Kategori: Blogg

Når tankane er borte og latskapen rår

 

Eg vil berre sova. Midt på dagen. Orkar mest ikkje tenka.

 

 

 

 

I dag er eg botnlaust lat. Så lat at eg veit eigentleg ikkje kva…….

 

Ute flyg fuglane i skytteltrafikk til mataren som heng utanføre vindauga. Skal tru om det held på å bli tomt? Dei syng åt meg, kvitrar og trallar.

Temperaturen viser ned mot null. Men snøen er borte frå låglandet.

 

Eg drikk kaffe for å sjå om det hjelper. Om eg orker å ta meg ein tur ut.

For å henta ved.

For kanskje jødsla meire av plenen.

 

I går kombinerte eg ørlite luking hos foreldra mine med å hausta med meg skvalderkål. Tanken er pesto.

Hadde også ein tanke om å baka brød.

I dag.

 

Og eg skulle laga meg ei kostplan, for akkurat no er eg på ville vegar.

Mat, mat, mat.

 

Tiltaket er berre så alt for sørgeleg borte. Alt eg startar med vert halvveges. Så eg må nok ta meg ein grundig prat med meg sjølv. For slik kan vi ikkje ha det.

 

Temperaturen skal heldigvis stiga litt utover veka. Det er ei trøst.

Og eg må nok laga meg ei plan til å følge.

Utan sukker. Eg trur eg har fått for mykje av det i det siste. Påska og etterpå.

Må nok sala opp fornufta, trur det kan hjelpa.

For eg vil for mykje til å berre ikkje orka noko.

 

Kva gjer du når latskapen får overtaket?

 

 

Grøn og kvit vår

 

Grøn snø er vakkert. Det er også kaldt. Og eg er stille midt i alt.

 

 

Fjella skin som refleks, det kom snø i natt.

Sommer i april.

Vinter i mai.

Og eg er her. I ein virvel i livet.

Eller kanskje ikkje i ein virvel.

Men eg er.

Eg tenkjer på det eg har. På det eg har i meg. Det som eg kan klara.

Om eg vil.

Vil nok.

Eg har det ikkje udelt supert om dagen, og det er så bra. Høyrest kanskje rart ut å seia, men i slike periodar kan det skje ting.

Alt er med som det har vore. Men nokre utfordringar har eg, som eg mest ikkje orkar å nemne.

-Men det er blandt anna slikt som at vaskemaskina mi står tilstoppa med fjør og dun, eller at smørbrødlista etter EU-kontrollen på bilen vart vel lang. 

Det er slikt som skjer.

Slikt som berre må ordnast.

Slikt som kostar pæ`æng.

Men pytt! Det er berre pengar. Mykje som er verre enn det.

Og bedtre.

 

Eg fekk så lyst til å laga meg ein sti. Fann fram saga og saga meg veg. Da kom eg over dette.

 

 

Eg vart berre ståande å sjå. Noko så vakkert. Og eg visste ikkje om dei. Fiolane.

 

Stien er ikkje ferdig. Og når den er framme er det rydding i eit område. Der det gamle epletreet sto. Det skreiv eg om og du kan finne det her.

No er eg komen dit at eg tenkjer å plante nytt, og så vil eg at vegen skal væra enkel fram dit. Så eg må saga ned fleire tre.

 

Eg har starta med solhelsinga igjen. Kroppen er meir på parti, men auga er fortsatt raudt.

Det er mykje eg har lyst til. Lyst til at det skal veksa.

Vekse i rundt meg.

Så eg har jobba litt i hagen.

 

 

Men det blir fort mykje farting.

I går var eg på ein fantastisk fart. Eg var på konsert. På orgelkonsert. Ikkje mindre enn seks trøorgel dansa i rundt. Og da meiner eg dansa.

Lydbilete bevega seg rundt om i rommet. Det var ei spesiell musikkoppleving.

Marja-Liisa Orgelsuite.

I kveld kan den høyrast i Oslo og i morgen i Hamar.

Legg ved en link her. Det er absolutt ei oppleving å få det med seg.

 

Så slik er det for tida, fullt av små og store opplevingar.

Gleda over våren er stor, sjølv om den er kald, grøn og kvit akkurat no

Eg er i ein prosess, det skal ein ikkje kimse av. Og eg har større behov enn på lenge og mange år, til å eiga meg sjølv.

Til å eiga tida mi.

Og eg har meir energi til å sette føtene solid i bakken og tenke over- og gje uttrykk for meir.

Enn korleis det har vore.

I ei grå eve attover i tid.   

 

Slikt er berre bra, så summen er bra.

