Æ følje dåtter åt sjefen

 

Gutar var ein gong noko som opptok meg stort. Noko spanande og uutforska.

 

Eg var svært sjenert da eg voks opp. Men min eigen vilje hadde eg. Til og med svært godt.

Det var ikkje sikkert eg sa så mykje, men eg visste kva eg meinte og kva eg ville.

Det forundra meg at eg var så to forskjelleg personar; den heime og den borte.

Heime hadde eg tryggleik og var den eg var. Borte vart det verre. Innrømma noko så fortærande at ein var sjenert gjekk heller ikkje. Så ein fekk skjula det så godt som ein kunne.

 

Noko anna var at etter som eg vart eldre syntest eg gutar…….., eller nokre av dei, var verdt å kika nærmare på. Men med sjenansen var det ikkje så mykje å gjera anna enn å venta på å bli plukka.

Bygdefestene var ein fin arena for slikt. Eg hugsar første gongen eg hadde vore på fest. Mellomste søstera mi kom inn på rommet mitt om morgonen å ville veta

“gjorde du slik som dei gjer på film?”

Eg gjorde meg ein tanke kostbar før eg måtte ut med det.

Eg hadde KYSSA!!!

Og litt beskjemma fortalte eg at det hadde vore to. Det var eigentleg mest usømeleg. For sømeleg var eg.

 

Faktisk vart festane måla ut etter om eg hadde kyssa nokon. Ei fest utan kyss var liksom ikkje ei bra fest.

Men så var det han stakkaren som følgde meg heim, vi møtte nokre andre og han presterte å seia at

“æ følje dåtter åt sjefen…. “.

Eg vart mest like sint som ein okse som får ein raud klut vifta framom seg.

Men eg stanga ikkje fysisk.

Stakkaren var nok ikkje av dei tøffe han heller, og noko skulle han vel seia. Og så kom noko så idiotisk ut.

Eg prøvde nok å seia noko om at eg var som andre og familien min var også det sjølv om vi åtte denne arbeidsplassen.

Eg prøva å stange med orda for å få inn fornuft i tankebanane han hadde.

 

Ein annan gong var det ein som ville meir enn å kyssa og klina. Eg var fast bestemt på at dette skulle eg ordna opp i sjølv og koma meg ut av, så eg sloss for at viljen min skulle sigra. Så da dei andre kom å banka på sa eg ikkje eit knyst om at vi var to med forskjelleg viljar attom døra.

Det ville berre vera kjempeflaut.

Til slutt kom eg meg ut, ut gjennom døra og opp på vegen etter og ha vunne kampen.

Søskenbarnet mitt kom akkurat køyrande i ein bil og stoppa for å høyre om eg skulle sitja på. Han snudde bilen så da vi køyrer forbi der eg hadde kjempa kom han som eg hadde kjempa mot.

Søskenbarnet stoppa og spurde om han også ville sitja på.

Han sat seg inn også sa han

“ho der er så sint ho”.

Søskenbarnet mitt drog litt på smilet og sa

“er ho det?”

Kleda i uorden tala vel og sitt språk. Og noko meir vart ikkje sagt om den saka.

 

Eg slutta nokså tidleg å dra på bygdefester. Sjølv om eg lika å kysse likte eg ikkje denne fangsmetoden der ein eller annan fyr fann ut at deg skulle han ha, og så starta kampen. Og eg visst kva eg ville og kor grensene mine gjekk. Riktig nok opplevde eg ikkje eit så kraftig åtak som den gongen eg vart omtala som ho som var så sint. Men å bli drege tvers over eit dansegolv mot sin vilje hadde eg heller ikkje sansen for.

 

Etter kvart forandra eg interessa, ikkje for kyssing..men for gutane. Gutane var ikkje meir interessante. Der i mot menn, menna var absolutt interessante. Og til slutt gifta eg meg utan at det vart enden som i snipp, snapp, snute……..

Ut i det blå

Så var alle orsakingane bruka opp og det var inga anna råd.

 

Eg fekk kle på meg å ta turen ut i ein dag på hell. Det eg er fornøgd med er at eg kom meg ut. Det eg ikkje er så glad over er korleis eg oppleve det. Men det er nok ei blanding av form, tankar og årstid. Turen hadde ikkje sneve av å og ha ei god kjensle, sjølv om fargane var vakre.

Irritasjonen medan eg sloss for å koma inn i kleda. Gleda hos boffen, planlegging av slik og sånn. Eg var både skjelva innmed margen og i ordentleg i ulage da eg la i veg.

