Eit heilt halvt døgn

 

I dag har eg reist gjennom minna og dei gamle vegane. Både fint, vemodig og svært krevjande.

 

Køyreturen tok to timar. Det var mørk da eg trilla ut i verda, men ljoset eg følgde ned attom fjella i går, steig opp over fjella i dag.

Morgonljoset er vakkert.

 

– Her budde ein kamerat av sonen, tenkte eg, da eg hadde svinga av frå hovudvegen. Og her gjekk sonen gjennom isen, han var tolv år og det gjekk mange år før eg forsto alvoret. Ein av alle dei gongane det gjekk bra, sjølv om det like godt kunna gått annleis.

Hugsar søndagsturen langs vegen, var vegen verkeleg lang……..

Alle sommarmorgonane for å koma tidsnok på jobb -.

Vidare etter den vegen eg stakk av da eg hadde gjort ein stor fadese……., feil kontaktinfo i ei brosjyre. Ingen som las korrektur og dermed var fadesen eit faktum. Trudde verda rasa samen ei stakket stund.

Minner.

 

Til slutt var eg framme dit eg skulle. Og attende til dagen i dag.

Etter timar i møte gjekk turen attende. Eg sendte melding til ein tidlegare nabo om at eg kunne koma innom.

 

Forbi skolen og alle svingane gjennom skogen, alle gongane eg hadde køyrd denne ruta.

– For foreldremøte, ungar som ikkje rakk bussen, skoleavslutningar, bibliotek, juletrefest, 17. mai og kulturskole og mykje, mykje anna. Eit heilt liv.

Gjennom ni år var dette heimplassen min. Heimplassen til ungane. Denne vegen var både køyrd og gått…..mest dagleg.

Her henta eg posten.

Og så såg eg rett på det som var heimen min. Vår sin heim. Stabburet og trøndelåna. Familien min sitt rike ein gong.


 

Til hausten er det ti år sidan ungane og eg flytta. To år før var ekteskapet over.

Sjølv om det var mykje idyll var det også svært krevjande. Dei siste åra da det ikkje var nokon veg utanom, enn eit brot. Ei frykteleg handling å utsetja ungane sine for. Og så enno meir forandring, da valet vart å selja og flytta…….fordi eg trudde det var best. For oss alle.

 

Til alt overmål får eg i dag også høyra om nokon som hadde født alt, alt for tidleg. Enno eit par blad i minneboka blafrar. Eg veit korleis det er. Når det ikkje går som det skal -.

 

Ikkje rart eg er dobbelt sliten etter eit halvt døgn med minne.

 

Men naboane var riktig hyggeleg å møta. Og eg lova at når dagane hadde vorte lange, varme og ljose, skulle eg ta med meg gjengne min…….og det trur eg vi alle gled oss til.

For det trur eg vil verta skikkeleg koseleg for oss alle.

 

 

 

Æ følje dåtter åt sjefen

 

Gutar var ein gong noko som opptok meg stort. Noko spanande og uutforska.

 

Eg var svært sjenert da eg voks opp. Men min eigen vilje hadde eg. Til og med svært godt.

Det var ikkje sikkert eg sa så mykje, men eg visste kva eg meinte og kva eg ville.

Det forundra meg at eg var så to forskjelleg personar; den heime og den borte.

Heime hadde eg tryggleik og var den eg var. Borte vart det verre. Innrømma noko så fortærande at ein var sjenert gjekk heller ikkje. Så ein fekk skjula det så godt som ein kunne.

 

Noko anna var at etter som eg vart eldre syntest eg gutar…….., eller nokre av dei, var verdt å kika nærmare på. Men med sjenansen var det ikkje så mykje å gjera anna enn å venta på å bli plukka.

Bygdefestene var ein fin arena for slikt. Eg hugsar første gongen eg hadde vore på fest. Mellomste søstera mi kom inn på rommet mitt om morgonen å ville veta

“gjorde du slik som dei gjer på film?”

Eg gjorde meg ein tanke kostbar før eg måtte ut med det.

Eg hadde KYSSA!!!

Og litt beskjemma fortalte eg at det hadde vore to. Det var eigentleg mest usømeleg. For sømeleg var eg.

