Enn om dei kjenner det…..

 

I dag les eg blogg, eg må til med noko anna….. Men ein kan få idear. Og eg fekk lyst til å fortelje -.

 

Eg kom på ein episode da eg las Karidansen sitt innlegg her. Om slikt som ikkje er direkte til å forstå ut i frå vår naturvitskapelege kultur og tankegong.

 

For mange år sidan, medan eg budde i Oslo, fekk eg eingong ein ide.

Eg har alltid likt å overraske.

Faren min har fødselsdag i slutten av januar så eg fekk ei intens lyst til å reise oppover for å overraske han og resten av familien. Det var ingen rund dag og eg hadde ikkje det for vane å gjera slikt. Eg hadde aldri gjort det før.

Dette opptok hjernen min slik at eg til og med drøymde om det. Eg hugsa eg tenkte at det ville bli oppfatta, fordi eg tenkte så mykje på det -.

Flybillett vart bestilt….. ein kostnad for ein student. Ikkje gjekk det buss heilt fram heller. Så dei siste åtte, ni kilometra måtte eg gå. Det var mørkt, barfrost og det susa i furuskogen. Eg var ikkje av dei modige og skvatt skikkeleg da det kom ein joggar og sprang forbi meg der i mørket.

 

Da eg endeleg kom fram gjekk eg opp på terrassen og såg inn i stova. Der såg eg familien min i aktivitet. Eg knakka på vindauge. Den første som fikk augo på meg skvatt skikkeleg og vart heilt kvit i ansiktet.

Men mor vart ikkje overraska.

Ho hadde heile dagen hatt i tankane at eg kom heim. Ho hadde stoppa seg sjølv kvar gong tanken kom, med at så klart kom ikkje eg. Men så var tanken der att.

Eg bruka berre reise heim til, jul, påske og sommarferien.

 

Ho hadde teke opp tanken min og kjend på seg at eg kom heim utan at det var nokon logikk i det. Utanom tankeoverføring.

 

Har du opplevd slikt?

 

 

Den forbaska telefonen

 

Enn at ein mobil kan skremme og lage meir uhygge ein kva en trur kan gå an…….

Det finnest alltid, og mest alltid, naturelge forklaringar på alt. For tida leiter eg etter den naturlege forklaringa.

Og så spør eg der ute i den store verda om nokon har opplevd noko liknande som det eg no skal fortelja om:

 

For plutseleg har eg vorte husredd  og livredd telefonen min. Om kvelden.

Det starta sist søndag.

Eg skulle ikkje noko før eit stykke utpå måndagen, derfor hadde eg ikkje hast med å leggje meg.

Best det var starta alarmen på mobilen. Eg prøvde å slå den av, men den berre fortsette. Så eg tenkte telefonen heldt på å klikke. Eg fekk den likevel av til slutt……….men etter ei lita stund starta den att.

Heldigvis gjekk det greitt å få den av denne gongen.

Da eg litt etter gjekk å la meg og skulle stille alarmen for neste dag såg eg det….

 


 

Fullt av gongar var alarmen stilt inn slik. Eg har aldri stilt alarmen inn til natta……og så mange gongar etter kvarandre.

Den einaste som eg hadde hatt besøk av om dagen var søster mi, som ikkje kjenner til denne type telefonar. Derfor har ikkje ho stilt den. Og det har heller ikkje vore naturleg at ho skulle gjort det på tull, ho er ikkje typen.

Måndagskvelden gjekk alt greitt.

 

Tysdagskvelden hadde Lucas nokre sterke reaksjonar i elleve tida.

Han bjeffar og bjeffar slik at eg til slutt kjenner det startar å prikke i nakken fordi det er skikkeleg ubehageleg. Eg høyrer også nokre lydar. Men no har vi mange av skogens dyr som kan ta turen forbi husnovene, og den eine katta var inne. Riktig nok låg ho under bordet og sov.

Neste dag er eg innom alarmen ein tur. Det er da eg ser det!

Ein seks-sju gong etter kvarandre var alarmen stilt…

 


 

På same tidspunktet hunden bjeffa som verst var alarmane stilt.

Eg syntes det var ekkelt.

Om kvelden skrudde eg av telefonen.

 

Torsdagskvelden hadde eg besøk.

Tida går fort i hyggeleg lag.

Eg har nettopp fortalt om opplevingane mine med telefonen. Da gåralarmen på, og klokka viser 00:00……..

Eg kaver og får skrudd av alarmen, fjerna innstillinga og slått telefonen av.

 

Det skal innrømmast at da eg kom heim i fredagskvelden følte eg meg utrygg. Eg slo av telefonen da klokka var halv elleve. Det gjorde eg også i gårkveld og kjem til å gjera det i kveld.

 

Eg vil tru det er noko som har klikka i telefonen. Operatøren hadde riktignok ikkje høyrt om noko slikt.

Eg har ikkje ringt Apple enno, for å høyra med dei.

Og er det inga naturleg forklaring på det, så er det ei unaturleg forklaring. Da har eg besøk av eit spøkelse som er glad i teknikk. Akkurat den tanken synest eg ikkje om.

