Dagane mine fyk i veg enno. Denne veka skal dei gå inn for landing. Gled meg på å lande, senke skuldrer og vifte med tær.
I morgon fyller mor mi år.
Den feira vi på laurdag, med pizza og kaker. Masse av både pizza og kaker.
Skal ein tur innom henne og far i morgon på dagen også.
85 år.
I dag har det vore arrangement. Musikk og foredrag. Da eg skulle takke var eg så rørt at eg måtte tørke tårane. Det handla om kvinner som hadde levd tøffe liv for meir enn hundre år sidan. Foredragshaldar var Leo Oterhals.
Det var godt med besøk. Det er artig når ein har eit arrangement.
Etter eg var heime sovna eg på sofaen. Eg hadde skikkeleg bruka meg opp.
Men sommar og snart ferie er ein riktig så bra kombinasjon. Sjølv om eg har funne ut at eg nok vel ein ferie utan det store innhaldet.
Ei veke i eit nytt år nærmar seg slutten. Dette året eg har tru på. Tihøva i verden er ikkje gode var det nokon som sa i dag. Da eg sa eg trudde det vart eit godt år.
Men eg trur på året. Det er noko raudt, gult og gamaldags over det. Så eg trur året vert bra.
Eg veit ikkje kvifor.
Kanskje har den mykje omtala energien auka. Ikkje veit eg. Men da eg køyrde heim ein dag såg eg lovnadar over fjella.
Det har vore kaldt i fleire dagar. Kaldt og vakkert.
Før det vart kaldt kom våt, tung snø. Eg køyrde meg fast, var temmeleg oppgjeve både av været, brøytaren og syntest livet var urettferdig vanskeleg. Det var da, for eit par dagar sidan eg tenkte slik.
No har eg godt kunna hatt dette klåre, kalde været i nokre veker. Før våren kom. Men det er spådd mildare værtype igjen, så reknar med det fører til holke.
Kva skulle ein ha snakka om om ein ikkje hadde været å snakka om. Men eg trur eg kunna snakka om det meste. Eigentleg…..
Og her og no dukka det plutseleg opp ein ide. Reknar med den er overkomeleg. Og da må du hjelpa meg. Eg har lyst til å testa om eg kan greia det, snakka om alt muleg. Gje meg eit ord eg skal skriva om…..så får vi sjå om eg greier å seia noko om det ordet.
Så med dette har eg gjeve meg sjølv ei utfordring om nokon vil være med på dette å gje meg eit ord.
Akkurat det gjenstår å sjå, men kom igjen; gje meg utfordringar……gje meg eit ord i kommentaren som eg skal skriva noko om :).
Yngste møter på frustrasjon om dagen. Ikkje berre, berre overgongen frå vidaregåande til å studera. Ho opplev både skrivevegring og seier ho skuffar seg sjølv. Så ambisjonane og det å slappe av akkurat passe, harmonerer ikkje.
I hega var fokuset Psyco av Hitchcock. Og eg skjønar at for ein nittenåring kan denne fimen frå seksti talet i svart kvitt verta litt overkill. Ein klassiker, ja, men det er ein utvikling på dei filmatiske grepa gjennom desse 50 åra. Og det er det ho må lære. Ho hell på å skal byggja den tunge grunnmuren.
Så eg har snakka, sett film og leita på nettet for å hjelpe…….eg har ikkje sagt at “dette har du valgt, så ti stille med sukka dine“.
Eg har eg sakt “du må ta det bit for bit!
“Om setningane ikkje sit perfekt, skriv, du kan gå over å korrigere skrivemåten, men få opp grovrisset – reisverket.”
Slik har eg snakka.
Bit for bit for bit for bit for bil for vaskemaskin……..
– For no er det min tur til å praktisera det eg forkynner.
Det er ei kjent sak at ei ulykke sjeldan kjem i leine. Ting og hendingar kjem ofte i bolkar.
