Enda ei påske gjennom livet

 

Vi er i påskeveka, ei alldeles herleg påskeveke. Den er fantastisk nydeleg.

 

For eg nyt den. Eg nyt den med hud og hår, om vi kan seie det slik. Til og med påskepynten kom til rette, etter mest aldri vore på plass dei siste åra, etter flyttinga for ei årrekkje sidan utvikla det seg til det reine påskemysteriet.

Eg fann kassen der den skulle være. Til og med ein ordentleg kasse med lokk, materiale; plast, og ikkje ein ut-tafsa pappkasse.

Ein eller annan gong det siste året har eg vore organisert og etterretteleg.

 

Eg har hatt første måltid ute…….

…….med bein slengt rundt om i motivet……

……og dyr……

….og ei yngsteberta som fann ut at det var for lang tid å venta på heimen og dyra til laurdag – som var plana. Så ho kom heim. Lucas er ein stor teddybjørn som tek i mot all kos han får.

 

Vi var ute å leita etter kvistar og motiv.

Nokre opplevde seg reint så langbeint i kveldssola.

Og reker er aldri feil nokon gong.

Så reiste ho igjen da Skjertorsdag kom.

Men dagen kom med nye kaskadar av sol og vakker, blå himmel.

Eg kom meg ut. Ein kan ikkje bli sitjande fast når det ser slik ut.

Kattane kosa seg i varmen sola greidde å produsere i den kalde lufta (ikkje så lett å sjå dei kanskje…).

Og skaren bær dei som veg.

Berre knipsa og knipsa.

Men det viste seg å væra skummelt glatt. For best det var var eg i lufta før tyngdekreftene innhenta meg. Fortumla låg eg der i snøen og kjende etterdønningane av slaget.

Eg fekk meg opp, fekk teke enno nokre bilete.

Og eg trur det gjekk bra, berre muskulært, sjølv om eg fekk eit slag mot sida der eine nyra sit og eg vart litt redd smertene som oppsto etter kvart.

Plana var ein langtur i dag, så dette var frykteleg irriterande. No når eg har fått ein kropp eg kan bruka. Men eg  får berre helda meg litt i nærleiken av husa. Har så behov for å væra i aktivitet. Men kan det her også.

 

I gårkveld var vi fleire ute og åt. Det var riktig triveleg. I dag er eg utan planar med andre. Eg likar slike dagar også.

I morgon kjem jentene mine att.

 

Ei ny påske er på tur gjennom livet mitt. Nydeleg som få, heilt fantastisk!

 

 

Når alt er vakkert

 

Sol ute, sol inne, sol i hjarta, sol i sinnet……

 

Det var ei regle frå barndomen. Hugsar ikkje kvar frå, kanskje var det frå minnebøkene si verd.

I dag er ein slik dag. Desse orda stemmer. Sola skin frå knalderblå himmel og snøen kastar ljoset rett i auga. Innom stoveglaset mitt ser det slik ut -.

Litt kaldt, men vil tru at om litt kan kaffikoppen nytast ute.

Eg tek fri i dag, men dei neste to må eg mest jobba. Det er heilt greitt, har nokre ting eg må få unna meg.

 

Dei to eldste var med heim på torsdag. Det var kanskje meir natt da vi køyrde over fjellet. For mellomste var ikkje ferdig på jobb før 23. Begge hadde pakka veskene, så da var det berre å setja bilen på retur når alle oppgåvene ein skulle, var løyst.

 

Eg hadde time på St.Olav, etterpå drog sonen og eg og bruka fire timar på Ikea!

Einaste ærendet var at eg hadde lyst på ny matte på badet og handkle i same farge. Men eg fann ut eg vil unne meg handkle i litt betre kvalitet enn kva dei har der.

Men vi kosa oss, rusla rundt, samla idear, snakka, åt, rusla vidare. Eg kjøpte litt, om enn ikkje så mykje. To pledd og to puter vart med heim. Eg har to skinnstolar eg må legge noko i, om ikkje limar dei deg fast i seg.

Palmehelga var berre så triveleg. Alt berre la seg til rette, slik som mat. Middagane vart av det slaget eg sjeldan lagar; lammesteik med fløytegratinerte potet, lettsalta torsk med stappe og eggsmør og til slutt hønsefrikase…….og så klar mykje grønsaker til alle rettane.

Dyr og ungane i konsentrert foreining.

Og vi, vi har som vanleg tapetsert tak og veggar med ord. Temaet var utvikling, kommunikasjon og korleis verta ein betre utgåve av seg sjølv. Og om den spanande reisa livet er.

