Valg i kvardagen

Fredag på kalenderen. Eg greier ikkje kjenne på kva som er det smartaste å gjera.

 

Tenkte det no, at kanskje betre å berre ta eit valg og gå for det-.

Det er ikkje dei store spørsmåla som kverner i hovudet mitt. Berre fullt av kvardag. Eigentleg skulle eg ha fri i dag. Dagen skulle delast mellom husarbeid, handling med mor og måling i atlerieet.

Når yngste kjem heim, passa det så fint – kunne plukka ho opp  etter måling. Men så er det ting eg ikkje rakk på jobb og som eg tenker eg . Ting eg bør sende ut og ting eg må finne ut av.

Neste veke er det mange møter, veka etter har eg ferie.

Så her sit eg. Skal eg gjera det slik eller slik…. 

 

Kjenner du deg igjen, eller er du av dei som er flink til å strukturere dagen din?

 

 

Om avslag og løysing

No har eg hatt litt av nokre dagar. Såpass krevande at dei greidde å rokka i grunnfjellet mitt.

-Slik etter kvart har eg lært leksa om løysningane som alltid vil dukke opp-.

Etter kvart seig lærdommen inn.

Eg har lært om å bekymra seg og om å overleva-.

-Og at eg er heldig på mange vis. Heldig med reaksjonane mine, for dei har kunna vore meir krevjande for meg, om eg måtte gjennom ein stor mengde tungsinn i tillegg.

 

I fire år har eg gått på det som heiter AAP (arbeisavklaringspengar) i 50%. Først i fjor sommar fekk eg ein diagnose på problema mine.

-At eg hadde leddgikt, for å bruka eit enkelt ord.

No nærma tida seg for slutten, men det var søkt om utvida periode for AAP fordi det tok så lang tid å koma dit eg er no. Og eg er ikkje kome i remittering, det vil seia at sjukdommen vert heldt nede gjennom medisinering. Så overraskinga var stor da det kom eit avslag, samtidig som perioden omtrenteleg var over.

1/3 av den økonomiske situasjonen dett vekk frå no om torsdagen.

Slikt er sjokk. 

 

Slitenheita er det som er det største problemet, så det å gå inn i heile jobben igjen no har nok temmeleg fort set meg på sidelinja.

Så eg måtte arbeidda meg gjennom reaksjonen på vedtaket. Men eg gjekk heldigvis nokså fort til handling.

I dag kom eg meg hakket vidare. Resultatet veit eg så klart ikkje.

Men det er alltid bedre å gjera enn å fortvila.

Eg sat oppe halve natta i natt, for å koma i mål. Da eg kom heim frå jobb i dag, gjekk eg meg ein tur i lutter glede. Over at eg hadde lagt det tyngste attom.

I denne omgong.

No er det opp til andre ei stakket stund.

Og for å seia det i klartekst; eg er ikkje ute etter at nokon skal synest synd i meg – for det er det IKKJE!

Alle har sitt.

Det er riktig som det er sagt; Det handlar aldri om korleis ein har det, berre om korleis ein tek det. 

 

No skal eg ha ei god natt. Det ynskjer eg deg som er innom også, drøym om alt det vakre <3. 

 

 

Blomster og planter og runde år

For snart fire månader sidan runda eg eit nytt tiår. Midt på somaren med ferie og mange andre ting som skjedde.

 

Slik vanlegvis brukar slike dagar markerast på jobb. På avdelinga mi vart den markert. Men ikkje med sjefen og alle ansatte på huset.

Heilt greit for meg, har ikkje nokon trong til at den etter kvart voksne alderen min treng å utbasunerast. Men så vart det oppdaga. Derfor vart det ei markering i sist veka som var. Med blomster, kaker og gåve.

Vi har fått ein ny sjef, og eg vart imponert over alt han hadde fått med seg. Så eg måtte seia det, at mest alt eg skulle seia i min tale, var sagt. Men noko sto ikkje på takketalen min; Han fortalte at nokon hadde sagt at skulle dei hamna på ei øde øy, kunne dei tenke seg å hatt meg med.

Det var kjempehyggelig og fint sagt.

 

No står buketten på stovebordet mitt. Prøver å få den til å vare og kutter stilker.

