Tomt og fullt

Hovudet mitt er tomt. Dagane er kravfulle. Litt for full-, full rulle.

 

Men no kan eg kanskje roe noko ned. Vi er framme ved torsdagen i dette rennet som heite; mitt liv.

Og ja, eg skriv og skriv om dette. Det travle.

Kanskje er det berre tull. Berre noko eg har fått for meg.

Men uansett, i morgon har eg inga timeplan. Berre mi eiga.

 

I går var det eit seminar. Interessant og krevjande. Det var heldt på Romsdalsmuseet, det nye administrativbygget var ei interessant vitjing. Ikkje minst arkitektonisk.

Einaste stolane i amfiet gjekk ut over ryggen min.

 

Dagen i dag starta med møte om far. Han lengtar heim, men skjønar samstundes at akkurat no er sjukeheimen den beste staden å væra. Folka som arbeider der er fantastiske. Dei greier å lage eit godt miljø, dei snakkar med pasientane og gje ikkje inntrykk av at dei har det travelt. Noko dei garantert har. Og som pårørande er vi velkomne når det måtte være.

I dag var det møte om framtida og utskriving. Og kva som må til.

Mor er også godt opp i åra, så korleis skal dette leggast opp praktisk. Noko hjelp må dei ta i mot.

Men enno skal far væra der ei lita veke. Trene seg sterkare til at han kjem heim, og så skal fatla av føråt.

Det vert ei spanande tid når han kjem heim, er klart. For dette fallet resulterte i ein dårlegare situasjon for han, for dei begge. Heldigvis har far godt mot og eit friskt hovud.

 

I morgon må eg ta nokre ærend på grunn av denne situasjone. I verste fall må eg heilt til Trondheim. Men det finn eg ut av i morgon. Eg har inga tidsplan om å rekke anna enn det eg vinn. Og det er godt.

 

 

No og seinare

Da er vi passert midten av denne veka. Eg legg skuldrane ned gong på gong.

 

For det er ikkje den minste lurt å henga dei opp like under øyrene. Ikkje er det naudsynt heller. Gamle vanar er faktisk vonde å venna.

Eigentleg mistenker eg meg sjøl at eg synest det er artig å laga stress. Piska opp liksom.

-No skal det bli artig her…ohoiiii….vi stresser. Da kjennest det som ting riktig skjer da.

Så det er berre å ta eit djupt pust å roa ned.

Og eigentleg trur eg mest eg har gjort det.

 

I dag er det bibliotek.

I går hadde eg eit arrangement. Det kom ikkje så mange, men det gjekk greit. Folk syntest det var hyggeleg.

Førdagen var det jobb og så ei vitjing hos jubilanten. Han kosa seg riktig med alle helsingane han fekk, faren min. Det å verta hugsa på er godt.

I går fekk eg unna meg det som var det verste med at vi skal feira her på søndagen. Gongen som har utvikla seg til eit gedigent rotelagerrom. Eg fekk grovsortert, rydda vekk og kasta. Så no kan folk gå i gjennom det rommet også utan at eg raudnar.

Så no er det matplaner eg må få skikk på. Stolrekning og få oversikt over når folk kjem. Det vert fullt hus, men eg veit ikkje riktig kven som kjem når.

Ja, nokon er allereie komen.

Når kjem ungane mine i hus og når kjem kjæraster og slikt…. Senger og mat må ha ei plan før søndagen.

Skal det vera ein velkomstdrink-, for det er alltid koseleg….

Vi vert ikkje fleire enn 15 eller 16 stykker, men skal vi åpna for at fleire kan koma til kaffien etterpå……

Alle desse spørsmåla. Det er ikkje berre, berre når det går opp for ein at ein har ein far som har mest ein rund dag å kalla.

Og skal eg dra i bassenget i kveld….og akkurat det kjenner kjennest lurt ut no medan eg skriv. I morgon tek eg fri, ein full heimedag.

