Godt og nytt

 

 

Vi er i gong med alt som er vårt. Alt det gamle er liksom nytt. Det og vi får ein ny sjanse. Nye sjansar er gode.

 

Så er vi komne til det Herrens år 2015. Vi er framme ved den fjerde dagen. I dette året, dette gode året som er starta. Det som er å rart, drøymane mine har forandra seg. Mine drøymar har vore prega av kaos, fullt av folk og ikkje strekkje til. Nyttårsnatta hugsa eg ikkje drøymen, men dei to neste nettene. Dei er gode og full av harmoni.

 

I nyårsskiftet får eg ein telefon frå ei eg kjenner. “Vil du vere med på yogakurs i helga?” spør ho.  Og det har eg lenge snakka om, at eg har hatt lyst til. Så i dag har vi hatt tredje dag. Eg kjenner eg har ein kropp, kan du seia. Og stå å balansere på ein fot med all min prakt er eit kunststykke som er bort i mot umuleg.

 

Da eg låg på golvet og slappa av etter økta i går tenkte eg “korleis er det eg har gjeve meg sjølv lov til å behandla meg?” Eg kjende faktisk ei tåre i augekroken av sjølvmedkjensle. Eg såg på dei sprukne hælane med alt for hard hud, kjende på den stive, tunge kroppen. Høyrde på min eigen pust og instruktøren sin kommentar om stive nakkemusklar. Vi menneske kan greie å behandla oss sjølv frykteleg stygt. Eg er dessverre  eit godt eksempel på dette. Men det er alltid håp, om det er i hengande snøre, så er det håp.

 

Snakka med ei dame, ei dame som er mykje yngre enn meg, om at ho hadde starta med først til 50. Vi var fleire som ikkje visste kva det var, så vi fekk forklaringa. Dei var ei gruppe som skulle leggje ut bilete av seg sjølv på snapchat eller var det Instagram? Kvar gong dei var ute og trena. Bileta vart merka. Så eg fann ut at kanskje eg skulle starte ei slik gruppe. Så eg spurte sonen min om han ville, han bør koma seg i betre fysisk form. Og han ville. Yngste var meir bak på, men ho er godt i gong med sitt opplegg. Må og høre med mellomste og kanskje nokre fleire. For eg må få opp aktivitetsnivået mitt. Elles vil ikkje dette året verta så fantastisk som det kan. Kanskje kan dette virka som ein motivator faktor…..?

 

No skal yngste og eg snart eta middag før ho reiser attende til sitt. Kanskje eg dreg framom foreldra mine. Mor er vorte sjuk, og da eg var framom i går høyrde eg stemmen henna fekk meir kraft. Så tek kanskje turen i dag også.

 

Ha ein fantastisk søndagskveld.

 

La, la lei

 

Hei på dei. Eg er litt lei. Skal slutte snart, og det er rart – men eg fann på noko smart som skal verta slik etter kvart-.

 

Ja, slik kan ein lira av seg når det er andre ting ein skulle gjort. Og det skal eg og. Straks.  Deigen står i kjøleskåpet og jernet står framme. I dag før eg skal slik eg må, blir det gorosteiking.

 

22. desember klokka 00:03 er det dette året sitt mørkaste tidspunkt. Etter det startar det og ljosne. Da har eg bestemt. Da skal det til å ljosne for meg og. For no er det nok. Nok av slitet og kreftene som forsvant.

 

I gårkveld da eg kom heim var eg så sliten i hovudet at eg var sår langt inn i sjela. Eg sto i fare for å tolke det meste negativt. Eg er ikkje, mest ingen ser meg eller tar notis av meg.  Buuuhuuuhuuu……litt slik. Men eg skjønte heldigvis at eg berre var fullstendig oppbruka. Det var da eg bestemte meg. No må det snu. Og kva passar betre enn når det er solsnu.

 

Eg gleder meg til kreftene kjem attende. Ha ein riktig fin dag i mørketida.