekk køyrd i gong ei vaskemaskin, oppdaga eg kva eg hadde gjort. Eg hadde sove ut att og tu att som eg ikkje har prestert og gjort sidan eg var ung,……. og kanskje ein gong til.
Men eg hadde nok eit slikt behov. I tillegg la eg meg seint. Så da vart resultatet eit halvt døgn i vandring mellom drøymane.
Denne laurdagen utan anna enn det eg såg for meg. Denne veka har hatt avtalar kvar dag. I dag tenkte eg å køyra inn til Kristiansund.
Her er lesebrillene mine.
Og her er mobilen min, eg føler mest han skjer meg i øyra når eg snakkar i den.
Så desse tinga treng utbetring, og da må eg inn til byen. Men det vart ikkje i dag.
Yngste hadde nokre timar ho kunne treffe meg , men det er møter i russestyret, det er venner og noko som er meir enn venner, det er fødselsdagar og full fyk for ei ung jente som helder på å verta vaksen, ung jente.
I morgon hadde eg ei lita plan om å reise til den andre byen, for eg bor midt mellom desse to byane. Der skal mellomste synga i Vår Frues kyrkje. Det er konsert for regneskog og morgondagen sin aksjon. Men det er ein lang veg for å høyra henne synge ein song. Eg spurde faren, som bor berre ein halv time reise unna, om han skulle…. For da tenkte eg at vi kunne samkøyre den siste biten. Men for å være ærleg høyrdest han ikkje slik overivrig ut. Og eg kan bestilla ein konsert neste gong ho kjem heim. Og den samkøyringa har eg det betre av å ikkje ta. Så det vert nok ikkje Trondheimstur heller.
Derfor har eg ei god, fri, avtalelaus helg framom meg. Eller meir korrekt er eg godt i gong med helga. Og eg likar så god desse dagane utan avtale og timeplan.
Kva tenker du å gjera denne helga?
Liker du best planer eller gjera det du vil på impuls?
Handletur med mor og far. Etterpå spandere dei ein salat. Far fekk henta skrivaren han hadde bestilt. No er dei heime og eg er komen heim til meg sjølv. Vi hadde det hyggeleg. H for hyggeleg.
Eg kjenner ei intens lyst til å leve, ha det artig og kaste slikt eg ikkje har bruk for langt over bord. Eg har lyst til å fri meg frå det som dreg ned. Denne intense lysta til å ta fram alle gode krefter og bruke dei.
Kvifor skal eg let folk få øydeleggja seier til meg sjølv. For eg treng ikkje tillate det. Eg treng det ikkje. Og akkurat det kjennest som ein enorm herleg tanke. H for herleg.
For eg skal ikkje sørgje for det som ikkje er å sørgje over. Tre veker er lang nok tid til å legge vekk ein illusjon.
Framtida ligg glitrande framom. I alle opplevingane eg ikkje har opplevd enno. Over å gje meg sjølv fri frå ei tvangstrøye eg sjølv har kledd meg i. Eg treng den ikkje. Ikkje den heller.
Eg trur eg held på å blar om i boka om livet mitt. H for håp, helg, hell og gyllen haust.
Klokka var over seks og mørket heldt på å dekke til naturen. Men skal eg ta med meg foreldra mine på handling i morgon vert det ikkje da heller, tenkte eg vidare.
Men det var for drøyt i kveld kjende eg. Oppslukt som eg var av lydboka eg høyrde på. ” Den fantastiske reisen til fakiren som gjemte seg i et Ikea-skap” eller orginaltittelen ” L’extraordinaire voyage du fakir qui était resté c” av den franske forfattaren Romain Puértolas. En debut roman som på to månader vart seld til trettiseks land.
Den er fornøyeleg og surrealistisk. Eg liker det surrealistiske. No er fakiren komen til Roma og har bestemt seg for å bli forfattar. Han skriv på skjorta si i mørket om ein blind mann.
Romanen minner meg om “Hundreåringen som klatret ut av vinduet og forsvant” av Allan Carlson i den elleville fabuleringa. Og ei bok eg vart vilt begeistra for.
Da eg kom heim greidde eg ikkje lausriva meg med ein gong. Sat i bilen utanføre fjøset og høyrde på at han hadde møtt verdas vakraste kvinne, fordi han hadde reist i kofferten hennar. Riktig nok hadde han kasta alle dei vakre og eksklusive kleda hennar for å få plass i den. Men ho seier at ho berre er glad til, for no må ho kjøpe seg nye klede.
Men til slutt kjem eg meg ut av bilen. Mest som lufta er lunka utan at den er det.
På tur opp til huset kjenner eg nokre regndropar. Eg kjem meg inn, eg kjem meg på do, kjem meg ut av badet…….og plutselg tek eg på meg joggeskoa og……….refleksvesten.
Kan tru eg vart overraska………
Og så strena boffen og eg ut halvmørket og fekk oss ein tur likevel -.