Eg skreiv i går at eg ikkje skulle seia noko meir om bilen…….i dag har den fått kvila i ordets riktige betyding. Innbiller meg det er bra for den….og for meg. Så ikkje meir å seia om det.
I helga var jentene i aksjon her. Dei hjelpte til med å henta, løfta og dra på to vaskemaskinar for tanta, for den som ho hadde lånt frå meg var kaputt. Den fekk eg reparert etter eg kjøpte meg ny for seks år sidan. Det viste seg at den som var hennar og som har stått lagra i fjøset ikkje hadde tålt lagringa. Så nedunder har det vore vaskemaskinkrise.
Kan tru eg kjende på kor godt det var at alt slikt var i orden oppe hos meg!
På fredag kjende eg ein svak eim av elektrisk lukt, var å klappa på varmtvatnsbehaldaren før eg fauk vidare, med tanken om at det er mykje ein kan innbille seg.
Da eg skal setja på ein vask i dag ser eg displayet er svart, ikkje noko ljos, som om livet er sløkt for ei maskin. Eg sjekkar det som må sjekkast. Støpsel, sikringar og slikt utan at det skjer noko.
Tenker nok også at slikt kan ikkje skje…….ikkje no……bilen……. utan å bruka energi på å verta skikkeleg fortvila. For det er nærliggande å ta i bruk den teknikken først……..full frustrasjon.
Det er da eg tenkjer det; No er det min tur……min tur til å ta det bit for bit.
Eg får ringt butikken maskina var kjøpt, får ringt merket nasjonalt og til slutt reparatør lokalt.
Ja…..
I morgon får eg svar om det lønar seg med reperasjon. Men eg har ikkje dei store forhåpningane.
Eg har allereie vore på nettet og sett litt på maskinar.
Passar dette no?
Nei!
Slik sett passer det aldri.
Men det hjelper ikkje at eg bær meg og sytar. Eg får i staden bruka energien på å finne løysningane.
Det blir bra igjen. Det blir det.
Men først må eg løyse bit for bit…..før det kan bli det.
Går verda di på skinner eller er du i ein av bolkane der det er motbakke og mykje å snubla i?
Eg vil påstå eg er eit ærleg menneske. Noko som fører til at eg held meg innan loven. Stort sett.
Det er likevel eit område eg har hatt problem med.
Eit einaste eit.
Det handlar om gasspedalen og tida.
Men etter som kroppen fortel meg at evig ungdom ikkje finnest, driv eg å avprogrammerar meg. Eg har ikkje som mål å bruka kvart eit minutt til noko. Så køyrestilen er forandra. Og som eg har sagt, det er for dumt med si første fartsbot når ein nærmar seg 60.
Dagen starta i symjebassenget. Eg fall i stavar der i vatnet. Det er ikkje sikkert nokon veit kva som skjer da……men eg forsvann, stira ned i vatnet, i ljoset og opp-nedverda. Eg tenkte ikkje -, eg berre var der i det varme vatnet, det er så godt å let augo kvila i vassflat.
Etter timen var ferdig henta eg mor til tannlegetimen. Det tek ein liten time å køyra dit tannlegen er.
Det viser seg at i dag legg tida seg litt på tverke. Da vi sit i bilen er det ikkje god tid.
Så eg tek fram gamle kunstar.
Får ein bil framom meg som køyrer dyktig sedat. Den er sikkert redd for om det er glatt tenkjer eg. Da vi er ute av ein sving, blinkar den seg til sides slik at eg får passera. Framom meg har eg ei rett strekning, så eg set opp farten. Været er vakkert, sola skin og haustlauvet heilt gult.
Eg er på veg opp mot ein bakketopp, da eg kikar rett inn i ei linse.
Eg trur eg bannast -.
– Kor fort var det?
– Mista eg sertifikatet?
Eg svinga inn til den viftande politimannen og rulla ned vindauget.
Utruleg nok var eg verken skjelven eller forvirra. Berre irritert og utruleg strukturert. Det einaste er at eg prøver å vise fram bankkortet mitt i staden for sertifikatet.
