Eller……akkurat det vart feil. Det er i skuggen dei gradane er. Og i skuggen er ikkje sola, det er derfor det er skugge.
Eg vakna med hovudpine etter ei natt med spøkelsedraumar og hus med alt for mange rom.
I dag må eg prestere. Når eg kjem meg i bilen om litt må eg halda kontrollen til langt på ettermiddagen. Mest heile sommaren skal inn i kontrollen. Og enno vil eg meir.
Puuuuuust uuuuuuut og iiiiinn.
Ta verda med ro.
Den går uansett ikkje under i dag.
Det er berre ein krevjande onsdag, men det går bra.
Ja da, det gjer det.
I dag er eg eigentleg heldig, eg får øva meg på ikkje stressa. Ei viktig øving. Det er det eg får.
Og ikkje minst, eg treng øva på det. Etter alle år med for mykje stress. Og eg veit det, dess meir ein stressar desto mindre får ein til.
Denne dagen skal eg ri inn i solnedgongen, sitjande høgt til hest. Eg skal svinga hatten og nyta synet når sola går ned. Så skal eg setja meg ned ved leirbålet å vera fornøgd med dagen. Vel vitande om at eg gjorde så godt eg kunne.
Og så stressa eg ikkje, for eg pusta djupt og heldt taumane i eit fast og roleg grep.
Yuuuhiiiiaaa…..
Ha ein riktig nydeleg dag, enno er den knapt starta.
Har skvulpar i meg chiafrø og sitron. Frøet med all den gode næringa.
Legg eg merke til nokon forskjell?
Nei, eg har verken vorte det eine eller det andre. Eg er berre akkurat slik eg har vore.
Og når alt startar å skulle gå greitt med ny bil og greie planar, da slår Skjæbnen til.
Den forbaska Skjæbnen.
I går slo den på stortromma. Den laga direkte kaos rundt meg og for meg. Slik at eg fekk lyst til å kapitulera, flytta til Mongolia eller noko annan stad eg veit for lite om. I tillegg hadde eg gjeve meg for lite søvn natta før. Det vert ikkje likare av slikt.
“Utleveringa av vitnemål er ikkje på torsdag men på onsdag” sa yngste.
Eg tru eg vart temmeleg stille av den opplysninga.
Det er lenge sidan eg starta å spørje om når avslutninga vart. Fredag er siste skuledag og eg har biblioteket på torsdagskveldene. Så da eg fekk spørsmål om å bytte vakta til tidlegare samstundes med at eg fekk veta utdelinga var på kvelden om torsdagen, ja da hadde eg ei god kjensle – for tinga gjekk opp heilt av seg sjølv.
I tillegg skal bilen på service, som eigentleg skulle ha vore før eg kjøpte den, men eg var så ivrig på å få den med meg. Samstundes skal dei setje på hengjarfeste, for eg vart fortalt den hadde. Den hadde ikkje. Så på fredag har den fått time. På søndag flytter ho som har budd i byen i tre år. Da må eg ha bilen med hengar klar.
Så alt var ordna litt slik hånd i hanske……..heilt til eg fekk vite det i går……….
For på onsdag er det møter i fleng til langt på kveld.
“Du treng ikkje koma” sa ho i byen, oppløyst i snørr og tårer.
Eg gjekk i gong. Fann ut at det var inga anna råd. Ringte å senda meldingar i øst og vest. Fekk korreks over at eg prøvde å forandre tida så like før. Sa at det verken hadde vore ein vane eller kom til å bli ein. Fekk flytta det eine møtet ein halv time, fekk utsett det andre. Har fortsett igjen ein del ringing og meldingar før alt er på plass. Var skrapa inn i sjela da eg la meg i går kveld. For slikt som dette likar eg ikkje.
Straks går eg i gong med vasking av bunadskjorte og stryking. Eg høyrde på stemmen til henne som slepp å vere utan familie da ho tek i mot dette papiret ho har streva for i tre år, at ho var svært glad. Og at ho også kan ta på seg bunaden som ho skulle.
Men eg er oppgjeve over info ein ikkje får, eller finn ut kvar er……..for det har vore leita på nett og spurt. Så eg kjem nok til å ta ein telefon til i dag, for riktig forsikra meg om at det no er riktig dag…….
Det er lyd av tidleg vår. Mildt har det vore, fuglane har fått meir lyd. I dag gjekk regn over til snø att. Vegane vart atter kvite og glatte. Sola skal ha klatra fjellet, men skyene har skjult det underet.
