Råning, distré søstre og pluss og minus

Det eine kan føre det andre med seg. Og gjorde ein slik eller slik-. Men uansett, det blir som det blir. 

Og kvelden kan bli lengre enn lang og føre til, ja rett og slett føre til råning. Eller kanskje skal ein ikkje køyre så langt da, for å kalle det det-. Og kanskje er det ikkje damer i femti og seksti åra som driv på…. 

Dagen starta greit, så greit som det kan gjera det om dagen. Det dukka opp ein middagsinvitasjon som virka rett så koseleg. Mellomste søster med mann kom utover og inviterte begge oss andre to søstrene til lutefiskmiddag heime hos mor og far. Takka så klart ja til noko så hyggeleg.

Da eg skulle køyra opp attmed foreldra mine, kom yngste søster ned vegen med bilen sin. Ho hadde eit innbitt uttrykk.

Det er bratt opp der foreldra mine bor, så ho hadde ikkje klart å kome seg opp. Eg ba henne sette seg inn hos meg, så skulle eg prøva.

Så tenkt som gjort. Og opp kom vi.

Der kom mellomste søster ut å skulle hjelpe yngste gjennom snøen som har lagt seg. Eit føre som passar dårlig til ei med MS, som er skjebna til yngste.

Eg ga dei nøkkelen til bilen og tok med meg varer som skulle inn. Tenkte eg måtte huske på å få nøkkelen att. Men det gløymer eg. Det gløymer vi alle tre.

Da mellomste og mann var på tur heim og vi to andre skulle reisa attende, kom eg på det.

Nøklane!!!

Og det er ikkje så lenge sidan dei der nøklene hamna i Trondheim.

Ugh og arrrg!!!

Dei var ikkje komen så langt, men langt nok. Nøklane vart plassert på ein bensinstasjon og vi to andre fekk nokre timar landeveg på 0-føre.

Og ein kan spørre seg, løner det seg å være snill?

Hadde eg ikkje stoppa for yngste, hadde ikkje dette hendt.

Men – vi hadde ein hyggeleg middag. Ikkje så ofte alle tre søstrene er samla, så det var nok likevel verdt det. Men noko smultringdeig, som eg hadde planlagt å laga da eg kom heim, vart ikkje noko av. Og eg sa til oss alle tre; at vi måtte prøva å være meire etterrettelege.

Råning på glatte vegar passer ikkje like godt for vaksne damer med både den eine og andre skavanken. 

 

Hunden fanga ein sau

Der kom han labbande med byttet i munnen. 

 

Målretta kom han rett mot meg. Fangsten var gjort på eit av soveromma. Han kikka på meg, men kva som gjekk for seg inne i hovudet er ikkje godt å seia.

Vi lo.

For synet og handlinga var så pussig. Vi kunne berre vera glad for at skinnet var utan innhald, berre eit skinn som har heldt i rundt ein sau.

Ein gong.

Boffen synest skinn med levande liv inni er skremmande.

Heldigvis.

Men plutseleg å fange eit av saueskinna i huset vart ein greie denne dagen. Saueskinn han aldri har brydd seg om før.

 

Har du eit kjæledyr som finn på rare ting?

 

Antrekk for sin katt

Hei og hå, sa yngste. Ho hadde vore inne i skåpet sitt. 

 

Der hadde ho plukka fram ein dress av silke. Eit antrekk eg laga på åttitallet. Det kom ho sprettende med.

Hoppa opp og ned.

-Og opp i sofaen der ho la seg til rette. Etter hoppa Miranda, sjefskatta. Å la seg til rette på henne som hadde lagt seg til. Kanskje ho visste at dette antrekket passa ho perfekt i fargane. I alle fall låg dei der å passa kvarandre som hand i hanske.

Over tretti år etter drakta var designa og hang i ein butikk i Markveien i Oslo. Og eg visste verken om mellomste eller Miranda, sjefskatta.

«Eg er glad du valgte mellomste og ikkje designlivet», sa han som er kjæreste, og klemte godt om ho i gamalt design.

For livet er ei merkeleg reise, det er ikkje sikkert det ein trur er det beste, er det-.

 

 

Vandre inn i desember

Snøen har dryssa over naturen. Det er heilt etter tida og stemninga.

Sola sveipa over dei kvite toppane.

Dei unge hang ut fuglemat, før turen gjekk inn til sentrum i dag. For nokre timar jobb på meg, dei unge skulle innom besteforeldre. Hjelpe dei med nokre oppgåver, før dei kunne henta meg. 