 

Tidleg morgon, tidleg kveld

 

Så er kvelden her. Med ljoseblå, høg vårhimmel som lovar.

 

 

Men eg må finne senga og søvnen. Det siste er lettare enn det første. I gårkveld og i morgost var det på same viset. Tidleg i seng og tidleg opp.

Møter.

Både her og der.

I morgon tek det eit par timar på hjul.

I kveld drikk eg rosente og snakkar med folk. På messanger.

Etter jobb i dag vitja eg foreldra mine. Eg måtte finna på noko å eta, før kaffikoppen. Eg kjøpte meg røkt laks, lompe, ruccolasalat og vårløk. Det funka som middag.

I det siste har eg mest kjeda meg og kjent på rastlausheit. Det er så bra og eg vert så glad. For eg trur det handlar om energi.

Så tenkjer eg på mykje eg vil skriva om. Slik som gamle minne som dukkar opp, samtalar og slikt som går i stykker. Og det kunne godt væra at det handla om det same, men det gjer det ikkje.

Men no må eg….

Eg må legga meg.

God natt.

Jordbær, blåbær, graut og vatn med lime

 

 

Enno er dagen åpen, men den er likevel lagt. Programmet er klart.

 

 

Eg sit her med ein sein frukost.

Eg er ferdig med mi kom-inn-i-kroppen tid, solhelsinga som eg auka dobbelt opp i går, og ei anna øving eg varierar dag for dag, vaska dunputer (ja, eg veit det er søndag, for dei som er nøye på slikt…),

No sit eg her med grauten av havregryn og rug, koka på vatn og mandelmjølk, dynga ned av blåbær og jorbær. Kaffi på kanna og lime i vassglaset.

 

Og ja, eg likar det når eg har ein slik start på dagen. Kjemisk fri for stress og med ein kontrollert innfallsmetode.

Men om ein par timar er eg på hjul, for å henta og levere. Yngste skulle ha ein discman til filminnspeling, som skal leverast, mor og far skal væra med attende. For vi er bedt til velslesyster som bor i ned under. 

Ho har fødselsdag i dag.

Så må eg hugsa å ta med varane eg handla til foreldra mine.

 

Men enno kan eg sitja her, høyra på musikk og eiga tida.

 

Fb, den god vilje og tida

Vil du bli min ven, gjennom fb kjem spørsmålet. Nokre gong stiller ein det sjølv. Både av fri vilje og utan.

 

 

“Ha, ha, har du ståka no” seier eine jenta mi.

Perpleks rister eg på hovudet.

Eg hadde sendt ein forespørsel om venskap til ein ven av henne.

No skal eg innrømme at eg har ståka inn i mellom, og av den grunn sendt spørsmål om venskap. Slikt er ekkelt, men eg trur ikkje eg er den einaste. Men denne gongen var ikkje det tilfellet, for når ein sit og knotar på ein mobil er feiltrykka lett å gjera.

 

Det kjem også spørsmål, frå utenlandske, ukjente folk. Gjerne med ein eller annan militær rang. Dei vert avvist.

 

Eg brukar ikkje fb-kontoen min så mykje, så spørsmålet om venskap er det ikkje lengre så mange av. Men her om dagen kom eit spørsmål. Først vart eg mest usikker, men så skjøna eg det. Og eg svara.

Det var både rart og artig. Spørsmålet kom frå ei ung jente.

 

Oppover tida har eg hatt anfall av å ville gjera det eg syntes var riktig. Prøve å gjera ein forskjell, liksom.

Som lita ville eg gjerna berge ein Biafra unge. Redde naturen frå søppel forsøkte eg også på slutten av sekstitalet, noko dei andre ungane lo av. Eg meldte meg inn i Framtiden i våre hender, til det vart for dyrt for studiesituasjonen.

Besøksheim tenkte eg, og så vart eg det.

Eg fekk overbevist han eg var gift med. Vi hadde alt to ungar.

 

Ho som vi fekk ansvaret for nokre helger var året yngre enn mi yngste. Ho var hos oss gjennom eit år. Da var eg gravid på nytt og samstundes vart det snakk om å utvida ordninga. Så eg måtte seia nei.

Så det vart berre dette eine året, eit år i ein unge sitt liv. Der eg gjorde meg nokre tankar om det var riktig å plassera så små ungar ei og anna helg hos framande.

Den vesle ungen hadde store alvorsame augo. Kva visste ho om tidsperspektivet.

 

Før dette skreiv eg på ei historie om ein liten unge som ikkje hadde det rundt seg som den skulle, eg måtte legge vekk skrivinga, det var for stor parallell.