Dagane mine fyk så det ikkje er måte på. Liksom ein ikkje veit om det er att eller fram. Eg veit ikkje om det er eg som har vorte sterkare eller andre svakare.
Eg er framleis sliten.
I dag køyrde eg frå sekken min med mobil og nøklar i. Den sto igjen i butikken der eg hadde handla. Hovudet hadde tatt ferie etter dagen. Vel heime tok eg ut varene og sakna sekken. Da var det berre å setja seg inn i bilen for å køyra dei 20 minuttane turen tek attende på glatte vegar. Sekken sto i handlevogna med innhald intakt.
Slikt kan skje.
Likevel. Eg held på å “vaknar”. I takt med sola som stig og vår i emning. Akkurat som eg ikkje finn meg i tull lengre. Eg held på å gje meg plass etter årevis med knebling. Knebling av meg sjølv. Og eg skjønar det ikkje er rart at det vart som det vart. Greitt å verta forstått av seg sjølv.
Men når eg no kjenner eg greier å vera tydlegare overfor dei i rundt meg, har behovet minka for å bruka orda mine her på det som har vore innestengt. Ikkje i den tydinga at eg vil stoppe å skriva blogg.
Eg er svært glad for det som skjer, mest som eg berre må kviskra……..for eg redd for at meistringa eg kjenner på skal gå over.
No er det for meg helg. Eg har bruka akkurat det 18 timane og 45 minutta på slikt eg skal. I morgon har eg fri. Eg må i veg å kjøpa hundefor, kanskje unne meg raudvin til helga….. og så skal eg gjera ein innsats for ein reinare heim. Skal også ha ein oppfølgingssamtale for det er ni månader sidan eg var på rehabilitering på Muritunet. Og så kjem mellomste heim og da skal vi starte helga med å kosa oss med fredagen.
Eg skreiv sist om at eg vakna med eit snev av energi.
Eg vil ha meir!!!!
Meir energi. Eg trur heller ikkje dette er så frykteleg spesielt og at eg heilt åleine med og ha det slik. Om å ville ha meir. I tillegg må eg nok arbeide for det. Kan ikkje berre forventa å få det deisande ned i fanget.
For å ikkje verta heilt ned i kjellaren har eg prøva å forstå meg sjølv. Kvifor eg vart så fullstendig tømt denne gongen. Og eg ser det, eg trur og eg aksepterer at slik må det berre vera. For ei stund.
Men verkeleg ikkje noko blivande sted. Berre det at eg skriv det er eit positivt teikn. Eg har og funne ut at eg skal auka ut slikt ein berre må gjera. Eg skal 10% opp frå 1. februar. Må nok ta småe steg.
Det har til og meg vore for ambisiøst å leggje planar…..men dei har starta å spinna i hovudet mitt no.
Eg har vore gjennom ein skikkeleg leksjon med å ha tillit og gje slepp. Det var ein av punkta på nyttårslista mi. Her er den. Men erfaringar av redsla ligg såpass i margen at det hjelper ikkje kva du seier til forstanden om dagen. For om natta bit ein kjevane saman så ein mest ikkje klarar å tygge når dagen kjem.
Dette tok nok energien min da eit nytt år starta. Redsla av kva no…….kva kom til å skje…..
Men eg har tru på at no er eg framme ved at eg kan starta å arbeide meg opp igjen. Det er somt ein ikkje har styring og kan påverke. Slikt MÅ ein berre greie å akseptera.
Og det at eg er framme ved å starta oppbygginga igjen, det er ein god tanke.
Så var alle orsakingane bruka opp og det var inga anna råd.
Eg fekk kle på meg å ta turen ut i ein dag på hell. Det eg er fornøgd med er at eg kom meg ut. Det eg ikkje er så glad over er korleis eg oppleve det. Men det er nok ei blanding av form, tankar og årstid. Turen hadde ikkje sneve av å og ha ei god kjensle, sjølv om fargane var vakre.
Irritasjonen medan eg sloss for å koma inn i kleda. Gleda hos boffen, planlegging av slik og sånn. Eg var både skjelva innmed margen og i ordentleg i ulage da eg la i veg.
Eg hadde bruka opp orsakingar for å ikkje gå ut.
“Eg er lat og vil ingenting, og det vert eg ikkje lykkeleg av” chatta eg med mellomste på facebook like før.
