Blomane i paradis

Det er eit hav av blomar rund meg. Mellom dei kan ein leva på i gleda og i sorga.

 

Når kjenslene har stor plass vil det alltid finnast både glede og sorg. Når musikken fløymer og verda er blomstrande, så er den paradisiske tanken sterk. Men for at det skal være balanse, må og dei triste strøk målast. Ein må inn i det blå ljoset.

Eg har erfaring. Både med glede og sorg.

Den gongen eg køyrde fjellsidane opp og ned i Geiranger, det var mai, det var sol, epleblomane blomstra, fjella skar seg kvite inn i den blå himmelen og skogen sto ljosegrøn og eg var forelska. Endorfinar slo på gong gongar og eg var euforisk.

Slikt er fint å oppleva. Slikt skulle alle fått oppleva. Sjølv om betalinga kan være dei blå melankolske rom som mest kan gå i grått og det som verre er. Om det er ille nok.

 

I lang tid kan ein segla på dei rolege sjøar.

Eg er i paradis her. Det blomar fargerikt rundt meg.

Blant blomar, varme og musikk kan kjenslene slå krøll på seg. Sjølv om ein er i paradis.

Da er det bra ein har orda. Orda til å lage ein melankolsk blues medan ein ventar på sola. For sola kjem alltid fram att. Alltid.

Slik at ein kan segla på dei rolege sjøane eller slenge seg i greiner av endorfin. Høgt opp i det blå.

 

 

Ein laurdag halvveges

 

Andre veka er over og halve opphaldet er ferdig. Dette går fort. Men inga overraskning.

 

I går hadde eg ein nokså aktiv dag. Sjøvomdet var helg. Starta før frukosten med ein morgontur etter stranda. Etter frukost gjekk turen opp på Sukkertoppen eller Montana Chica.

Nokre joggar hit opp kvar dag.

Det er ei fin utsikt. Ser utover Los Christianos.

 

Eigentleg var plana mi ei strandhelg. Men sola ville ikkje riktig. I staden kom det nokre regndropar. Riktignok så små at dei mest var gløymt før dei trefte bakken.

 

Nokre av oss kutta middagen på senteret og åt ute. Vi gjekk til ein restaurant som serverte sushi. Og den var god. Vi hadde det riktig triveleg.

Da vi kom ned på gata igjen møtte vi noko spektakulært. Kraftig musikk, nokre musikkstykker over høgtalarar, samtidig som den store fontena framom køyrde ljosorgel inni vasstrålande som spruta i takt med musikken.

Det var fint, og eg filma?.men eg prøver ikkje å legge ut filmen.

Kvelden vart avslutta på ein strandrestaurant og eg kjøpte meg ein drink før eg rusla over gata og til rommet mitt.

 

 

Treningane gjennom dagen

Alle vekedagane er det trening der eg er. Korte intervall som tek for seg dei forskjellege områda på kroppen. I tillegg kan ein trena på eiga hand.

 

Det er greitt å setta på vekkarklokka. Frukosten startar klokka åtte. Før den er det mange som tek seg ein tur opp på ein topp, den er nokså bratt og får pulsen opp. Ein annan fin start på dagen er vandring i sanda, det har eg allereie skrevet om.

Første øving startar klokka ni. Mest alle øktene varer i 30 minuttar.

Vi set oss ned på krakkar og med pinnar. Ute på ein plass, under eit tre med stranda nedom, får muskelgruppe etter muskelgruppe gjennomgå. Den som trur at det å sitja på ein stol ikkje er trening, må tru om igjen. Og det er ein god start på dagen.

Så går det slag i slag. Ei økt tek for seg hender, styrke og rørsle. Vi sit under baldakinar ved langbord, trillar ballar både mellom fingrane og rundt om.

Føtene har og sin eigen halvtime. Der er det strekk og tøy på føter. Og få tær til å bevega seg ulikt er i alle fall vanskeleg for meg.

Mattetreninga er på benkar i eit blomsterhav. Her trur eg dei fleste prøvar å finne ein benk i skuggen. Det er to graderingar av intensitet. Her kan ein seia ein utfører gammaldags gymnastikk.