For no er vi snart over i ei ny veke, og den har heilt andre utfordringar.

 

Kva er dine største utfordringar den veka her?

 

 

Vinter

Blåe minusen langt inn i framtida. Så langt auga kan sjå. 

 

Langtidsvarselet viser blått, blått, blått. Frå ein til åtte minus. Det er eigentleg greit vintervêr. 

Måndager er oftast fridag for meg. Eg sit her med kaffekoppen omtrentleg i handa. 

Planlegg. 

Tid er noko overraskande. Plutseleg er det som var lenge til allerede i morgon. Eg må gjera det slik og slik, tenkjer eg. Dette å skal kombinera alle krava lagar kaotiske draumar. Eg er sliten av natta når eg vaknar. 

Men eg har mykje å sjå fram mot. Og det er dit eg må sjå. Mot dei første solstrålingen som snart treff huset mitt. Og det som følger. 

Våren. 

Det som vart planta i haust. Ein heil rosenhekk i kjærleik blandt anna. 

Ein må strekkje seg mot ljoset. Og så må vinteren nytast. Den også. 

Eg trur eg be med meg sonen ut til middag i dag før har reiser. Så får eg handla det eg må ha på apoteket samstundes. Og så utset eg røntgen føråt arrangementet på onsdag. Det vert for mykje, både bytur og arrangent på same dag. 

Det kjennes godt å sortera og vera tydeleg. Ikkje minst for seg sjølv. For da veit ein. 

Leggje lista riktig, ikkje eit snekkarinnlegg

 

Kanskje er det kuldesjokk som gjer det. For det er litt traurig. 

Så her må nok sortering til.

For det er noko som tynger. Eg må nok sjå og leita, for det er noko.

Eg fauk på det nye året med ein vilje til å få alt på stell. For berre å oppdaga eit krunsja andlet i spegelen.

“Du ser ikkje glad ut”, sa mor mi i dag. Da eg køyrde henne til tannlegen i går.

Eg veit ikkje om det er jobb, privatlivet mitt, eller alt.

Eg prøver berre å få ALT til. Og resultatet er noko som kan utvikla seg til kaos. Så sjølv om månen kastar ljos over oppgangen min når eg kjem heim i kveldinga.

– Og eg meldte meg på yoga som skulle utførast på ein stol….

Så er det noko ikkje bra. Eg har ikkje tiltak til å rydde heime. Eg får ikkje lagt meg i rett tid. Og eg har lyst til å eta alt som er usunt. Trist om eg skulle eta på meg alle kiloa eg har fått bort.

 

Så noko må eg gjera. For å få meg på sporet. Bort frå vinter og framover mot vår.

Der eg rekk det som er realistisk. Og at kontrollen har meir fridom, slik at eg rekk meir….  

 

Eg må berre finna den riktig tråden for å starta og nøste fram den sprudlande gleda. For slik kan vi ikkje ha det.

I dag har eg ikkje vore flink med å væra flink. Det kjennest som det hjelpe.

Det handlar ofte om å finne det riktige hakket og  leggja lista der.

 

Håper du har ein fin, fin dag :))?

 

Protest, snø og raud måne

 

Ei ny helg har vorte ei gamal helg og historie. Eg har baska meg i gjennom den.

 

Ei kvit helg utan ei einaste ski på beina, men med spade i handa.

– Og fakkel! 

For den starta fredagsettermiddagen. Helga-.

Etter arbeid tok eg beina fatt eit stykke og fekk ein fakkel i handa. I lang rekke snirkla vi oss opp til Aure rehabiliteringsheim, som står i fare for å leggast ned atter ein gong. Ein stad mange har fått hjelp etter operasjonar, slag og eit varmtvassbasseng som er til hjelp for mange for ein lettare kvardag.

Så dette ville eg være med på protestera i mot.

Det var reumatisme-, parkinson- og ms-foreninga som hadde gått i saman for å få til denne demonstrasjonen. Og mange hadde møtt opp. 

