Veka starta med mor sin fødselsdag. Ein av sommerens absolutt varmaste dagar. Temperaturen ute viste 34 grader. Vi satt inne, åt kaker og jaga kvaks.
Eg arbeidte noko tungt etter arrangementet i helga. Men kom meg slik halvveies ut i veka.
Torsdag var det siste dag på biblioteket før sommerferien.
Fredag hadde både mor og far avtalar i Kristiansund, så da gjekk turen dit.
Eg fekk sett på datamaskin. For vil kjøpa ny ut av det eg fekk i fødselsdagsgåve. Hadde med meg pulsklokka mi, den hadde mista reima og fått ein sprekk i glaset. Vart fortalt at den berre hadde eit år garanti. Noko eg synest er rart etter kjøpsloven. Så det må undersøkast. Gjekk ut att berre med kjøp av ny reim til Fitbit?en.
Fekk i staden kjøpe meg blomster og ljos på Plantasjen. To solsikker og nye krukker blandt anna.
Lørdagen var av dei late.
I dag er siste arrangement på museet denne sommaren. I morgon er siste arbeidsdag før sommerferien min, gjett om eg gleder meg?
Kanskje er sommarens travleste veke historie. Med regn og sol, bading og ståking. Og passering av trillrund dag. I tillegg det største arrangemente på jobb.
Og her sit eg. I ein av sommaren sine vakre dagar.
Sola glitrer inn gjennom vindauga og eg nyt dagen. Eg er nett komen ned frå ein tur opp på fjellet. Der eg bada og låg langflat i sanden og las. Berre såg på krappe bølger som vinden tok med inn mot stranda. Ein varm vind som ruska i alt den kom bort i.
Etter feiring av å skulle bosette meg i ein alder eg beint fram syntes var latterlig.
Der feiringa var å eta.
Og eg fekk helsa på det yngste familiemedlemmet som gjorde meg til gammeltante og oldeforeldra lykksaleg…..
Vart sjølve dagen feira etter innfallsmetoden. Den starta med at mellomste og eg dro opp i fjellet, medan skodda hang sidt.
Vi ville bada.
Og friskt var det.
Seinare ut i veka var vi igjen oppe på fjellet. Vi overnatta i seterbua, neste morgon tok mellomste og eg oss eit morgenbad.
Så var den dagen også historie. Eldstemann, mellomste og kjæresten reiste opp til Trondheim. Eg skreiv i seterboka og kjende meg litt vemodig.
I gårkveld køyrde eg meg tur for å sjå om eg fann den raude månen. Eg fann den halv der oppe på himmelen. Tok også bilete, men dei ligg på fotoapparatet og pc?n ligg fortsatt i Oslo – så dei får eg ikkje ført over til mobilen.
Og så går plutseleg opp til fleire dagar. Denne veka ender med eit brak. Arrangementet som har flaksa rundt i hovudet som ein mare. Om eg hugsa alt?! Dagen kom med varmt regn. Og med folk.
Dei møtte opp i hopetal. Boka vart lansert. Folk var godt fornøgde og sola kom fram.
Og her sit eg som da eg starta innlegget. Eg har ein fridag og ei veke att til ferie. Neste søndag er siste arrangement, ein rockekonsert.
Spekulerte på om eg kan finne målingen som vart kjøpt inn for fleire år siden for denne stakkaren.
Den har stått nedlessa i eit hjørne av terrassen.
Eg kosa meg med synet av at eg greidde å få plenen ajour etter eg kom attende frå Spania.
Boffen syntes det var heilt greit å rusle i hagen også han.
Irisen fekk eg med frå der eg bodde før.
Enno har eg att og få dekt til bærbuskane.
Men så måtte eg legge i veg. Henting av plakater, PC og prosjektor på kontoret. Og heldigvis gjekk det greit med koblinga. Uheldigvis kom det ikkje så mange.
Så her sit eg på rommet ein fredagskveld medan folk fyk oppstasa forbi vindauget mitt. Eg passar best her eg er.
Men dagen har vore fin, og ikkje minst sveit – i strie straumar.
Vi tok buss opp til eit fjellområde som heiter Ifonche.
Og om du tenker at det er ingen sak når ein køyrer buss, må tru om igjen. Vi gjekk opp og ned, i skoglandskap og frisk luft. Det kjendes godt. Ein måtte og konsentrera seg, for falt ein kunne det fallet verta både langt og katastrofalt.
