Vi feira den i byen ho bor. Med å gå ut å eta; ho, faren, venninna og eg. Ho var glad og smilande. Ho vart vekt til dagen med nysteikte bollar som bestevenninna hadde baka åt henne.
Venninna
Etterpå gjekk turen opp til kollektivet dei to jentene bor i. Der serverte mellomste oss kaffi.
Vi smaka på bollane som var gode. Til morgonen hadde ein kamerat vore framom med ei kake, søster mi hadde med seg sjokoladekake og eg tok meg ei romkake som fekk skulda for latteren som sat så laust. Men det var nok alt sukkeret som gjekk oss til hovudet.
Faren og søster mi
Elles er det godt å kunne dele tid saman med ungdom. Dei kom og sette seg attmed oss dei to andre som bor der også. Svært triveleg ungdomar alle.
Det er ikkje så mange år sidan desse bileta vart teke. Synest eg.
Men når eg ser denne gamle dama skjøner eg nok det har gått 22 år sidan ho vart lagt i armane mine.
Første søndag i advent og verda er grøn, snøen var borte da eg vakna til dagen i går.
Eg skal henge opp stjerna og sette fram ljoset i vindauga snart. Tok det ned frå mørkloftet i går. Samtidig fekk eg opp kassane med sommarklede og dei to solstolane eg kjøpte i sommar. Eg har kvidd med til dette, eg har ein slik “hønsestige”. Men eg fekk det til med litt pust og pes.
Fekk og gjort øvingane mine og var godt fornøgd med meg sjølv da eg køyrde til foreldra mine. Der var det handling, ned med meir adventspynt som vart plassert, skifte av ljospære og forkorting nokre hårstrå.
“Men skal du opp med dette no” ville far vite. Han syntest tida gjekk vel fort.
Så slik gjekk dagen i går. Eg kom heim kvelden før etter to dagar i Kristiansund.
Første dagen var det møte og mat. Neste dag fekk eg kjøpt nokre julegåver. Men ikkje visste eg det var noko som heite Black Friday denne dagen. Så eg som ikkje er så glad i butikkar opplevde det kaotisk. Den opplevinga vil eg tru andre også hadde.
Eg hadde eit gåvekort som eg og fekk bruka. Så det vart også klede på meg. Oppdaga da eg tok fram vinterklede for litt sidan, at eg hadde lite overdelar. Så no har eg gjort noko med det.
Eg valte å bo hos yngste framfor hotell. Det er så koseleg å ha litt tid med desse som ikkje bur heime i kvardagen lengre.
Ho var oppteke med eit kostyme. Vi var framom Panduro så ho fekk kjøpt seg filt.
“Eg synest det er artig å laga det sjølv framom å kjøpe ferdig” sa ho.
Ho har nok arva tankegongen til mor si, det har vore laga nokre kostyme oppover.
Dette er frå da sonen skulle på karneval som trettenåring. Det var ingen som kjende han att. Må presisere han ikkje var påtvinga å kle seg slik.
Yngste hadde funne ut ho ville være Super Mario. Ho starta med å finne ei raud t-skjorte i skåpet mitt. I utkledarkista fann ho ei blå buksedrakt. Den vart sauma til først gongen eg var i Paris. Den fekk meg inn på eit insted som låg ved Champs-Élysées, der sila dei folka. Nokre av dei eg kjende, som kom seinare den kvelden i 1979, kom ikkje inn.
No var den omgjort til eit kostyme for ein figur frå eit dataspel.
I går kveld var festa for ho som snart er like gamal som mor si den gong da. Eg sende ho ei melding da kvelden hadde bikka over til natt. Eg ville veta om ho hadde det bra.
Det hadde ho.
I tillegg hadde ho vunne premie for festens kostyme, og ein viktig faktor var at den ikkje var kjøpt.
Så kunne eg seia god natt til henne som var trygt i hus og som var super glad etter ein kveld som Super Mario.
Attende til dagen i dag. Den er som sagt grøn. Og det er skikkeleg mykje eg kan gjera ein dag som denne. Hittil har eg klart å velta ein full kopp med kaffi utover bordet. Eg skal i alle fall ikkje noko for andre enn meg sjølv i dag.