Eg hadde bruka opp orsakingar for å ikkje gå ut.

“Eg er lat og vil ingenting, og det vert eg ikkje lykkeleg av” chatta eg med mellomste på facebook like før.

“Du har funne ut mykje da” sa ho som var yngst.

Så ti dagar ut i 2016 har eg ingenting å skryta av. Berre knakande ledd, kne og kjakar som knekk. Det siste er nokså ekkelt nå eg et.

Skal eg berre setja meg ned og let alderen skyfle over meg og svelgje meg med hud og hår…..eit såkalla retorisk spørsmål…….kven vil det liksom………

Eg må nok berre ta på arbeidet. Arbeidet med denne forbruksvara som heiter energi.

Slik sett har eg ikkje meir å meddela. Og det er vel akkurat det eg har lyst og ha……….proppfull av glede og positiv glød………ja, ja lange sutrepave, vi får satsa på noko betre.

Riktig fin søndagskveld, den kan eg i alle fall seia og meina.

Onsdag og mest helg

 

Nokre få timar i morgon og så helg. Vi er på fart inn i eit nytt år.

 

Eg søv mykje, men kanskje det kjem av at året er så ungt. Det unge på kvile. I går var eg hos lege for å ta ein prøve eg ikkje kunne ta før jul. Etterpå køyrde eg til foreldra mine, og der sovna eg. Gong på gong. Så i går vart det ikkje noko tur.

Her om dagen vart eg invitert inn i ein fellessamtale på face. Styrketrening i kveld. I nærområdet. Kjempebra tiltak. Eg vil være med, men ikkje i kveld. Det var mørkt da eg kom heim, så ingen gå tur i dag heller. Trøyt i dag også. Eg kunne ha lagt meg framover pulten og sovna.

Det er nok det nyfødde året. Kanskje du er trøytt også?

Men i dag fekk eg endeleg gjort noko eg lenge skulle gjort lenge. Eg tok ein cd inn i spelaren i bilen. Ein cd eg fekk tideleg i desember. Eg vart ikkje overraska, kan ikkje seia det……for eg rekna med den var bra. Men den var så bra at eg vart sitjande i bilen for å høyre meir da eg kom fram.

Da eg kom heim orka eg ikkje lage meg middag. Eg hadde røyklaks att frå jula, så eg steikte eggerøre og lagar meg smørbrød.

Og så kom det snø i ettemiddag.

Eg trur eg er så trøyt at eg nok må legge meg straks. -Utan tur og styrketrening, med nysnø og flammar inne i omnen……i eit nyfødt år.

Fjerde dag

 

Fire dagar i eit nytt år. Første dagen det ikkje var fritt. Kvardagen er attende.

 

Det var kaldt og fleire blå minus. Svært tungt å koma i gong. Alt i meg prøvde å koma unna. Da eg atter var heime heldt det på å bli mørkt.

Eg har snøra på meg sko og kome meg ut dei tre første dagane i det nye året. I dag var det for kaldt, for mørkt og eg var ikkje motivert på nokon måte, tenkte eg i bilen heim.

Da eg kom inn ville boffen ut, og eg opna døra for han. Plutseleg fann eg fram ullunderklede, snøra på meg skoa og fann fram refleksvest og huve. Tok med meg bandet og fòr etter boffen. Han vart hoppande glad da eg tok på han band. Vi gjekk mot der himmelen var ljosast.


Det var kaldt og i overkant friskt. Heime vart det middag, skikkeleg kvardagsmat, steikt fiskpudding med løk og raspa gulrot. Og så sovna eg. Gong på gong. I stolen.

No trur eg at eg skal leggja meg på ordentleg

Debet og kreditt

 

Eg vil balansera dei dårlege hendingane opp mot dei gode. Eg vil finne like mykje bra som det som ikkje var bra. Fordi eg trur det er ei bra øving. Eit rekneskap over fjoråret. Årsregnskapet.

Fordi eg har ikkje bruk for å synest eg er uheldig. Eg har ikkje bruk for å fokusera på det som ikkje var bra utan at eg også ser det som var bra. Eit liv vil alltid innehalda oppturar og nedturar. For det er vel det som til sjuande og sist utviklar oss. Har det alltid gått slik vi ville har vi ikkje trengt og tenkt nye tankar. Så slik kan vi væra svært takksam for motgang. Og greier vi det har vi vunne ein seier. For vi lærer nye tankar som viser seg er bra og ha. Men lett er det ikkje alltid. Det er berre det at kjem vi oss vidare er det vi sjølve som vinn på det.