“Du har funne ut mykje da” sa ho som var yngst.
Så ti dagar ut i 2016 har eg ingenting å skryta av. Berre knakande ledd, kne og kjakar som knekk. Det siste er nokså ekkelt nå eg et.
Skal eg berre setja meg ned og let alderen skyfle over meg og svelgje meg med hud og hår…..eit såkalla retorisk spørsmål…….kven vil det liksom………
Eg må nok berre ta på arbeidet. Arbeidet med denne forbruksvara som heiter energi.
Slik sett har eg ikkje meir å meddela. Og det er vel akkurat det eg har lyst og ha……….proppfull av glede og positiv glød………ja, ja lange sutrepave, vi får satsa på noko betre.
Riktig fin søndagskveld, den kan eg i alle fall seia og meina.
Eg vakna til tankekav og stramme skuldrer i morgonljoset.
Det og det og det song det. Må eg. Telefonar og bestillingar, tannlege til yngste, jubilerande nabo, fotbehandling til mor og meg…….og så ein prat med sonen i ettermiddag. Eg vakna til ein fridag, og der gjekk det an å få til det og det, men der gjekk det ikkje……..slik huserte tankane mine.
Eg gjekk i gong med ein gong eg sto opp, fann telefonnummer og ringte. Når kan eg og når har eg fri…..og det var da eg såg det. Eg hadde gløymt at eg skulle avspasera.
Enn å gløyme at ein skal ha fri og legge planer på slike dagar. Så eg kunne ikkje anna, eg måtte le av meg sjølv. Eg skulle ha fri frå fredag til onsdag, men den gong ei når eg har planlagt oppgåver.
Men i dag har eg fri. Fri til å laga kaos i mi private verd. Har ikkje fått tinga behandling av føter elles har eg ordna opp i fleire av oppgåvene. Det er mi julegåve åt meg sjølv. Føtene. Eg har tenkt å være mykje snillare med undersottane. Det er dei som ber meg oppe og som har den tyngste børa.
I morgon skal eg til Trondheim. Feira henne som fyller år. Ho ringte meg i går, dei hadde hatt innbrot der ho bor……..inga artig oppleving.
I dag skal eg baka brød og steike ei kake for å ta med i morgon. Finn sikkert på eit par andre tinga å gjera også.
Fekk melding frå systera mi, vil du være med på Kyrksæterøra sto det……..og det kunne vore koseleg. Men eg trur denne dagen skal eg være i ro, sjå om eg kan riste laus både kav og stramme skuldrer.
I dag starta dagen heilt i otta. Og etter ein natt der eg vakna mange gong, tumla eg ut av senga. Eg hadde møte, eg skulle på tur og tenkte å avslutta med å vitja foreldra mine til slutt. I går kveld da eg høyrde kor det regna og blas ute, tenkte eg at denne dagen gjekk ikkje bra.
Men eg kom meg ut med baggar, sekker, korger og boff da morgonen kom.
Etter og har rulla pinne og strekk og hengt med kroppen i dei tidlege morgontimane.
Og alt gjekk slik det skulle. Til slutt, etter ein gåtur i bratta i ein og ein halv time, var turen kome til mor og far. Dei ville at eg skulle eta middag saman med dei. Og vi drakk kaffi og eg strikka.
Eg har fått tilbakemelding om at folk ser eg har forandra meg. At eg har fleire ord, er både skarpare og tydlegare i uttrykket. Og for meg er det enklare, alt vert enklare. Eg skjøner fortare, tek val fortare. Så sjølv om eg synest eg har altfor lite energi enno, går de framover.
Det regnar. Den våte hausten er mest i overkant scenografisk. Teaterstykket har så mange trise element at det bikkar over til komedien. Det er ikkje så lang veg mellom tragedien og komedien.
Distanse.
Eg ser på det eg sjølv har stelt i stand.
Om det var riktig?
Og kanskje var det ingen annan veg. Det var den eg valte. Etterpå har eg retta ut ei hand, men den blir ikkje teke i mot. Kanskje var det eg fikk for meg riktig eller kanskje er det fleire som er svært såra. Det får eg kanskje aldri svar på. Tigging ligg ikkje for meg.
Eg har fått eit arbeid å gjera.
Ta kontroll, seier eg til meg sjølv. Det er no livsviktig. Eg blada meg fram til vektklubben, for eg har latt slikt flyta ut. I dag føljer eg oppskriftsmessig.
