Minst fire fjell, tenkte eg å klatre opp på i sommar. Ti fjell å velje mellom………eller tjue i år. Fordi det er 20 år sidan dette opplegge starta.
I går kveld landa ei melding på fonen. “Tar med turklede” sto det. Og da huska eg det. Avtalen om turen i dag.
Så i ettermiddag vart stien funne. Og mitt første fjell vart forsert. Sola hang der på den blå himmelen.. berre så sveitten dreiv av meg opp alle bakkane.
Det første av fjellet i 4fjell kan kryssast av. Og eg bør vinna tre til før opplegget er over for i år 11. oktober. Jentene og eg tenkjer å klare eit i helga.
Men her bilete frå turen og utsikta rundt om på toppen i dag. Fjellet heiter forresten Middagstuvå og ligg påErvågsøya i Aure kommune. Det er 300 m.o.h. og turen tok ein og ein halv time.
Eg koka ei kantarellsupe av kjøpt kantarell før eg for. Skulle bli godt når eg kom heim igjen.
Da vassflaska og fotoapparatet var på plass og boffen var i bilen, da hang skyene tungt på himmelen. Men skal ein, så skal ein…….
Boffen og eg trampa oss opp og over steinar, berg og myr.
Så var vi på toppen med utsyn over vatnet.
Her er stranda som eg og yngste hadde ei treningsøkt på i sommar. Her skreiv eg om bading i 12 grader.
Nokre kan sjå mykje ute i naturen. Men denne trollkjerringa var eigentleg svært så tydeleg.
Plutseleg ser eg noko gult i skogbotnen, og jau…….trur du ikkje det var kantarell. Dei måtte væra med heim.
Sol og regn.
Det kan væra ei fin stemning når dei to vêr typane opptrer samstundes.
Til slutt var vi komen bort til elva, og den måtte vi vea over. Boffen peip frenetisk.
Han er ikkje glad i vatn. Så han sprang att og fram på elvebredda da eg hadde gått over. Så vart det litt stille, før pipinga starta enno sterkare……men eg såg han ikkje. Eg gjekk attende, og der hang han.
Han hadde kome seg over, men peila seg inn der elvebredda var for bratt til å koma seg opp. Så han hang med kroppen oppover skråninga og bakføtene i elvevatnet.
Flinke boffen. Han prøver.
Da han fikk litt hjelp klarte han det. Og eg skraut uhemma av han.
Resten av turen rundt vatnet gikk etter veg. Eg brydde meg ikkje om å ta på meg skoa etter vassinga. Det å gå barføtt på grusveg i regn i september gjev ei spesiell og god kjensle. Noko med friheit.
Og kantarellsupa smaka da eg var heime att, godt fornøgd med den ein og halve timen turen rundt vatnet tok. Kantarellen eg fann får eg bruka ein annan gong.
Etter at havrepannekaka ikkje kjendes fullt så godt i magen, såg vi to i huset på kvarandre. Vi gjer det sa vi……………….
Vi dreg opp til Sandvatnet, joggar på stranda og badar. Sjølv om temperaturen berre viste 11 gradar på målaren utanføre kjøkenvindaget.
Dette var i gårkveld.
Vi pakka med oss vatten, handdukar og hund. Og vi følte oss tøffe, spreke og litt slik på “toppen av fjellet”.
Sanden var så kald at den mest svei under føtene.
Yngste la i veg først.
Vi tok nokre turar att og fram langs stranda for å få opp varmen.
Like før vi reiste opp såg eg gjennom eit gamalt IFORM blad, og der fann eg akkurat det som passa og finne. Eit innlegg om trening på stranda. Den var riktignok utført med sola hengande høgt på himmelen, men det måtte fungera attmed eit fjellvatten under heilt andre temperaturar også…..Så vi to som skulle akkurat på ei strand, vi pugga inn tre øvingar kvar. Da vi hadde fått opp varmen såpass at det gjekk å legga seg i den kalde sanda, køyrde vi på.