Og det eg i alle fall ikkje likar er at eg har vorte redd huset mitt om kveldane, huset mitt og telefonen.

Det likar eg ikkje!

No er alle alarmar avskrudd, dei eg har bruka og dei som stilte seg av seg sjølv.

 

Har du opplevd noko liknande som dette?

 

 

Er det nokon her som ikkje skal væra her?..

 

Søndagen har gått stille i dørene. Det er godt og berre let det væra stilt, fordi her i huset orkar vi ikkje så mykje.

 

Da vi flytta hit for sju og eit halvt år sidan var eg så sliten at eg visste ikkje kva for farge eg skulle måla kjøkenet i. Slikt har eg alltid visst, smaken min har alltid vore sjølvsikker. Men så hadde eg like før gått gjennom ein prosess som hadde kosta, og som til slutt enda med sal av hus og klargjering til neste eigar. Derfor var det ikkje så rart eg var sliten. For slikt gjer seg ikkje sjølv.

Flytting frå huset vårt i 2007

 

Her var det mykje å ta tak i, og vi flytta inn etappevis. Kjøkenet vart måla kaldt, ljosegrønt med golv i sjakkmønster i eit forsøk på ein 60-tals touche. Heilt greitt, utanom at kjøkenet var bakvendt og eit dårleg arbeidsrom. Slik det var fram til vatnlekkasjen for akkurat 13 månader sidan i dag på dagen.

Riving av gamalkjøken i gong etter lekkasjen


Nytt kjøken utvida og montert
 

I dag er kjøkenet godt, nytt og eg trudde ei stund det ikkje gjekk og få det rotete. Men det gjer det.

Absolutt.

Og eg er så sliten som ein jammerdal mykje av tida, og det fører i grunn til dåleg struktur i kvardagen sine ting og tang.

 

“Eg er så sliten” seier yngste når ho er heime. Ho flytta ut for vidaregåande skule og hybelliv for eit og eit halvt år sia. Dei første to åra var vi tre i huset, tre damer, eldstemann flytta til faren for vidaregåande der. Sakte og sikkert budde vi oss til.

 

“Det gjekk ei lita, gamal dame attom deg”, sa yngste ein dag. “Eg såg ho da du gjekk gjennom gongen”. Ein litt rar kommentar i og med det ikkje var nokon gamal dame her. Eg fekk forklart korleis den gamle dama såg ut. Ho vart ikkje sett noko meir.

 

Eg fekk bestilt elektrikar for å kontrollera straumtilgongen, for det gjekk så fort desse ljospærene. Men det viste seg at spenninga var tilnærma normalt. Så det var berre å skifta til nye pærer etter kvart som dei gjekk.

 

Jentene mulla i at dei trur det må spøka her. Men huset føles godt og trygt, og så er det bygd i 1986. Ikkje har det døyd nokon i huset heller.

 

Elles er eg open for at det finnes mykje mellom himmel og jord, og eg veit det eg veit – utanom at det er mykje eg ikkje veit.

 

Jentene var sikker på at dei hadde høyrd lyd frå pianoet i gongen fleire gong. Og da søster mi flytta inn nede med dotter si, trur eg dette kunne væra eit tema rett som det var mellom dei tre jentene.

 

Ein dag fekk eg vite ad omveier at det var nokon hos oss som ikkje skulle vera her. Ei eldre dame. Ho vart oppfanga av nokon som budde milevis her i frå. Seinare fekk vi og vitjing av nokon som følte sterkt og såg det vi andre ikkje såg. Vi fekk vite at dama var i rundt oss og kven det var. Det var og ein logikk i dette, at denne dama var her. Skulle det vera nokon var det ikkje rart det var henne.

 

Eg skal innrømme eg er redd for det overnaturlege, men eg føler ingen redsel. Når hunden gjev seg til å bjeffe frenetisk om natta tenkjer eg at det er lydar han høyrer utanfrå. Men han kan bjeffa mykje like etter vi har lagt oss.

 

I går fortalte yngste at da ho vakna om morgonen nede på rommet sitt og sette seg opp i senga, vart ho vars eit ljos på golvet som ikkje kom nokon stad frå………..

 

Det er derfor eg er så sliten, for det tapper energi har eg fått vita. Så er det derfor eg heile tida er så klar, vondt i hovudet og kan sova utan ende?

 

Det er ein rar situasjon og ha hamna i. Har vi rett og slett i huset vårt nokon som ikkje skal væra her? Og skal vi få i nokon som reinskar hus for slikt? Og svaret mitt på det er ja. Men i himmel og hav korleis går ein fram for å finna nokon som kan gjera slikt?

 

Som eg seier, ein rar situasjon og ha hamna i. Men uansett bør eg nok prøva. Tenk om det fører til at eg ikkje føler meg så tappa av energi heile tida………

Så det bør nok testas ut før eller seinare. Fann ut eg ville skriva om dette, for å høyra om nokon av dykk der ute har syn og erfaring på slikt?

 

Eg er glad i menneske, men eg vil helst omgje meg med dei som lever og ikkje dei som er gått bort.