For når eg er ute og går, så veit eg at om eg går dit, tek det så lang tid. Minutta, når eg set ein fot framom den andre, vert til tid. Eg har vore ute medan mørke kom. Men det er aldri så mørkt ute som det ser ut innafrå. Det viktigaste er refleksvesten for at andre skal sjå. Bilane som susar forbi. Nokre gløymar å blenda, da mistar eg evna til å sjå.
Turen i ettermiddagen var god. Lufta hadde krystallpreg. Eg langa ut, prøvde å rette ut knea, prøvde å let magen væra fri, kjende etter at skuldrene hang og pusten fekk gå naturleg.
Vi er framme ved midten av hausten. Midten av oktober slik omtrentleg, midt-i-månaden.
Eg reknar månadar attover og månader framover. April er seks månad attende og seks månader framover. Og det er ikkje så lenge sidan……..
Eg eksisterar i ei verd av tid. Ikkje er det ille og ikkje er det flott. Eg gled meg til at eg er ute av bobla mi. For eg trur eg er i ei boble der eg ikkje veit så mykje, ikkje tenker så mykje. Ei tid det er fint å dele med meg sjølv. Som eg ikkje har så lyst til å ha folk inni. Men eg blir overraska over kor greitt det er, når eg slepp folk inn til meg.
Det er ikkje tid for planar. Ikkje enno. Om ti dagar skal eg til å tenkje jul, tenker eg -. For da er det to månadar til den kjem og boset seg i hjarta. Eg ynskjer meg ikkje kav før den kjem.
I kveld trur eg at eg skal tenne på talgljos medan flammande i omnen leikar og fortærer veden eg gjev den.
Og vi skulle inn i vår første sommar i kommunen eg voks opp i og flytta frå som 16 åring. Jentene og eg hadde flytta på haustparten. Denne vårdagen er vi på besøk hos beseforeldra. Mormor og yngste på tur innover vegane, der mor sprang som lita og eg nokre år seinare. På tur inn til butikken.
Yngste balanserer i veg på steinane i sjøkanten. Attom ryggen hennar ligg garden morfaren min vaks opp, oldefaren hennar. Ringen er slutta, eg er attende til min eigen barndom med mine barn. Jenta skal snart avslutte femte klassetrinn.
Mormor og ho har sto sympati for kvarandre. Det er ein god kjensle at jentene får veksa opp saman med besteforeldre, at dei får vera ein del av ein stor familie.
Det kjenner eg på denne april dagen for sju og eit halvt år sidan. Med sommaren framom og sola i nakken.
No er butikken lagt ned og jentene har flytta vidare for å skape sine vaksenliv……
Dette trur eg på. Eg trur det vert bra til slutt. Men du verden kor eg reagerer.
I dag har eg vore hos han igjen. Psykomotorikeren.
Etterpå er eg ikkje til noko. Heilt pumpa, heilt utslått. Og opplevinga av å gjera mykje er ikkje der. I dag sa han det, at han var forsiktig med dei øvingane eg skal utføra.
For det eg gjer er å øva på å sitja på ein stol. Sitja med heile baken på stolen. På sitteknutane kallar han det. Eg skal puste heile tida, noko så enkelt. Men likevel så vanskeleg, for eg stoppar å pusta rett som det er når eg konsentrere meg. Ei godt innøvd handling.
Og det å henga ned baken riktig kan eg ikkje.
Eg svaiar i ryggen, eg står ikkje på heile føtene og eg vrir meg mot venstre når eg står rett. Og rett kan eg ikkje stå, for ikkje står eg på heile føtene, tærne har fri frå golvet. Eg har knekk i knea når eg trur dei er rette. Eg held magen inn og stoppar pusen ved minste utfordring. Eg knyt kjakamusklane, eg svaiar ryggen og kjører brystkassa fram med å bruka ryggmusklane i korsryggen for å få det til. Det er ikkje det minste rart eg har vondt i ryggen seier han. For det er i grunn ryggen eg brukar for å halda meg oppe, korsryggen. Eg har permittert opp til mange muskelgrupper.
Når eg skal til å bevega og få tak i musklane som ikkje er i bruk, blir eg heilt utslått. Og med tanke på at det er dette eg har valt å gjera for å stå i slikt eg må ha stått i, – for å verne meg mot slikt eg følte eg måtte verna meg for……da er desse øvingane for meg skikkeleg tøffe.
Og eg trur, eg trur på dette. Eg trur at gjennom dette kjem eit nytt liv.
For tida har eg nokså sterke reaksjonar, blant anna sterk irritasjon for ting eg oppfattar som uvesentleg. Til vanleg er eg mykje rundarar og godtek forskjellane mellom oss menneske utan å verta irritert. Eg vil tru dette har ein overgong. For det er slitsamt å verta så irritert.
Og eg trur ikkje dette er noko spesielt for meg. Eg trur vi alle lærer oss til mønster av livet vi lever. Så eg tenker det….og seier det; psykomorisk behandling til folket!