Når nettene blir lange

 

Mørkt var det om morgonen og mørkt var det om kvelden. Ein eller annan gong finn ein ut at det eigentleg er nok.

 

Ho bretta motviljug teppet bort og grøssa. Drog gardinene til sides utan at det var noko hjelp i det.

Mørkt.

Og mørkare skulle det verta. Det var 26. november. Snart jul.

På badet var det varmt.

Dette var heilt feil. Skikkeleg feil.

Det var da ikkje slik ein skulle leva. Lage kroppen sin som eit panser mot mørke og kulde.

Dusjen hjelpte, så da ho frotterte seg tør var varmen komen i kroppen. Anna ville føle på varmen. Varmen i hjarta. Ho strekte seg etter lotionen som sto på øvste hylla. Enn å sove seg bort frå denne årstida…..

Det var da det slo ned som lyn frå klår himmel…….og ho skjøna kva ho måtte.

Ho ville gå i hi. Ho ville være som bjørnen og berre gå i hi.

Ikkje før hadde ho tenkt tanken før dørklokka ringte. Mest ergeleg av å verta avbrote i tankane sine gjekk ho for å opne. Det sto ei gamal dame utom døra, eit heilt framandt menneske.

“Du skal få ynskje ditt oppfylt mot at du gjer tre gode ting” sa den gamle dama.

Anna skulle til å seia noko, men da var dama borte. Ho ha att døra og låste. Det rare var at akkurat da kjende ho ei sterk kjensle av kva ho måtte gjera. Utan at ho visste kva ho skulle gjera…….

Først laga ho seg ein retteleg solid frukost. Lenge satt ho og åt medan gråljosninga steig opp på himmelen. Etterpå tok ho fram data’n og skreiv enkelt på facebook “Riktig god jul, vi sjåast til våren”. Etterpå skrudde ho på automatiske trekk i banken på utgiftene sine. Stilte ned temperaturen i huset og såg etter at alt skulle vera slik det måtte være.

Til slutt tok ho ein telefon til mor si og sa at ho ikkje ville være å få tak i før sola steig på himmelen slik at den vermde. Mora høyrdest nok forskrekka ut, men ho skjøna nok at ting var under kontroll og ikkje noko å uroa seg for.

Så bra at ho hadde søkt permisjon for eit halvt år. No var det å finne seg varme og gode klede.

 

Anna opna ytterdøra. Det var plussgrader og bart. Ho låste og tok vegen mot skogen. Det var den vegen ho måtte gå. Ho traska oppover stigen og gjennom grinda. Det susa i furutoppene. Ei kråke kraksa lengre inne. Ho kjende lukta av bar og mose. Det knatt i kvistar og ho følte seg omgjeve av liv. Akkurat da ho skulle leggje ut på myra vart ho vars ei rørsle på høgre side. Ho snudde hovudet da ho såg ein liten skapning som sat på ei tuve og kika mørkt framom seg.

Anna fekk seg ikkje til å gå vidare. Ho tok eit par steg mot denne vesle skapningen. Det var ei jente såg det ut som. Vaksen på eine viset og svært lita. Ho snudde andletet bort frå Anna og satt med det snudd til sides.

“Hallo” sa Anna “kven er du?”

Det var heilt utruleg at eit så tungt sukk kunne kome frå ein så liten skapning. Så kom ikkje meir lyd.

Anna tenkte ho måtte setje seg ned på steinen som låg like ved tuva utan å skremme noko som var så lite og som hadde det så tungt. Ho gjorde seg så lett ho kunne og tok føringa mot steinen. Skapningen sat framleis på tuva da Anna hadde satt seg.

Anna følte ho måtte seie noko. Noko som førte ljos med seg. For denne vesle jenta hadde det så tungt at ho nok hadde krympa. Og instinktivt skjøna ho at denne vesle skapningen nok ikkje var fornøgd med seg sjølv.

“I alt som er finnest lærdom, i alt som skjer finnest noko å lære, noko vi kan ha bruk for i vegen vår vidare” sa Anna med låg stemme. “Noko som fører til at vi veks, om vi tek i mot det vi kan lære, utan å stenge det som er ubehageleg ute.”

Den vesle skapningen snudde hovudet sitt og eit par store, mørke augo trefte Anna. Og så merka ho seg at den eine foten var litt lengre enn den andre. Men det var nok ikkje her årsaka til sorga låg.

“Og det som er fint når alt er ille, er at det finnest ting der som kan hjelpe oss vidare………alltid. Berre vi sørgjer oss ferdig først, tømmer sorga ut, så er det alltid gullklumpar der” sa ho med overtyding.

