Når ein legg opp løpet alt for fort kan det verta kostande meir enn det smaker.
Det bør nok vera ein leveregel trur eg. Nokre gong kan det kosta i overmål å væra menneske. Om dagen har økonomien min litt vondt imagen, men eg veit det går over. Eg tenkte her om dagen at kanskje eg berre skal få skikkeleg god økonomi. For eg trur faktisk det kan gå an. For optimistisk det er eg. Det skal ingen få ta frå meg.
Men først må eg løysa restskatten, ja akkurat den biten er ikkje enno. Men eg driv å dreg på eit par rekningar, eg må til tannlegen for det har gått litt hardt utover tenna det eg slit med, og medisinen. I går var eg veg og henta brillene og fekk betalt ut dei. Så no er tida med tullbriller over, synet mitt er mildt sagt dårleg.
Slik ser brillene ut.
Så skal eg på denne helsereisa mi. Den har også ein kostnad. Men den mest unødvendige utgifta ramla ned i postkassen min her om dagen. På ein av desse Trondheimsturane mine til St. Olav var eg slik passe uoppmerksam på heimturen. Samtalen gjekk om eit tema som også eg var engasjert i.
Eg følgjer med i vegbanen og trafikken, men ikkje på farten.
Og best det er blinkar det raudt!
Første innskyting var å stoppa og rygga attende og ta turen forbi ein gong til…..men i det verkelege liv kan ein ikkje spole. Neste gong eg køyrer same distansen er eg så forsiktig at eg får ein bil opp i baken som blinkar med fjernlysa, han syntes visst nok det gjekk seint nok.
Men brevet med forenkla førelegg låg altså i postkassen, og eg hadde køyrd såpass for fort at eg fekk urolege draumar. Meeeen, eg må berre venne meg til at slik er det. Og betale.
Så det å væra for aktiv er ikkje lurt.
I dag tek eg laurdagen svært roleg. Hadde planer både om atelier og apotek. Eg skal til med biologisk medisin i tilegg til noko av det eg tek. Men, kan venta over helga.
I går var eg altså i Kristiansund, det var mor som skulle til augelege, far hadde time hos ortoped. Eg fekk henta briller, solbrillene som var bestilt måtte sendes inn att – dei stemte ikkje.
Det grønskas i rundt meg. Det ER vår. Ordentleg vår.
Og eg trur heilt enkelt eg vil ha god økonomi, har prøva lenge nok den andre sida. Men heldigvis kan ein ha det rett så bra der og, det er berre snakk om pengar-.





























