 

Fekk baka aniskringle, også eit barndomsminne. I dag fann eg dette sørgelege synet.

Raptusludvig kom inn i gårkveld som ein mellomting mellom krypande ullteppe og prosjektil. Han hadde nok angrepet posen i nattens mumlende mørke, – som skal seiast til hans forsvar, ikkje var lagt på plass.

 

Elles har eg nokre vaskeplanar, golva ser bedande på meg…..”vi må vaskast” seier dei. Og akkurat det har dei frykteleg rett i.

 

No vil eg helda meg sjølv i selskap fram til laurdag, da kjem jentene heim etter nokre dagar med far og hans si slekt. Yngste fekk levert siste oppgåve inn i går kveld, og eg gledde meg med henne. At endeleg kunne også ho ta fri. Sonen vil bruka dei siste dagane i påska til musikk, laga og slikt-.

 

Og eg sprett rundt, tenk det!

Fekk telefon frå legen nettopp, og ho fortalde om verdiar så låge som eg ikkje har høyrd sidan eg var oppmerksam på slikt. Kjenner eg er jublande glad. Alt er så bra.

Det er ei glede.

 

Kos dykk alle der ute i nettverda som og bor i den verkelege verda. Eg sender kaskadar med solskin og glede.

 

 

Eit tomt rom

For noen dagar sidan køyrde eg over fjellet. Det var telehiv.

 

Her er eg ved målet. Gjekk inn denne døra.

Den førte til denne korridoren.

Til venstre går ein dør inn til eit toalett.

I enden av korridoren kom ein inn i dette rommet.

Lyst og tomt.

 

Kva ha du vil ha gjort med et slikt rom?

 

Neste søndag har eg nøkkel.

 

Kva trur du eg skal bruka rommet til når eg har fått nøkkelen?

 

Eg kan fortelje det etter april er i farta. Men kan seia at det ga meg ein energiboost.

 

 

Av og til vert eg ferdig

 

Og av og til har eg eit handarbeid i hendene. For oftast strikking.

 

Før laga eg klede stadig vekk. Ein gong tente eg det skulle verta framtida. Slik vart det ikkje.

Men eg laga. Eg strikka og strikka. Hovudsakleg.

Så skjedde noko.

Eg fekk ikkje ferdig det eg starta med.

Ei jul måtte eg pakka inn fullt av uferdige prosjekt. Det var forferdeleg.

 

Men eg prøva. Prøva igjen.

 

No er eg meir over dette. Trur eg.

For ei stund sidan starta eg på ein genser eg hadde strikka før. Ein genser eg bruka opp. Eller omtrentleg-. Så godt likte eg den. Men eg gjekk for ei anna farge.

Men så vart den liggande da monteringa var att. Trur fleire kanskje kjenner seg i det…. Montering er arbeid. Strikking berre gjer ein.

Likevel, her om dagen tok eg fram nål og monteringshumør, grov det fram. Faktisk var det berre att å sy i ermene og ca. to cm på kvar skulder?.

Og så skulle den tovast.

Men eg skal ta ein omgong til, litt meir toving, skal ha den litt meir kompakt, litt mindre.

Men eg kan seia meg ferdig med den. Både genseren og pulsvottene.

 

No er eg i gong med eit nytt prosjekt, men det kan eg kanskje fortelje om ein annan gong.

 

 

Ei helg i flyt

 

Helga er over. Ei fantastisk helg. Ei helg ein kunne flyte i gjennom og følgje eigne innfall.

 

No er ikkje mine innfall så krevjande. Eg er nokså grei slik.

Men det å skulle verta oppvarta ei helg, innfridde.

 

Fredag morgon sette eg meg inn i bilen, einaste minuset var at eg hadde for lita tid. Men eg rakk hurtigbåten som skulle ta oss med til ei øy i havet. Og frå da av starta nytinga. Og sjølv om havet gjorde seg usynleg i snøkave var det å flyga over sjøflata som ei draum.

Vi gjekk på land på Hitra og rett inn på ein buss som skulle køyra oss til Frøya. Trillekoffertar vart plassert og så var vi i fart.

Utanføre var veret kvitt med påskegult ljossetting. Eg hadde musikk på øyra.

Frøya hotell var nydeleg. Veldig hyggeleg betjening og svært god mat.

Etter kaffi og kaker da vi kom, vart det lunsj. Tjukk, kremete fiskesuppe med crispy grønsaker i, gulrotbrød med urtesmør til. Og kaker, desserter og kaffi etterpå.