Ho kjende ei slags sterk glede i seg da ho såg skapningen opna munnen, samtida som ho registrerer at begge føtene var vorte like lange.

“Om ein brukar opp tida på det ein ikkje skal og skuffer seg sjølv, da er det ikkje noko å henta – for den tida er oppbruka” sa skapningen med ein stemme utan glans.

“Jamen, det er akkurat det. Men du må finne ut kvifor du har bruka opp tida di på det du ikkje skal.”

“Eg veit ikkje kva eg vil, eg veit ikkje kvar eg skal og det er ikkje nokon vits med noko” sa den vesle med ørlite meir kraft i stemmen.

“Da har du funne ut ein heil del” sa Anna.

Samstundes såg ho at den eine handa var mykje større enn den andre.

“Eg skulle samla blad i heile haust. Laga store dungar og tydd nervetrådane i blada, men eg let dei blesa vekk medan eg leika med hjortane, svinga meg i greinene og rei på rådyra. Og så fekk eg vondt i magen når eg tenkte på alle blada. Og eg skjøna ikkje kva som var vitsen med nervetrådane, kvifor skulle eg lære meg dei – det var så mange og dei var så like.”

“Var det ingen vits i det?” ville Anna vite.

“Vitsen er at nokon har funne ut at da kan eg sitja høgt oppe i eit tre, der eg kan få mykje ljos og luft når eg kan fortelje treet neste år kva det kan gjera for å verta enno sterkare, – ut av nervetrådane.”

No var skapningen vorte ivrig og vifta med hendene, som hadde vorte like store

“Så du bruka for mykje tid til å leika deg og tenkje på at det var så alt for mange blader?” spurte Anna.

“Ja” peip det den vesle stemmen, men likevel med eit trykk no.

“Om du hadde lagt det du har følt no av sorg og det du følte av glede under leiken, på ei vektskål, kva vog mest?”

Den vesle jenta, som hadde vorte litt større, kika fast på Anna med eit tenksamt blikk. Ho leita nok etter svaret.

“Trur du må setje opp eit reknestykke her, for kva skjer om du ikkje får sitje høgt i treet, kva om du bytte litt av tida som du leika til å ta eit og eit blad å sjå på det. Litt og litt kvar dag vil verta ein stor dunge til slutt. – Med kunnskap. Veljar du likevel leiken må du sjå kva det fører til og akseptere resultatet av det valet. Men du har lært mykje om korleis det kjennest å skuffa seg sjølv og det er ein god lærdom” sa Anna.

Den vesle jenta, som no ikkje var så lita lengre, såg overraska ut.

“Var det bra at eg skuffa meg sjølv?” sa ho.

“Ja, om du bruker lærdomen du har fått til å gjera det annleis, da er det ein svært viktig lærdom.”

“Eg vil prøve alt eg kan på det” sa den vesle og reiste seg opp. “For slik som det no vart vil eg ikkje ha det.”

“Da får du sjå kvar tankane fører deg, for det er viktig kva du seier åt det sjølv med tankane dine” sa Anna.

Og før jenta strauk inn i skogen blas det liksom ein mild vårvind på Anna, og ho kjenner det med det same ho for,- ei glede, ei glede av håp som ho la igjen i hjarta til Anna.

Og sjølv tenkte Anna at ho skulle berre nyte kjensla, utan å spekulere på kva dette var for noko.

Det er mykje mellom himmel og jord.

Da ho gjekk vidare over myra snudde ho seg, attom seg såg ho ein rev som kryssa sporet hennar.

 

Ho klatrar opp på ein haug, der får ho sjå eit svær merkeleg syn. To harar som sit med ryggane mot kvarandre. Dei spring ikkje fordi om ho kjem pesande opp. Dei sit der, som forsteina. Den eine haren dryp det veske ut av augo på. Litt rådvill vert ho ståande å sjå på dette synet. Til slutt legg ho seg på magen framom den eine haren, den som det ikkje renn av augo frå. Sjølv om dette er ein svært rar dag skjøner ho at det å snakka til harar er for merkeleg.

Men da ho ser inn i augo til denne haren fyllest hovudet hennar av tankar. Haren sine tankar. Overraska ser ho på den verda som opnar seg.

“Det går ikkje lengre, eg kan ikkje meir…..eg reiser til mor. Eg vil ikkje dette lengre. Eg har nok kome fram til det no. Til det riktige. Ingen kan ha råderett over meg. Vi er alt for ulike. Alt for ulike. Eg vil leva fritt. Eg vil bli rik. Utan arbeid. Eg vil få tak i det eg vil. Eg vil eta soppane som fargelegg naturen. Eg vil sjå på huldrene når dei tar av seg skjortene og let brysta duva over vassflat. Akkurat når eg vil. Om eg har lyst. Og alle kameratne er einige om at eg kan ikkje leve i ei tvangstrøye. For det eg ville tidlegare vil eg ikkje meir. Og det er hus under kvar busk, under kvar busk . Eg treng berre å få være meg sjølv.”