Og på slutten av dagen skal eg tenne eit ljos og finne fram cd’ane med julemusikk.
Ein riktig fin første søndag i advent til deg som les. Korleis brukar du dagen?
Eg sendte ei melding . Etter å ha snakka eller rettare sagt….chatta med mellomste.
Ho var lei seg, ho var blakk, ho skal snart fylle år, ho ville feire og ho ville ikkje feire……
“Kan eg få fødselsdagsgåva mi i pengar på forskot hos deg og pappa?”, var spørsmålet.
Og eg lova eg skulle prata med han. Gjorde det enkelt for meg sjølv og sendte ei melding.
Men først hadde vi ein prat om korleis dette kunne løysast ho og eg. For eg høyrde den vesle jenta som gjerne ville ha feiring, som ville alt og ingenting. Og frustreringa….
“Kanskje alle berre kan ta bussen hit” foreslo eg.
Midt i eksamens tid og alt var dette vanskeleg.
Og det var nok ikkje riktig forslag å ha feiringa her. Og da ho ramsa opp dei ho gjerne ville be foreslo eg supe og brød. Kan ikkje legge folk i fjøset heller.
Så ringte han som pappa er. Han hadde ein lang utgreiing om arbeidet sitt. Han synest han er flink, og det er bra det. Og jau da, han er nøye, men kan være slitsam å få på vitjing inn i nymåla hus.
“Er det hellegdagar her da” bruker han og seia medan han saumfer dei nymåla flatane med både augo og fingrar.
Etter å ha snakka om ho som snart fyller 22 år spurte eg om korleis det gjekk med henne han var saman med………sjølv om eg visste svaret.
Dei hadde gjort det slutt samstundes fekk eg veta, men han var først. Og så fekk eg ei utredning om den saka.
“Enn no da, noko nytt?” spurte eg (eigentelg hadde eg blitt informert her og).
Og svaret med ikkje seie nei, men heller ikkje ja, er eit svar. Så han fekk fred for fleire spørsmål, eg skjøner korleis det kan væra med ferskvarer.
Og så ville han vete korleis det var med meg. Og noko så snodig, eg svara -!
Eg fortalte litt og sa det ikkje var meir. Svaret om kvifor vart nok meir uklart. Eg sa berre at vi ikkje hadde hatt kontakt siste veka og at det var ikkje meir å bygge på. Og at jula berre kunne være slik den hadde vore. Jentene ville gjerne at han skulle komme hit i år også fortalte han.
“Kva vil du da?” sa eg. For han har alltid gjeve inntrykk at for han var det det same.
“Er det riktig at det er det?” ville eg vite. Litt slik kniven på strupen….
Og aninga av den vesle stotringa fortalte meg det eg meiner er sjølvsagt.
Han er heldig som blir bedt heim til X’n og barna i jula. No var det riktig nok eg som la opp til det. For eg sa at om julekvelden skulle barna være hos meg. Men det var heller ingen protest…..
Eg sa i tillegg at han kunne heller komme og feire saman med oss, slik at jula fekk vera uforandra for dei som da var små.
Og slik har det vore rundt dei godt ti åra sidan vi gjekk frå kvarandre. Minus eit år da eg trur han feira saman med henne som det no er slutt med.
Så no blir det nok slik i år og, men eg vil tru avtalen går mot slutten no.
Slik som det heldt på å gjera i år. Hadde nok vorte ein tanke krevjande med ein X og ein ny kjæraste under same tak på julekvelden kanskje -, for dei.
Da eg lufta den tanken tidleg i haust for yngste svara ho som ei gammal ei:
“Er det ikkje litt tidleg å feire saman med ein du har kjent så kort – .”
Men at eg skulle gje meg ut på ein samtale med herr X om kjærleikens uregjerlege veger………der eg ikkje berre lytta, men også bidrog sjøl……..det hadde eg ikkje trudd.
Så no spekulerer eg på om vi har vorte veninner…….
I år tok ho alt på strak arm. Artig å registrera at ho er betre i form i år.
Vi kom tidligare for å hjelpe til. Gulrot og potet var skrella. Elles var det sodd. Vi var ellev til middag og tolv til kaffi.
