Glede

 

-Når ein kryp ut av den tronge tunnelen og kan strekkje seg i ljoset..slik har eg det no.

 

For no er eg ferdig.

For denne gong.

Og kanskje vert det aldri trong tunnel meir. For slikt kan ein vona.

Det starta som eit snev for eit par dagar sidan. Som å få til litt meir.

 

I går var vi framom foreldra mine yngste og eg. Vi hadde handla for dei på butikken. Ho sprang framom meg opp trappa. Eg etter-.

Det var da eg skjønte det. At eg var bedtre.

 

Eg sprang i trappa!!!

 

Tida med å slita var over.

Eg kan reisa meg opp frå stolen utan problem, eg slepp og sleppa meg ned i ein stol. Eg kan bruka musklane utan at det er vondt.

I dag tok eg solhelsinga. For første gong sidan slutten av november.

 

Og eg er så glad!!!

 

Over at funksjonane er attende. Så no vonar eg at ikkje all slags problem råkar igjen. Med andre reaksjonar fordi eg tek mykje for at kroppen ikkje skal angripe seg sjølv. Slikt som kan skje når imunapparatet er tatt ned.

 

Her er eit bilete, det til venstre er teke i månadskifte november, desember. Det til høgre frå i dag.

Og når ein er attende til å få til ting lettare, etter og ha jobba hardt for å henga med…da er glede enorm.

Så denne helga har vore av dei som gjer ein skikkeleg glad <3. 

 

 

Ein kveld

 

Ro og fred og talgljos. Middag og TV

 

Det er fredag.

Det er så godt.

Dagen har vore god.

Kanskje litt meir av at alt er bra. På ein balansert måte.

Nokre timar jobb, i fred og ro. Utførte og kryssa ut.

Innom butikkar. Vinmonopolet og ei flaske kvitvin. Handling av mat. Første gong på nyåret. Det synest eg er bra.

Heim å lage middag.

Dekke bord.

Da yngste kom ned bussen var alt ferdig, dekt på, tent opp i omnen, talgljosa tent på.

Vi har ein fredeleg kveld.

Snakkar litt, ser på TV, kommenterar.

Det er helg. 

Midt i

 

Denne veka er heil og krevjande. Eg står i den, litt som i giv akt. 

 

Men heime somnar eg. Eg søv som i ein døs når baken treff ned i ein stol. Somnar, vaknar og somnar igjen. Kapasiteten til å blogge forsvinn i alt.

No held eg på og landar. Snart helg midt i veka. Men skal gjennom programmet mitt i morgon.

Dette høyrest kanskje noko dramatisk ut. Men det er ikkje det. Seier meir om kapasitet min eigentleg.

I går kom eg meg opp klokka seks og var på jobb klokka åtte. I dag kom eg meg på trening. Dette gjer meg stolt. Eg klarer det eg har tenkt.

Eg sa riktignok i dag at eg er ein utførar og at kjenslene mine er flate. Og at dette vil eg arbeide med for å få meir kontakt med kjenslene.

På ei anna side er det inga krise. Og eg er skikkeleg svolta etter einsemda.

Berre eg.

Berre tankane mine.

Berre ro.

Da kan eg høyra på radio eller sjå på TV, eg kan både le og gråta med  det eg tek inn der.

Og til sjuande og sist får eg lagt inn eit innlegg. Eit innlegg om at eg har det rett så bra, eigentleg, der eg seglar gjennom den første, heile veka i eit splitter, nytt år.

Men kor lenge er eit år nytt?

 

 

Om å nå fram så godt som

 

I dag er eg emosjonell. Kjenner eg har lyst til å gråta både for det eine og det andre.

 

Radioen står på og det er så mykje som treff.

Treff midt i hjarta.

Mennesker-.

Vi, oss, livet og slikt. Korleis vi er saman-. Korleis vi reagerer på kvarandre-.