 

Faktisk vart festane måla ut etter om eg hadde kyssa nokon. Ei fest utan kyss var liksom ikkje ei bra fest.

Men så var det han stakkaren som følgde meg heim, vi møtte nokre andre og han presterte å seia at

“æ følje dåtter åt sjefen…. “.

Eg vart mest like sint som ein okse som får ein raud klut vifta framom seg.

Men eg stanga ikkje fysisk.

Stakkaren var nok ikkje av dei tøffe han heller, og noko skulle han vel seia. Og så kom noko så idiotisk ut.

Eg prøvde nok å seia noko om at eg var som andre og familien min var også det sjølv om vi åtte denne arbeidsplassen.

Eg prøva å stange med orda for å få inn fornuft i tankebanane han hadde.

 

Ein annan gong var det ein som ville meir enn å kyssa og klina. Eg var fast bestemt på at dette skulle eg ordna opp i sjølv og koma meg ut av, så eg sloss for at viljen min skulle sigra. Så da dei andre kom å banka på sa eg ikkje eit knyst om at vi var to med forskjelleg viljar attom døra.

Det ville berre vera kjempeflaut.

Til slutt kom eg meg ut, ut gjennom døra og opp på vegen etter og ha vunne kampen.

Søskenbarnet mitt kom akkurat køyrande i ein bil og stoppa for å høyre om eg skulle sitja på. Han snudde bilen så da vi køyrer forbi der eg hadde kjempa kom han som eg hadde kjempa mot.

Søskenbarnet stoppa og spurde om han også ville sitja på.

Han sat seg inn også sa han

“ho der er så sint ho”.

Søskenbarnet mitt drog litt på smilet og sa

“er ho det?”

Kleda i uorden tala vel og sitt språk. Og noko meir vart ikkje sagt om den saka.

 

Eg slutta nokså tidleg å dra på bygdefester. Sjølv om eg lika å kysse likte eg ikkje denne fangsmetoden der ein eller annan fyr fann ut at deg skulle han ha, og så starta kampen. Og eg visst kva eg ville og kor grensene mine gjekk. Riktig nok opplevde eg ikkje eit så kraftig åtak som den gongen eg vart omtala som ho som var så sint. Men å bli drege tvers over eit dansegolv mot sin vilje hadde eg heller ikkje sansen for.

 

Etter kvart forandra eg interessa, ikkje for kyssing..men for gutane. Gutane var ikkje meir interessante. Der i mot menn, menna var absolutt interessante. Og til slutt gifta eg meg utan at det vart enden som i snipp, snapp, snute……..

Søstrer

 

Vi er tre og vi er barn av seksti talet. Ei heil verd av vår verd. I den vesle bygda.

 

“Tripp, trapp, tresko” sa dei. Foreldra. Og eg syntes dei godt kunne kalla oss det. Hadde ikkje hatt noko i mot å heita Tripp eg. Men vi fekk norske, malmfulle namn. Heile slekta var prega av det norske, namna, språket og tanken. Det gamle partiet Venstre var det dei stemte. Da eg skulle stemme i starten opponerte eg med å stemme Høgre og kle meg i Ibsa støvlar og lodenfrakk ein stakka stund. Min sosseperiode, da dei på skulen eg gjekk snarra seg inn i palestinaskjerf og Sigrun Berg skjerf. Eg opponerte like greitt alle veger når eg først skulle.

Men som eldste i jentegjengen var eg seriøs, eg syntes eg hadde noko å seia. Når eg ikkje drøymte meg vekk. For det var så mange drøymar og drøyme.

Av og til førte eg drøymane ut i orda og på papiret som teikningar. Da viste eg tilløp til foretingstalent.

“Eg skal teikna ei forteljing om du går opp på mørkloftet og heng opp kleda” kunne eg seia til ei syster.

For oftast var det nok tåredrypande historie som gjekk bra. Dei “selde” bra ut over sysken flokken.

Eg vaks og vaks og vaks. Mellomste følgde meir jorda og fekk ein grei høgde som stoppa nokre centimeter før 70 talet kom til syne på målbandet. Den yngste bikka nokre centimeter over, men ikkje som meg…… bremsane virka først like før eg sklei over på 80 talet. Inga god oppleving som førte til mange tårer over mange år.

