Synest ein at ein har for lite problem er det enkelt å laga seg nokre fleire.
I dag har eg utøva ein utstrakt tankeaktivitet mellom skal og skal ikkje. Slike øvingar er fryktelege synest eg. Hjernen blir så tafsete av det. Så da eg til slutt hadde bestemt meg, trur eg, gjekk eg ut i sol og vår.
Der blas det ein spiss vind fylt av sola og utan varme. Eg tok eit blikk på terrassen min som ber sterke vitneprov over kva fjoråret gjekk ut på. Ikkje noko vakkert skode. Plankebitar, steinull og kjøkenskuffer. Eg fann meg ein plastsekk og gjorde eit lite forsøk. Fann og fram hagesaksa og fekk unna noko bringbærkratt. Og vinden blas vond-i-hovudet inn i mitt stakkars sundtjafsa, runde hovud der det hadde gått heilt rundt i dag.
Energien og evna til fysisk utfordringar treng eg ikkje skryta av. Avgjorde eg fekk væra glad for det vesle som vart gjort, da eg gjekk inn for ein kopp kaffi etter ei ikkje utprega lang stund. Medan eg lova meg å gå ut att for å plukka ein forsiktig bukett kvitsymre ……eller kanskje dei berre skal få stå…….
Igjen ville eg i dag prøva og finne ut av var kva eg helst ville og kva eg syntest ville væra bra i etterkant. Enn at enkle ting skal væra så vanskeleg.
Kva det er snakk om?
Jau, eit besøk for å sjå kor mellomste søster har flytta. Ho har fri og vi er bedt. Minste søster var ute og farta og sa ho var attende i morgon før ho reiste. Planane vart lagt etter ho var dratt. Så viste det seg ho ville bli lengre. Og da fekk eg problem med hunden-. Så det har handla om eg skulle reise eller ikkje. For eigentleg har det vore godt og våre i ro heime, men foreldra mine er fastlåst til huset sitt i kvardagen. Dei gledde seg til turen. Søstera mi gledde seg til vi kom. Resultatet var at det var mykje att og fram og rundt omkring. Det har vore mange løysningar oppe.
No ser det ut til at vi reiser og tek med oss ein ikkje reiseglad hund. Mellomste jenta mi har organisert, for ho har lyst til å møte Lucas og han er kjempebeigeistra for henne. Sist eg snakka med henne på telefonen sette eg på høgtalaren og hunden sprang bort til vindauga og pistra. Kom ho? Pistringa varte ei lang stund etter samtalen.
Det som gjer dette vanskeleg er at ho bor ikkje slik at ho kan ta han og søster mi har ein mann som er negativ til å få hund inn i huset. Sjølv om han ikkje er der om kvardagane. Derfor er det nok ingen god ide at hunden er der.
Så dette har eg bruka stor kapasitet på, og fleire med meg. Ein heilt unødvendig bruk om eg hadde sagt at eg må sjekke opp med veslesøster først og om ho kunne passa boffen. Har eg gjort det har alt dette vore unngått.
Så enkelt og så vanskeleg.
Men no må eg pakka veska.
















