Vi skulle ta 12 repetisjonar, men akkurat der fjuska vi. Alt er betre enn ingenting trur eg vi begge tenkte.
I bladet sto det vi skulle klaske hender da vi var ferdig, så det gjorde vi.
Så var vi klar over siste post, og den viktigste. Sjølve badeturen. Først for yngsteberta ut i.
Og så eg. Det rare var at det var ikkje så kaldt i vatnet. Og det var nok den kalde lufta som hjelpte på der. Men det VAR kaldt. Og frykteleg friskt.
Og korleis trur du det føltes etterpå?
Jau, fantastisk herleg, kroppen var god og varm. Og så å køyra ned til varm dusj og middag etter dette var absolutt ikkje feil.
Etterpå snakka vi om kvifor vi ikkje gjorde slikt meir.
Har du gjort noko i sommar som har gått utanom komfortsona di og som du fekk ein positiv oppleving av?
Men så slo eg av heile tenkerekka. Det trur eg var lurt.
Eg har fri og eg gjer det er vil. Og det eg ikkje vil er å ha tronge system å gå etter. Det er slik det er.
Og noko skjer i den sløve situasjonen eg har senka meg i. Plutseleg er i gong å vaska glas og spegel på badet. Vaskemaskina er i gong slik at det er mest ikkje lortete klede igjen. Vifta på kjøkenet har fått ei opprydding…… Så sjølv om eg er sløv, så er eg ikkje håplaust i det hjørnet. Det skjer ting, ikkje effektivt og taktfast, nei. Berre i det stille. Plutseleg er det litt betre, undervegs liksom.
Og så er eg på data igjen. Skifte design på bloggen, ikkje slik superbra…….men grei nok. Nytt profilbilete på face.
Eg koser meg i puslet mitt.
“Ut” seier eg til meg sjølv, med oppskrift i tankane.
Og her trur eg gjer ein feil, for eg ser for meg forskjellige måtar å være ute på.
Kanskje eg berre skal slutte med det. Kanskje eg berre skal tenkje at vegen går utanfor, og den er heilt grei å gå etter. Enkelt og greitt.
Eg vil ikkje eigas av plikter av noko slag. Det er sommar og eg er fri til å være meg sjølv.
Det er dette ein lengtar etter når alt er annleis.
Sol og sommar.
Eg vakna til gårdagen og kjente klumpen i magen over alt eg syntes eg måtte. Veka hadde skrapa opp dei gode følelsane. Parkert kontrollen og plukka fram att stresset. Eg hadde innteke hamen til eit piggsvin.
Så da eg vakna, slik og slik tenkte eg, måtte eg. Men ein eller annan plass på formiddagen tenkte eg
……….KVIFOR?
Kven har sagt det. At ting skulle vera slik og slik. Jau, det var meg sjølv.
Om geraniumen ikkje sto i vindauga denne søndagen, kva så? Eg hadde alt for mange timar, alt for mange……..så kvifor skal eg prøva det umoglege……….tenkte eg.
Den tanken var nok det luraste eg presterte i heile går. Og den førte til RO og at dagen var t der eg var.
Heime.
Så frå da kom arbeidslysta fram, eg rydda og spyla terrasse, eg planta om planter, eg tok fram putene til sommarmøblane, eg baud opp søster mi på kaffi, eg støvsuga inne, eg sovna i solstolen på terrassen, eg fekk til og med gått meg ein tur med innslag av jogging. Og eg la meg rimeleg tidleg. Det var ei bieffekt av å gje meg sjølv fred og få lov til ikkje skulle ALT.
I dag er dagen meir slik må’aktig. No skal eg straks sette meg i bilen. Eg skal framom ein stad for noko bilettagning og eg skal hente to jenter og så mykje stuff at det er usikkert om vi får alt inn i bilen. Men vi får finna løysningane og ikkje avgrensingane.
Som ein zombie eller ein amøbe. Eg er eit vrak. Orda sit fast. Det er overskya . Og det er nye sjansar.