 

Laurdagen vakna eg til ein nedsnødd dag. Eg bruka mest 1,5 time på å grave opp veg frå inngangsdøra, bort til vedbua og ned til der bilen brukar stå.

Og så hadde eg gløymt av dei små fjørballane som helst skal overleva i snøriket. Fekk endeleg att husken og hengte ut mat.

Ellers gjekk eg i gong ned å koka noko som heiter sunndalsgraut som kokast blant anna av fløte, og det hadde eg nok av i kjøleskåpet. Noko av grauten fraus eg ned og noko tok tok eg med til foreldra mine på søndag.

Dei hadde steikt vaflar, for det må være til ein slik graut.

– Så etter snømakking på søndag ba eg med meg søster mi til å være med på vitjing.

Foreldra våre bor øvst i ein bratt veg. Det viste seg umogleg å koma opp med bilen min.

Først sprang eg opp med det vi tok med oss og fekk gått over med snøskufla i oppkjørselen. Ned for å hjelpa søster mi opp. Ho har ms og dårleg til beins.

Kjente eg kvidde meg for returen. Men etter tre turar opp og ned var vi på veg. Da hadde eg bruka snøbrøyteskuffa for å få ho med ned, og det funka som berre det.

 

Ellers har eg hatt mange telefonar, blant anna til den andre søster mi. Vi snakka om planlegging av far sin 95 års dag om nokre veker. 

Og så har eg strikka ferdig eit skjerf, det siste i eit sett som starta ned pulsvantar.

Eg lika så godt garnet at eg kjøpte meir, til ein genser. Da det var såpass mykje garn att da den var ferdig, vart det også til skjerf. Som det vart ferdig i gårkveld.

Så no skal eg i gong med nytt prosjekt.

I gårkveld la eg meg til ein trillerund fullmåne og ein natur bada i ljos. Eg vakna i sekstida i dag tidleg. Da eg kika ut var det skikkeleg mørkt og på himmelen fekk eg sjå ein nedtona brun, raud måne.

Supermåne.

(I mørke og avstanden var det vanskeleg å få den med på bilete, så heilt eledig bilete).

I og med eg har fri i dag, gjekk eg å la meg etterpå og sov godt og lenge. Men no er eg godt i gong med måndagen.

 

Har du baska med snøen i det siste?

 

Over fjella i sludd og søle

 

Tidleg opp for å venta. Slik starta dagen min. 

 

Og her sit eg. På eit venterom og ventar. Med ein summende radio og stemmar både fjernt og nært.

 Dagen starta beint ut ukristeleg tidleg.

Eg lova meg bort for nokre månader sidan. Eldste skulle ha eit enkelt inngrep.

I nasen.

«Eg kan køyra deg», sa eg.

Så i gårkveld la eg meg tidleg. Sto opp gjorde eg klokka fire. Fire i natt!!

Litt over ein time etterpå var eg på veg. Plukka opp ein stressa son, og litt over åtte var vi på plass.

Så no ventar eg på at han er ferdig. Da skal vi attende. På vinterlege vegar av den krevjande sorten. Men eg må få meir vindusspylervæske på bilen. Heldigvis er det ljost på veg attende.

Og eg gleder meg til eg er heime att. 

 

Skattejakt

Skattejakt i butikker med gjenbruk er noko eg likar. 

Så da yngste foreslo ein tur innom Fretex, var det ikkje nei i min munn. Eigentleg handla det om ein utapåjakke som hadde vokst, slik at den såg litt komisk ut på meg. No er eg ikkje like ivrig på gjenbruk av klær, så eg gjekk fort bort frå der dei hang. Eg har også vorte mindre og mindre eit tingmenneske. Men noko kan det henda ein treng. Så da eg kom over denne småjålete tekannen her:

Da fann eg ut at den måtte vera med heim. Er greit å kunne ha teen på ei tekanne. Like ved sto nokre små glass.