Ein halv time er via basseng. Eit varmt, salt basseng. Ein himmelsk plass å trena.

Og musikk er følgje heile vegen.

Ein halv time har vi individuell trening med fysioterapeut. Det er den einaste treninga som skjer inne. I går rann sveitten i strie straumar av meg medan eg gjorde øvingar.

I tillegg er også andre ting, ting som ikkje skjer kvar dag. Afrodans er to gong i veka. Ein ettermiddag var det bevegelsestrening som retta seg inn mot rygg.

Tilrådinga er tre økter om dagen pluss fysioterapeuten.

Det er freistande å få med seg fleire.

 

Ellers har vi lunsj klokka tolv, middag klokka seks. Der er det mykje salat.

Så her lever eg det sunne liv og opplever meg som erkeheldig som får være med på noko slikt. Når ting først er som dei er.

 

Ein må alltid forsøkje å bruka det negative til noko positivt. Har ein leddgikt må ein gjera det beste ut av det. Det må søkast og eg var heldig og fekk plass.

Dette er verken noko kvileheim, eller ferie. Men går ein utanføre portane til Vintersol, møter ein ferieverda. Men ikkje på dei tidlege morgonturane ved sjøkanten.

Akkurat det kan ein oppleva når ein er på ferie i dei varme strøk også, stå opp før sola brer seg utover og gå ein tur på ei strand.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sola og menneska

 

“Og solen går sin gang” skreiv Ernst Hemingway. Handlinga var lagt til Spania. Sola gjekk bort utanfor vindauge mitt. Eg er også i Spania.

 

Det var laurdagskveld og eg tok med meg fotoapparatet mitt ut.

På strandpromenaden spaserte folk. Kelnerane prøva å fange folk inn til borda sine. Eg og fotoapparatet fekk gå i fred.

Stemninga var fortetta.

Eg gjekk i retning solnedgangen.

Det kjendes som verda var mi og den var vakker.

Folk satt i rundt om, gjekk rundt om.

Sola hang lågt på himmelen. Det var varmt og det var musikk.

Eit par kom å spurte om eg ville ta bilete av dei. Håper bilda vert eit fint minne.

Det var ein romantisk kveld.

Lenger bort på stranda støyta det tunge rytmar ut gjennom kraftige høgtalarar.

Eg kjende tårane kom, over kor fantastisk det var å væra i dette.

Og så rusla eg og fotoapparatet attende igjen, til natt og draum.

 

 

 

Gå på strand i sand

 

Før dagen hadde starta sto eg opp og gjorde som tenkt. Gå berrføtt i sanda.

Det var så stille, berre nokre få folk ute. Ein som lufta hunden sin. Nokre gjorde stranda klar til ein ny dag. Klokka var litt over sju.

Fotoapparatet var med, og eg var så lykkeleg i kanten av havet. Bårene rulla dovent innover så eg var heilt svimmel.

Eg hadde lyst til å juble for det var så fritt. Så vakkert. Så godt å være menneske.

Ved enden låg det ein terning av stein.

Så gjekk turen attende til frukosten.

Og i mitt indre var det fylt opp av harmoni og glede.

Meg, deg og alle andre

Veka er godt i gong. Eg har komen meir inn i det. Vi trenar og et.

 

Og eg vil fortelje om treningsopplegget. Etter kvart.

Men når mange menneske samlast dukke det også opp ein sosial bit. Før eg reiste tenkte eg ikkje på at andre skulle hit, eller det opptok meg ikkje. Det einaste eg tenkte på var at lokalitetane låg heilt nedved stranda.

Og så møter eg gjengen eg reiser med.

På flyet nedover er plasseringa mi mellom to som kjenner kvarandre. Og i tillegg var dei strømlinjeforma. Mellom desse satt store meg. Men det er ingen vitså bruka så mykje kapasitet på slike tankar, eg er eg.

Men etter flyreiser, mange inntrykk og mykje info vart eg nokså sliten. Og der møter eg den unge, usikre meg, ho som rett som det var fant ut at meg lika nok ikkje dei andre. Der dukka ho opp. Eit skikkeleg interessant møte.