 

Etter dette måtte eg ut i gråværet.

Eg avgjorde fort at det var ikkje denne helga eg skulle ha streng diett. Denne helga skulle eg berre nyta det er fekk.

Turen vart såpass lang at natta etterpå ga krampar i føtene, måtte opp å dusja dei i varmen fleire gong denne første natta. Men kva er å forventa etter den lange perioden eg har hatt med inaktivitet.

 

Om kvelden var vi oppe i ein restaurant med utsikt utover havet. Snøkavet var fortsatt der, men ein fekk det spesielle ljoset før mørket kom.

Forrett var roastbiff av hjort, hovudretten lagvis torsk og laks på ei  seng av potetstappe og desserten varm sjokoladefondant med vaniljeis til.

 

Vi var 25 som reiste. Dei aller fleste mykje eldre enn meg. Men det å snakke med folk har ikkje noko med alder å gjera. Eg vert så fasinert av folk. Og eg vart kjend med nye folk.

 

Laurdag hadde eg massasje på programmet. Det å berre overgi seg sjølv til nokon og berre kunne ta imot –. Eg låg å tenkte på kor fantastisk gåve dette var. Kunne få dette.

Har eg vore katt hadde starta å mala…purr, purr – liksom.

 

Seinare vart eg med nokre i trenings rommet og etterpå hadde vi ei lang tid i boblebadet.

Vi åt hjortkarbonadar til lunsj og om kvelden var det tapas buffet.

 

Og da var vi framme ved turens utfordring. For det skulle væra fest.

Eg pynta meg og gjorde det beste av det som var grunnlaget.

 

Folk strøyma til. Faktisk i alle aldre. Menn med knekk i knea og som gjekk rett fram skeivt, medan dei drog opp buksa. Alkoholen gjekk i årane. Damer som hadde stæsja seg opp og minna litt om påfuglar.

Musikken var ein gamal slager; Gluntan!

 

Eg heldt ut litt. Men dette er eg så avvent at eg starta mest å få spasmar. Og dansebandmusikken er frykteleg å få innover øyregangane.

 

Så eg fann ut at eg kunne gå på rommet mitt, litt.

Og der vart eg.

 

Eg såg på den godt vaksne dama, sminka opp. Men preg av og ha kollidert med åra.

Så eg fjerna alt. Sminke, kleda og tok på nattkleda. Slo på tv’n og tok fram strikkinga.

Snakk om……

Men det gjekk ikkje lang tid før eg avslutta heile dagen, og med musikken av Gluntan i det fjerne, sovna eg.

Eg tenkte at eg skjøna nok ikkje kva eg kanskje gjekk glipp av og mitt eige beste, single dama. Her var havet fullt av fisk…kanskje, og eg var plassert midt i smørauga. Og Frøyværingen hadde god økonomi fekk eg vite. Men er ein dum, så er ein dum. Og det var fantastisk godt å sove.

 

Siste dag vart sløv. Men det var greitt. Det var godt å berre ta den roleg. Eg fekk snakka med nokon som eg ikkje hadde snakka med sidan eg var ung og som mista sonen sin, som eg var god ven med. Er så glad for at eg fekk det. Fekk møtt dei etter alle desse åra.

 

Sola var komen fram og returen hadde mykje nydeleg å sjå på.

Natur, natur-.

Eg kjende det skulle verta godt å koma heim da eg pakka saman helga.

Så var vi framme ved hurtigbåtterminalen.

Der sto denne utstillinga. Litt Neptun og litt havfrue. Eg syntest den var så fin.

Eit fint punktum på ei svært god og fin helg.

Eg kan tenkje meg attende til sommaren. Eller ein annan sommar.

Mykje eg kunne tenkt meg å sett meir på. Blant anna Halten fyr.

 

Nærmiljøet kan visa seg å væra verdt eit besøk.

 

 

Når kaffikoppen kikkar deg i auga

Eit langt og tett skritt gjennom dagane. Der ein berre får helda seg fast og let tankane kvile frå der ein er.

 

Og så er tida over og ny. Der ein kan tenkje igjen. Leva litt meir.

Der eg no komen.

Eg har fri igjen.

Men der eg har vore var ikkje plass til å dele ord med andre. Fordi eg kunne ikkje tenkje, berre koma meg forbi det eg var i.

Etter div. vitjingar til legar har livet retta seg ut igjen. Litt meir krøllfritt.