Han fortel at eg fekk ikkje nokon prikk, men at eg hadde køyrd ti kilometer for fort og måtte betala eit tusen og seks hundre kroner.
Eg forklarar at vi har det travelt fordi vi skal rekke ein tannlegetime.
“Har du tannpine” spør politimannen.
– Som både var kjekk og triveleg, men nok litt i yngste laget for denne dama, som i tilegg påsto at ho snart hadde køyrd i seksti år utan noko bot.
Det lo mor mi godt av. For da hadde eg køyrd bil frå før eg var født.
Så no har eg klart det. Eg har FÅTT bot. Sjølv om ein må betala for å få den….
Eg vakna forbausande tidleg. Den store kongroa i taket var gått i skjul. Trur den har krabba inn gjennom det opne vindauga på badet, og at den eigentlege heimen hennar er skogen.
Det lukta stramt av skoa som låg til tørk, på baderomsgolvet, etter ein tur for å sjå om det var vatn i brønnane i regnet. Vi har dårleg med vatn og dårleg vatn, så vi har starta ei vaktordning framover.
Eg har starta å kjøpe vatn.
Men det var for tidleg. – Å stå opp. Eg hadde lånt meg ei bok på biblioteket om baking. Om å baka brød med mindre gjær og lengre heving. Derfor var det seint før eg la meg for eg starta å baka for seint.
Så eg la meg igjen.
Da eg vakna eit par timar seinare var dagen godt i gong og klokka viste halv ti. Vekta viste to kilo minus på ei veke.
Det er for mykje på for kort tid.
Eg er i gong med å motvirke alle plagar med nebb og klør.
Maten min er prega av det eg les og å ville få ein friskare kropp. Så frukosten min inneheldt ein reinsande juice og rundstykka med mindre gjær. Begge deler smakar kjempegodt.
Eg er i gong og det er bra og eg er glad.
I kveld kjem mellomste og eldste heim. Eg har ein ciabattabrød-deig til heving. Med lite gjær. Vi må kosa oss. Har sett på oppskrifter av sunt snacks. Men innser at eg rekk ikkje så mykje i timane eg har til bruk. Kampen mot kaninane må takast først. -Hybelkaninane.
Det regnar, så planane om måling i helga står i fare for å regna vekk ser eg. Men ikkje noko er gale utan at det er bra for noko. Det blir vatten i brønnane som vil seia vatten i kranane. Og da får ein dusja, som er bra for velværet og hygiena. Men drikkevatnet fortset eg å kjøpa. Enn så lenge.
Dette er siste feriedagen min. Og eg må ta med meg det eg har starta på inn i framtida. For framtida.
Eg stoppa ein gong i tida å gå til frisør. Eg hadde ikkje plass til det. I tillegg såg eg verre ut etter enn før. I førtiåra prøva eg mange gong, eg såg ikkje ut; sint, sur og trasig. Så eg ga opp.
Og etter kvart vart eg ei blondine heilt av meg sjølv. Til slutt var det kvitt frampå, og eg såg det var for mykje av det gode og at eg ikkje vart yngre av denne looken.
I baderomskåpet står det farge for å laga striper. Det var tanken som ikkje vart utført.
I går susa vi til Trondheim, nokre skulle ha klede og nokre sko.
Eg skulle til frisør!
Det er meir enn nok som driv med den slag her eg bor, men eg synes mange ser litt ut som meg i førtiåra…….litt slik småtrasig etterpå.
Vanskeleg dette.
Det var da eg kom på det. Skulle eg først ta ein sjanse kunne eg ta den skikkeleg. Mellomste har ei veninne som nettopp er ferdig utdanna frisør. Til henne bestilte eg og dro til.
Eg angra ikkje. No har eg funne frisøren min. Eg håper mange andre finn henne også. Ho har berre kontrakt hos Aganton Sax ut året. Da kjem det an på om ho har fått mange faste kundar forsto eg, for da fekk ho fortsetja.