Eg tenker og funderer her på søndagen, tankane flyt av stad. Det er så godt og være i denne tankeflyten. Fred og ro til å tenke tankane til endes.

Eg vel å skrive ned ti hendingar som ikkje var av dei gode først:

  1. To gamle bilar med for mange problem utan å greie å sjå løysing
  2. Nabo som knusa ei vedbod med ein høyball utan å ordna opp
  3. Gnagsår som førte til betennelse
  4. Sterkt vondt i kne og skuldrer
  5. Ny betennelse i indre delar av kroppen
  6. Avslutning av ein kraftig forelsking
  7. Kraftig redsel for eit av barna og uro for fleire
  8. Problem med straumen i huset
  9. Problem med oversikta generelt
  10. For mange gjøremål til energinivået

Og så tek vi dei positive:

  1. Siste dagen i det gamle året fann eg ut og fekk starta på løysning av dei gamle bilane
  2. Eg har vorte mykje meir verbal og spontan…
  3. Gleda over å verta bra når noko ikkje har vore bra
  4. Psykomotorikeren
  5. Oppdage at redsel for alvorlege sjukdomar er så godt som fråverande
  6. Oppleva at ein kan klare å væra svært konstruktiv når ein må
  7. Ein må øve seg på tillit og gje slepp…kanskje den største utfordringa
  8. Evne å finne løysningar og ikkje ta altså tungt
  9. Greier å huske meir
  10. At eg har så mange å få kjærleik i frå og få være glad i

Eg er nok også heldig med at eg har fått utdelt sterk optimisme i meg og har lett for å synest mykje kan verta komisk. Fekk også lære meg å setja sjøbein på land da det blas som verst i det som kallast syndrom. Det kan hende ein får oppleve slik ein aldri trudde ein skulle få oppleve, utan å løfte ein finger. Ein får også verta redd for daude og straffedom……og dette er faktisk ingen allegori.

Så eg vi summere dette årsoppgjeret mitt med at eigentleg er eg rett og slett heldig.

Framtid, framgong og god tru

 

Andre dag i eit heilt nytt år er snart historie. Det er laurdag og eg er sjefen i eigen heim.

 

Ikkje at det er største problemet mitt, stort sett kan eg bestemme mykje om eg vil. Mange gong vel eg å ikkje være så bestemt. Eg opplev at det krev for mykje krefter, og at det er ikkje verdt det. Noko som fort kan opplevast som ei svakheit. Av andre.

Eg har fått attende fleire krefter kan eg kjenne. Og eg reagerer meir spontant. Det er herleg, men eg har ikkje lyst til å verta ufin. Eg har inga behov for å gjera folk små med å vera det. Respekt er eit viktig. Om andre tar det valet er det deira val.

Det er godt og væra heime. Være heime for seg sjølv utan å tenkje på andre. Det er svært fint og ha ungane heime, og eg er svært glad når dei kjem. Likevel set eg pris på einsemda.

I dag gjekk eg meg tur. For andre gong i år. Måtte det berre fortsette. Kroppen min treng det mest hysterisk.


I går reiste mellomst. Vi hadde ein fin nyttårskveld. Først var vi hos foreldra mine på kalkun. Etterpå reiste vi heim, vi håpa det var mindre rakettoppskyting her. Men det var meir enn nok til øyra til boffen.

I dag har eg vore på to kaffibesøk. Og er eit bilete frå ei vitjing hos foreldra mine i romjula.


Men no er eg attende. Til livet mitt og kvardagen. Juletreet skal få stå ei veke til. Men snart er eg attende til vanleg gjenge. Og eg trur at sjølv om sist del av fjoråret mest fekk meg i kne, så startar eg likevel året med fleire krefter enn da eg gjekk inn i 2015. Og når det lir litt utpå skal eg auka slikt ein må med ti prosent er plana. Så dette vert bra, og betre skal det bli.

Nytt år

 

Som ein vårdag ser det nye året på meg. Blankt og blidt. Eit nytt år er født.

Det er godt å stå opp. Henge ut flagget for å feire 2016. Eg går berrføtt i nattklede, t-skjorte og shorts. Det er mildt. Fjellet på andre sida av fjorden er farga rosa av sola.

Eg vil skriva. Koker meg kaffi. Snart skal vi eta frukost. Saman med nyttårskonsertane. Men først litt tid for meg sjølv. Det er så godt.