 

Seinare traff eg mora, og eg fekk vite korleis det gjekk med ungane. Og eg har tenkt litt etterpå korleis det gjekk ut over det eg fekk vite frå det tilfeldige møtet med mora den gongen.

 

Denne jenta var det som tok kontakt. Ho hadde funne namnet mitt i rapportane eg skreiv etter besøka. Ho var usikker om ho skulle ta kontakt sa ho.

 

Vi skal ta oss ein prat ein dag. Eg vonar så at ho har det bra i livet sitt. For alle ungar fortjener ein god start.

Eg sa eg syntes det var fint ho tok kontakt. Og at eg har bilete fra da ho var hos oss.

 

Av og til kan fb være meir enn det eg synest det er i det daglege. Og så er eg spent på samtalen som ligg framom.

Eg vil tru det er ei god fortelling eg får høyra.

Einsemd

Det er søndag. Ute suser det. Kvite, små filler fyk gjennom lufta. Inne seier det tikk takk.

 

 

Klokka fortel om minutt som skundar seg langsomt forbi.

Eg har huset for meg sjølv. Saman med dyra. Første dagen slik på fem veker.

Koseleg med folk og koseleg å være for seg sjølv.

 

No var det godt.

 

Kaffe og brødskiv i einsom majestet.

I går køyrde eg heim sonen og kjæresten. Fekk henta bankkortet mitt samstundes.

Det har vore ei aktiv veke, mykje som skjer. Alle fem vekene har vore aktive.

 

I dag tenkjer eg å ta ei vitjing hos foreldra mine, samstundes som eg får henta ladaren min på kontoret. Mobilen er utlada, og det er ikkje så lurt. Om nokon prøvar å nå meg.

Lett for at tilvære startar å snubla, når det er for mykje som ein prøver å plassera inn i dagane. Og alt kan ein ikkje bestemma, for ting berre kjem, hendelsar berre oppstår.

 

Kanskje skulla eg gått meg ein tur også.

Ute.

I dag.

Vi får sjå.

Minst mogleg timeplan.

 

Eg er glad i einsemda.

Inn i mellom alt. For eg treng den.

 

Er du glad i einsemda?

 

 

 

 

Telefon i det uendelege

 

Usikkert ser eg på innkallinga. Overstrøket time. Klokka åtte.

 

Kjem etter at det nok berre er for å ta prøver. Så klokka åtte er ikkje noko å bry seg om.

Vaknar likevel tidleg og er på veg. Til legekontoret mest ein time unna.

Gjer eit forsøk på å nå kontoret på telefon. For å væra sikker.

Vel framme oppdagar eg kvifor eg ikkje kjem fram. Telefonen ringer i eit sett. Den stakkars legesekretærer skal utføra alt.

 

 

Og ja, det var berre blodprøver før St. Olav i neste veke.

Men når det einmanns…orsak….einkvinnesforetaket av eit legekontor har tid til å stikka meg, er usikkert.

Telefonen ringer og ringer. Og her sit eg og ventar ein føremiddag.

 

Våren i vente

I år kom fastelavn seint. Det er fordi påsken er sein.

 

 

Men det er alltid ei koseleg markering. På våren som er i vente.

Og no, i mars, er vi i våren etter min måte å sjå det på. For mars er vårmånad. Sjølv om snøen la seg på nytt. Det er berre eit tynt lag. Eit tynt lag.

Fredagskveld og fastelavnsris og fargerik middag.

 

Og i dag såg eg nokre krokusar hadde spira så vidt. Vi er på rett veg.

Vitjing hos foreldra mine med bollar og krem.

 

På rett veg mot ei varmare årstid.

Fortsetjinga

Det er så mange hendingar. No er det ein pustepause i skinet frå teljosa.

 

Og aller først må eg dvele ved det faktum at eg er her.
Omplassert og plassert.
På blogg.no!

Først forsto eg ingenting, berre at eg ikkje fekk logga meg inn på blogSoft.
I gårkveld fekk eg ein mistanke, så eg opna mailboksen, og der, der sto det. At eg var overført. Så klart var det godt at det hadde skjedd.

Men eg har fortsatt denne krigen mot tida. Der

for har eg ikkje fått tid til å funne ut så mykje enno.

Så dette er slik sett ein prøve.

Meeeeen, eg fortset å blogga.

95 år

Den 29 januar 1924 vart far min født. Eg legg inn eit innlegg eg skreiv for nokre år sidan.

 

Eg vil fortelja om far. Dette er ein riktig dag til slikt.