Heldigvis skjøner eg meir av meg, enn kva eg gjorde i unge år.

“No er du sliten”, sa eg til meg sjølv. “Du har for lite energi til å ha ein høg sosial profil, men at folk skal mislika deg før dei kjenner deg, er ikkje heilt sannsynleg”.

Så klart er det nokon som kan kome til å mislika meg utan at dei kjenner meg, men det kan eg ikkje gjera så mykje med. For det går på kjemi og dei andre.

Eg reknar med at det ikkje berre var eg som vart usikker i ein slik setting.

Og det gjekk seg heldigvis fort til for meg, men eit halvt døgn kjende eg på korleis eg kunne reagere før. For ein er alltid den ein har vore. Er ein sårbar som barn, så vil ein nok væra det som vaksen. Men heldigvis lærer ein å forstå litt meir, sårbarheit kan væra plagsamt – men det er også mykje bra med det. Så eg vil ikkje ha bytta den bort.

I kveld sto eg over det sosiale, ein tur.

Eg måtte ha tid for meg sjølv fordi dagen hadde vore krevjande for meg på treningsfronten. 

I morgon tidleg skal eg stå opp tidleg og før frukost skal eg ta meg ei berrføtt tur langs stranda.

 

Ut for å verta ein betre utgåve

Så er kofferten pakka og pakka ut igjen. Eg er på tur. Etter veker med førebuing, er eg ved målet.

Ei stund kjendes det som eg aldri kom fram. Aldri vart ferdig. Det var heile tida meir som skulle utførast.  Fire veker er lang tid. Lang tid å være borte.

Mykje som skulle planleggast. No trur eg på at alt rullar og går som det skal.

 

På  søndag vakna eg i Trondheim. Etter ein strabasiøs laurdag. Der alt som skulle gjerast blanda seg i eit gedigent kaos. Medisinlista låg att på jobb, utapåjakka mi hang att hos mor og far. Alt feil veg for kvar eg skulle. Men eg kom meg til slutt riktig veg.

Etter fire timar søvn gjekk eg på flybussen. Mi snille, yngste sto att på fortauet. Og mi snille, mellomste tok første veke heime med dyrepass.

 

Seint på søndagskvelden dukka flyet under skodda og landa. Og enno seinare kunne eg krypa under dyna. Eg er på mi første behandlingsreise. På Tenerife.

Etter to dagar med aktivitetar, kan eg berre seia at eg er svært heldig. Som får oppleva dette.

Data’n er med, intensjonane er å produsere innlegg. Vi får sjå kor godt eg klarar det.

No er dagen over.

 

Om å dra langt bort

Før syntest eg det var trist når 17. mai var over. Slikt forandrar seg.

 

I dag har eg kura meg gjennom dagen. Av den enkle grunn at eg synest synd i meg sjølv. Har lyst til å væra trist liksom, enda sola skin. Riktignok kaldt.

Og kvifor eg synest synd i meg sjølv, utan grunn, er nok ei samansatt sak, har eg funne ut. Det starta i går. Det går også over – kanskje i morgon. Har sikkert noko med tid å gjera. Tid på fleire nivå.

I dag er det berre ti dagar til eg reiser. Reiser til varme, trening og berre fokus på meg sjølv. Skulle sikkert ha gledd meg. I staden tenkjer på alt eg skal vinna å få unna meg først. I dag, midt under feiring av dagen, måtte eg stikke bort på arbeid for å sjekke og sende noko.

Det hadde ingenting å seia. Det var ikkje det.

Men eg trur at det handlar om at eg, akkurat no, treng omsorg. Slik vanlegvis taklar eg det meste, er nokså sjølvgåande. Men akkurat no, akkurat no er eg melankolsk, vemodig og kanskje litt lei.

 

Men eg har feira dagen, og forresten; gratulerer med dagen som straks er over.

 

No skal eg snart leggje meg, gje meg eit C-vitaminsjokk først. Det renn som besett ut av nasen. Og så må eg opp til ein dag som eg ikkje kan ta fri i likevel. Som eg tenkte.

 

Det er ikkje berre, berre å reisa heimafrå i fire veker.

