Så grått at det mest var vakkert,var dagen. Fredagen. Den første i år.
Eg vakna med dyna på golvet. Seinare enn tenkt. Altså, ikkje at dyna var i golvet.
Men slik vert resultatet når dagen føråt vart avslutta for seint.
Dagen var godt planlagt. Jobb, telefon til legekontoret for å få time på dagen, og vart det time, hente far. Uansett skulle eg handla for dei.
Så eg hadde nokre timar ved kontorpulten, fekk ete lunsj og ønska kollegaer god helg.
Så henta eg far med god margin kva tida var, men legen hadde enda betre tid – så han sto og venta oss. Konsultasjonen gjekk fint, handleturen gjekk bra.
Etter kaffi hos foreldra mine, gjekk turen heim. Da var det mørkt.
Det var fredag og fri. Eg planla henting av ved i mørket med mobil (lommelykt) og bil.
På det tidspunktet var eg nok oppbruka og nokså sliten. Så eg kjøyrde like godt utom vegen.
Eg tok ut veden, låste bilen og gjekk inn.
Får ringe bergingsbil i morgen.
Så no sit eg slakt i ein stol og er overglad for helg etter ei halv arbeidveke.
God helg.