Han er født i 1924, som er nokre år sidan. Og sjølv om kroppen har vorte skrøpeleg etter alle desse år, så er hovudet friskt. Med både humor, refleksjonar og husk. Til og med augo verkar betre enn hos dei som har mykje kortare fartstid på denne jorda.

Han var født som fjerdemann. Noko som den eldste systera syntest var i overkant mange. Så ho tok resolutt dei yngre syskena med seg på eit forsøk om å skremme denne karen attende og bort. Det gjorde dei med å sota seg til. Som vi forstår hjelpte ikkje dette stuntet. Og syskenflokken, som etter kvart vart fem, vart ein samansveisa gjeng.

Farbor Jarle, far, faster Gudlaug, farbror Sverre og faster Bergljot

 

Far fekk veksa opp på ein gard der dei hadde mat og foreldre som var glade i borna sine. Men arbeide måtte dei. Og far var ikkje av dei som var redd for arbeid. Noko som førte til at han fekk positive reaksjonar på seg sjølv. Ein god start på eit liv.

Han fekk vera med på gjeting av kyr og geiter på Bakksetra. Mykje saman med søster si, Gudlaug, som var to år eldre. Desse dagane på setra var eit avbrekk han set pris på.

Når sommaren nærma seg, flytta dei først til eldhuset. Der folka nede på garden budde gjennom sommaren. Det vart både for enklare hushald og for det var skikken. Men dei sov inne i hovudhuset.   

Den 11. juni var seterdag. Da reiste dei som skulle ta den drifta innover. Turen opp til Bakksetra tok over ein time. Turen att og fram dit måtte stort sett takast dagleg. Noko av det som måtte ned var geitosten. Dei hadde margarinkassar som det var festa taug i slik at dei kunne hengast på eit bøltre. Kassane vart lasta opp med geitost på to kilo kvar. Fire i kvar kasse. Med to kassar vart det seksten kilo som vart frakta ned til bygda. Ein måtte og væra med på onnarbeidet på garden.

Men det var og leik med bading i elva og vatnet når vêret tillet det. Og ikkje minst fisking med lange bambusstenger.

Det vart laga gjetarlister, for gjetinga gjekk på omgang. Ein gong det var eit kaldt og ufyseleg vêr kom mor deira innover dit far og Gudlaug hadde søkt ly for regnet, med pledd for å verma ungane sine.

Inga født Åsgard, gift Bakk, farmor, og far si mor

Far var svært glad i mor si. Så minnet frå den vinteren da han vart liggande sjuk, og mora sto i døra og tok farvel, er eit svært sårt minne. Ho ville ikkje klemma guten sin fordi ho var redd ho kunne smitta han. Ho sto på farten for å reise bort for behandling av tuberkulose. Far var åtte år.

To år etter vart ho erklært frisk og skulle koma heim. Ho kom heim i ei kiste. Tuberkulosen tok ho att. Far sprang ned til sjøen for å møta båten og mor si i kista.

Og å følgja mora til grava som tiåring er ei hending som prega far.

Syskena fekk tidleg oppgåver for at alt skulle gå. Faren fortset drifta på garden saman med ungane og tenestefolk som var hyra inn.

Ein gong far var rundt fjortenårs alderen og var saman med nokre andre karar på notnaustet, fekk dei sjå sild inne på bukta. Far sprang for å varsku Olaonkel som bodde oppe i Bakkan. Han fekk vera med å ro ut for å stenge silda inn. Dette silstenget fekk og far vera med å dela lotten av. Han meiner å huske at det var ein stor sum. For noko av desse pengane kjøpte han seg konfirmasjonsdress. Ein dress på trettitalet tilsvara omtrentleg ei månadsløn. Men trøyt var han dagen etter på skulen, for mykje av natta gjekk med til arbeidet.

Da krigen braut ut var han dreng på Kuli utføre Smøla. Der arbeidde han i periodar over seks år. Han var med på å samla saman vrakgods medan bombeflya dundra like over havflata og hovuda fortel han.

Da far fylte 23 år døyde faren. Familien hadde ei svakheit og det var hjarta. Bestefaren døyde også like brått fordi hjarta ikkje ville meir.

Da gjorde far det faren ikkje ville han skulle, han fekk seg hyre på ein båt. I fleire år var arbeidsplassen hans havet. Grønlandsfiske deltok han i blant anna. Følgjer du linken her kan du lesa om det fisket.

Bilete frå tida på Kystskipperskulen

Han fekk spara seg saman nok pengar til at han på slutten av tjueåra tok skippereksamen. Det var da han møtte mor. Dei likte kvarandre så godt at dei fann nokså fort ut at dei ville dela livet saman.