 

 

Det romlar og ramlar

 

Eg har denne kjensla av at det skjer så mykje. Heile tida er det hendingar og ting. Men kanskje tek eg heilt feil. Kanskje er eg berre i slekt med snigelen eller dovendyret. Så det berre virke slik.

 

Men akkurat no kan eg setja meg ned, let tankane flyte og ikkje tenkje på alt eg kunne gjort. Let frustrasjonar leggast attom.

Slik som i dag; da eg ikkje fekk bankkortet mitt til å virke. Det vart avvist ved ein parkeringsautomat. Til slutt ringte eg for å fortelja  om problemet. Jau da, eg hadde pengar på kortet. Han eg snakka med sa at da skulle han notera bilnummeret mitt, slik at dei som gjekk vakt ikkje bøtela meg. Og da eg kom ut att fleire timar etterpå var det akkurat det dei hadde gjort. Eg hadde fått mi første parkeringsbot! Kontoret var stengt da eg ringte for å seie i frå, men eg får tru eg slepp problem når eg ringer i morgon.

For eit par dagar sidan kjem eg plutseleg på at eg har vassvakt i mai, så i går bar det i veg. Oppdaga at vatnet var på tur ned langs brønnveggen. Heldigvis hadde eg med meg folk, så vi fekk teke runden og løfta på steinar og kumlokk, reinsa og rydda. Eg vart frykteleg glad over å høyra at i dag var brønnen full. Private vassverk…puff.

I helga har eg hatt heile gjengen min og fleire til, innom dørene.

I sol og glede vitja vi besteforeldra i går.

For vêret er ein fryd. Plutseleg er verda grøn.

No har eg nettopp fylgt eldstemann på bussen. Så no er det berre eg og dei firbeinte her.

Framom meg ligg to veker som får oppføra seg som best dei kan. Det er mange punkt eg må kunne kryssa ut i løpet av desse to vekene. I dag kom billetten til fire veker i utlendigheit. For måndagen om to veker er mi aller første helsereise i gong.

Eg har ei kjensle av at det romlar og ramlar rundt meg.

Og eg som berre vil nyta tida vi er i.

 

Når dagen er på parti

Uvant med varmen sit eg her og er frykteleg trøyt. Og snart skal eg finne dyna mi.

Så kom sommaren liksom du knipsar med fingrane. Det var varmt, det var grønt. Eg var på jobb. Så heimom for ein desperat kamp mot støv og rusk, før eg tok turen over til Øra. For yngste kom heim. Førelesningane er ferdig, så ho skal lesa heime nokre dagar. Måtte også innom apoteket, skal starta med biologisk medisin i tillegg til det eg alt tek.

Fekk kjøpt mat også før vegen gjekk heim att.

 

“Kan eg får køyra heim”, sa ho som hadde kome.

Og så klart fekk ho det. Da vi var komen eit stykke, kom to menn ut av skogen på kvar side av vegen. Og inne i krattet sto politibilen. Men dei gjorde ikkje forsøk på å stoppa oss. Uansett hadde vi alt på det reine, riktig fart, sommardekk og L på bakluka.

 

Litt lengre framme, da vi rundar ein sving, får vi ein bil rett mot oss, i same felt som oss. Eg trudde det kom til å smella. Rart kor sakte tida fortonar seg i ein slik situasjon. Eg ser bilen framom bråsvingar, eg legg merke til at etter ei lang stund stoppar bilen vår. Og enno seinare trykker ho som køyrer på fløyta, da ser eg bilen vi møtte forsvinn rundt svingen attom oss.

 

Det gjekk bra!

 

Eg spurte korleis ho hadde det, om det gjekk greitt å køyra vidare. Ho takla dette. Eg likte ikkje tanken kven som hadde vore aller mest utsett og aller nærast den møtande bilen.

 

Men sola vermde og dagen var vakker. Ho gjekk i gong med maten og eg la opp føtene, da vi kom heim.

 

Og så gjekk vi ut for å innvia varmen med å eta middag ute. Gå barfot ut i det gule og grøne for å sjå på det som voks.

I kveld kan vi takke for dagen vår.