 

I gårkveld kom dei unge, eg fekk henta dei samen med innkjøp av kattmat og kattsand. Det vart og handla inn mat til oss tobeinte også.

Føråt hadde eg kravla opp på mørkloftet og plukka ned adventskassen. Godt fornøgd med kva eg klarte fekk adventsstemninga spreia seg slik at den skulle være i hus til dei unge kom.

-Og om kvelde, etter middagen, kosa vi oss med julebrød med brunost på og drakk sjokolade med krem. Det passa godt.

Fekk også tent det første ljoset, nokre dagar seinare enn kva tradisjonen tilseier.

Og så hadde vi musikkonkurranse. Eg synest dei var flinke til å finne både artistane og tittel på låt. Det gjekk frå Marie Boine til Låpsley, Depeche Mode og Radiohead.

Ps! Skuvsenga er skikkeleg rotete etter eg drog utover uferdig handarbeid……..

 

Og dei firbeinte, dei var frå seg av glede over all kos som var dei til del.

 

Heilt til i morgonkveld kan vi glede oss over denne situasjonen.

Og ho som er mellomst, mimrar over barndom. Den deler ho med sin kjære, samtidig har ho innhausta sin første A etter ein av eksamane no før jul.

Så det er lutter glede for oss alle. Sjølv om eg må tru på bedring i den fysiske delen av meg sjølv, for den er eit krevjande stykke arbeid for tida.

Men noko klarar eg.

 

Er du frisk og rask i denne førjulstida?

 

Det tok tid, og litt til…

Når dagen ingen ende vil ta, og ein utfordring berre vert avløysest av fleire…da…

 

Dagen for heimreisa sto tidleg opp. For plutseleg kunne eit tog stå og ikkje gå.

Det kunne være kritisk når ein skulle nå ikkje mindre enn to fly.

Dette førte til ekstra tid i København med eit besøk på Tivoli. Det var faktisk riktig koseleg. Gå i ei drøymeverd i ti grader.

 

Tredje gongen eg er der, første gong var eg 20 år og på interrail.

På Kastrup starta det. Etter for ein gong skuld å ha bruka tid på tax-free skulle finne gaten.

B8 sto det, og 11 minutter å gå.

Ved gaten var det tomt for folk, og ein ansatt fortalte at det flyet som var gått, gjekk til Paris.

Attende til ei oversikt, flyet som gjekk 16.10 gjekk frå gate A6.

Kva???

Det var berre å lange ut. Svett registrerer eg at folk ikkje hadde starta å gå ombord enno. Etter og ha stått der ein stund, får eg ein mistanke…det er FEIL flyselskap!

Flyet mitt gjekk frå gate B27!!!!

Det var berre å ta beina fatt – igjen.

Men eg rakk flyet.

Svett.

På Gardemoen måtte vi plutseleg gjennom ny sikkerheits sjekk, flyet opp til Trondheim var eit bitte lite fly. Måtte ned på bakken å gå opp ei lita trapp og det same på Værnes. Dei smertestillande tablettane hadde etter kvart gått ut, slik at knea var kranglete. Men ved bagasjebandet kom velkomstkomiteen hoppende; jentene.

Det var riktig godt å verta møtt av dei og kjæresten til mellomste. Dei tok meg med heim til seg, til kaffi og kaker.

Yngste satt på med heim til seg da eg køyrde. Eg kjende eg var trøyt. Det er mørkt og det sludde. Etter ei stund kjenner eg meg ikkje att, men med all ny vegtrasear, reagerer eg ikkje ordentlig før eg ser stadnamnet Ler!

Eg var på tur sørover mot Oslo. Da stilte eg på GPS, eg ville heim.

Den viste meg inn til Trondheim igjen, før det endeleg var skilta Orkdal.

Eg måtte også ut å gå, for musklane i den eine foten starta å få krampe. Over fjella var det snø og turen måtte gå for sakte fart. På tur opp frå Kyrksæterøra starta bensinlampa å lyse. Så da var det berre å snu ned igjen.

Klokka var halv to på natta da eg stoppa utom huset mitt. Da hadde eg problem med å kome meg ut av bilen. Eg gjekk rett i dusjen. Skoldheit vatn og så rett i seng. Og med  det var eg borte. Like etter eg var komen heim. 

GRATULERER <3

Året var 1993. Vi var inn i den andre dagen i desember. Da kom ho. 

