For ein stil på livet mitt. Eg er heilt pumpa av jumpa det gjer.
Slik vanlegvis har eg eit både jamt og godt humør.
No er det litt skyer på denne himmelen min. For mykje styr eigentleg.
Og eg gløymer og styrer i veg, kjaser og er frynsete-.
Så når eg i tillegg får to trafikkbøter i går, ETTER eg har betalt. Da er liksom tolmodet slutt. No kan eg legge fram dokumentasjon på at dette er i orden, men det er så himla unødvendig å bruka tid på slikt som skal fungera.
Mest heime oppdaga eg at eg hadde gløymt av bankkortet mitt….heldigvis har eg eit anna kort, slik at eg får kjøpt det eg må.
Eg var på kontroll på sjukehuset i går, og eg skal visst stoppa med noko av medisineringa som nok har ført til problem med auga. Over på noko nytt og anna, men ført må eit kobbel av leger diskutera saka.
Eg vil ha VÅÅÅÅÅÅR!!!!
Eg vil ha latter og glede!
Ikkje slufs, snufs og slafs, snø og sludd og kladd.
Den siste veka har trilla og tralla over himmelhvelvingen.
Med nytt, med søtt og salt, men innpass her.
Eg har ikkje hatt den store tida til å gjera meg kjent med det nye. Det ser så langt greit ut. Såpass greit at eg kan blogga om mitt.
Måndagen starta med tur til Trondheim, det vil seia, eg skulle forbi og fram til flyplassen. Men med det verste føret hittil i vinter, kom eg meg ikkje lengre enn byen. Og han eg skulle henta, måtte ta bussen inn dit.
Der var vi invitert til mellomste og samboaren. Yngstejenta kom også.
foto:asbjørg
Mellomste hadde steikt skikkeleg gode vaflar. Det var godt med ein pause, før vegen gjekk heimover gjennom fokk og rokk der vegen forsvann i kavet.
foto:asbjørg
Likevel, heldigvis var ikkje heimturen like ille som turen oppover.
Heime venta det meg ei nyhende som ikkje var av dei gode. Faren min hadde falt og hamna på sjukehuset. Skuldra var på nytt ute av ledd. Det skjedde også for nokre år attende. Og eg hadde ein mistanke som viste seg eg fekk rett i. Far fekk ikkje kome heim etter dette. Akkurat no er han på sjukeheimen, der han får god hjelp og opptrening. To dagar opphald har vorte utvida til ei veke.
Så det er dagar med køyring og henting av mor, så ho også får vitja han. Dei er uvante med å væra frå kvarandre. I morgon skal eg henta mor hit på middag, samtidig som vi skal sjå om far. Foreldra mine er heldige som har fått så mykje god tid saman, og får tru dei enno har mykje tid å dela.
Dei er nok for voksne til å feira Valentin.
Amerikansk og ny også for ei som har passert vel mange tiår for slikt. Men noko markering har det vore overfor dei ein har vore glade i; born og slikt, men noko raudt godteri til.
Men den tradisjonelle kjærleikfeiringa, med nokon å feira slikt ordentleg saman med, har ikkje vore der.
Så plutseleg å være i ein slik dag og skjøna at ein kunne ta ei slik feiring heilt ut, var mest overraskande. Når både dagen og kjæresten er der. Det var fint. Ikkje banalt. Berre romantisk.
Denne veka tok også overgongen frå vinter-.
foto:solrart
–Til vår.
Der ein kunne henga klede ute.
foto:solrart
Så slik har veka vore, med dagar som har skunda seg forbi.
Fritid og arbeide, hand i hand.
Og no er vi midt i ei helg, med sol som har krøpet langt nok til å skina på meg når eg tek solhelsinga ved starten på dagen.
Eg skreiv om det tidlegare. At det var mykje framom.
Mykje for meg.
Og vi er komen omtrentleg på slutten av ei ny veke. På ein onsdag. Eg er nettopp komen heim. Etter to dagar borte. Litt sundreven.
Fordi eg sov dårleg i natt.
Fordi eg sov kort natta før.
Fordi programmet var krevjande.
No har eg laga meg blomkålsupe. Varmt og godt. På omnen brenn det, varmt og godt.
Eg sit her og kjenner meg ein tanke idiotisk. Fordi eg har det slik. Fordi eg kjenner på så stor slitenheit. Fordi eg er i denne situasjonen og ikkje i ein annan ein.
For slik har eg det i kveld.
Men no er eg komen hit.
I helga feira vi far. Med mykje folk, blomster og glede.
Da var det far som var sliten. Av ståket og styret og av å fylle ein høg alder, og av alkoholen i velkomstdrinken.
På fredag dreg eg atter til byen på øyane. Den eg kom att frå i dag.