Høyrde eit intervju med Leo Ajkic. Han var ein slentrende rebell eg tidleg fekk sansen for, da han dukka opp i media. Uredd, ærleg og med respekt – slik eg opplevde det. No er han ute med ein serie på NRK. Den heiter «URO». Han snakkar om å høyra på dei vi er ueinige med. Og greie å respektera den ueininga.

I intervjuet i dag kjem han inn på at det er også nokre område han også har problem med. Kort summert handlar dei om der det ikke finnes respekt. Men det å høyra på kvarandre sine synspunkt er viktig seier han, for å finne dei gode løysningane.

Om det handlar om miljø eller menneske.

I dag kjem tårene fram i augekroken av slik tale. Eg vart i haust så oppteke av dette med å høyra etter kva folk eigentleg sa. Ikkje ta korte slutninger og mistolke.

Orda, orda er litt vaklande. Vi kan ha nokre små nyanser korleis vi tolkar ord, dette kan gje grunnlag for å tru at vi ikkje er samd på grunn av tolkningsforskjell. Vi er så flinke til og dikte og tru vi veit kva andre meiner.

Eg veit. Eg kan væra slik sjølv. Trur eg veit så inderleg godt.

Eg driv og øver meg. Øver meg på kva vart eigentleg sagt. Når eg sit der såra fordi eg følte meg angrepen.

Vart eg eigentleg det?

Dette synest eg er så interessant. Prøva å høyra litt betre etter. Det å klatra ned frå pidestall perfekt gjev utruleg fridom. Når ein sluttar å døma andre gjev ein samtidig seg sjølv fridomen attende. 

Eg synest respekt, ærlegheit og å være utan frykt (til ein viss grad) er tre gode eigenskapar eg likar.

Men det er ikkje sikkert du som les har den same tolkninga av orda. Så det å finna ei felles tolkningsplattform er viktig, og i neste omgang må ein høyra etter kva som vert sagt, ikkje det ein trur.

 

Synest du denne tematikken er interessant?

 

Eg er litt oppslukt. Og i dag er eg i tillegg ømhjarta og vemodig. For innimellom må ein være det også. 

 

 

Dag på vranga

 

Denne dagen må roast ned, tenkte eg i sta. For den er litt slik utenom kontroll. 

 

Eg vakna til den i lutter glede. Med berre ein ting slik ordentleg på programmet.

Ringe NAF.

Akkurat det kunne eg vente litt med, greit å sjekke om bilen kunne køyrast opp likevel.

Så eg starta å rydde. Laga meg grøn grønkåldrikke, sette på ein vask.

Slikt.

Etter ei stund peip maskina for å fortelle den var ferdig.

Men eg fekk ikkje opp døra! 

Fram med bruksanvisning; barnesikring sto på, fann eg fram til. Eg hadde nok kome borti på skjermen. Men kor eg trykte ville den ikkje opp.

Så leita eg vidare. Skru opp, sto det. Og det er da eg kjem til kort, for akkurat no har eg ikkje kraft i fingrane og ikkje kan eg gå ned på kne.

Tang, tenker eg. Men den ligg ikkje der den skal, så lengre er eg ikkje kome med den saka-.

Da får eg sjekke tilstanden ute, tek på meg regnklær og tek med boffen.

Såg fort at her måtte hjelp til. Tenkte å ta bilete av ståa, for bloggen, men gløymde det. For ringe frå vedbua, for det pissregnar.

Inn i bua – boiiing – eg klaskar panna inn i ein bjelke. 

Da kom det eit høgt og tydeleg «søren» ut av munnen. Altså min munn. Og med det konstanterer eg at eg hadde overlevd. Berre litt hovudpine.

Får ringt, får lagt ved oppi posar. Da startar boffen å bjeffe. For nokon er ute og går på ein veg. Så må ut å ta ein alvorsprat med han. Han er aldri med inn i boda.

Da eg kjem inn att for å fortsetta, er nokre pallar vorte såpass våte av regn som har kome seg inn mellom sprinklane, at eg er på veg til å detta. Men får mobilisert den eine foten slik at eg vert ståande. Det rykker så i knefesta, så når bergingsbilen er på plass litt etter, hinkar eg som ei gammel kjerring. Og det er eg no ikkje.