Så i dag vart det grundig trening ute.
Eg strør nokre bilete frå turen ut i innlegget:
Løvetannlignande planter på ein meter
Eit av fleire fantastiske utsiktpunkt
Trestammer skadd av skogbrann
Havet langt, langt borte
Rett opp i bratta
Heilt ut i det blå
Eit hus med ein rund plass
Ei eng med blomar
Mjuke furutre
Opphaldet går mot slutten. Men enno er ei veke att.
Det er greitt å setta på vekkarklokka. Frukosten startar klokka åtte. Før den er det mange som tek seg ein tur opp på ein topp, den er nokså bratt og får pulsen opp. Ein annan fin start på dagen er vandring i sanda, det har eg allereie skrevet om.
Første øving startar klokka ni. Mest alle øktene varer i 30 minuttar.
Vi set oss ned på krakkar og med pinnar. Ute på ein plass, under eit tre med stranda nedom, får muskelgruppe etter muskelgruppe gjennomgå. Den som trur at det å sitja på ein stol ikkje er trening, må tru om igjen. Og det er ein god start på dagen.
Så går det slag i slag. Ei økt tek for seg hender, styrke og rørsle. Vi sit under baldakinar ved langbord, trillar ballar både mellom fingrane og rundt om.
Føtene har og sin eigen halvtime. Der er det strekk og tøy på føter. Og få tær til å bevega seg ulikt er i alle fall vanskeleg for meg.
Mattetreninga er på benkar i eit blomsterhav. Her trur eg dei fleste prøvar å finne ein benk i skuggen. Det er to graderingar av intensitet. Her kan ein seia ein utfører gammaldags gymnastikk.
Ein halv time er via basseng. Eit varmt, salt basseng. Ein himmelsk plass å trena.
Og musikk er følgje heile vegen.
Ein halv time har vi individuell trening med fysioterapeut. Det er den einaste treninga som skjer inne. I går rann sveitten i strie straumar av meg medan eg gjorde øvingar.
I tillegg er også andre ting, ting som ikkje skjer kvar dag. Afrodans er to gong i veka. Ein ettermiddag var det bevegelsestrening som retta seg inn mot rygg.
Tilrådinga er tre økter om dagen pluss fysioterapeuten.
Det er freistande å få med seg fleire.
Ellers har vi lunsj klokka tolv, middag klokka seks. Der er det mykje salat.
Så her lever eg det sunne liv og opplever meg som erkeheldig som får være med på noko slikt. Når ting først er som dei er.
Ein må alltid forsøkje å bruka det negative til noko positivt. Har ein leddgikt må ein gjera det beste ut av det. Det må søkast og eg var heldig og fekk plass.
Dette er verken noko kvileheim, eller ferie. Men går ein utanføre portane til Vintersol, møter ein ferieverda. Men ikkje på dei tidlege morgonturane ved sjøkanten.
Akkurat det kan ein oppleva når ein er på ferie i dei varme strøk også, stå opp før sola brer seg utover og gå ein tur på ei strand.
Da eg set på radioen kravde dei lokale sendingane for mykje. Derfor måtte eg i staden bytta ut med musikk som roa ned.
Eg køyrer i eit for høgt gir. For eg vil så mykje og kjenner på at tida går så fort.
Det er ikkje døden og livet eg snakkar om.
Men eg skal ut å på reise om under to månader. Fire veker med behandling dit eg skal. Og det blir heilt sikkert godt.
“Er det kva du skal pakka med deg” spurte den eine søster mi da eg snakka med ho i går.
Nei, det er eg ikkje kome til enno, pakkinga og opphalde har eg ikkje ofra ein tanke. Men alt det andre, før åt. Eg går i kryss.
Så eg må rydda i hovudet. Kva er det eg må og kva kan eg utsetja. Kanskje eg ikkje skal ta alle møta på denne sida av sommaren. Men eg må sy saman sommaren, den som handlar om jobb. Det må vera i boks.
Privat må eg ta same ryddeaksjon. For eg vil ALT!
Eg vil trena, gå ned i vekt, skrive, male, vaske, hjelpe dei eg skal og være kontaktperson for ein del i ei tv-sending. Det siste punktet har eg fått med ein person som skal hjelpe til, for etter kvart må eg trekkje meg ut, for eg kan ikkje væra den kontaktpersonen når eg har reist.
Det fine veret stressa meg til og meg, for eg må UT å nyta.