I gårnatt vakna eg. Det dura like ved hovudet mitt. Slik at eg opplevde det uttrygt å sova. Eg sette meg opp i senga og såg ei stor humle like ved puta mi……..som transformerte seg til ein veps da den tok vengene fatt og flaug. Den tok peil mot vindauga. Eg tumla meg opp og etter. Fekk opna det enno litt meir og vifta den ut. Etterpå sette ein fugl seg til å kakke på vindauga……….
Dagen i går vart ikkje av dei beste. For lite tid, for mye avgløymt og ting som ikkje vart. Anna enn stresset. For i går gjorde eg det. Til gangs. Eg stressa. Og dagen før dreiv eg det alt for langt. -For kapasiteten min.
For å seia det enkelt, eg er attende til det eg reiste i frå. Eg går inn i det same sporet med ørlite grann meir intensitet.
Noko av slik ein gjer minne meg på om at sola har vore framme opp til fleire gong.
Og eg veit det ikkje er bra dette når eg gjer det slik.
I dag har eg fri. Eg sit her og veit at eg må stoppa med det. I går kika eg gjennom permen frå Muritunet. Eg tok fram nokre ark som eg skal arbeide med.
I helga.
Timeplan, faren for å ramle ut og tankemønster.
Men aller først skal eg gjera litt i huset, eg skal ein tur til foreldra saman med mellomste. Vi tek med middagen vi laga i går, ei indisk gryte med kylling. Vi tek og med ein hengar med ved, hunden for tur i skogen. Det skal bli ein tur på butikken med dei og så skal mellomste reise attende til Trondheim. Det skal vi rekka før kvelden. Yngste er ferdig med skolen no, men har arbeid i Kristiansund i helga.
Så eg får også denne helga for meg sjølv der eg skal ta og dra meg sjølv opp og sette meg på plass i den gode strukturen. Med hjelp av arka og tankane og den gode vilje.
Eg har alltid vore flink til å rota meg inn i regelstyrte system med strenge reglar. Slik og slik skulle eg gjera, for da gjekk alt så bra så. Etter ei stund var eg så frykteleg lei, slik overlei……. 10 ville hestar kunne ikkje få meg attende til reglane. Ikkje det at eg veit kvar dei skulle koma frå, men hadde dei kome har det nok ikkje hjelpt. Trur eg.
Så eg har funne ut at nokre reglar skal eg halda meg unna, og da vert DET ein regel og.
Da eg sto opp til morgonen kjende eg at baksida av føtene føltes velbruka, så dugnaden eg var med på i går, der eg prøvde å væra flinkare enn kva eg er, hadde funka kan ein seia…..eg hadde ei kjense av at eg hadde trena. Samtidig hadde eg ein lett bibring i kroppen, slik som når kroppen får litt for lite mat. Og da kjende eg det, eg fekk berre så lyst………, frykteleg lyst…..til og ta fram……ja, akkurat, VEKTA.
Men så har eg funne ut at for og ikkje bli hekta på vekta, så skal den få fred det meste av tida. Eg skal berre vege meg kvar tredje onsdag. Så det betyr at no til onsdag er det ei veke til veging. Det er regelen.
Men før eg rakk å stoppa meg sjølv hadde eg reve vekta fram frå under vasken, og før eg fekk sukk for meg sto eg der…….. Oppå vekta.
Og…….den hadde minka TO kilo!!!! To kilo på ei og ei halv veke berre fordi eg et ofte.
Plutseleg følte eg meg så tynn og lekker……ha, ha, at eg fann fram ettersitjande klede og drog ut i verda.
Og det ga resultat, eg fekk tilbakemeldingar om fresh og at eg hadde minka og at eg såg så fin ut, det var like før eg stilte meg opp i positur. Eg vart så høg at eg heldt på å gløyma å takka. Fekk berre lyst til å svinsa i rundt slik at alle skulle sjåååå.
Men – skal eg var ærleg, så har eg både mage og kilo i mengder. Var berre artig å prøvesmaka kjensla.
Så sjølv om det regnar og bles no skal eg ta på meg passande tøy og sko, ta på hunden band……..og ut på en rask kveldstur. Men eg trur eg skal få ha musikk på øyra….uten ein einaste regel…..