Den mellomste var meir knytt opp til konvensjonane og så var ho full av humor. Der eg var dønn seriøs kunne ho slå over i spøk. Ikkje alltid ein følte ein fekk den respekten ein fortjente.

Men vi leika oss mykje saman til tross for dei tre åra som skilde oss. Med papirdukkar. Vi teikna og laga historia som kunne konkurrerte med såpeoperaene som kom nokre år seinare. Papirdukkane hadde STORE lepper, STORE pupper og frykteleg mange klede. Reine rosabloggere…

Det året eg var 14 år skreiv eg og øvde inn eit skodespel med søsken og søskenbarn. Da heldt det hardt for tolmodet at mellomste skulle spøke når eg ville ha ro i leiren for å øve.

Ho var og ei aning meir utspekulert enn meg. Ein gong hadde eg kjøpt med popcorn som vi skulle nyte på ein skitur. Vi var ikkje kome langt før ho starta å mase på at vi skulle ete. Til slutt gjekk eg med på det mot at ho lova at ho vart med vidare etterpå. Men da posen var tom snudde ho skia og rente heim igjen. Slikt skjøna eg ikkje og mista både munn og mæle…….eller det morsette…

I dag arbeider ho som sjukepleier, ei utdaning ho tok på i vaksen alder på trass, etter at ho ikkje fekk seg arbeid som grafisk utformar. Og etter og ha følgd mann land og strand i hans klatring på karrieren. Da ho var ferdig arrangerte eg overraskingsselskap til henne, på bilete der vi er eldst. For det fortjente ho etter innsatsen. 

– Og ta eit val som låg så langt unna drøymen står for respekt.

Yngste hadde slege seg og har plastra nasen på bilete.

Ho har hatt nokre fall. Like etter ho vart tjue starta ho å verta sjuk. Det gjekk ti år før ho fekk diagnosen MS – multippel sklerose.

Ho er sju år yngre enn meg, og vart meir til bry enn ein leikekamerat. Sta var ho og ville væra først. Ein eigenskap som har hjelpt henne med den skjebnen ho fekk.

På det bilete der vi er yngst, står ho med den krafta ho hadde i seg, eit godt bilete på oss alle tre som typar. Yngste med jakka på halv tolv klar til det meste. Og ho har klart mykje med viljen sin. Ho har sett mykje meir av verda enn eg med mine friske bein har gjort. Peru og India er nokre eksempel. Helserelaterte reiser.

Ho starta på ei utdaning for ho ville måla, bli kunstnar som ho sa – noko vi to andre steila over, for det vart ein ikkje meinte vi, enten var ein eller så var ein ikkje. I dag står lerretet framme igjen.

Og snart er det jul. Julebilete der vi står framom juletreet. Med julegåvene under treet og sannsynlig er det rømmegraut i bollen eg held. Det åt vi om kvelden, det var vår tradisjon.

Ein kikk ca. 45 år attende i tid.

Rart kor fort desse åra har gått. Med glede og sorg. I dag held ungane våre på å bli store. Yngste har ei dotter, mellomste har to og eg har tre barn, to jenter og ein son.

Her er eit bilete frå eit juleselskap hos mormor og morfar. Enno lengre attende. Saman med nokre av syskenbarna, eg er ho med den store sløyfa. Trur det må være jula 1960.

 

 

 

To år

 

Desse glimta. Glimta av barndom. Glimta av seksti talet. Eit fint ti år og være barn i.

 

foto: morbor Kolbjørn

Det var fødselsdagen min. Eg var på tur innover ålmannvegen. Innover til mormor og morfar min. Kjolen eg hadde på syntest eg var så fin. Den var kvit i botnen med blomster i røykgrønt og gult. Kappene hadde raude band. Dette var den kjolen eg syntest best om.