Men – bilen er oppe. Det er også døra på vaskemaskina.  No. Trur at eg skal ta kvelden med ro. Har ikkje lyst på meir uhell og tull. Synest eg har bruka opp mykje for langt inn i det nye året no.

 

Har laurdagen din vore  fin og ein riktig koseleg kosedag? 

 

 

Grått og vått, mest vakkert

Så grått at det mest var vakkert,var dagen. Fredagen. Den første i år. 

 

Eg vakna med dyna på golvet. Seinare enn tenkt. Altså, ikkje at dyna var i golvet.

Men slik vert resultatet når dagen føråt vart avslutta for seint.

Dagen var godt planlagt. Jobb, telefon til legekontoret for å få time på dagen, og vart det time, hente far. Uansett skulle eg handla for dei.

Så eg hadde nokre timar ved kontorpulten, fekk ete lunsj og ønska kollegaer god helg.

Så henta eg far med god margin kva tida var, men legen hadde enda betre tid – så han sto og venta oss. Konsultasjonen gjekk fint, handleturen gjekk bra.

Etter kaffi hos foreldra mine, gjekk turen heim. Da var det mørkt.

Det var fredag og fri. Eg planla henting av ved i mørket med mobil (lommelykt) og bil.

På det tidspunktet var eg nok oppbruka og nokså sliten. Så eg kjøyrde like godt utom vegen.

Eg tok ut veden, låste bilen og gjekk inn.

Får ringe bergingsbil i morgen.

Så no sit eg slakt i ein stol og er overglad for helg etter ei halv arbeidveke.

God helg. 

Det som er nytt

 

Eit nytt år. Blanke ark. Mot lyset og mot berre velstand.

 

Det er eit nytt år. 

Og nye år er bra. Om dei ikkje gjekk så forbaska fort.

Og fortare og fortare går dei.

Rekk mest ikkje henge opp ein kallender før den må ned att.

Eg har spekulert på om det kan hjelpe å kjeda seg. Men eg veit ikkje riktig korleis eg skal få det til. Eg har for dårleg evne til det. Hugsar eg kunne kjeda meg som barn. Da gjekk tida langsomt.

Men det er godt og taka eit overblikk over dagane og livet. Korleis ein lever og kva for val ein vel. For ein har alltid desse vala.

Greit å sjå dei, sjå kva dei fører til.

Og vil ein dette og kva vil ein ikkje ha?

Eit nytt år er greit til slike spørsmål.

 

No er sjansen forskrekkeleg stor for at alt vil væra som det var. I stor grad.

Og er det så ille?

Om det er det, da må ein kanskje gjera noko.

I dag var eg innom mor og far. Vi snakka om kva som skulle vore gjort og kva som står på vent. Det er helsa som har eit stort fokus. Og eg kan verta overmanna av avtalar og køyring. I dag tok eg fram mobilen og skreiv eit notat, da har eg i alle fall ei slags oversikt. Ei plan. Det kan væra greit, tenkte eg – så no må eg berre hugsa å sjå på det eg skreiv. For å kunne haka ut.

Det kan væra greit for eit nytt år. Meir oversikt over to do.

Kvardagen har starta. Julematen er ikkje fortært. Framtida er ikkje heilt klar. Og det skal den heller ikkje væra!

Men alt blir.

Slik etter kvart.

 

Her på nordvestlandet er det regn som plaskar ned, det er eit mørke ute, sjølv om sola har snudd. Enno vil det gå godt over ein månad for sola treffer stoveveggen. Men eg trur det er viktig å leva kvar dag, med eller utan sol.

For plutseleg står eit nytt år å bankar på. Da er dette året også borte.

Vi må leva heilt, helst heile tida.

Ha ein riktig levande torsdagskveld!

 

Tankar på tampen

Så er 365 dagar snart oppbruka. Og vi får udelt 365 nye. 