Forvirra tumla Anna opp. I alle dagar kva for tankar var dette. Dei virka forvirra og lite konstruktive. Men herlegdom, det var ein hare. Ho tek inn tankane til ein hare.

Ho går i rundt desse to kroppane. Legg seg ned framom den andre. Og det same skjer. Tankane dukkar opp.

“Kvifor kunne han gjera slik? Kvifor? Enn å berre reisa og verta borte i fleire døgn utan å seia noko? Eg har aldri ofra slikt for nokon før. Eg har aldri akseptert så mykje frå nokon før. Eg har aldri hatt det så vondt. Eg har aldri grått så mykje?.

Plutseleg gjekk det opp for Anna at ho såg på ein gråtande hare. Ho hadde aldri visst harar kunne gråta.

“Eg skjøna det ville gå gale da kameratane kom. Eg følt det. Han forteljar alt til dei og dei synest eg er forferdeleg. Men vi må starta å byggje huset vårt om hausten før snøen kjem. Vi må samla det vi kan medan marka er bar. Vi kan ikkje bruke meir en kva vi har. Og dei soppane som fargelegg naturen er ikkje godt for oss. Og kvifor vil han sjå på huldrene over vassflata når han har meg. Dette kan eg ikkje meir. Eg må snakka med han. Men eg når ikkje fram. Eg synest han viser ei side som eg ikkje kan leve med. Sjølv om eg trudde det var det vi begge ville. Vi må ordne opp. Eg trudde framtida var vår.”

Anna er heilt utslått av tankane. For her var det frykteleg mykje som trefte henne. Her var smerte, kjærleik, sårheit og kanskje ein god del umodenskap i ei vond blanding.

Ho prøvde seg med nokre mot-tankar……men fekk det ikkje heilt til. Ho såg han-haren ville flykta frå alt i lange hopp. Ho såg kor såra ho-haren var. Samtidig såg ho han-haren leita etter det STORE bykset, og at det bykset kunne gå rett i avgrunnen. Fordi han trudde det var hus under kvar busk.

“Snakk saman” prøvde ho å si med tankane sine.

Men kva visst ho om livet til ein hare. Hadde ho noko å tilføre. Ho reiste seg opp og såg på desse to som hadde skifta til vinterdrakt. På kulden dei hadde inni seg. Ho kjende på gråten. Ho kjende på ei stor frykt over det ho hadde fått sendt seg. Men ho ser ho-haren kikar opp på henne med takksemd i blikket. Over at ho fekk dele denne historia med henne.

Så gjekk ho frå dei, og i ei frykteleg oppdaging skjøna ho at han-haren var eit av kosedyra hennar da ho var lita. Harebertram som ligg oppe på mørkloftet heime hos mamma i ein svart søppelsekk.

Tårene starta å trille. Kvifor skal det vera så vanskeleg, kan det ikkje berre gå lett?

 

Ho var blinda av tårer da ho plutseleg skimta eit tjern framom seg. Det sto eit furutre som lena seg utover vatnet. Først såg ho henne ikkje. Men ho såg rumpa……..kurumpa. Ho bivra.

Ved furuleggen sat det ei, prega av tidas tann. Hudra hadde eit skrukkete andlet. Men attom alderdommen såg ho det vakre. Dette var ei vakker kvinne. Og det var ei huldre. Ho sat heilt samanknekt og gråt med store hulk utan lyd.

Anna måtte samla tårene sine, tørke dei og høyre kva som var så trist. Men ho visste ikkje om ho ville klare meir triste forteljingar no.. Huldra såg på henne med dei grå, grøne augo. Sorga var så stor at den flaut over.

Sorga ……..og redsla.

Anna sette seg ned framom ho, ho kunne berre sjå. Sjå på det ho både visste og ikkje visste.

“Eg kan høyre på deg” sa ho til slutt.

“I heile vinter kan eg høyre på deg, om du treng meg.”

Det var det mest naturlige ho fann på å seie.

“Du har kjend meg lengst – ” sa huldra.

Anna visste det var sant, om det ikkje direkte ga meining. Ho såg på henne framom seg. Som var så redd, som hadde ei Mare på skuldrene sine. Ei Mare som skremte opp att og opp att igjen, som tok nye former i skremsla. Nye former av kva den kunne laga verda heilt sløkt med.

“Ikkje vatnet – ” sa Anna.