Eg trur mor hadde ein fin 83 års dag. Da ho var lita brukte ho å seia at ho hadde fødselsdag siste juli, for da slapp ho og tulla med om det var 30. eller 31. juli som var hennar dag.
Her er det mi mellomste i aksjon. Oppryddinga gjekk raskt med mange hjelpande hender.
Så var selskapet over slik som dei brukar å bli. Hengaren min har stått hos foreldra mine med hagerusk ei stund. I morgon må vi ha den for å køyra flyttelasset til yngste. Så vi tok likegodt med oss rusket heim. Eg fekk svinga hengaren medan eg hadde opp til fleire tilskodarar med forskrekka ansikt. Eg er ingen kløppar med hengar, men eg fekk det til. Så det så!
Jentene har styra ute i regnet, fått rusket av og vaska hengaren. Får håpe den tørkar til i morgon. Det har regna tett i heile dag, men i morgon er det meldt sol. Det har gjort flyttearbeidet enklare.
Yngste har båre kassar ut i bilen. Ho gler seg til å flytte til sitt nye husvære. No blir ho der berre i helga for å treffa vener, så kjem ho attende hit.
Så slik har denne dagen gått. Ein dag med laurdagskjensle, sjølv om det berre er fredag.
Ein gong i året skjer det. Eit år blir plussa på. Og slik blir ein litt om litt eldre. Klokare seier ingen noko om -.
Her om dagen skulle eg feire meg sjølv. Plana var på sjølve dagen. Da eg kom heim på ettermiddagen… Men riktig slik gjekk det ikkje. For den mellomste sa au, au over tåa som fekk ein benk på seg dagen før. Derfor var det andre prioriteringar. Og vi fekk stadfesta at heil var den om ikkje anna.
Eg slo på data og facebook og tenkte at i dag ville det nok væra smått med helsingar, all den tid eg hadde vore dårlege på å senda gratulasjonar til andre. Men nokre hadde hugsa meg såg eg. Og fleire og fleire helsingar fekk eg utover dagen. Til slutt passerte det helsingane eg fekk i fjor.
“Kven er det?” spurte jentene, da dei såg helsingane som hadde kome inn.
Og eg fortalte og forklarte. Henne gjekk eg på skule med, ho er venninne til søstera mi han var lærer og han der kjenner henne…… og slik bortetter. Og eg kjente det som ein god følelse, at desse folka ga meg litt tid av si tid. Det gledde meg å få helsingar på dagen.
Eg fann ut at eg skulle vera flinkare året eg gjekk inn i med å senda helsingar. Ikkje sikkert andre hadde det slik som meg, men likevel. Eigentleg vart eg overraska over kor glad eg vart.
Neste dag feira vi dagen. Med bacalao, heimlaga is og kaffi og kaker. Og da va eg starta på enno eit år av mi livsreise. Så eldre blir eg stadig vekk, men klokare veit eg ikkje om det hjelper på med……
Så er dette året sin Bakkseterdag over. Og folk møtte opp i hopetal.
Eit døgn med alle slags vêr har passert. Og her sit eg, som eit vrak. Augo er trøtte og eg er lemster i kroppen. Og så må eg til å lage bacalao, kake og dessert. Til gjestene i morgon. Men det einaste eg har lyst til er å legga meg. Eg er regelrett trøtt.
Kan eg rekke det i morgon? Rekke alt i morgon før halv tolv? For da må eg dra heimafrå. Kan eg det? Kan eg svara på spørsmålet om å opne eit arrangement i morgon? I kveld er det umuleg å svare på slikt.
For eg er trøtt kjenner eg. Frykteleg trøtt i kveld.
Eg har vore eit døgn på setra. Det har vore regn, det har vore vindstilt, det har blåst, det har vore sol, det har vore kaldt og det har vore varmt.
I går kveld var det mange folk i aktivitet. Vi vart sittande ute til myggen beit godt og natta nærma seg. Nedanfor setervolden var ein flokk hestar. Ikkje alle hestane kjende kvarandre, så to starta å sloss. Dei sette baken mot kvarandre og sparka attover mot kvarandre. Det virka skummelt. Det gjekk nok likevel bra.