Kvifor startar ein blogg, kva er grunnen til det…slike spørsmål kan ein spørja seg sjølv om. Og det kan andre stille spørsmål om også.
Det er naturleg og tenkje på dette om dagen, no når framtida mi som bloggar må revurderast og ha ei ordentleg gjennomgåing.
Det var ein grunn til at eg starta, eg hadde eit ynskje å finne fram i meg sjølv. Litt opa dagbok der eg kunne få kommentar. Og også for å finna vegen min vidare.
Her er første bloggen eg postar den 21. april 2010, for snart ni år sidan. Denne la eg ned etter nokre kommentar utanfrå, men ungane mine bad meg om ikkje sletta den. Så den ligg enno inne i systemet.
Det var både helsa mi, energien min og arbeidet mitt som ga meg utfordringar. Mykje av dette visste eg ikkje korleis eg skulle gå fram med og finna ut av. Så etter eg slutta å skriva på den første bloggen, oppretta eg ein anonym blogg. For å kunne skriva meir fritt. Den vart oppdaga av kjente, så den vart også lagt ned.
Etter dette oppretta eg ein blogg på eit anna forum, der eg tenkte litt meir rundt tanken med å kopla den opp mot noko som kunne verta næring. Den ligg her, men vore inaktiv i nokre år.
I alle fall gjekk eg attende til blogg.no.
16. januar i 2014, altså for nøyaktig fem år i dag, starta eg BforB eller bforb, litt usikker på korleis den skal skrivast-. I starten var den meir ein link inn mot den allereie eksisterande bloggen.
Undervegs fann eg ut at eg ville skifta til nynorsk, fordi eg var så usikker på bruken av målføret. Så eg ville øva på målforma.
Eg er klar over at både språkforma og korleis eg brukar språket kan gjera den utilnærmeleg, spesielt dette at eg ofte antyder og legg opp til at folk må lesa mellom linjene.
Men attende til blogghistoria mi. Gjennom desse ni åra med blogging har det eg leita etter vorte avdekka. Kvifor eg var så nede for teljing. Noko hadde med livet å gjera, for det var ikkje heilt plant og fordringane sto i kø ut frå min kapasitet. Det viste seg at helsa var ein konkret grunn. I mange år vart ingenting funne som hadde samanheng med slik eg hadde det. Spekulerte på om det kunne væra psykisk alle vondtane eg sleit med. Eg ville berre finna ut grunnen for å gå i gong med arbeidet som måtte til med det som ikkje var som det skulle.
Først i fjor vart det funne ut. Dette som kroppen min starta å bala med for over tjue år sidan.
Eg synest helse er frykteleg keisamt tema, for det er så mykje anna eg heller vil være oppteke av, så endeleg fekk eg eit kunnskapen for å jobbe med det konkret. Og så må eg så klart ta høgde for realitetane.
Så slik er eg kanskje kome til endes.
Med blogging.
Eg veit ikkje.
Ser at fordi eg er så variabel med energi og tid, så vært innlegga-, det å kommentera- og svara på kommentarar-, rett som det er hengande.
Eg får ein kjensle av og ha fått mange nye vener gjennom bloggen. Det er svært fint. Ein vert glad i desse menneska som ein vert kjent med og som gje av seg sjølv. I den verkelege verda har eg ikkje så mykje kapasitet til å pleia venskap.
Å bli heilt borte vert nok eit sakn.
Så slik vart den summeringa.
Eg veit noko, mykje veit eg ikkje og etter kvart passerer framtida notida og vert til fortid.
Vi, oss, livet og slikt. Korleis vi er saman-. Korleis vi reagerer på kvarandre-.
Høyrde eit intervju med Leo Ajkic. Han var ein slentrende rebell eg tidleg fekk sansen for, da han dukka opp i media. Uredd, ærleg og med respekt – slik eg opplevde det. No er han ute med ein serie på NRK. Den heiter «URO». Han snakkar om å høyra på dei vi er ueinige med. Og greie å respektera den ueininga.
I intervjuet i dag kjem han inn på at det er også nokre område han også har problem med. Kort summert handlar dei om der det ikke finnes respekt. Men det å høyra på kvarandre sine synspunkt er viktig seier han, for å finne dei gode løysningane.
Om det handlar om miljø eller menneske.
I dag kjem tårene fram i augekroken av slik tale. Eg vart i haust så oppteke av dette med å høyra etter kva folk eigentleg sa. Ikkje ta korte slutninger og mistolke.
Orda, orda er litt vaklande. Vi kan ha nokre små nyanser korleis vi tolkar ord, dette kan gje grunnlag for å tru at vi ikkje er samd på grunn av tolkningsforskjell. Vi er så flinke til og dikte og tru vi veit kva andre meiner.
Eg veit. Eg kan væra slik sjølv. Trur eg veit så inderleg godt.