“Nei, eg vil ikkje dit, eg vil ikkje dit, men eg er redd for at eg går dit likevel” sa huldra.

“Du gjer ikkje det” sa Anna, men det er Mara som snakkar til deg og den vil ha deg redd. Ordentleg redd.

For Anna visste berre at slik måtte det vera. Ho vart sitjande attmed huldra til det vesle ljoset som var hadde starta å blåne over alle blånar.

“Eg skal gå i hi” sa Anna.

Og da ho såg ned over seg hadde ho fått bjørnepels.

 

Bortom tjerna såg ho eit lite ljos som liksom sa “kom“.

Ho skjøna at ho hadde løyst dei tre oppgåvene. Ho hadde løyst dei gjennom å lytte og prate.

“Men treng du meg er det berre å vekkje meg” sa ho til huldra.

“Du er ein engel” sa huldra.

Ikkje visste Anna at huldre kjende til englar, men ho skjøna at desse timane hadde vore til hjelp for ei hulder med ei Mare på skuldrene. Ei Mare som skulle eliminerast, for marer har ingen bruk for.

Ho såg ljoset skein sterkare og starta å rugge mot det. Inn i mellom trea låg eit berg. Inn der forsvann ljoset. Så såg ho opninga, ein hellar.

Inne under hellaren var det eit varmt mørke som tok i mot henne. Ho kjende ho var svært trøyt og at det skulle verta godt med den lange søvnen. Det kom eit langt gjesp. Så var det akkurat som hender hjelpte henne på plass og ho kunne leggje seg i det mørke, mjuke leie.

Da ho let att augo såg ho eit stort bankande hjarta for sitt indre, raudt og varmt. Og ho kjende på gleda til å vakna opp til droplande, smeltande snø, spiring av nytt liv og den varmande livgjevande sola.

 

Eit lite hei

 

Prøve og sende frå meg nokre ord i kveld. For eg tumlar i rundt.

 

I dag starta eg dagen med å velte ein kopp kaffi i golvteppet. Og så oppdaga eg at det var tomt for solsikkefrø som eg skulle ha i brød. Men eg fekk baka dei obligatoriske to brøda til frukostbordet første juledag likevel, og det er eg glad for.

Eg avspasere og skal eigentleg få gjort noko. Noko til jul. Men dagen i dag vart gjeve vekk. Til at opp til fleire trengte meg. Rett og slett. Det er ikkje alt som er like greitt for folk. Slikt kan ha ein pris, så eg forsvinn enno meir inn i mitt eige når eg kan det. Men eg er glad for å kunne vera til hjelp.

I det siste er eg berre sporadiske her inne. Og ofte er det nok å lese ein blogg, så må eg ta kommentaren seinare. Eg vil seia dette for at ingen skal tru det er arroganse, om noko legg merke til låg deltaking. Skal verta godt når eg kan få opp meir konsentrasjon. Eg er ikkje i tvil om at det vert betre.

Ynskjer alle enkelt god natt.

Ein søndagskveld

 

Eg kjenner helga er bruka opp. Med vind og kav og stromflo gjekk den fort over.

 

Det bles uti mørket, huskar og riv i huset. Det er søndagskveld etter ei helg på raske bein. Begge jentene kom heim denne helga. Lenge sidan sist at begge var heime samtidig. Dei syntes også helga gjekk fort.

Ho som fylte år har feira tre dagar til ende. I dag var det besteforeldre som vart bedt. Og mostra, – tanta, som bor nedunder.

Det vart gammaldags mat. Koka laks, dvs. aure. Rømme, agurksalta, gulrot, brokkoli og potet til. Ikkje noko krims, krams. Sjokolademousse til dessert. Pavlova med mykje frukt, til kaffien.

No har eg henta og køyrd heim middagsgjester, eg har køyrt jentene til bussane som tok dei attende til kvardagen.

Utføre novene huserer vinden, men eg skal straks avslutte dagen……for eg er frykteleg trøyt.

For 22 år sidan

………………….kom ho som er ho midt i. I går feira vi dagen.

 

 

Vi feira den i byen ho bor. Med å gå ut å eta; ho, faren, venninna og eg. Ho var glad og smilande. Ho vart vekt til dagen med nysteikte bollar som bestevenninna hadde baka åt henne.


Venninna

Etterpå gjekk turen opp til kollektivet dei to jentene bor i. Der serverte mellomste oss kaffi.


Vi smaka på bollane som var gode. Til morgonen hadde ein kamerat vore framom med ei kake, søster mi hadde med seg sjokoladekake og eg tok meg ei romkake som fekk skulda for latteren som sat så laust. Men det var nok alt sukkeret som gjekk oss til hovudet.