Det er så hyggelig med blomster.
Har hatt nokre fleire fornyingar, så det blomstrer rundt meg om dagen.

Helga har som vanleg gått fort. Ein av ungane var heime, eldstemann. Det har vore så hyggeleg. No er det søndagskveld.

Vil tru helga di også har vore fin.

Rikig god kveld <3.

 

Helg, mat og bryllupsdag

Helga er passert med god margin. Før eg rakk å sjå på bileta frå helga.

 

Helga vart roleg og god. Med litt innhald.

Fredag, som er den beste dagen, kjendes tom da eg var på tur heim frå jobb. Tomt hus etter og hatt folk i lang tid var uvant og rart. Men når eg hadde tent opp i omnen gjekk det greit.

Laurdagen ville eg invitere mor og far på middag, i og med dei hadde bryllupsdag. Noko dei set pris på.

Maten var vellukka og smaka både dei og meg. Så i helga har eg ete frykteleg mykje.

Søndagen var fin og mild. Starta dagen med å blenda grønnkål, appelsin og nokre ingrediensar til.

Boffen og eg tok turen ned til sjøen.

Det gjorde godt. Da eg kom opp var himmelen eit skue. Eg prøvde meg på eit bilete inne frå etter turen.

Ikkje så godt å sjå gjennom vindauge. Men kanskje stemninga kan formidlast. For helga hadde vore heil og god. Slik som gjer godt. Sjøl om huset kjendes tomt. Det er nå slik eg har vore vant det dei  fleste dagane i seinare år.

Og så er ei ny veke på tur gjennom livet.

 

 

 

Skattejakt

Skattejakt i butikker med gjenbruk er noko eg likar. 

Så da yngste foreslo ein tur innom Fretex, var det ikkje nei i min munn. Eigentleg handla det om ein utapåjakke som hadde vokst, slik at den såg litt komisk ut på meg. No er eg ikkje like ivrig på gjenbruk av klær, så eg gjekk fort bort frå der dei hang. Eg har også vorte mindre og mindre eit tingmenneske. Men noko kan det henda ein treng. Så da eg kom over denne småjålete tekannen her:

Da fann eg ut at den måtte vera med heim. Er greit å kunne ha teen på ei tekanne. Like ved sto nokre små glass.

Kjøpte to av dei.

Kan være fine til både å fermetere kvitløk og som “hotell” om eg får meg Scoby. Har planer om å lage meg Kombutcha, det er så godt og skal være godt for kroppen.

Det er ein fermentert te. Laga på svart eller grøn te, som en får til å gjære.

Og sjølv om vi ikkje har ein gong tendensar til å kaste glasa i veggen, så har det minka med likør og akevitt glas. Dei måtte komplementerast. Så da eg kom over fem av desse søte små, vart dei også med heim i sekken.

For yngste var så smart å ta med seg sekken sin, så der fekk vi plassert alt og greidde oss utan plastpose denne gongen også.

Og sjølv om det er kanskje mer likørglas, så trur eg akevitten kan drikkast ut av dei også.

I dag har eg testa tekanna med å lage chaga te. Chagate kan eg fortelja om ein annan gong. Men kanskje veit du kva det er?

 

piiP

Så sit eg her. Vil blogga. For det er ei stund sidan. Sidan eg skreiv eit innlegg.

 

For alt er ved det same og alt er ansleis.

Slik er det alltid.

No er eg trøyt. Dagen har vore lang. Eg har vore i Trondheim. Nokon har reist høgt opp i det blå.

Medan eg sto igjen. I sol ein kald oktoberdag som likevel hadde plussgrader.

Etterpå henta eg yngste på Dragvoll. Vi fann ein stad og eta.

Vegetabilsk.

Så dro vi innom midterste, ho var på arbeid.

Og så reiste eg heim, men var framom eldstemann. Vi snakka om jula. Den blir nok som den har vore dei siste åra.

Det er godt og væra heime til tross for at det er kaldt, stille og tomt. Men det er akkurat no i kveld. Og no skal eg sova meg kvil til arbeidsdagen i morgon. Da skal eg gjera så mykje.

Tenkjer eg.

Og så vil eg tru eg kan få orden på at eg om dagen ser rødt…altså utanfrå. Eg går i rundt med eit raudt auge, og er litt lei av det.