Men akkurat her, når morbror min tok bilete, er eg heilt oppslukt av veska. Veska med dei mange romma var frykteleg spanande. Eg trur eg samla papir frå twistsjokolade i den. Alle dei fine fargane og alt det blanke. Kanskje det er denne sommaren da eg fyller to år eg har ei oppleving av å bli så medreven av mi eiga handling at eg ikkje klarar å slutte;

Vi er på båttur i ein dorry. Ein båt type. Det er mange folk om bord, men eg er oppslukt av sjøen som skummar kvit langs båtsida. Det er noko sugande i dette synet. Den store sjøen og det å passere, heile tida vidare.

Forbi, forbi.

Eg opnar veska mi og kastar ut ein skatt, eit blankt, fint papir. Det forsvinn i vassmassane. Eg tek opp eit papir til og det går same vegen. Det er umogleg å stoppa. Handlinga er så endeleg. Papira blir borte. Dei forsvinn. Handlinga mi er ugjenkalleleg.

Og så er alle papira borte. Alle dei fine, fargerika papirbitane.

Ved båtripa ser eg nokre tvistdottar, slike som ein tørka opp med, tørka av …….ein vase av kvitgråe tråar. Eg riv av litt og kastar dette i sjøen også. Og så litt meir. Til sutt var det og forsvunne.

Eg hugsar den frykteleg dårlege samvita som dukka opp. Om at eg var ein frykteleg fæl unge som gjorde slik. Som kasta ting i sjøen slik at dei forsvann. Og kva ville dei vaksne seia når- og om dei oppdaga det. Ein frykteleg kjensle av dårleg samvit.

Men akkurat denne dagen på tur innover vegen var alt berre fin.

Eg var fin.

I kjolen min.

Og veska inneheldt alle dei spanande romma til og ha noko i.

 

Ein vårdag

 

Sola vermde i nakken. Kvitveisen blomstra i bakken. Og ein sommar låg framom….

 

Og vi skulle inn i vår første sommar i kommunen eg voks opp i og flytta frå som 16 åring. Jentene og eg hadde flytta på haustparten. Denne vårdagen er vi på besøk hos beseforeldra. Mormor og yngste på tur innover vegane, der mor sprang som lita og eg nokre år seinare. På tur inn til butikken.

Yngste balanserer i veg på steinane i sjøkanten. Attom ryggen hennar ligg garden morfaren min vaks opp, oldefaren hennar. Ringen er slutta, eg er attende til min eigen barndom med mine barn. Jenta skal snart avslutte femte klassetrinn.

Mormor og ho har sto sympati for kvarandre. Det er ein god kjensle at jentene får veksa opp saman med besteforeldre, at dei får vera ein del av ein stor familie.

Det kjenner eg på denne april dagen for sju og eit halvt år sidan. Med sommaren framom og sola i nakken.

No er butikken lagt ned og jentene har flytta vidare for å skape sine vaksenliv……

Eg er liksom berre her

Dagane går. Dagar fulle av haust. Eg fann ut noko i dag.

Eg tenkte å delta i ein konkurranse. Så eg leita etter bilete som skulle passa til den. Da kom eg over ein minnepenn med gamle bilete. Det viste seg at eg fekk ikkje til å lasta opp bilete eg skulle senda frå ein tur. Ein tur i juni 2010, med bålrøyk og solstrålar. Så denne konkurransen måtte eg berre stå over.

Men eg fann ut noko anna. At eg ville opprette ein kategori som skal heite gamle bilete. Kva som er eit gamalt bilete er relativt. Men eg startar med nokre som vart knipsa på slutten av 70-talet / starten av åtti talet.

Det er sommar og eg er heime frå Oslo. Søstrene mine og eg bestemmer oss for og sminke oss.

Så vi sminka oss etter beste evne. To av bileta er frå at eg er oppsminka og to er frå ein meir naturleg utgåve av meg. Men uansett, med eller utan sminke var eg sterkt misfornøgd med meg sjølv.

Dette førte til stor ufridom.

Når eg vart mor mange år etter desse bileta var teke, var eg svært fokusert på at utsjåande ikkje skulle vere eit tema i oppdraging. Dei skulle bli trygge på seg sjølve som dei individa dei var ut i frå kven dei var som menneske. For det er det som er viktig. Ikkje kor lang nasen er eller kor langt det er mellom augo.

Det er kor trygg ein er på seg sjølv som menneske som er viktig.

Da, no og alltid.