Faren og søster mi

Elles er det godt å kunne dele tid saman med ungdom. Dei kom og sette seg attmed oss dei to andre som bor der også. Svært triveleg ungdomar alle.

Det er ikkje så mange år sidan desse bileta vart teke. Synest eg.


Men når eg ser denne gamle dama skjøner eg nok det har gått 22 år sidan ho vart lagt i armane mine.

 

Å gløyme at ein har fri

Eg vakna til tankekav og stramme skuldrer i morgonljoset.

Det og det og det song det. Må eg. Telefonar og bestillingar, tannlege til yngste, jubilerande nabo, fotbehandling til mor og meg…….og så ein prat med sonen i ettermiddag. Eg vakna til ein fridag, og der gjekk det an å få til det og det, men der gjekk det ikkje……..slik huserte tankane mine.

Eg gjekk i gong med ein gong eg sto opp, fann telefonnummer og ringte. Når kan eg og når har eg fri…..og det var da eg såg det. Eg hadde gløymt at eg skulle avspasera.

Enn det?

Enn å gløyme at ein skal ha fri og legge planer på slike dagar. Så eg kunne ikkje anna, eg måtte le av meg sjølv. Eg skulle ha fri frå fredag til onsdag, men den gong ei når eg har planlagt oppgåver.

Men i dag har eg fri. Fri til å laga kaos i mi private verd. Har ikkje fått tinga behandling av føter elles har eg ordna opp i fleire av oppgåvene. Det er mi julegåve åt meg sjølv. Føtene. Eg har tenkt å være mykje snillare med undersottane. Det er dei som ber meg oppe og som har den tyngste børa.

I morgon skal eg til Trondheim. Feira henne som fyller år. Ho ringte meg i går, dei hadde hatt innbrot der ho bor……..inga artig oppleving.

I dag skal eg baka brød og steike ei kake for å ta med i morgon. Finn sikkert på eit par andre tinga å gjera også.

Fekk melding frå systera mi, vil du være med på Kyrksæterøra sto det……..og det kunne vore koseleg. Men eg trur denne dagen skal eg være i ro, sjå om eg kan riste laus både kav og stramme skuldrer.

Det lakkar og li

 

Dagane fyk gjennom tida. Med innhald og minne. Nokre er kvite og andre er grøne.

 

Første søndag i advent og verda er grøn, snøen var borte da eg vakna til dagen i går.

Eg skal henge opp stjerna og sette fram ljoset i vindauga snart. Tok det ned frå mørkloftet i går. Samtidig fekk eg opp kassane med sommarklede og dei to solstolane eg kjøpte i sommar. Eg har kvidd med til dette, eg har ein slik “hønsestige”. Men eg fekk det til med litt pust og pes.

Fekk og gjort øvingane mine og var godt fornøgd med meg sjølv da eg køyrde til foreldra mine. Der var det handling, ned med meir adventspynt som vart plassert, skifte av ljospære og forkorting nokre hårstrå.

“Men skal du opp med dette no” ville far vite. Han syntest tida gjekk vel fort.

Så slik gjekk dagen i går. Eg kom heim kvelden før etter to dagar i Kristiansund.

Første dagen var det møte og mat. Neste dag fekk eg kjøpt nokre julegåver. Men ikkje visste eg det var noko som heite Black Friday denne dagen. Så eg som ikkje er så glad i butikkar opplevde det kaotisk. Den opplevinga vil eg tru andre også hadde.

Eg hadde eit gåvekort som eg og fekk bruka. Så det vart også klede på meg. Oppdaga da eg tok fram vinterklede for litt sidan, at eg hadde lite overdelar. Så no har eg gjort noko med det.

Eg valte å bo hos yngste framfor hotell. Det er så koseleg å ha litt tid med desse som ikkje bur heime i kvardagen lengre.

Ho var oppteke med eit kostyme. Vi var framom Panduro så ho fekk kjøpt seg filt.

“Eg synest det er artig å laga det sjølv framom å kjøpe ferdig” sa ho.

Ho har nok arva tankegongen til mor si, det har vore laga nokre kostyme oppover.

Dette er frå da sonen skulle på karneval som trettenåring. Det var ingen som kjende han att. Må presisere han ikkje var påtvinga å kle seg slik.

Yngste hadde funne ut ho ville være Super Mario. Ho starta med å finne ei raud t-skjorte i skåpet mitt. I utkledarkista fann ho ei blå buksedrakt. Den vart sauma til først gongen eg var i Paris. Den fekk meg inn på eit insted som låg ved Champs-Élysées, der sila dei folka. Nokre av dei eg kjende, som kom seinare den kvelden i 1979, kom ikkje inn.

