Oppdrift og glede. Eit liv på skinner. System, orden og struktur. Men også fantasien buldrandes vulkan. Slik vil eg ha det.
Slik er det ikkje. For tida går eg i motbakke…….motbakke med myrunderlag. Flyten i livet kryssar seg. Økonomien er eit sørgjeleg grin. Og dette er i ferd med å verta ei sørgjeleg historie. Så i dag treng eg ein ventil.
Eigentleg har eg lyst til å frigjera meg for alt som raspar og skrapar opp. -For følelsen av ein kniv som raspar rurane av ned til kjøtet. Av alt og alle som dreg i meg, som eg føler dreg. Så her krev nok sortering og gule lappar på veggen.
Noko kan eg nok rydda vekk frå tankane, noko krev handling og noko må eg leva med. Det er slik det er.
Eg har hatt ei tid med konvoluttfobi………eg samla dei forskjelleg stadar…….UÅPNA. Skal ta det i morgon har eg tenkt. Men som kjent kjem aldri morgondagen, for det er alltid ein ny morgondag. Dette er nok den beste måten å handle om ein har lyst til å miste oversikta.
I går opna eg tre brev!
I det eine sto det innkalling til møte, og kjem du ikkje går det deg ille og du får ikkje leva lenge i landet. Eg skulle møta……eller møtt…..for……..nokre timar sidan. Og på det tidspunktet møtet skulle væra var eg i nabobygget til der eg skulle møta…….
I dag tok eg den fortvila telefonen, etter og ha tenkt på dette kvart minutt eg var vaken. No viste det seg at denne etaten skaut med lauskrut, for utan brev med paragrafer var dei imøtekomandeheita sjølv……..for alle kunne gløyme sa dei. Og avtale om nytt møte var på veg i brev heilt utan konsekvensar sa dei smilande.
Eg må sortera og gjera det eg må. Ryggen har vorte mykje betre, ikkje bra, men greier meg fint utan smertestillande. Og da, når eg slepp og ha så mykje vondt, da fungerer hovudet betre.
Så får eg prøve å taka alt framom meg på strak arm, påska og pinsa med jula for døra.
I dag har eg siste dagen før påska med MÅ, ein litt lang dag uana i forma. Men får omforma den til spanande i hovudet mitt. For eigentleg er den det. Greier eg å spade saman ein dunge energi kan den verta kjempeartig og fantastisk.
I morgon kjem jentene heim, på søndag køyrer vi nedover til sonen og kjærasten, som blir med opp att i midten av neste veke. Og få ha barna heime nokre dagar er svært fint, sonen er ikkje så ofte heime og han er saman med ei superjente. Så dette blir så bra. Skal og besøkje ei venninne i Oslo som eg ikkje har sett på eitt år ……trur eg. Heime igjen er tanken å feira den ufeira 18 årsdagen. Så det bør vera klart før vi køyrer nedover.
Så her er det berre å stupa inn i gjeremåla. For når alt er plassert, parkert, vaska og steikt………da vil alt vera mykje betre.
Da har eg fått ventilert litt…..det gjorde godt……..for meg.
Så håper eg du som las ikkje fekk mein av guffen min.
Eg vil i alle fall ønske deg ein fantastisk fin torsdag, for det er alltid noko som er fint om vi ser etter.














