Kjøpte to av dei.

Kan være fine til både å fermetere kvitløk og som “hotell” om eg får meg Scoby. Har planer om å lage meg Kombutcha, det er så godt og skal være godt for kroppen.

Det er ein fermentert te. Laga på svart eller grøn te, som en får til å gjære.

Og sjølv om vi ikkje har ein gong tendensar til å kaste glasa i veggen, så har det minka med likør og akevitt glas. Dei måtte komplementerast. Så da eg kom over fem av desse søte små, vart dei også med heim i sekken.

For yngste var så smart å ta med seg sekken sin, så der fekk vi plassert alt og greidde oss utan plastpose denne gongen også.

Og sjølv om det er kanskje mer likørglas, så trur eg akevitten kan drikkast ut av dei også.

I dag har eg testa tekanna med å lage chaga te. Chagate kan eg fortelja om ein annan gong. Men kanskje veit du kva det er?

 

Den lette gleda

Det har skjedd og det skjer. Noko som gjer meg ufatteleg glad. 

 

Først vil eg seia det er mykje som gjer meg glad. Men akkurat dette, dette som har vore tyngande i mange år, dette som gjorde alt meir krevjande og som eg inn i mellom tok ein kamp i mot. Men eg vann aldri kampen.

Eg snakkar om den tyngda som ei vekt viser deg. På eit år gikk eg frå å være tynn til tjukk. At det var eit sjokk kan eg underskriva på.

I og med at det var mykje sorg på den tida, det meste gjekk gale – ikkje minst det å miste barna eg gjekk med. Og som nok var orsaken til at kroppen slo seg på vranga.

Innimellom fikk eg bort opp i mot ti kilo, men dei kom sørgeleg fort attende. I fjor haust, etter diagnosering av kva som har vore eit anna problem i fleire år, gjekk eg på enno ein gong. Etter at kroppen ha starta å laga så mykje problem med alle desse betennelsane og eg måtte til med denne medisinen eg ikkje på nokon måte lika.

No skal det seiast at det eg putter inn i kroppen har hjelpt, smerte og betennelsar er stort sett borte.

Men i fjor haust gjekk eg på enno ein gong. Ikkje diett, berre mykje meir bevisst kva eg åt. Kutta mest heilt halvfabrikata, plutseleg var det mange hyller i butikken som ikkje eksisterte. Gikk drastisk ned på sukker og andre raffinerte produkt. Prøvde å kjøpe økologiske grønnsaker og frukt. Beveging sto også på programmet. Men det var ikkje så enkelt, i og med  at det tek tid å finne fram til riktig dose av medisin og i perioder var eg fortsatt sett ut av spel pga. inflammasjon.

Men eg fekk kroppen til å minka, vekta gjekk i hovedsak ned men med nokre humpar opp. Da eg reiste til Spania i vår på helseopphald, var vekta på tur opp att. Men i løpet av dei fire vekene gikk eg vel ned like mange kilo.

Da eg var der snakka eg med ein som fortalte om perodisk faste. Eg tente spontant på dette og ville prøva da eg kom heim att. Etter nokre veker heime i Norge, der det hadde vore for folksomt å starta opp, starta eg.

Eg et ikkje før etter klokka tolv og ikkje etter klokka 20.00, som hovedregel. Ikkje meir hokuspokus.

Dette høvde meg supert.

Alt med mat vart mykje enklare. Mykje mindre sjanse til frotsing.

Her for ei stund sidan viste det seg at vekta hadde minka over 20 kilo.

Enno vil eg minst ti ned, men likevel, det gje ein fantastisk glede og ha nådd hit.

No tenkjer eg å gå for eit snev av diett ei lita stund. Den ein tek inn minimalt karbohydrater, mykje protein og noko fett. Så da kutter eg brød og mjøl for denne perioden. For å sjå korleis kroppen responderer på det. Og denne gongen veit eg at eg klarar det. Etter 28 skal eg lukkast. No går eg ikkje attende til den vekta eg hadde i ungdommen. Her er frå da eg er passert tredve, eit par år før alt forandrar seg drastisk. Eg held på å pakkar ned Oslolivet mitt.