Så er vekene gått og eg sit her. Snart klar for framtida.
Vi er komne til endes. I morgon er siste dagen på Muritunet Det vil seie at eigentleg er den på måndagen. Den dagen er det likevel berre utskriving. Så heile gruppa reiser i morgon. Og eg er på tur på laurdag.
I morgonkveld skal eg gje meg tid til å tenkje “kva no?”, i dag er eg her enno. På same nivå som eg ikkje tenkte så mykje på korleis opphalde vart før eg kom hit, like lite tenkjer eg på tida etterpå med anna enn spenning. For eg veit ikkje. Men drivet i meg vil eg seia er sterkt.
For meg har det vorte ein del avgrensingar på det eg syntes var det viktigaste, det med trening. I går fekk eg likevel med meg ein tur til Muldalsfossen. Eg kom meg opp. Og eg kom meg ned. Da var beina skjelvande og hadde problem med å gå flatt.
Fotoapparatet var med på turen, så her kjem ein ny biletkavalkade.
Muldal
Enn å bo slik på kanten av ein hammar?
Utsikt
To gardar hadde livgrunnlaget sitt her.
Eg kom meg opp som sistemann…….eller -dame.
Bratt er det både opp og ned.
Her ser du vegane som går i sikk og sakk. Trur det var tretten svingar.
Langt der nede er vegen og ein tunnel.
Oppe over hammaren ser du Muldalsfossen vi var oppom.
Men det var ei god økt beveging både for kropp og sansar.
Veret på pinseaftan seier noko om veret til sommaren har eg høyrdt. Men eg hugsar ikkje korleis dette var….
Her bles det. I natt regna det så eg spekulerte på om det var syndefloda som var i gong att. Og så er det surkaldt. Til frukost viste gradestokken 4 grader.
Og her kjem fleire talopplysningar. Har lært at CRP’n skal være ca. 8. No synest eg at sjukdomsting er nokså kjedeleg – men altså dette er eit mål i blodet når alt er tilnærma normalt. Min var her om dagen 18, det er fortsatt ikkje noko å bekymra seg for, dagen etter var den hoppa opp i rundt 70 …… det var da penicillin kom fram. Dagen etter var det nede på 62……..og i dag 33. Så her er eg på tur attende til normalen……i allefall slik blod- og betennelse mål. Resten kan eg ikkje gå god for J. Og i dag har krykkene fått fri.
Men attende til pinsa……..ei kald pinseaftan spår enten om ein kald- eller ein varm sommar. Eg satsar på at det var det siste. Uansett kan det ha snudd seg til slik no. Absolutt.
Eg har støvsuga og smårydda. Kanskje eg skal ta inn nokre heggkvistar eller noko slikt blomstrande med lukt…….
Eg har snakka med yngste på FaceTime. Det var morsamt. Så no har eg vore heime ein tur, sett dyra og sett det hadde vorte grønare der også i uteverda.
Elles har eg monter saman ein genser.
ENDELEG!!!!
Og i ettermiddag, eller i kveld skal eg ta fram eit strikketøy har eg tenkt……til GrandPrix. Kanskje eg kan lese litt meir i boka mi også…….i kveld på senga.
Så berre foten tåler meir trykk no skal siste veke BRUKAST så til dei grader.
Og akkurat no flimrar solstrålar glitrande gjennom lauvverk utanfor vindauga.
Det er pinsaftan og vi skal få servert brennsnut til middag. Har eg ikkje hatt to tanter frå sunnmøre har eg ikkje hatt peiling kva det var, men det er kjøttsupe. I dag presterte eg å seia “er det så longt”, så no er det nok på tide eg kjem meg heim snart. For eg seier “langt” og ikkje “longt”.
Eg er ikkje så pakka ned i den slitne følelsen, eg har ikkje så vondt verken i kne eller i gnagsår. Så eigentleg er alt skikkeleg på rett veg. Skikkeleg, skikkeleg på rett veg.