Nyttårsforsett……nei, eg har i grunn ingen. Anna enn at eg tenkte på tid. Eg vil ha god tid i år tenkte eg. God tid.

Elles får ein gjera sitt beste. Stort sett er det vel det ein prøver på heile tida. Eg og alle. Det kan vera greitt å hugsa både for meg og alle.

Det var godt å vakna til eit nytt år. Eg ønske det godt for deg, meg og alle….

Godt nyttår!

Romjul

 

Ein skulle vore fire år i romjul’n……..eigentleg. Det trur eg har vore heilt greitt.

 

Men så er eg berre ei svært vaksen dame. Det held på å mørknar femte juledag. På omnen brenn det i eit smårotete hus.

Det vart jul. Alle gjestane kom. Frå julegrauten på julekveld dagen til middagen første juledag var vi ni ved bordet. Da reiste fire.


Andre juledag reiste alle og så fekk eg eit døgn for meg sjølv. Dagen etter kom mine tre håpefulle heim igjen. I dag skulle vi få to gjester til, men vær og helse gjorde at det ikkje vart. I morgon reiser sannsynleg to og vi er to attende.

Jula 2015.

Den vart av det krevjande slaget. Slik som det kan verta når ein ikkje er heilt frisk og må til med sterke tablettar fordi kroppen har ein betennelse. Men folka trur eg treivst, og det var så julete som det skal være.

Det virke berre som eg ikkje har bruka opp all uflaksen det året her, slik at det måtte sendast inn i dagane no på slutten. For det har vore ei heil rad.

Og heilt på slutten no, midt i desse juledagane ser vi boffen lagar brun stripe på golvet. Og verre vart det. Han eksploderte i magasjau. I dag virka han betre, og har fått kome inn til oss igjen. Einaste plassen han kunne væra var ute og på badet.

Da middagen var mest ferdig i går gjekk ljoset på delar av kjøkenet. Og så viste det seg at automatsikringa ikkje kunne leggast inn. Så kjøleskåp og frysar var utan straum. Vi prøvde å legge den inn att utover kvelden utan å lykkast.

I dag var eg tidleg oppe for å ringe elektrikar. Gjekk ned ein siste gong for å prøva. Og så vart sikringa ståande i riktig posisjon og straumen var på plass. Og når det virke som magesjauen til vår store, hårete firbeinte som er redd vatne, er mykje bra igjen.

Det er da ein kjenner på den store gleda over at alt er som det skal. Omtrentleg. Men noko vask må til av både veggar, golv og hund.

Eg er likevel litt øra av alt. Og no skal vi ta ein køyretur for å prøva å få skilta av bilen min. Skruane er fastrøsta, men har kjøpt noko som skal løyse røsten opp. Einaste er at den står med fronten heit inn til ein vegg og er tom for batteri………så det kan verta eit problem. Men for oftast finnest det løysning på problem.

For eg trur problema er oppbruka no.

Motbakke i snø og regn

 

Dagane er i fyk, og det er ikkje eg. Eg har parkert ein stad mellom sol og måne.

For av og til er det ikkje meir å seia. Det meste er sagt og det meste er gjort. Og av til skjer det for mykje med andre som har mykje med deg å gjera. Så ein må væra med på karusellen. Utan at ein vil eller har lyst.

Slikt må vi alle i varierande grad.

Eg ser jula kjem. Som eit tog som dundrar fram over skinnene. Eg høyrer fløyta på andre sida av dalen og har ikkje pakka kofferten enno. Julekofferten.

Nei, eg skal ingen stad. Detter er berre bilete. I staden kjem mange hit. Enno står mykje att før jula kan ringast inn.

Sorg og glede. Men alle lever og ingen er alvorleg sjuk. Så slike er alt bra.

Det vart berre litt mykje, men ikkje slik som har noko hensikt å fortelja om. Utanom bilen da, den fann plutseleg ut at den likså godt kunne stoppa. Dette var ein dag med mykje køyring. Men med litt forsiktigheit gjekk det bra, og den rullar enno.

Nei, ikkje akkurat no. No er det berre vinden som rullar krafta si over fjord og fjell. Og eg skal rulle meg i seng.


Nokre dagar med snø, men no er marka bar att,

 

Ein heil dag til endes

 

Klokka ringte sju, til ein lang dag etter ei natt mest utan søvn. No er ikkje det å ikkje sova noko problem for meg, så å oppleve det er bra – for da set eg enno meir pris på at det ikkje er eit problem.