 

Mi mellomste. Som ei tidleg julegave. Eg hugsar eg såg ned på den vesle jenta i armane mine med enormt glede. Det er 25 år sia i dag. Den vesle jenta har vorten stor.

Ho sprer glede og song. Vil så gjerne at alle i den store, vide verda skal ha det bra. Og så elskar ho ord. Men aller mest elskar ho kjæresten sin, som ho flytta saman med i haust. Dei har fått ein koseleg heim saman.

Vener og familie er også viktig for henne. Mennesker og dyr har ein stor plass i hjarta hennar. Og det å få uttrykka seg.

Slik sett er studieretninger riktig for henne, teater og kunne få bruke seg sjølv i uttrykket. Etter fleire år og ikkje vite kva for valgt ho skulle velge. Eg må seia den vesle utolmodige jenta mi har vist eit stort tolmod med å svinse mellom butikkhyller og gå inn for at kundane skal gå ut i bedre humør enn dei kom inn.

Det er andre gongen eg ikkje får væra samen med deg på dagen din. 

Første gongen var du på andre sida av jorda, på ei reise aleine. Heldigvis gjekk det bra, du mista berre mobilen på turen.

Men i morgon, i morgon møtest vi. Og eg gler meg til å kunne gje deg ein skikkeleg god klem.

Gratulerer med 25 år Asbjørg jenta mi. Mi fantastiske mellomste <3.

 

Den siste haustdagen

Så var den over. Denne hausten. Vi skal inn i det som er enno mørkare. 

 

Eit desembermørke som likevel vil tenna mange ljos. I glede, sorg og forretningsteft.

Men enno held hausten fast. Ein kan sjå ut på hausten. Tenke; er det slik det er-.

Skal ein verta slukt av dette? 

Hausten-.

Alderdom-.

Har ein mista friheita og er vorte prisgjeve hausten.

Slik kan ein tenke.

Men så kjenner ein det. At hjarta bankar. Bankar for ljoset, bankar for varmen, bankar for det som er fint. Det vare, det som åpnar opp.

Uansett. 

Kva er det ein vil? Ein har alltid valg. Og friheita til å være den ein er, den skal ein alltid ta vare på. Om det er haust, vinter, vår eller sommar. 

Gjev du deg friheita?

 

 

Når nettene blir lange

Den blå himmelen forsvann inn i regn og uvêr. 

 

Sykkelen eg leide vart sykla attende i dag. Det å leie ein sykkel på slutten av november var visst ikkje noko sjakktrekk.

Ikkje var det lys på den heller, så eg måtte konsentrera meg på sykkelturen attende.

Natta etterpå orka eg mest ikkje røre på ein finger. Eg var slått skikkeleg ut. Feber på 39 saman med ledd som svikta er ikkje ønskesituasjonen. Heile kroppen var eit monstrum.

Eg sov og sov og sov.

At ledda er eit problem er ikkje så rart, eg måtte slutte med den biologiske medisinen pga. av auge som fekk ein negativ reaksjon. Men det er slikt som skal arbeidsast med og finnast meir utav. Så klart litt kjedeleg at det vert slik når ein har ferie.

Men når ting først skal være som dei er, så er eg i dei beste hender. Trur ikkje eg har opplevd så mykje omsorg nokon gong. Eg vert pleia etter alle kunstens reglar.

I dag er eg halvveges i ferien. Eg er oppe igjen. Så ting går framover. 

 

 

Toalettkomoden

Eg trudde den var lysegrøn. Den var kremfarga. 

 

«No skal du sjå kva eg har kjøpt», sa han da de snakka på telefonen. 

Han hadde vore på bruktmarked. Der fann han den.

Toalettkomoden.

Han hadde sykla med den heim.

-Fordi at ho skulle føle seg meire heim.

-Fordi ho hadde ein toalettkomoden med spegel.

Derfor hadde han kjøpt kommoden og sykla heim med den. Slik at ho kunne sminka seg framom den. Når ho kom.

Den var kremfarget.

«Det ligg ikkje noko i skuffene», sa han.

«Eg får legge att noko i dei, sa ho. 

 

Busstider og slikt

I dag var det bom på bussen. Men i staden vart det nokre naturinntrykk. 

 

Plana i dag var å leie ein sykkel. Så vi skulle ta buss inn til byen.

Men så viste det seg at vi hadde sett feil på tida.

Og da vart det i staden frisk gåtur i det flate, danske landskapet – med himlane, trea og lyset.

Så eg kosa meg likevel, med å ta bilete. For det er også ein dag i morgon til å låna sykkel i.