Akkurat no er eg heldt i sjakk med tablettar, får berre ver glad dei finnest sjølv om eg har motstand mot å pakke kroppen med slikt.

Og det er berre denne leddgikta, altså ikkje noko alvorleg, berre så hjelpelaust vondt når alt frå å gapa til å gå ikkje går. Og hendene ikkje er til bruk. Der ein ynskjer seg assistent til å tørka seg baken og ei heisekran til å løfta seg frå sitjande til ståande.

 

Eg hadde ei overteljing her om dagen da kaffikoppen kika på meg. Om nyåret sine planar som forsvann i EI veke.

Da fekk eg trena som tanken var.

 

No kan eg tenkja den tanken igjen.

Maten vart og noko underordna, men dei siste dagane øver eg på å klatra inn på sporet.

 

Men livet har inneheldt meir. Eg har klart å væra på jobb, eller mest klart det med eit par eigenmeldingar og noko avspasering.

 

Yngste vart og feira her om dagen. Ho var heime sist helg og eg kunne ta fram gamle minne som song og mat på senga, utføra dette ein gong til på 21. års dagen.

Seinare køyrde vi opp til Trondheim, og på turen dit fekk den dyreglade jenta gleda av å sjå ei gaupe. Det var skikkeleg artig. I byen gjekk vi ut og åt, søskena og vi foreldra.

I kveld feirar ho med vener.

 

Ei anna helg hadde eg heile gjengen heime, alle tre. Det var fastelavn og morsdag. Eg fekk ei gåve eg vart både overraska og så glad for. Høgtalar til mobilen, ein megaboom. Som eg dreg på. Inn på badet, på kjøkkenet…..musikk eller podcaste. Eg kosar meg med lyden av livet.

 

Alle desse dagane, dei må ha innhald av det som er bra. Og det har dei, dei har det.

Sjølv om kaffikoppen tek meg i augesyn.

Eg er glad for sola

Den er attende. Slikt gjev håp mot ljosare tider.

 

Den laga ei stripe bortover ekra.

Den skein også på badeveggen.

Spegelen er ikkje rein, men det er berre ein bagatell.

Eg må også leika sol.

Alt vert betre snart.

Akkurat no er det kamp.

Men den er ikkje farleg, berre ein tanke krevjande.

 

Helse ass…….

 

 

 

Må berre igjennom

I dag har eg stabla meg bort til pc’n, og det er bra. Går rette vegen da.

 

Eigentleg skulle eg til Molde i dag, på eit spanande seminar om kjeldekritikk. Eg gledde meg til dagen, men eg skjøna i går at det berre var å kasta inn handkleet, så eg sa i frå om ståa.

Eg har bjeffa meir enn hunden, når han høyrer dyr på utsida, gjer. Sår i mellomgolvet.

I natt fann eg vegen til kjøleskåpet, hadde eg noko eg kunne bruka……og trur du ikkje, der sto ei flaske med hostemikstur mot tørrhoste. Det hjelpte.

 

Og no som eg skulle i gong med mitt supersunne liv……

Men det er berre ei utsetjing.

I dag er eg nok feberfri, og har tenkt meg jobb i morgon. Men eg trur eg berre får stå over treninga på ettermiddagen, er sikkert ikkje så lurt å pesa seg gjennom sirkeltrening med hostebøyer og rennande nase. Trur kanskje eg skal helda folk litt bort frå meg.

I dag koka eg på kaffien og bad opp leieboaren min. Ho torde å kome.

 

Ei venninne vil vi skal reisa til varmen – vi starta å snakka om det i november, eg har meldt meg på ei hotellhelg med spa, og før sommaren skal eg på opptrening…….jau, det skjer visst meir rundt meg enn på ei lang stund.

Og vekta går riktig veg.

Så det er mykje bra.

Leddgikta er ikkje heilt under kontroll ennå, men det blir etter kvart.

 

Til slutt blir dette overlags bra, ein drittforkjøling må eg vel tåla!

 

Når det ikkje går heilt på skinner…

 

Opp og ned som ein skinnfell er det eit ordtak som heiter. Det kan være konklusjonen av den veka her.

 

For eg skulle alt, og gøyv på veka med alt eg hadde.

Men da fredagen kom måtte eg ta fram ekstra energien og meir enn det. Eg vil gjerne fortelja om dagen, for det er aldri langt mellom tragedie og komedie. No hadde fredagen ingen av delane, berre eit snev.