I 2020 får vi faktisk 366, men det er da.

Men i året som kjem, er det berre det vanlege talet med dagar vi skal fylla opp. Dei er ein lang rekkje med moglegheiter. Mykje vil ein ikkje kunne påverke, men ein ting er innom eins eige kraftfelt; korleis ein vel å møte alt.

I det kan forskjellen mellom det som er bra og det som ikkje er bra, ligga.

Eg likar den tanken.

Året har rasa i veg. Mykje greier eg ikkje hugsa frå kvarandre. Men – ingen har gått bort og eg har ikkje hatt store sorger.

Eg har ledd mykje.

Så greier eg bedtre kjenna på kva eg meiner og også seia i frå. Orda er meir på plass.

Eg har hatt fokus på matvarer, utan om no i jula. Sukker og kvitt mjøl har omtrentleg vore borte frå koshaldet. Dette går eg attende til i det nye året. Eg greidde å gå ned mange kilo. Enno skal nokre fleire ned.

Helsa har hatt fokus, og i lange periodar har eg vore mest heilt bra, som i å virka normalt.

Den siste tida har det ikkje det, men eg veit det vert betre. Og reknar med at eg kjem i remisjon, det vil seia at kroppen slepp sjukdomsaktiviteten.

Kjenner eg må understreka at dette ikkje er noko «stakkars meg», eg er beint ut heldig eg. Det er berre min realitet og veit det er mange der ute som jobbar med å helda leddgikt nede.

Derfor vel eg å skriva om det, enkelt og greit.

Noko som eg heldt på med i mange månader var solhelsing, ein yogaøving. Den opplevde eg enormt positiv og gle meg til at eg kan starta igjen. Fekk ein styrke eg set pris på. Muskler som vakna til funksjon.

Og når eg snakkar om dette, eg var så heldig at eg fekk ein heil månad trening i mai til juni gjennom universtetssjukhuset i Oslo. Det var fantastisk å få.

 

Litt før dette vart eg kjent med ein og klarte det utrulege å forelska meg. Da overraska eg meg sjøl.

Eg vart med å leie eit atlerie, men det viste seg at eg fekk mindre tid til å være der å jobba. Så no i desember flytta eg tinga mine ut.

Eg tok meg tid til å skriva, eit heilt, halvt manus. Der overraska eg også meg sjøl, at eg klarte å finna på alle orda. Eg forelska meg i handlinga. Så enno ei forelsking.

Men så greidde eg å mista pcn min på ein flyplass. Det er meininga å kjøpe meg ein ny. Men hittil har det vorte med tanken.  

Ungane er på fart i sine liv. Yngste skal til med sin bachelor i film. Ho og gjengen ho samarbeidde med, fekk ein pris på ein italiensk kortfilmfestival. Fantastisk oppleving for dei tre som reiste ned. Mellomste kom i gong med studier igjen, der er det teater. Så arbeider ho for å finanser studiet, det synest eg er svært bra. Og så flytta ho saman med kjæresten sin gjenom fleire år, i haust. Dei har fått det skikkeleg koseleg. Eldstemann starta å snakka om utdaning. Da vart eg glad. Han er i ein utviklande prosess. Han er ein oppvakt og snill gut, men han tok lite for seg av impulskontrollen.

I kveld skal dei feira saman. Dei liker å dela tida si saman.

Eg var glad for å kunne reise heim til min rolege kveld etter og ha køyrd yngste på bussen .

For å tenkje.

Fortid.

Framtid.

I år skjønte eg plutseleg noko om kommunikasjon. Når vi seier noko gjev vi aldri heile bilete. Ei setning kan ikkje dekke ei heil tankerekke. Derfor er det viktig å gje kvarandre tid før ein tek ei slutning. Det er alltid noko meir.

Ord er det vi har. Dei kan mang ein gong ikkje være gode nok. Eg vart 60 i år. Eg har så mykje å lære.

Det er fint. Ein kan alltid lære meir.

Og framtida….