No var den omgjort til eit kostyme for ein figur frå eit dataspel.

I går kveld var festa for ho som snart er like gamal som mor si den gong da. Eg sende ho ei melding da kvelden hadde bikka over til natt. Eg ville veta om ho hadde det bra.

Det hadde ho.

I tillegg hadde ho vunne premie for festens kostyme, og ein viktig faktor var at den ikkje var kjøpt.

Så kunne eg seia god natt til henne som var trygt i hus og som var super glad etter ein kveld som Super Mario.

 

Attende til dagen i dag. Den er som sagt grøn. Og det er skikkeleg mykje eg kan gjera ein dag som denne. Hittil har eg klart å velta ein full kopp med kaffi utover bordet. Eg skal i alle fall ikkje noko for andre enn meg sjølv i dag.

Og på slutten av dagen skal eg tenne eit ljos og finne fram cd’ane med julemusikk.

 

Ein riktig fin første søndag i advent til deg som les. Korleis brukar du dagen?

 

 

Snodige greier

 

Veninna mi, gamle herr X…………

 

Eg sendte ei melding . Etter å ha snakka eller rettare sagt….chatta med mellomste.

Ho var lei seg, ho var blakk, ho skal snart fylle år, ho ville feire og ho ville ikkje feire……

“Kan eg få fødselsdagsgåva mi i pengar på forskot hos deg og pappa?”, var spørsmålet.

Og eg lova eg skulle prata med han. Gjorde det enkelt for meg sjølv og sendte ei melding.

 

Men først hadde vi ein prat om korleis dette kunne løysast ho og eg. For eg høyrde den vesle jenta som gjerne ville ha feiring, som ville alt og ingenting. Og frustreringa….

“Kanskje alle berre kan ta bussen hit” foreslo eg.

Midt i eksamens tid og alt var dette vanskeleg.

Og det var nok ikkje riktig forslag å ha feiringa her. Og da ho ramsa opp dei ho gjerne ville be foreslo eg supe og brød. Kan ikkje legge folk i fjøset heller.

 

Så ringte han som pappa er. Han hadde ein lang utgreiing om arbeidet sitt. Han synest han er flink, og det er bra det. Og jau da, han er nøye, men kan være slitsam å få på vitjing inn i nymåla hus.

“Er det hellegdagar her da” bruker han og seia medan han saumfer dei nymåla flatane med både augo og fingrar.

Etter å ha snakka om ho som snart fyller 22 år spurte eg om korleis det gjekk med henne han var saman med………sjølv om eg visste svaret.

Dei hadde gjort det slutt samstundes fekk eg veta, men han var først. Og så fekk eg ei utredning om den saka.

“Enn no da, noko nytt?” spurte eg (eigentelg hadde eg blitt informert her og).

Og svaret med ikkje seie nei, men heller ikkje ja, er eit svar. Så han fekk fred for fleire spørsmål, eg skjøner korleis det kan væra med ferskvarer.

Og så ville han vete korleis det var med meg. Og noko så snodig, eg svara -!

Eg fortalte litt og sa det ikkje var meir. Svaret om kvifor vart nok meir uklart. Eg sa berre at vi ikkje hadde hatt kontakt siste veka og at det var ikkje meir å bygge på. Og at jula berre kunne være slik den hadde vore. Jentene ville gjerne at han skulle komme hit i år også fortalte han.

“Kva vil du da?” sa eg. For han har alltid gjeve inntrykk at for han var det det same.

“Er det riktig at det er det?” ville eg vite. Litt slik kniven på strupen….

Og aninga av den vesle stotringa fortalte meg det eg meiner er sjølvsagt.

Han er heldig som blir bedt heim til X’n og barna i jula. No var det riktig nok eg som la opp til det. For eg sa at om julekvelden skulle barna være hos meg. Men det var heller ingen protest…..


Eg sa i tillegg at han kunne heller komme og feire saman med oss, slik at jula fekk vera uforandra for dei som da var små.

Og slik har det vore rundt dei godt ti åra sidan vi gjekk frå kvarandre. Minus eit år da eg trur han feira saman med henne som det no er slutt med.

Så no blir det nok slik i år og, men eg vil tru avtalen går mot slutten no.

Slik som det heldt på å gjera i år. Hadde nok vorte ein tanke krevjande med ein X og ein ny kjæraste under same tak på julekvelden kanskje -, for dei.

Da eg lufta den tanken  tidleg i haust for yngste svara ho som ei gammal ei:

“Er det ikkje litt tidleg å feire saman med ein du har kjent så kort – .”