Så eg trong musikk til å roa meg ned. Til å pusta djupt. Ingen er tent med at kaveknappen er set på.
Eg har ei helg som er fri framom. Utan ei avtalt plan. Eg skal bruka den til å snakka fornuft med meg sjølv. Og å rydda i kva som er mogleg og det som eg må sette på vent.
Ønske deg ein fredeleg fredagskveld. Her forsvinn snøen så ein mest ser den krympar.
Det hjelper og det hjelper. To månader sidan eg klarte å ta opp igjen fokuset. Fokuset på meg sjølv kan eg mest skriva.
Det fokuset har fleire nivå, men eg har i alle fall mykje større fokus på kva eg puttar inn i munnen.
Maten.
Og etter å ha starta med medisin for det som skal væra leddgikt, er det akkurat som noko har skjedd.
For det første har eg vorte enormt mykje betre , vondtane er redusert med ca. 70% trur eg, og for det andre……..eg har ikkje lyst til å bruka medisin.
Eg les om tarm og betennelsar, det kan eg skriva om seinare. Lesestoffet er interessant. For eg leitar etter andre måtar å kunne bli bra på, utan å måtte medisinera seg.
Det er to matvarer eg har redusert kraftig. Eg les ikkje ein plass at kvitt mjøl og sukker er bra. Så desse to raffinerte matvarene prøver eg å helda meg mest mogleg unna.
Elles brukar eg ein app som eg sa tidlegare eg kunne skriva om, og det skal eg gjera. Der ser eg kva et et og kor bra eller gale det er.
På tysdagar er veiedag. Og det viste seg at nedgangen gjekk seinare denne andre månaden, men til saman har eg redusert vekta mi slik ca. 7,5 kilo sidan eg starta for to månader sidan.
Det kjennest så klart.
Det blir dobbel verking av at eg er lettare i kroppen og at ledda omtrentleg ikkje er vonde.
Derfor overdriv eg nok litt, eg trur eg klarar så mykje meir. Og så gjer eg mykje meir. Så eg tenkjer eg må ikkje overdriva alt formykje…….
Men det er så forbaska artig å kunne fungera!!!!
Eg blir heilt høg eg.
No er det berre å gå i gong med tredje månaden, og når den er over skal eg igjen fortelja om ståa.
Veka har gått som eit olja lyn. Men fullt av innhald. Både bra og trist. Slik livet er.
Eg er mett og eg er trøtt.
Dei siste dagane har eg klart å vore fysisk meir aktiv. På torsdag venta eg dei to timane etter jobb for bassengtrening.
Fredag vart via bortgongen av eit syskenbarn til mor. Slikt blir ein oppbruka av.
Men i går fekk eg meg ein runde. Både oppover og nedover. Pulsklokka var fornøgd.
Nede att tok eg bilete av brøytestikkane.
Hatt ein dialog kor vidt dei var set godt nok ned. Bruka spett og fikk dei ikkje djupare. Det var så godt eg klarte. Satsar på det går bra.
I dag var nok ein nydeleg dag.
Men sola er sid.
-Ville ut i hausten og sola. Det var berre at det tok tid. Først håpa eg bøsseberarane kom før eg for. Dei var ikkje å sjå. Så kom ein med nokre papir for ein traktor eg selde i fjor. Etter dette var klokka så mange at det var på tide med lunsj. Så eg ba like godt opp henne nede på kaffi. Slik gjekk det enno meir tid.
Da eg endelg var klar skein sola berre på andre sia av fjorden. Så eg fann bilnøklar, hundeband og pengar. Og flaks over flaks, da eg opna bakluka for hunden, kom det ein bil opp oppkjørselen. Så da fekk eg avlevert pengane til aksjonen.
Men da vi var frammen og bilen parkeret, var sola forsvunne frå vegen. Da ser eg ein veg oppover skogen. Men det er så på nippen at da hunden og eg legg i veg oppover er sola borte der også.
Bratt er det også. Men sååå……er boff og eg oppe og seeeer sola.
Den er på tur ned i fjellet.
Den fargelegg naturen så fint.
Eg måtte fotografere. Så klart!
Det var bratt ned att også…..inga overrasking det. Både okla og kne er ikkje noko å lita for mykje på. Men kjende eg fekk opp pulsen. Det er bra!
No sit eg her nydusja og alt for mett. Senga er ikkje langt unna i tid. Eg er trøyt så det held.