Men at eg er komen hit eg er, måtte berre dela det. Og dette gje meg ei stor glede, at eg får attende ein kropp som er enklare å ta med seg. No skal eg ta solhelsing, ein yogaøving eg ikkje har klart på fleire år pga. vondtar. No har eg gjort den ei lita stund, berre fordi eg klarer det.

Så eg er glad, kjenner eg er heldig og nyt at det også kan væra slik.

Du må ha ein nydeleg søndag. 

 

Perodisk fasting

Ei stund no har eg ete i ein periode på døgnet. Noko som høver meg godt. 

 

For lenge sidan forsøkte eg ein kort periode 5:2 kuren. Primært for å gå ned i vekt. Den fungerte ikkje optimalt. Etter det har eg heldt meg til det vanlege kosthaldet.

Da eg var i Spania snakka eg med ein som introdusert meg for periodisk fasting. Det høyrdest interessant ut og eg bestemte meg forsøka det når eg var attende.

Som tenkt så gjort.

I godt over ein månad har eg ete første måltidet etter 12.00 og ikkje ete etter klokka 20.00. Litt variasjon og nokre unntak har det vore, men dette er hovedregelen.

Dette passar meg utmerka. Mindre stress, mer enkelt og mer energi.

Om morgonane drikk eg mykje. I den seinare tid har eg starta med eit glas varmt vatn med pressa sitron i.

Kvifor eg gjer dette er på grunn av fleire ting. Og det kan eg skriva meir om seinare. Men eg oppleve at mat er så enkelt. Eg har meire energi og noko er vekten gått ned. Men fett som ligg samla mellom bla. dei indre organene vert omgjort til energi seies det.

Men som sagt, eg kan skriva meir om virkning på kroppen seinare.

Det eg opplever som best er kanskje at fråtsing ikkje har plass. Det er det ikkje tid til. Eg kan ikkje gnomsa godteri og anna tull. Ikkje det at eg har nokon kjensle av at eg treng det heller.

Som lita syntes eg frukost var eit frykteleg måltid. Eg vart kvalm.

Som ung droppa eg dette måltidet. Men etter eg fekk barn vart det innført til punkt og prikke. Derfor kan det henda dette passar meg ekstra godt.   

Er det nokon av dere som har prøvd perodisk fasting?

Søndagen før ferie

Turen gjennom enno ei veke gjekk fint. Fortsatt er dagane travle. Litt til. 

 

Sol og regn har fargelagt dagane. 

Veka starta med mor sin fødselsdag. Ein av sommerens absolutt varmaste dagar. Temperaturen ute viste 34 grader. Vi satt inne, åt kaker og jaga kvaks. 

Eg arbeidte noko tungt etter arrangementet i helga. Men kom meg slik halvveies ut i veka. 

Torsdag var det siste dag på biblioteket før sommerferien. 

Fredag hadde både mor og far avtalar i Kristiansund, så da gjekk turen dit. 

Eg fekk sett på datamaskin. For vil kjøpa ny ut av det eg fekk i fødselsdagsgåve. Hadde med meg pulsklokka mi, den hadde mista reima og fått ein sprekk i glaset. Vart fortalt at den berre hadde eit år garanti. Noko eg synest er rart etter kjøpsloven. Så det må undersøkast. Gjekk ut att berre med kjøp av ny reim til Fitbit?en. 

Fekk i staden kjøpe meg blomster og ljos på Plantasjen. To solsikker og nye krukker blandt anna. 

Lørdagen var av dei late.

I dag er siste arrangement på museet denne sommaren. I morgon er siste arbeidsdag før sommerferien min, gjett om eg gleder meg?

 

Du må ha ein riktig fin søndag.