 

Men at eg skulle gje meg ut på ein samtale med herr X om kjærleikens uregjerlege veger………der eg ikkje berre lytta, men også bidrog sjøl……..det hadde eg ikkje trudd.

Så no spekulerer eg på om vi har vorte veninner…….

 

 

 

 

 

Utan punktum og komma

 

 

Er tida evig eller avgrensa? Korleis er tida…….. Mi berre går.

 


Chagall fra google

Tida flyt gjennom årene mine. Og eg flyt gjennom tida. Som ein Chagall figur i flyt.

Eg må feste meg i tida.

Men det er det store teppet av slit både i renning og i innslag som ligg over. Som rotar saman tida mi.

Men kanskje eg treng at den berre flyt. For å reparere alt eg skulle. Alt eg ville. Og så trudde eg tida og kreftene mine var uutømmeleg.

Eg trudde aldri eg ville verta eldre. Da eg var 26 år var eg gamal. Trudde eg.

I dag skulle eg til psykomotorikeren Dei kan tulle dei også. Med tida. Og med timane. ¨- Og det dei seier og det dei gjer. For det er menneskeleg.

Så i dag vart det bomtur.

I sørpa.

Men eg fekk betalt rekninga for å køyre ein bil som både er skodd og har alle dei ljosa den skal ha. No satsar eg på at den held vinteren i gjennom.

Det brenn logande og varmande på omnen. Det dryp frå taket ute. Men snøen ligg randheil enno.

Enno – fordi meldingane fortel om plussgradar.

Eg trur eg skal gå i gong med eit eller anna. Det er nok å ta fatt i. Meir ein nok, så det å finna på noko er ikkje noko problem.

Eg kjenner det er godt at ikkje klokka har noko å seie her eg sit. For klokka og eg……..klokka og eg……..vi er ikkje på parti. Men vi skal klare å bli vener tenkjer eg……..eg trur det……..

Og så får eg spekulera på veka eg er i gong med. Skal eg bry meg om å vitja to byar på slutten av veka eller er berre det dumt -. Personalmøte og juleavslutning i den eine. Invitert med ei venninne til den andre, berre for hygge. Eg kan greie begge, om eg ikkje overnattar……..men så var det kreftane og tida…….

Nei, no trur eg skal finne på dette noko…….skal eg starta med å legge saman klede eller rydde kjøkenbenken……

 

 

Disponerer du tida di effektivt eller har du erfaring med at den kan være i flyt?

Chagall fra google

Søstrer

 

Vi er tre og vi er barn av seksti talet. Ei heil verd av vår verd. I den vesle bygda.

 

“Tripp, trapp, tresko” sa dei. Foreldra. Og eg syntes dei godt kunne kalla oss det. Hadde ikkje hatt noko i mot å heita Tripp eg. Men vi fekk norske, malmfulle namn. Heile slekta var prega av det norske, namna, språket og tanken. Det gamle partiet Venstre var det dei stemte. Da eg skulle stemme i starten opponerte eg med å stemme Høgre og kle meg i Ibsa støvlar og lodenfrakk ein stakka stund. Min sosseperiode, da dei på skulen eg gjekk snarra seg inn i palestinaskjerf og Sigrun Berg skjerf. Eg opponerte like greitt alle veger når eg først skulle.

Men som eldste i jentegjengen var eg seriøs, eg syntes eg hadde noko å seia. Når eg ikkje drøymte meg vekk. For det var så mange drøymar og drøyme.

Av og til førte eg drøymane ut i orda og på papiret som teikningar. Da viste eg tilløp til foretingstalent.

“Eg skal teikna ei forteljing om du går opp på mørkloftet og heng opp kleda” kunne eg seia til ei syster.

For oftast var det nok tåredrypande historie som gjekk bra. Dei “selde” bra ut over sysken flokken.

Eg vaks og vaks og vaks. Mellomste følgde meir jorda og fekk ein grei høgde som stoppa nokre centimeter før 70 talet kom til syne på målbandet. Den yngste bikka nokre centimeter over, men ikkje som meg…… bremsane virka først like før eg sklei over på 80 talet. Inga god oppleving som førte til mange tårer over mange år.

Den mellomste var meir knytt opp til konvensjonane og så var ho full av humor. Der eg var dønn seriøs kunne ho slå over i spøk. Ikkje alltid ein følte ein fekk den respekten ein fortjente.

Men vi leika oss mykje saman til tross for dei tre åra som skilde oss. Med papirdukkar. Vi teikna og laga historia som kunne konkurrerte med såpeoperaene som kom nokre år seinare. Papirdukkane hadde STORE lepper, STORE pupper og frykteleg mange klede. Reine rosabloggere…

Det året eg var 14 år skreiv eg og øvde inn eit skodespel med søsken og søskenbarn. Da heldt det hardt for tolmodet at mellomste skulle spøke når eg ville ha ro i leiren for å øve.