Jentene var inne i bua og spela spel saman med andre ungdomar. Da eg kom inn tok vi oss eit slag kort før vi gjekk til å la oss.
I dag starta folk å komme opp i åttetida. For å koke ost og gjera alt klart. Det var for surt å eta frukosten ute. Tente opp i omnen.
Så vart det bering av stoler og bord før eg køyrde ned boffen. Han skulle få sleppe å være der når det vart så mykje folk. Det ville ikkje væra noko godt for han.
Og så starta folk å komme. Mest to timar før arrangementet var i gong. Etter kvart fyltes området opp. Rømmegraut, vaflar og sveler fekk kjøparar. Det var folk over alt. Og vêret skifta. Av og på med genserar og regnklede.
Til slutt var det slutt. Vêret fekk ein skikkeleg kaldfront og folk forsvann smått om senn.
Så var det opprydding. Og da rydda eg visst bort det som var att av energi. Så her sit eg…..eller heng i ein stol. Har allereie sovna ein gong.
Eg vakna med dundrande hovudpine. Den har heldigvis gjeve seg. Slikt har eg ikkje tid til.
Ei bleik sol prøver……. Da eg var ute å hang opp klede kjende eg at litt fikk den til. Lufta er kald, men ein liten varme stråla ut av den overbredde sola. Overbredd av eit tynt skydekke.
Dagen starta med å få unna litt. Før frukosten. Eg har og stroke dukar, gardiner og pyntehandklede. Og eg har set på ein maskinvask til.
Seinare reiser vi opp på setra, da skal vi ha med oss dette opp. Saman med sengeklede og mat og mykje meir. Kanskje skal eg ta med ei flaske vin også. Skal tru kvar eg har lagt dei gryteklutane eg strikka for å ha dit…….åja, dei låg fortsatt i handarbeidskorga mi.
I gårkveld var vi oppe å vaska ned den vesle bua. Det var yngste som var med og ho hyla for kvar ein edderkopp ho såg. Så stille hadde vi det ikkje. Men vi fekk gjort det vi skulle, så vi reiste frå ei rein seter utan daude fluer i vindaugskarmane.
I kveld skal vi overnatta. For det er tradisjon. Kvelden før Bakkseterdagen overnattar fleire av oss som har buer der. Etter at alt er klart grillar vi og er sosiale.
I morgon er det seterdagen. Det brukar å væra mykje folk som kjem. For veret har bruka å vore bra. I morgon seier både YR og STORM regn! Men dei seier faktisk det i dag også…….og den sjenerte sola har eg alt nemnt. Så heilt er ikkje appene på mobilen min å lita på.
Apropos mobil, på setra er det ikkje dekning. Det synest eg er så herleg.
Men eg kan nok ikkje sitte her å skrive, eg må handla og det tyder på ein tur i butikken som omtrentleg neste post på programmet. Skal også handla inn til torsdag, for når eg kjem heim i morgonkveld skal eg klargjera neste dag. Når eg kjem heim på torsdag må alt være klart for da tek eg med meg gjester og eg skal ha ei forsiktig feiring av meg sjølv. For tida går.
Så er vi passert midtsommar. Men enno er det tidleg sommar. Men båla er ikkje som dei var…….
I går var det jonsok. Eigentleg tenkte eg grill………for eg har ingen grill. Så da eg spontant hamna i Kristiansund etter eit møte, for eg innom ein butikk. Grilling på jonsok er mest obligatorisk. Men eg greidde ikkje heilt avgjera om eg ville gå for grill eller bålpanne. Derfor vart det to solstolar.
Ja – SOLSTOLAR! Og i dei kan ein berre grille kroppar, derfor vart grilltanken lagt bort i år.
Så da mor sa rømmegraut og slikt, heime hos dei – ja da var det heilt greitt.
Dette skulle væra eit innlegg med bilete av sju slag blomster, for det skal ein kunne legge under puta og drøyma om kven ein blir gift med har eg høyrdt. Men eg fann ut at eit slikt innlegg var litt bortkasta, for eg har vore gift og veit ikkje om eg bryr meg så hardt om å verta det igjen. Så det innlegget vart skrinlagt.