Eit val som førte far ut i nytt farvatn. For mor vaks opp med eit båtbyggjeri som leveveg, og far hennar hadde idear å setja ut i livet. Noko som resulterte av bygging av ein båt for å visa at ideen heldt vatn. Ein båt som far vart førar av fram til at ryggen slo seg vrang på starten av seksti talet. Noko som etter kvart førte far sin arbeidsdag attende til landjorda. Han hadde hovud for tal, som det heiter, og resten av det yrkesaktive livet fekk han leve saman med- og ha ansvaret for tala i familiefirmaet han var gifta inn i. 

Båten morfar bygde slik den såg ut dei siste åra den fekk lov å flyta på sjøen

Far er ikkje av dei som er født med mest tolmod. Han sette i gong med det han såg for seg, to hus fekk han bygd opp og grunnmuren til ei dokkestove. Og det kunne ta litt tid før siste spikaren var slege i, for pirkete er ikkje far.

På slutten av sekstitalet var det vorte ferje til Ertvågsøya, noko som resulterte i sertifikat og bil.

Og sommarferiar på hjul. Sommarens høgdepunkt.

Med opplevingar og ein far full av påfunn. Slik som den gongen han stoppa og rygga attende til nokre haikarar, som glad kom småspringande med sekkane sine bort til bilen. Og far rulla ned vindauga, med mor i forsetet og tre dotere sitjande i baksetet, og så sa han: “vi har diverre ikkje plass”.

I sin eigen form for humor kunne han gjere ei som snart var tenåring nokså flau.

Frå 50 års dagen til mor

Seinare vart mor og far i leine etter kvart som vi tre jentene flytta ut. Da var det ei tid med turar i skog og mark. I fjellet og på sjøen. Og så kom barnebarn og dei fekk mange å vitja. Og så kjøpte han seg gard. Heimgarden. For han hadde så lyst til å hjelpe til at tinga gjekk slik dei var tenkt. Var tanken.

På vitjing på Moe, her med einaste gutongen av dei seks  barnebarna, han med Kanutten i hendene

Barnebarna var nokså små enno da fingrane til far starta å svikta. Når vi var på vitjing hjelpte dei til å knappa dei små knappane på skjorta. Etter kvart fekk han meir og meir problem med motorikken. Glas velta lett ved måltida. Så starta kjensla under føtene å svikta. Han hadde fått noko som heiter nevropati.

Det har etter kvart vore mykje fall. To ting har vist seg; han kan å detta og han har sterke bein. Men ein del plastring etter kuttskadar og tørking av blod er det. Det som ein kan beundra er humøret han beheld i dette. Det held sjølv om hendene og føtene sviktar.

Han har vore vant til å vera eit fritt menneskje og klara seg sjølv. Så da sertifikatet vart inndrege da han var 89 år opplevde han det som ei kraftig inngripande. Han vart ikkje så glad i legar og samfunnet etter dette, for han følte at det å verta eldre ikkje var tolerert. Og at mulegheita til å koma seg i butikken vart så avhengig av andre. Dette vil han gjerne diskutera framleis.

Elles stavar han seg gjennom dagen sin. Han har ting og ordna i, gamle papir og ved som skal bærast opp. PC er det lenge sidan han skaffa seg. Nettbanken brukar han, men det er ikkje altid motorikken og kid-nummer samarbeider. Tv er og noko å bruka tid på med klave på hovudet. Hørselen har ikkje tålt åra.

Atlaset liker han godt å reisa i, kart har alltid interessert han, og verdsrommet.

I dag er lesinga redusert til avis og boka “Kvardag, kamp og kreativitet” av Per Eilert Orten om noko av Aure si historia. Dei siste bøkene han pløgde gjennom var 70 bøker av serien Sønnavind. Han oppdaga at han fekk hovudpine av lesinga. (No i 2019 er det stort sett aviser han les).

Da han gifta seg hadde han namnet klart om dei fekk ei jente. Han hadde lese bøkene til Olav Gullvåg om ein person full av gode eigenskaper som heite Ingvild. Og slik vart det, jenta fekk nament ho hadde fått tildelt før ho var påtenkt.

“Er det greitt eg legg ut dette på blogg” spør eg.

“Ja, om du kan lova ingen les-” seier far min.

Og det lova eg så klart. 

 

Dette skreiv eg til ein farsdag for nokre år sidan. Men det høve også til 95 års dagen. På søndag skal vi feira han. Da kjem dei seks barnebarna og det eine oldebarnet. Og så klart er vi, dei tre døtrene der. Vi har lange intervall mellom generasjonane for åra går så fort, har det vist seg.