Ho var og ei aning meir utspekulert enn meg. Ein gong hadde eg kjøpt med popcorn som vi skulle nyte på ein skitur. Vi var ikkje kome langt før ho starta å mase på at vi skulle ete. Til slutt gjekk eg med på det mot at ho lova at ho vart med vidare etterpå. Men da posen var tom snudde ho skia og rente heim igjen. Slikt skjøna eg ikkje og mista både munn og mæle…….eller det morsette…

I dag arbeider ho som sjukepleier, ei utdaning ho tok på i vaksen alder på trass, etter at ho ikkje fekk seg arbeid som grafisk utformar. Og etter og ha følgd mann land og strand i hans klatring på karrieren. Da ho var ferdig arrangerte eg overraskingsselskap til henne, på bilete der vi er eldst. For det fortjente ho etter innsatsen. 

– Og ta eit val som låg så langt unna drøymen står for respekt.

Yngste hadde slege seg og har plastra nasen på bilete.

Ho har hatt nokre fall. Like etter ho vart tjue starta ho å verta sjuk. Det gjekk ti år før ho fekk diagnosen MS – multippel sklerose.

Ho er sju år yngre enn meg, og vart meir til bry enn ein leikekamerat. Sta var ho og ville væra først. Ein eigenskap som har hjelpt henne med den skjebnen ho fekk.

På det bilete der vi er yngst, står ho med den krafta ho hadde i seg, eit godt bilete på oss alle tre som typar. Yngste med jakka på halv tolv klar til det meste. Og ho har klart mykje med viljen sin. Ho har sett mykje meir av verda enn eg med mine friske bein har gjort. Peru og India er nokre eksempel. Helserelaterte reiser.

Ho starta på ei utdaning for ho ville måla, bli kunstnar som ho sa – noko vi to andre steila over, for det vart ein ikkje meinte vi, enten var ein eller så var ein ikkje. I dag står lerretet framme igjen.

Og snart er det jul. Julebilete der vi står framom juletreet. Med julegåvene under treet og sannsynlig er det rømmegraut i bollen eg held. Det åt vi om kvelden, det var vår tradisjon.

Ein kikk ca. 45 år attende i tid.

Rart kor fort desse åra har gått. Med glede og sorg. I dag held ungane våre på å bli store. Yngste har ei dotter, mellomste har to og eg har tre barn, to jenter og ein son.

Her er eit bilete frå eit juleselskap hos mormor og morfar. Enno lengre attende. Saman med nokre av syskenbarna, eg er ho med den store sløyfa. Trur det må være jula 1960.

 

 

 

Dagen, snø og vegane

 

Det er på tide med eit blogginnlegg. For å fortelja at eg lever og at snøen er komen. Og at alt elles er ved det gamle.

 

November ein tung og mørk månad. No vert den ljosare når snøen breiar seg utover jordene……..og vegane. Dette med vegane er alltid ei utordring.

Han som brøyta i fjor og føråret sa det frå seg i år. Har det berre vore meg som budde her har eg nok klart å måka ei renne dei opp i mot 100 metrane ned til vegen. Men når leiebuaren er handikappa går ikkje det. Og så veks ikkje brøytarar på trer?.. antakeleg veks dei slik som alle oss andre. Det er berre det å finna ein.

I går kveld rulla eg så sakte, så sakte heim…….for hjula på bilen leikar sommar enno. Men no har eg  bestilt både dekk og time for skift. Det er i morgon tidleg. Det eine settet med felgar får halda fordi eg veit ikkje kor lenge bilen held.

Men alt ordnar seg på vegen og greier seg i sjøen er det sagt. Utan samanheng.

I dag har eg fri. Veka har hatt innhald. Møter i mange ulike variantar.

Frå dei “gråhåra menn” sine desillusjoner til situasjonen min. Men eg kom meg gjennom dagane og i dag har eg fri. Ein ettermiddag var eg bedt på middag, prøvesmaking av julematen kan ein seia, og lutefisken smaka fortreffeleg.

Og så sit eg her med drømmen frå natta tredd nedover hovudet. Det var sommar, eg data, folk bada, eg møtte mora som fortalte og viste bilete. Det var hus, ja mange bygningar, det var folk og ferjer. Butikkar og handling. Og eg spekulerte på kvar eg var i veg no.

Etter kvart no skal eg rista av meg og koma meg i gong, rulla føter, strekkje kropp, vaske opp, hente ved, henge klede, støvsuge og da trur eg det skal få duge.

 

 

Korleis er det meg deg i dag?