“Du kan ikkje gå med dette for deg sjølv” sa ei venninne. Vi tok ein prat og planla tur. Eg trur eg treng varme.
Eg ser på dei områda som tynge mest. Forandring, tenkjer eg. Det er det som må til.
Og huset mitt, om nokre dagar får eg besøk igjen. Eg har nok å gå opp i. Det er ikkje tida til å psyke seg ned, til å synest synd i seg sjølv. Akkurat det fortener eg ikkje -.
Eg må opp på hesten. Kanskje ikkje i galopp, men stødig framover skal den……
Og medan eg skriv dette kjem sola fram, lagar glitter i bladverk som enno er grønt.
Håper eg -. Få energien på plass. Full pakke minus alderstillegg. For det må eg nok ta med i reknestykket. Men elles skal eg OPP på min topp……
Dette som eg har vore i ei stund starta for lenge sidan, mest som i Det var ein gong……
For det var det. Det er lenge sidan eg starta med å strekkje meg sjølv.
Og for å helda meg til termologien “tar eg den, så tar eg den……sa kjerringa”. For det var det eg gjorde.
Og eit eller anna steg på vegen vart det for mykje. Og enno lengre framme skjønte eg det. Da hadde eg pressa alt for lenge.
Så eg virka ikkje noko særleg etter kvart.
Derfor vart eg sjukemeldt.
Ikkje heilt og i alt. Og prosentane har variert.
Etter eitt år heiter det ikkje sjukemeldt lengre, men det som skjer rundt det er ikkje tema her.
Men eg kan seia at artig er det ikkje å køyre utom vegen slik. Eg vil opp igjen.
Fort eigentleg.
Endeleg i vår skjedde noko som ga meg den beste oppturen til da. Opphaldet på Muritunet i Valldal.
Overlate til meg sjølv og attende til slikt som må utførast, produsertes det såpass mykje stress og eg såg dette ikkje gjekk den gode og rette veg.
Så etter kvart vart ei ny løype lagt. Og den er tredelt……heller, eigentleg firedelt. For vi vert følgt opp av Muritunet eitt år etter opphaldet . I tillegg har eg lagt til psykomotorisk behandling , samtaler og rørsle.
Rørsle
Eg trur at for meg er det viktig å kome seg ut. Eg tenkjer og trening, men eg trur ikkje eg er heilt der enno. Og i det siste har eg forstått at eg har alt for lett til å leggje opp eit alt for ambisiøst opplegg. Noko som kveler det eg er i gong med nokså fort.
Så no har eg i nokre veker avtale med ei som kjem heim til meg ein gong i veka. Dette er over kort tid, fire veker, men når eg gjorde avtale med henne ser eg det har funka mest perfekt. Avtalen eg har gjort er at eg skal ut kvar dag i minimum tretti minutt. I mitt hovud har eg plassert at den turen kan godt berre vera etter vegen med joggesko. For eg har alt for lett og tenkje på alle mulegheiter, så eg lagar forvirring hos meg sjølv. To dager på to veker har eg av forskjelleg grunnar valt å droppa det. Også har eg gått lengre nokre dagar. Så dette resultatet kan eg absolutt leva med.
Dette skal eg fortsetje med etter dei fire vekene er over. For å byggje energi er dette eit must. Og så har eg denne drøymen om ein lettare kropp, som eg og trur ikkje har hatt noko å seia for eit meir energisk liv.
Samtalar
Oppover åra mine har det skjedd ein del som nok har kosta – men som eg har følt eg har handtert. Men eg ser at gjennom alt har eg gløymt av å kjenne etter korleis eg hadde det. Eigentleg.
Og når orda mine vart borte ein periode skjøna eg at det ikkje var så bra.
Dei er attende, men likevel veit eg at ting har hatt ein tendens til lett å gå den vegen som eg i utgangspunktet ikkje har ynskja. Kanskje eg brukar for mykje energi på tankar rundt dette, tenke eg.
Eg hamna hos ei psykisk sjukepleiar som eg fekk god kjemi med og snakka meg svimmel til.
Etter tre gong er eg litt usikker om kva som kjem ut av samtalane. For eg har ikkje angst, er ikkje deprimert og slit ikkje med noko anna enn at eg vert for fort sliten og at det går ut over husken og konsentrasjonen. Eg fekk i siste timen ei føling av at eg kanskje skulle hatt dei problema for å passa inn i modellen dei går ut i frå.