Etterpå var innom mellomste. Der var det folk på vitjing. Og eg syntest det var heilt vittig med alle skoa i gongen som møtte oss.
Der sat det mange unge sinn som såg på fotball. Skikkeleg godt med ein skikkeleg dose unge menneske. Eg synest det er godt å ha tid inn i mellom med dei som er ved starten til det meste.
Snart er tida over i dette bofellesskapet, men til hausten skal begge jentene mine og to veninner av dei flytta inn i ei anna leilegheit. Den var så fin at det gløymte å spørje om det meste sa dei, når eg vile vite om ditt og datt.
Jentene fann seg ikkje klede. Så til slutt, etter butikkar var stengt og etter ein kaffikopp, køyrde vi mellomste til kjærasten – som eg ikkje har helsa på…….men no har eg vinka til han…….
Vi var innom pappaen som er litt invalid etter operasjon med berre ei hand til hjelp. Vi hadde sagt vi kunne handla mat for han.
Så heime var vi seint nok. Da gjekk yngste i gong med ein tanke. Eigentleg skulle ho ta buss til Trondheim for å sjå etter meir klede i dag.
Bryllaupet er til helga.
Ho har ei mormor som er over middels oppteke av klede. Og ho har arva ein del av desse avlagte. Så ho kom fram med ei buksedrakt, den gjekk ho i gong med å skifte eit strikk på. Og eg fann fram sko i samefarge som var i drakta. Da klokka passerte to i natt hadde ho antrekk.
Det var ei trøtt jente eg køyrde på arbeid klokka ni i dag. Men ho var i strålande humør, for ho var overbevist om finare klede å ha på seg hadde ho ikkje funne om ho hadde reist til Trondheim i dag og leita i alle butikkar som var.
Eller……akkurat det vart feil. Det er i skuggen dei gradane er. Og i skuggen er ikkje sola, det er derfor det er skugge.
Eg vakna med hovudpine etter ei natt med spøkelsedraumar og hus med alt for mange rom.
I dag må eg prestere. Når eg kjem meg i bilen om litt må eg halda kontrollen til langt på ettermiddagen. Mest heile sommaren skal inn i kontrollen. Og enno vil eg meir.
Puuuuuust uuuuuuut og iiiiinn.
Ta verda med ro.
Den går uansett ikkje under i dag.
Det er berre ein krevjande onsdag, men det går bra.
Ja da, det gjer det.
I dag er eg eigentleg heldig, eg får øva meg på ikkje stressa. Ei viktig øving. Det er det eg får.
Og ikkje minst, eg treng øva på det. Etter alle år med for mykje stress. Og eg veit det, dess meir ein stressar desto mindre får ein til.
Denne dagen skal eg ri inn i solnedgongen, sitjande høgt til hest. Eg skal svinga hatten og nyta synet når sola går ned. Så skal eg setja meg ned ved leirbålet å vera fornøgd med dagen. Vel vitande om at eg gjorde så godt eg kunne.
Og så stressa eg ikkje, for eg pusta djupt og heldt taumane i eit fast og roleg grep.
Yuuuhiiiiaaa…..
Ha ein riktig nydeleg dag, enno er den knapt starta.
Har skvulpar i meg chiafrø og sitron. Frøet med all den gode næringa.
Legg eg merke til nokon forskjell?
Nei, eg har verken vorte det eine eller det andre. Eg er berre akkurat slik eg har vore.
Og når alt startar å skulle gå greitt med ny bil og greie planar, da slår Skjæbnen til.
Den forbaska Skjæbnen.
I går slo den på stortromma. Den laga direkte kaos rundt meg og for meg. Slik at eg fekk lyst til å kapitulera, flytta til Mongolia eller noko annan stad eg veit for lite om. I tillegg hadde eg gjeve meg for lite søvn natta før. Det vert ikkje likare av slikt.
“Utleveringa av vitnemål er ikkje på torsdag men på onsdag” sa yngste.
Eg tru eg vart temmeleg stille av den opplysninga.