Eg driv og øver meg. Øver meg på kva vart eigentleg sagt. Når eg sit der såra fordi eg følte meg angrepen.
Vart eg eigentleg det?
Dette synest eg er så interessant. Prøva å høyra litt betre etter. Det å klatra ned frå pidestall perfekt gjev utruleg fridom. Når ein sluttar å døma andre gjev ein samtidig seg sjølv fridomen attende.
Eg synest respekt, ærlegheit og å være utan frykt (til ein viss grad) er tre gode eigenskapar eg likar.
Men det er ikkje sikkert du som les har den same tolkninga av orda. Så det å finna ei felles tolkningsplattform er viktig, og i neste omgang må ein høyra etter kva som vert sagt, ikkje det ein trur.
Synest du denne tematikken er interessant?
Eg er litt oppslukt. Og i dag er eg i tillegg ømhjarta og vemodig. For innimellom må ein være det også.
Av klabb og babb. Dei siste timane av eit gamalt år hadde meir att.
For det var noko att i sekken. Av hendelser som skulle ha plass i dette året. Og når det er slik, må ein berre akseptera det. For slutten av året vert ikkje etter plana.
På nyttårsaften skulle eg ha ein «Lady og Lanstrykeren» middag uten kjøttboller og spaghetti. Vi skulle eta kalkun med waldorfsalat. Eg skulle gjera alt ferdig, for når flyet landa halv fem, var det berre tida og vegen.
Meeeen, så viste det seg at kombinasjonen sykkel og bil i solnedgang var uheldig. Heldigvis ingen knuste bein, men skikkeleg forslått og på sjukehuset frårådde dei flyreise.
Så ingen romantisk middag og nyttårskyss.
Trur kanskje eg vel å ha kvelden for meg sjølv, med messanger noko av kvelden.
Ellers er vêrmeldinger dårleg og med uviss omgangssjuke i systemet, tok liksom dei siste timane litt av.
Likevel, dette går bra.
Og eg har aldri vore heilt aleine på ein nyttårsaften, men i fjor gjekk eg inn i eit nytt år utan selskap – så det går heilt fint og avslutte året på same vis.
Faktisk er det ein fordel å være såpass sliten som eg er no. Eg har ikkje overskot til verken forventningar eller skuffing.
I juni da eg kom heim frå reisa mi i Spania og oppdaga at datamaskina mi var borte, var eg oppgjeve. Tenkte eg måtte klara meg utan til eg fekk henta den. Lærte meg å blogge på mobil. Det er greit å kunna.
På hittegodskontoret på Gardemoen hadde dei funne ein data same dagen som eg mista min. Rekna med som sikkert at det måtte være min.
Tida gjekk, utan at eg hadde ærend eller nokon kunne reise framom kontoret for avgløymde ting. Ikkje før no da eg kom heim frå Danmark.
Eg labba på meg gnagsår i vandringane over avstandane. Men endeleg sto eg framom skranken til hittegodsen.
Endeleg!
Gledde meg til å sjå min kjære, gamle pc att. Det er ein acer hadde dei sagt, eg meinte eg hadde ein HP. Men er ein forvirra, så er ein forvirra.
Eg fekk lagt pc’n framom meg. Den dei hadde funne gjengløymd den dagen eg mista min.
Eg såg det med ein gong. Det var ikkje min pc!!!
Og det var det.
Ikkje kunne eg trylla, og ikkje kunne dei.
Eg var komen fram til punktom’et.
Eg greidde å snu, koma meg gjennom sikkerheitskontrollen for å reisa vidare. Og med det same tok eg ikkje inn omfanget. Med at eg hadde bilete attende til 2012 liggande der.
No trur eg at eg har lagt bileta inn på ein ekstern harddisk fram til denne våren. Men alle bileta frå Spaniaturen. Alle dokument.
Men verda må gå viare, inga anna råd. Får håpe det ikkje dukkar skikkeleg dårlege overraskningar opp av dette. Eg må greie å kasta det attom meg.
Ljoset hadde starta å vise fram dei enorme viddane på. Danmark flateste øy.
Turen starta ned taxi og forsette med tog frå Nakskov. Ein stille og idyllisk by ved kysten.
Så vart det skifte i Nykøbing, men det viste seg at toget til Kastrup var innstilt.
Det neste som gjekk, hadde ikke god nok margin for tidsplanlegginga mi. Så eg fekk ikkje flyet mitt. Slikt kjennes uverkeleg. Og er nokså kjedeleg. Men – det vart ny billett.
Så no venter eg på avgang på Gardemoen. Det vart fly heilt til Trondheim, og ikkje tog frå Gardemoen, som var den opp opprinnelege plana. Litt fattigare. Men med svært fine opplevingar i minneboka mi.