Men alt ordner seg. Slik er det. Og aller først ei natt med søvn for å rydda bort denne dagen. I morgon kjem ein ny, og etter det enno ein.

 

 

 

Blad, blomster og krusedullar

Opp frå der eg parkerte bilen tok eg bilete. Eg hadde lyst til å knipsa i det uendelege.

 

Ein litt tung dag er snart oppbruka. Og det er like greitt.

Men den vesle stubben frå der eg parkerer bilen og til inngongsdøra kunne fortsatt i det uendelege. I dag trong eg omsorg. Det og kan ta bilete kan hjelpe. Å sjå kor mange krusedullar som finnest.

Der ute i naturen. Strek og linjer.

Avblomstra. Livet er ein aning avblomstra i dag.

I skyggeland. Haust og alderdom. 

Men formene er fine.

Og inn i mellom- og attom, finnest det.

Lyspunkta.

Eg ynskjer meg berre ei snill verd. I dag har den hatt ein litt høg pris. Og eg har for låg pris.

Men godt å kunne ta bilete. Høyre musikk og være inne i si eiga verd. For det er greit å trøsta seg sjølv nokre gong. Når verda er ein aning for tung og ein kjenner seg sår.

Med musikk, blomster og krusedullar.

Og i morgon er ein ny dag!

 

 

Ein måndagskveld framom varmen

For kaldt er det i kveld. Berre tre gradar. Godt å sitte framom omnen og legga ut bileta frå dagen.

 

Dette var siste fridagen, av fleire etter kvarandre.

Sola kom også fram etter regnet. Så det å koma seg ut i den friske lufta var godt. Den friske lufta på fjellet.

Vi ville finna fotomotiv.

No har eg berre mobilen, men ei viss glede kan også det gje. Fargane held på å forsvinne. Sola forsvann også attom dis. Men motiva fann vi.

Heile tida.

Og eg måtte ta bilete av mitt yndlingmotiv.

Enno er elva isfri. Og nokre lauvblad heng fortsatt på trea.

Men det startar å verta nakent.

Godt var det å koma heim, få mat og varme i kroppen.

I morgon er det arbeidsdag, lang med mange møter. Så no må eg finna natta. Og i tillegg må eg fasta for ein unevneleg time på sjukehuset. Noko eg trudde eg skulle få sleppe med da eg var til same time i fjor. Men når det først er slik, så er det så klart bra ein vert følgd opp.

Men først natt og så arbeidsdag.

Ynskjer god natt og fin tirsdag<3.

 

Varme vindar

Ein vakker, fri, fredag har runda himmelhvelvingen. Det er kveld og snart natt og alt er godt.

 

Temperaturar opp mot 20 grader og mjuke vindar i solglitter. Sjøl om sola er sid, er den enno der. Enno nokre dagar og veker.

Dei varme vindane som strauk gjennom dagen tørka kleda fort.  

Handdukane blafra mellom trestammane. Og høgt i det blå svinga ein ørn seg. Runde på runde.

Og medan gjekk dagen. Med solhelsing, tekopper i solveggen, samtalar og planlegging av helga.

Og alt ein ikkje rakk får ein rekka ein annan gong.

På handletur møtte vi eldstemann og yngsteberta som kom med bussen. Etter middag vart yngste køyrd til vennefest, eldstemannen, kjæresten og eg er datanerder over i natta. Med tekoppar, headsett og fokus på det vi kvar er oppteke av. For etter mykje prat kan også det være godt. Før natta tek oss.

 

Når dagen og natta leiest

For dagane flyt gjennom tilværet som ein gyllen straum. I haustskrud. Dei flyt og hastar forbi.

Desse evindelege dagane, som står opp og legg seg. Og med alt dei har innanfor ramene sine. Eg lever med dei. Med alt mitt. No har eg nokre fridagar. Der hausten er på det vakraste med milde og gode temperaturar. I gårkveld var det ein gåtur før mørke tok over. Her er nokre bilete.

Idag, på tur heim, vart det stopp for nye bilet. Akkurat da sola gjekk ned og fargela verda.

 

Ein nyt slikt. Det vil vera noko å leva på når vinteren har teke over. Og så passa det godt med denne skya som ein avslutning før ei ny natt.