Eg skal dit om ein månad og får da vurdere.
Psykomotoriker
Det er nok her eg har fått den mest positive overraskinga.
Og har mest forventningar til.
Første time gjekk ut på samtale om kor i kroppen eg hadde problem. No kan fort kropp og problem kjeda meg, så eg gløymer og følte meg mest idiotisk, for eg kom ikkje heilt på problema like etter ferien or uten stress følte eg det meste var bra………men ryggen kom eg så klart på.
Psykomotorikeren starta å sjå på føtene mine. Korleis dei var plassert på underlaget. Det viste seg at eg hadde permittert terne, dei var ikkje i funksjon. I tillegg sto eg med bøygde kne fekk eg vite. Og at eg hadde problem med ryggen var ikkje rart fekk eg og vite. Heller ikkje at beina er konstant opphovna.
Så no er eg i gong med øvingar for føtene. Eg fekk beskjed om å sage over eit kostskaft, for det er treningsverktøyet mitt. Det er forbaska vondt å gjera øvingane, så i starten fekk eg dei ikkje gjort. Da vart han streng og mest tok opp pekefingeren.
Men eg skjønar. Så no er eg i gong.
Og eg er så glad. For får eg berre undersottane til å stå som dei skal trur eg på eit betre liv.
Muritunet
Oppfølging med samtalar enkeltvis og felles med gruppa frå Muritunet på Skype. Og to dagsturar skal vi dit, eit om eit halvt år og eit når året er gått. Og fokuset er rørsle og mat.
Så slik et eg i gong for å byggje energi. Og eg føler eg er på rett veg.
I tillegg har eg tenkt at tida -, tida tinga tek skal ikkje få det store fokuset.
Så kom regnet. Ute er det mørkt og den vinflaska vi snakka om å dela på terrassen med tende talgljos, veslesøster og eg, vert i alle fall ikkje i kveld.
Framtida er i ferd med å stiga opp på dørstokken. Telefonar og meldingar vitnar om det. Eg kjenner motstand, for eg vil ikkje inn i framtida enno. Eg vil ha varme sommarvindar og vera fri. Eg vil ikkje ha alvor. Eg vil berre at alt skal vera artig.
I dag har eg bruka dagen til å landa, men trur det er ei buklanding……for det humpar slik.
Eg leitar etter artigheita, men den geipar berre mot meg så eg endar med å verta heilt ulykkeleg. Så eg leita meir, og finn ingen ting. Eg krafsar og klorar for å sjå om det hjelper.
Men eg veit. Eg må roa meg. Dra pusten djupt, bretta opp ermane og gå i gong med alvor og kvardag. I kveld, allreie i kveld må eg det. Sjølv om eg er i ferien enno.
I morgon skal eg vera med på ein Skype konferanse med gjengen frå Muritunet. Om kosthald og ståa. Hjelp og trøste sier eg. For eg har ingenting å skryta av. Eg kan berre fortelja om at eg er langt utanføre vegen. Men ikkje kor mange meter….. Eg har noko arbeid å gjera, skrive ned og tenkje……og eg kjenner motstanden med å sjå på kor lite flink eg er.
Elles er eg i gong med noko – med å byggje meg eit støtteapparat, både med samtalar, med rørsle og hjelp for problem eg har med kroppen. For eg vil, eg vil så frykteleg at eg velje å plukka med meg den hjelpa eg kan få. Eg som vil klara alt sjølv, som vil vera uavhengig har tatt eit slikt val. Det kostar å sleppa tøylar, så det må gje resultat-.
For eg vil ha energi til å ikkje fortsetta her eg har vore lenge. Eg vil opp og ut.
Så eigentleg er det nok spanande. Det er slik eg må sjå på det. Vegen til det nye livet og all energien eg skal nå tak i.
Derfor må eg landa, humpa meg i ro på den rugletelandingsbanen. Etter ferie og alle opplevingane. Og samtidig veta at dei er der, alle og alt. At eg må velja tillit. Og at eg må gjera det eg må og som er det beste. Da får eg alt. Både prinsen og kongeriket, energien, gleda og få bruka meg til det eg skal.
Slik tenkjer eg ein tysdag før eg går i gong meg å sjå på kva som er bra av det eg har gjort sidan mai og Muritunet.