Året som kjem…så mykje eg vil oppleva, høyra og sjå.

Eg kan alltid verta eit betre menneske. Der har eg mykje å gå på.

Og så har eg vorte flinkere til å ta hensyn til meg sjølv. Ikkje presse meg så mykje. For det er ingen bra eigenskap. Den kan virke bra, men eigentleg er det dumskap.

Elles er det så mykje. Men over alle ting, eg veit året som kjem har både glede og sorg.

Men det er spanande. Det er så mykje å gå i gong med. Eg kjenner eg gleder så det kiler i magen.

Takk til 2018. Velkommen 2019.

 Riktig godt nyttår til alle gode bloggvener. 

 

 

Noko var igjen

Av klabb og babb. Dei siste timane av eit gamalt år hadde meir att. 

For det var noko att i sekken. Av hendelser som skulle ha plass i dette året. Og når det er slik, må ein berre akseptera det. For slutten av året vert ikkje etter plana.

På nyttårsaften skulle eg ha ein «Lady og Lanstrykeren» middag uten kjøttboller og spaghetti. Vi skulle eta kalkun med waldorfsalat. Eg skulle gjera alt ferdig, for når flyet landa halv fem, var det berre tida og vegen.

Meeeen, så viste det seg at kombinasjonen sykkel og bil i solnedgang var uheldig. Heldigvis ingen knuste bein, men skikkeleg forslått og på sjukehuset frårådde dei flyreise.

Så ingen romantisk middag og nyttårskyss.

Trur kanskje eg vel å ha kvelden for meg sjølv, med messanger noko av kvelden.

Ellers er vêrmeldinger dårleg og med uviss omgangssjuke i systemet, tok liksom dei siste timane litt av.

Likevel, dette går bra.

Og eg har aldri vore heilt aleine på ein nyttårsaften, men i fjor gjekk eg inn i eit nytt år utan selskap – så det går heilt fint og avslutte året på same vis.

Faktisk er det ein fordel å være såpass sliten som eg er no. Eg har ikkje overskot til verken forventningar eller skuffing.

Og det er bra. For det er noko positivt i alt.

Ønsker deg ein fin og god dag, den siste i 2018.

 

 

 

 

 

Opprør og avlysning

Nokre gong må planer legges om. I dag vart det slik. 

 

Eg vakna tidleg, eg beit kjakar og var rett og slett stressa. Men til slutt fekk eg sova meir, tenkte det var lurast. Sova litt til. Og vakna alt for seint.

For ein del måtte gjerast. Før gjester kom.

Telefonen var også fortulla. Ingenting ville seg .

Mine gamle foreldre skulle også kome, men da dei fekk vite om faren for magesjau og tumultar, tok dei avgjerda.

Dei turde ikkje.

Å koma.

Og eg var glad. Det kunne være fatalt for far om han fekk dette, som nokre har fått.

Så det endte med ein enkel frukost for yngste og meg.

Henne var eg over fjella å henta i gårkveld. Eg fekk gjort nokre ærend og møtte så vidt eldstemann. Han er frykteleg gavmild når han har anledning, så han hadde kjøpt eit ullsett til meg.

Eg sa eg ville betale for det, men det var ikkje aktuelt.

Yngste og eg kom oss attende over fjella, med skummelt føre.

Ho somna og sov heile vegen heim. No har ho somna på sofaen. Så det spørs om noko herjer i kroppen hennar.

Hovudet mitt verkar, så det er kanskje noko rusk i marskineriet vårt begge.

Men håper vi slepp unna spysjuka. Mellomste vart dårleg etter at kjæresten vart dårleg, medan han var her. Stakkars gut, ikkje artig å verta dårleg når ein er på besøk. For så vidt var ikkje mellomste heime hos seg sjølv heller, men ho var hos faren. Så litt meire kjent ho, der, enn han her.  

Men brunsj vart det ikkje hos oss i dag.

No skal vi lista oss stille gjennom dagen. Så vil eg tru vi kjem oss unna. Satsar på det.