 

Far skulle til optikar, der vart eg beordra til å væra med inn av herr optikar. Der sette han i gong å ta åt meg fordi far ikkje hadde møtt på siste time. Kva eg sa høyrde han ikkje på, han berre helt på det han sa. Far trudde han nok ikkje var tilregneleg.

Men undersøkinga var gjort, det var det viktigaste.

 

Eg hadde planlagt dagen, kvar eg kunne finne rullestol osv. Far har ikkje balanse, nevropati heiter det han har. For eg skulle hatt ein sjekk på augo mine. Fekk plassert mor og far ved eit kaffibord, før eg fauk dit eg skulle. Berre for å få vite at optikaren var sjuk og at dei hadde sendt ei melding som dei ikkje hadde fått sendt. Viste det seg.

Resten av dagen gikk greitt, men da vi køyrer i land frå ferga viser det seg vegane mest var uframkommeleg. Så det var berre å ta det riktig roleg. Nokre stadar var det brøyt. Vi bruka laaaaang tid, men tilslutt kunne vi køyra av der foreldra mine bor.

Eg tenkte med gru –.

Det er bratt opp til dei. Og sjølv om vi møter ein svært behjelpeleg brøytar, så kjem vi oss ikkje opp.

Far blir stabla ut, eg tek han i arma, sjølv har han krykker – og attom går mor å skubbar på. Eg var redd for at ho kunne detta også. Ho fortalte etterpå om føtene til far, som sto både på kryss og tvers.

Etterpå kom eg meg ned for å henta varene i bilen. Eg greidde også å manøvrere bilen ned att, utan at den starta å skli.

Har erfaringar frå den vegen der.

 

Heime hos meg sjølv var det heller ikkje mogleg å koma seg opp. Før eg går ut av bilen får eg melding frå ho ned i kjellaren, at katta hadde dratt inn mus.

Eg sendte ei melding om at det var nok no.

Døra står open inn i vindfangen og framom mi dør var det stabla fullt av tunge sofaputer.

 

Men eg er snart ved målët, gle meg til å tenne opp i omnen. Mus har eg ikkje kapasitet for.

Oppe oppdagar eg spy, og ikkje vanleg spy, men hundemat blanda med noko fryktleg seigt. På teppet også. Eg får skrapa opp etter beste evne. Dreg ut teppet, men da har eg ikkje krefter til å gå ned å hente sko. Går ut i sokkelesten. Dei er av ull.

 

Så kan eg endeleg sette meg på do, men rullen med toalettpapir står igjen i stua……og da eg skal ta opp ein rull…….viser det seg at det er tomt! Vi har vore fleire i huset ei stund, da er det ikkje like enkelt og ha oversikt over slikt.

Da hadde eg berre igjen å ta sprøyta, tek den fredagskvelden……..den er berre så ekkel å ta, skikkeleg bra avslutning på dagen.

 

Slik kom eg til endes av fredagen.

 

I går var eg sjuk. Hosta og pøsa på med c-vitamin.

Ikkje super i dag heller. Veit ikkje om eg tør besøkja faren min, som fyller 94 år i morgon. Eg vil ikkje smitte han.

 

Men eg satsar på at alt er så mykje betre når ein ny dag står opp.

 

Dette var avslutninga på mi veke, som eg elles er rett så fornøgd med.

Bruka sikkert berre noko opp for at alt blir så bra at, framover.

 

God natt!

 

 

Heime hos seg sjølv

Eg hadde for lite ved til å tenne opp no da eg kom heim. Men det går bra for det.

 

Koka meg ein kopp te og fann fram litt mat.

Det er nokre timar sidan eg reiste heimafrå. Til levering av bil, jobb og slikt.

Etterpå kom eg meg i bassenget. Første gong på nyåret. Det var så godt å kjenne det varme vatnet rundt kroppen. Godt etter gårsdagen også. Kjenner eg hadde bruka noko som ikkje hadde vore i bruk på lang tid.

 

No er kvelden her. Snart natt. Det skal verta fantastisk godt å legga seg.

Bilen har fått ny olje og nytt filter. Pengeboka mi sukka tungt. Men det er viktig å koma seg både fram og framover.

 

Eg sender melding åt barna. Dei har vore på ein filmfestival og sett film. Yngste var med med eit par filmar, kortfilmar. Fekk melding om at det vart ingen pris. Men mellomste fortalte at det var koseleg å henga saman med broren, søstera og kjærasten sin. Og trivsel er det viktigaste.

 

Eit lite glimt av min dag.

Ein fin dag.

Det håper din dag var også.