Jonsokbålet glimra eignetleg med sitt fråvær, men eg har ein kreativ far som kombinerte nytte med nytte. Han hadde mykje hagerusk, og han gjekk i gong med å saga. Han fekk kvist og kvast sundt og brent opp inne i ein peis han bygde ein gong. “Det må ryka” sa han. Og så peisa han vatn inn i peisen og fekk til røyk.
Men før det sa mor “kom å bli med”, veslesyster murra litt da ho fekk sjå kor vegen gjekk. Dei ville ha oss med på ein rundtur, for far fekk laga ein veg nettopp som han kopla på ein skogsveg det folk går mykje tur – og no kunne dei gå i den nye vegen og ikkje klatra i ein mæling som før. Med godt grep om veslesyster fekk vi ein tur, ho og far på krykkjer…….og eg fekk nok med å passa på at ho ikkje datt – så det vart ingen bilete frå turen vidare gjennom hagen.
Etterpå vart det graut. Det vart spekemat etterpå grauten.
Og enno seinare vart det kaffi med både sitronfromasj, eggedosis og sjokolade. Sjølv om eg ikkje smaka på alt vart det likevel ALT for søtt. Og i dag , i dag hadde eg vegedagen……… Og eg må berre seie det; ……..vekta kremta alvorsamt og så sa ho at eg har gått opp 600 gram frå den famøse veginga for ei og ei halvveke sidan.
Opp!!!
Ikkje ned. Ikkje det at det er slik kjempekrise, men eit varsku er det. Absolutt eit varsku.
Vi seier ikkje meir om den saka, men no har sola snudd og vi startar nedteljinga mot mørkare tider. Men akkurat det snakkar vi ikkje høgt om i kveld. Ikkje det heller….
Så eg sluttar berre enkelt dette innlegget eg.
Hadde du fin feiring av jonsok? – Eller seier du St. Hans?
I dag har eg feira 17. mai så godt som for meg sjølv. Eg veit i grunn ikkje om eg har gjort det før. Og i alle fall har eg hatt med meg eitt – eller alle tre barna dei siste 23 år. Så kva anna passa enn og ta ein selfie…..held eg på å gå i barndomen utan barn i rundt meg tru…..dette har eg alltid heldt meg langt unna -.
Eg er ikkje ein gong glad i å ta bilete av meg sjølv, får nervøse rykkingar under nasen, på høgre side. Men shitt, det er 17. mai og noko må ein finna på når kjolen klistrar seg inn til beina som ein kjynnau unge. Eg måtte finne fram ein underkjole…….og da var eg pynta og klar for dagen.
Ute var det slik 17.-mai-stille før det starta. Regnet som var lova hadde måtte gjeve frå seg plassen til sola. Kan det verta betre?
Inne var det og pynta enkelt og effektfullt for dagen.
Og så kom toget. Det kom med flagga og musikken og alle bunadane. Det var utrulig mange bunadar å sjå. Trur ikkje eg har sett eit tog med så mange bunadar. Sunnmørsbunadar.
Det musiserte forbi, gjorde ein sving -. Og så kom dei attende.
Da dei kom framom inngangen til Muritunet stoppa dei opp. Så snudde dei seg mot oss, og ein dirigent var plutseleg på plass. Dirigenten heva hendene opp mot dei kvite fjella, og så stemte dei i med nasjonalsongen.
Eg kjende tårene ville koma, men så bestemte eg meg for at når eg sto her blant alt det vakre med så mykje godt i vente, var livet for stort, og eg ville berre nyte og ikkje sloss med tårer. Så det gjekk. Men etterpå fekk eg høyra at dei var mange med dei same kjenslene. Tårane-.
Så var dei ferdige, og toget var i gong igjen og forsvann innover mot Sylte.
Etter lunsjen og ein pause, skifta eg om til treningsklede. Flagga vaia bortover vegane.
Men ikkje alt var pynta til fest. Dette området fasinerer meg. Det er så stygt at det mest vert vakkert.
Så var eg ved elva.
Det blomar og lukta ligg tjukk i lufta, hegg, spirea og hyll.
Løvetanna sprutar opp.
Eg tenkjer løvetannlikør.
Grana spirer, og desse ljosgrøne skota kan brukast både som te og mange andre ting.