 

Var ein tur framom pulten min, mest berre for å seia hei. Før eg reiste til neste avtale, ein avtale eg har gjort med meg sjølv; fotbehandling – to gong i året.

Eg var der i sommar og i går hadde eg ein ny avtale. Medan eg venta, fekk eg servert kaffi og kjeks. Eg hadde med meg oppskrifter og skreiv handleliste, for tida må nyttast.

Så vart det min tur til å sette føtene i varmt såpevatten.


Etter ei stund var det fram med verktøy både for hard hud og negler. Da det er over vart føtene salva inn og strømpene tatt på, og da sveva eg over golvet.

Eg synest denne handsaminga er mykje viktigare enn den som blir gjort på den andre enden av kroppen…..

 

Mor var med, og etter vi var ferdig reiste vi til butikken. Der det var mykje folk og trongt mellom hyllene. Det var godt og setja seg ut i bilen etter utført dåd.

Eg vart invitert på pizza hos foreldra mine, med kaffi etterpå. Da var dagen gått og kvelden komen.

 

På tur heim gledde eg meg på å tenne opp i omnen og sette meg i ro og fred for at tv’n skulle få underhalda meg. Eg køyrde bilen fram til fjøset og veden, hadde planlagt det før eg for om morgonen – så eg hadde med meg vedpose og fekk utnytta lyktene på bilen til å lyse opp i mørket.

Etter det var utført var det inn med handleposar og vedposar, innom søster med det eg handla til henne. Opp -, stara med å setje på ljos, adventsljosa…….hadde drege ut kontaktar fordi eg hadde lese om brannfaren ved slike elektriske smånips. Eigentleg hadde eg alltid gjort det i, men i år bestemte meg for at det sikkert berre var tull………til eg las artikkelen om brannfaren dagen før.

Det er da eg ser det er noko rart, ljosa i den sjuarma gløder så vidt. Adventsstjerna har det på same viset. Eg set på ljoset over kjøkenøya, det er så vidt det er ljos…….

Nokre ljos virke ikkje. Og da eg skal lada mobilen er det ikkje nok straum, om det er noko, til at den responderar. No fekk eg verkeleg bruk for den vesle oppladbare dingsten eg kjøpte og som heldigvis var opplada -.

 

Eg gjekk ned for å høyre med henne nede og fekk vite at straumen hadde vore slik i heile dag.

Eg sendte meldingar til naboane om dei hadde same problemet og eg fekk ringt straumleverandøren. Eine naboen, som var heime, hadde det greitt med straumen.

 

Etter ein halv time kom ein bil med mykje ljos og ein ung mann med lykt på hovudet sprettande……altså, bilen spratt ikkje. Han konstanterte fort at ein kurs var ute, mannen altså….ikkje bilen. Så drog han ut i verda for å finne årsaken……….straumkablar inn til huset var dei nedgraven i jorda………kom straumen gjennom fjøset………… Og eg tenkte, korleis i all verda kunne ein finne ut slikt…….???

Snakk om å leita etter nåla i høystakken……..til og med i blinde.

Ok – han hadde lykt på hovudet.

Eg såg den etterlengta fredagskvelden med Skavland, Madelen og Adele forsvann i ei svært mørk sky.

Og mørkt vart det……..eg hadde eit par brennande talgljos og varme på omnen. Så heilt ille hadde eg det ikkje.

Men så ser eg det……..da det eine ljoset som står på, som går og kjem mange gongar, har fått eit sterkare skin. Eg fyk opp, startar å setje på ljos etter ljos ……. og det VIRKAR – heilt normalt.

Så da eg ser ei lykt som kjem nedover jordet mot huset og den unge mannen dukka opp att i gangen, fekk eg lyst til å klemme han, i pur glede. Men noko anstendigheit må ein likevel behalda i jublande glede.

Det var vêr og vind, fekk eg vita, ein skadd boks og ein stolpe påkøyrd av ein traktor.

Derfor fekk eg kvelden min med Skavland, Madelen og Adele. Eg opna posen med ostepop og ga meg ei flaske juleøl på kjøpet.

Medan eg tenkte nokre tankar kor avhengig vi er av elektrisitet, av data, mobil og kjøleskåp.

Og til slutt kan eg fortelja at eg hadde ikkje det minste problem med å sovna da eg hadde la meg etter ein heil dag til endes……

Sov godt og gjorde eg.