Det er lenge sidan eg starta å spørje om når avslutninga vart. Fredag er siste skuledag og eg har biblioteket på torsdagskveldene. Så da eg fekk spørsmål om å bytte vakta til tidlegare samstundes med at eg fekk veta utdelinga var på kvelden om torsdagen, ja da hadde eg ei god kjensle – for tinga gjekk opp heilt av seg sjølv.
I tillegg skal bilen på service, som eigentleg skulle ha vore før eg kjøpte den, men eg var så ivrig på å få den med meg. Samstundes skal dei setje på hengjarfeste, for eg vart fortalt den hadde. Den hadde ikkje. Så på fredag har den fått time. På søndag flytter ho som har budd i byen i tre år. Da må eg ha bilen med hengar klar.
Så alt var ordna litt slik hånd i hanske……..heilt til eg fekk vite det i går……….
For på onsdag er det møter i fleng til langt på kveld.
“Du treng ikkje koma” sa ho i byen, oppløyst i snørr og tårer.
Eg gjekk i gong. Fann ut at det var inga anna råd. Ringte å senda meldingar i øst og vest. Fekk korreks over at eg prøvde å forandre tida så like før. Sa at det verken hadde vore ein vane eller kom til å bli ein. Fekk flytta det eine møtet ein halv time, fekk utsett det andre. Har fortsett igjen ein del ringing og meldingar før alt er på plass. Var skrapa inn i sjela da eg la meg i går kveld. For slikt som dette likar eg ikkje.
Straks går eg i gong med vasking av bunadskjorte og stryking. Eg høyrde på stemmen til henne som slepp å vere utan familie da ho tek i mot dette papiret ho har streva for i tre år, at ho var svært glad. Og at ho også kan ta på seg bunaden som ho skulle.
Men eg er oppgjeve over info ein ikkje får, eller finn ut kvar er……..for det har vore leita på nett og spurt. Så eg kjem nok til å ta ein telefon til i dag, for riktig forsikra meg om at det no er riktig dag…….
Det er lyd av tidleg vår. Mildt har det vore, fuglane har fått meir lyd. I dag gjekk regn over til snø att. Vegane vart atter kvite og glatte. Sola skal ha klatra fjellet, men skyene har skjult det underet.
Dagane mine fyk så det ikkje er måte på. Liksom ein ikkje veit om det er att eller fram. Eg veit ikkje om det er eg som har vorte sterkare eller andre svakare.
Eg er framleis sliten.
I dag køyrde eg frå sekken min med mobil og nøklar i. Den sto igjen i butikken der eg hadde handla. Hovudet hadde tatt ferie etter dagen. Vel heime tok eg ut varene og sakna sekken. Da var det berre å setja seg inn i bilen for å køyra dei 20 minuttane turen tek attende på glatte vegar. Sekken sto i handlevogna med innhald intakt.
Slikt kan skje.
Likevel. Eg held på å “vaknar”. I takt med sola som stig og vår i emning. Akkurat som eg ikkje finn meg i tull lengre. Eg held på å gje meg plass etter årevis med knebling. Knebling av meg sjølv. Og eg skjønar det ikkje er rart at det vart som det vart. Greitt å verta forstått av seg sjølv.
Men når eg no kjenner eg greier å vera tydlegare overfor dei i rundt meg, har behovet minka for å bruka orda mine her på det som har vore innestengt. Ikkje i den tydinga at eg vil stoppe å skriva blogg.
Eg er svært glad for det som skjer, mest som eg berre må kviskra……..for eg redd for at meistringa eg kjenner på skal gå over.
No er det for meg helg. Eg har bruka akkurat det 18 timane og 45 minutta på slikt eg skal. I morgon har eg fri. Eg må i veg å kjøpa hundefor, kanskje unne meg raudvin til helga….. og så skal eg gjera ein innsats for ein reinare heim. Skal også ha ein oppfølgingssamtale for det er ni månader sidan eg var på rehabilitering på Muritunet. Og så kjem mellomste heim og da skal vi starte helga med å kosa oss med fredagen.