Vegen i dag gjekk opp til fossen. Og det var rart kor mykje mindre bratt denne turen var i dag. Utsikta er så flott.
Under: Oppover Valldalen.
Eg rakk akkurat middagen da eg kom ned. Vi fekk servert marsipankake som dessert. Eg tok eit lite stykke. Det var søtt. Det var forskrekkeleg søtt. Det var berre å hella etter med kaffi.
Biletet viste eit kvitt lokale med prismeljosekroner i taket. Nye gardiner var det og. Lokalet til samfunnshuset i barndomen min. Der eg feira juletrefestar, 17. mai’ar og gjekk på dansekurs i folkedans, seinare var det både fester med både trekkspel og Drømmen om Elin, og anna meir fest-leg musikk. Her hadde eg mitt første møte med å drikka alkohol. Her var det duka til langbord i hesteskoform den dagen eg gifta meg, og ikkje minst alle basarane.
Basar……
Basarane med damer attom bordet som skreiv namnet ditt i ei bok med nummer. Og gjenstandane. Dei broderte dukane i korsting på veggen, babysett hekla i ljosegult, heimstrikka lester og dokker i pappkasse med gjennomsiktig plast – så ein riktig kunne nyte herlegdomen. Vann gjorde ein aldri, det var helst ein gamal ungkar med vinnarlykke som gjekk ut døra med dokka.
Og til slutt, fruktkorga!!
Den herlege fruktkorga med både brus og sjokolade i. Den gongen det berre vart kjøpt inn brus til Jonsokkvelden. Brus som vart drukke gjennom eit hol i toppa laga av ein spikar. Den gongen brus var Brus med det vesle innslaget av korksmaken frå toppa.
Ein gong på slutten av sekstitalet, der ljoset i taket var ein naken, kvit kuppel. Før tingas tilstand fekk all makt på himmel og jord. Den tida ein ting hadde ein verdi.
I den store salen med trefarga vegger. No var dei måla kvite. Og det skulle væra basar sto det på facebook.
Basar.
Eg hadde gløymd det da mor ringte. Jau, eg kunne godt væra med dit sa eg. Artig å sjå korleis det hadde vorte etter oppussinga, og basar hadde eg ikkje vore på i dette århundret.
På søndag tredde vi inn i dei nymåla lokala med prismeljosekronane. Dei som hadde stått for oppussingsjobben hadde vore flinke.
Ved det lange bordet satt damer og skreiv namna inn i bøker. Akkurat som før. Det var ingen broderte dukar på veggene, elles ein overflod av ting. Alt litt meir og større enn tidligare. For no hadde tinga all makt både her og der.
Og folk hadde nok like lyst til å vinne ting. Dei hadde møtt opp i hopetal. Først var dei artig å sjå på folka. Artig å snakka med dei. Artig å møte barndommen i moderne drakt. Og alle barna som sprang som sinder og så’e over golvet opp att og opp att igjen. Det var frykteleg mange barn. Og eg hadde vorte den gamle dama liksom på eit blunk, som satt og spurde kven er den og kven er den?
Det var første fase. Andre fase hadde eg mest lyst til å legge meg under bordet og sova. Det hadde vorte uuthaldeleg kjedeleg. Eg skjønte ikkje korleis eg skulle halda ut. Eg vart heilt apatisk, og hadde det ikkje vore for mor hadde eg kjørt fort som……..bort og vekk.
Så kom vi til siste fase. Da hadde eg fått maur i rumpa. Reine ADHD tendensane, eg vrei meg og skjønte ikkje kvifor vi måtte venta til trekninga var ferdig. For eg vinn aldri, så eg syntest vi berre kunne dra. Så da siste lodd var trekt på ei forstørra fruktkorg, da sto eg klar til å dra. Trur du eg vann no………nei, som sagt, eg vinn aldri.
Vi var nok den første bilen som køyrde frå parkeringa.
Etter tre timar på basar!
Men likevel og tross alt, det var artig å møte på basaren rimeleg likt slik den var ein gong. Og no skulle fleire rom målast og nye stolar kjøpast forsto eg. Men dei skulle ikkje kjøpa fleire prismeljosekroner.
Men det blir nok ei stund til neste gong eg fer på basar likevel tenkjer eg.